Fjorårets årgang var den første med ope, elektronisk publisering av Heimen. Produksjonen vart fullfinansiert med støtte frå CERES – Nasjonalt senter for felles system og tenester for forsking og studium – og frå Noregs Forskingsråd. Visingsstatistikken tyder på at denne overgangen har gjort tidsskriftet meir tilgjengelig. Talet på viste artiklar i Heimen på Idunn i 2017 var 8 868, om lag 2 ½ gong så mange som året før (3 638). Statistikken seier ikkje noko om korleis visningane fordeler seg på artiklar av ulike årgangar; sannsynligvis gjeld visningane både artiklar publisert i 2017 og artiklar frå tidligare årgangar, altså at den ope tilgangen også legg til rette for fleire oppslag i tidligare artiklar.

Alle Heimen-abonnentane var ikkje nøgd med berre ei elektronisk utgåve, men ønskte ei trykt parallellutgåve. Det var så stor interesse for dette at det let seg realisere, ved at dei som meldte seg, betalte abonnementspengar for papirutgåva. Tilbakemeldingane har vore positive på at dette var mulig å få til, men verken redaksjon, redaksjonsråd eller andre lesarar har vore nøgde med formateringa på den nye utgåva. Både éin-spalter som sideutforming og A4-formatet på det trykte heftet har vekt reaksjonar. Den linjelengda som det blir med berre éin spalte, er ikkje særlig lesarvenlig, og A4-formatet er meir uhandterlig enn B5-formatet som har vore brukt i alle år tidligare. Redaksjonen har arbeidd for å få tilbake meir hensiktsmessig formatering. Når dette heftet går til produksjon, veit vi at vi får tilbake det gamle formatet på papirutgåva, men éin-spalteren blir behalde. Dette er ein fellesstandard for alle tidsskrifta til Universitetsforlaget.

Det er fordelar og ulemper med både elektronisk publisering og trykt utgåve. Den elektroniske utgåva er søkbar, noko som er til stor lette når ein skal orientere seg i forskinga på eit bestemt felt. Søking er meir krevjande med trykte publikasjonar, sjølv om innhaldsliste og samandrag kan vere til god hjelp. Men ved søk i elektronisk tidsskrift les ein kanskje berre den eine artikkelen som ein har søkt seg fram til i vedkommande nummer. Får ein eit papirtidsskrift i handa, les ein gjerne både den eine og den andre artikkelen når ein først har fått heftet på bordet. Slik sett blir det meir målretta søk og lesing med det elektroniske, mens det analoge tidsskriftet innbyr til litt breiare lesing og orientering. Den elektroniske utgåva er ope, utan kostnadar for lesaren, og det er naturligvis ein stor fordel for tilgangen. Men den gongen da biblioteka var ei av dei største abonnentgruppene av tidsskrift som Heimen, var den allmenne tilgangen likevel ikkje så dårlig. – Vi kan berre konstatere at tidsskriftet er blitt gjenstand for større, strukturelle endringar.

Årgang 2018 av Heimen er liksom dei førre årgangane planlagt med ei blanding av temanummer og nummer med variert tematisk innhald. Temanummer er interessante ved at ein kan få til ei brei dekning av eit fenomen, gjerne med døme frå fleire geografiske område. På den måten kan ein sjå korleis fenomenet arta seg, alt etter kor det utspann seg, til dømes ei folkerørsle, ein type næringsverksemd eller eit forvaltningstiltak. Temanummer er også hendig i undervisningssamanheng, til bruk som kurslitteratur, og vi veit at det stadig er Heimen-artiklar å finne på pensumlister ved høgare lærestader.

Det nummeret som her ligg føre, har variert tematisk innhald. Som fagtidsskrift er Heimen ein viktig kanal for publisering av dei seinaste forskingsresultata på feltet. Innsendte og aksepterte artikkelforslag demonstrerer til fulle kor breitt og tverrfaglig det lokal- og regionalhistoriske forskingsfeltet kan vere. I dette heftet har forfattarane bakgrunn i disiplinar som økonomisk historie, nordisk litteratur, arkeologi og rettshistorie forutan historie. Heller enn å oppvise ein indre samanheng viser dermed dei følgjande artiklane den store tematiske breidda som lokal og regional historie kan dekke.

Først ute er Harald Espeli med ei undersøking av brannkassene som vart etablert på bygdene frå 1816 til 1914. Desse organisasjonane er hittil vigd lite merksemd i historisk forsk-ing. Brannkassane var lokale organisasjonar utan ei nasjonal overbygning, basert på gjensidig, solidarisk ansvar. Inntil 1816 var Norges Brannkasse den einaste muligheita for forsikring av landbruksbygningar. I 1816 vart den første lokale brannkassa etablert, og ideen spreidde seg utover landet. Frå midten av 1800-talet var dei lokale brannkassene i rask vekst og var frå slutten av hundreåret større enn den statlige Norges Brannkasse når det gjaldt å brannforsikre bygningar og lausøre i landkommunane. Dei lokale brannkassene hadde låge premiar og låge administrasjonskostnadar og var derfor gunstig for forsikringstakarane. Gjennom forsikringa fekk dei sikkerheit for investeringar, og forsikringa var ein føresetnad for å få pantelån i offentlige og private kredittinstitusjonar. Brannkassane spela derfor ei viktig rolle i den økonomiske moderniseringa på landsbygda fram mot 1. verdskrigen.

