Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Besovede Qvindfolks Børn som døde findis: Relasjonelt og sosialt utgangspunkt for barnedrapstiltalte i Hordaland 1642–1799

Barnedrap og skjulte barnefødslar på 1600- og 1700-talet
Unwed women’s children that are found dead: Relations and social status among the accused of infanticide in the county of Hordaland 1642–1799
Infanticide and concealed births in the 1600s and 1700s

Records from the district court jurisdiction of Nordhordland, Sunnhordland and Hardanger and Voss reveal 43 women accused of infanticide during the period 1642–1799. Most of these mothers were unmarried maids, often with small resources and limited social networks. They were often pregnant with married men, and several with their masters, or their masters sons. The purpose of this article is to investigate how differences and similarities in the social status and relationships amongst the accused of infanticide effected the course of action in these cases. In addition to investigating infanticide cases from the mentioned jurisdictions, the findings will be compared to other related research, both Norwegian and international.

15. mai 1730 vart retten satt i Alverstraumen i Nordhordland for å handsame saka mot tenestejenta Borni Joensdatter. Borni hadde etter eige vitnemål blitt svanger med fetteren sin, Magne Mykletun, og vart forløyst om natta, i same stove som husbonden hennar og kona hans låg og sov. Morgonen etter sende husbonden Borni i floren som vanleg, men oppdaga snart det døde spedbarnet ved tenestejenta si hovudpute. Ettersom Borni hadde halde både svangerskap og fødsel skjult, kom retten til at ho måtte haldast ansvarleg for at barnet omkom, og dømte henne til halshogging for drap.1 I dei bevarte rettsprotokollane frå bygdetinga i Hordaland finn ein 23 kvinner som vart dømt til døden for barnedrap mellom 1642 og 1799. Ytterlegare 20 kvinner var mistenkt for same ugjerning, men frifunne for skuldingane, eller idømt ei mildare straff grunna omstenda rundt fødselen. Barnedrap i denne samanheng tyder drap på spedbarn før eller like etter fødsel, med den hensikt å skjule at kvinna hadde vore gravid.2

Formålet med denne artikkelen er å finne, analysere og forklare korleis dei sosiale utgangspunkta til barnedrapsmistenkte kunne påverke hendingsgang og den rettslege sakshandsaminga på bygdetinga i Hordaland. Funna som vert gjort, skal vidare drøftast i lys av tidlegare undersøkingar av barnedrap, både frå andre delar av Noreg og internasjonalt. 3

Utover 1500- og 1600-talet endra fleire av dei samfunnsmessige spelereglane seg, og førte mellom anna til eit større fokus på, og vern av, ekteskapet som grunnlegjande eining i samfunnet.4 Dei alvorlege konsekvensane dersom eit utanomekteskapeleg seksuelt forhold vart oppdaga, både økonomisk, sosialt og rettsleg, var truleg ei av hovudårsakene til at mange kvinner skjulte svangerskapet sitt og fødde aleine utover 1600- og 1700-talet.5 Om barnet var oppdaga, hevda kvinnene stort sett at det hadde vore dødfødt. Etter kvart som statsmakta anerkjente slike barnedrap som eit aukande problem, vart det utforma eigne straffebod for desse brotsverka. Av Kristian 5.s Norske Lov (NL) 6-6-7 frå 1687 følgjer det at «letfærdige Qvindfolk» som sine «Foster ombringe» skulle dømmast til å «miste deris Hals, og deris Hoved sættis paa en Stage». Den ordinære straffa for manndrap var liv for liv,6 og det kvalifiserande elementet med å sette hovudet på ein stake etter avrettinga, skilde dermed barnedrap ut som ein eigen, og meir alvorleg, strafferettsleg kategori. I tillegg til å opprette eit eige straffebod for forsettleg drap, skulle det frå no av også bli vanskeleg for kvinner å skulde på dødfødslar. I artikkel 6-6-8 vart det nemleg slått fast at ei fødande kvinne som ikkje brukte dei «ordentlige beskikkede Midler, som hende og Fosteret i saadant Tilfald kunde betiene», skulle «agtis saasom hun sit Foster med Villie hafde ombragt» dersom barnet omkom. Uavhengig av andre omstende, skulle dermed kvinner som fødde barna sine i skjul, eller «dølgsmål», straffast etter NL 6-6-7 for forsettleg drap.

I materialet er det svært få kvinner som kan provast å ha teke livet av barnet sitt med aktiv handling. Vidare skjer alle desse drapa i samband med ein skjult fødsel. Hovudspørsmålet i rettssakene er difor stort sett om kvinna kan dømmast for å ha født i dølgsmål. Mangelen på distinksjon mellom ugjerningane medførte at mange kvinner truleg vart uskuldig dømt for drap, til dømes etter spontanabortar eller reelle dødfødslar.7

Forskingssituasjonen

Det er ikkje tidlegare gjort ei tilsvarande studie av barnedrapssakene frå Hordaland.8 Enkelte av sakene som inngår i materialet har rett nok blitt omtala i publiserte verk, t.d. Hansen 1993