Sørsamars historie er mindre utforska enn historia til nordsamar. Derfor er Asbjørn Kolbergs artikkel i dette nummeret av Heimen veldig velkommen. Under tittelen ««Samer er vort rette nationale navn» – hundre års sørsamiske representasjoner i nordtrønderske aviser» studerer Kolberg korleis nordtrønderske aviser har presentert samisk språk, kultur og samfunnsliv i perioden 1880–1990. Artikkelen inneheld nytt og interessant kjeldemateriale som kastar viktig lys over sørsamiske forhold i den lokale pressa i Nord-Trøndelag over ein relativt lang tidsperiode. Ut frå denne gjennomgangen meiner Kolberg at avisene i stor grad handsamar sørsamiske tema på ein respektfull måte, om enn noko stereotypt og essensialistisk. Sosialdarwinistisk eller rasebiologisk tenking finst ikkje i materialet, til tross for at det kunne vere vanlig i andre samanhengar.

I mellomalderen fekk salt auka betyding til konservering av mat, pels og skinn. I artikkelen «Salt – ressurs og handelsvare i middelalderen», set Kjetil Loftsgarden fokus på saltet si rolle som handelsvare, særlig mellom kyst- og fjordstrøk og fjell- og dalbygder i Sør-Noreg. Ved bruk av eit bredt spekter av kjelder, og retrospektiv metode, viser Loftsgarden at salt har vore ei viktig handelsvare for befolkninga både i indre og ytre strøk. Gjennom handel på marknadsplasser fekk befolkninga i innlandet tilgang på nødvendige varer som salt, men også korn og kleber. Handel med salt var også med på å sikre ein stabil tilførsel av varer som jern, skinn og pels til folk i kyst- og fjordstrøka i Sør-Noreg. Saltet vart primært utvunne av sjøvatn, men også såkalla svart salt vart framstilt ved å brenne tang. Saltproduksjonen her til lands var i overvegande grad knytt til gardssfæren. Noko av saltet vart eksportert, men det norske saltet hadde jamt over dårligare kvalitet enn det saltet som vart produsert på kontinentet.

Siri Elisabeth Bernssen har studert barnedrap og skjulte barnefødslar på 1600- og 1700-talet med utgangspunkt i rettsprotokollane frå bygdetinga i Hordaland. Førsteleddet i tittelen, «Besovede Qvindfolks børn som døde findis», er ei omskriving av ei frase i Norske Lov 6-6-9 som omhandlar prosedyren ved barnedrap. Bernssen tar for seg dei relasjonelle og sosiale utgangspunkta for dei barnedrapstiltalte i regionen med føremål å analysere og forklare korleis dei sosiale forholda til barnedrapsmistenkte kunne verke inn på hendingsgang og sakshandsaminga på tinget. Ho finn at mødrer med svak tilknyting til hushaldet var ei særlig risikogruppe. Ugifte tenestejenter utgjorde hovudgruppa av tiltalte, men det var også nokre ugifte døtrer og enker. Nye prosessuelle reglar frå 1730-talet gav større retts-tryggleik også for dei svakaste gruppene. – Funna blir drøfta i lys av tidligare undersøkingar, nasjonalt og internasjonalt.

Eirik Gurandsrud har tatt for seg striden om losstasjon og sjøsikring i Rogaland 1975–2000. Den vesle øykommunen Kvitsøy har lange, maritime tradisjonar. Det har vore både fyr og losstasjon på øyene i over 200 år. På 1970-talet foreslo Kystdirektoratet å stenge losstasjonen og drive verksemda frå fastlandet i staden, noko som møtte motstand lokalt. Lokale politikarar arbeidde strategisk ovafor regjering og stortingspolitikarar for å få etablert ein ny losstasjon i Kvitsøy. Stasjonen vart bygd nokre år seinare, og vart utvida med ein sjøtrafikksentral i 2003. Desse investeringane har betydd lite for sysselsettinga lokalt, men har vore viktig for å ivareta dei maritime tradisjonane i området. Forfattaren analyse-rar argumenta både frå lokale og sentrale instansar, og viser korleis ulike offentlige instan-sar var ueinige om utviklinga på Kvitsøy. Artikkelen gir eit innblikk i norsk distriktspolitikk i perioden 1975–2000.

Vi kan presentere éi bokmelding denne gongen. Svein Lorentzen har sett på tredje bind av Fyllingsdalen før i tiden, redigert av Stein Ugelvik Larsen.

God lesing!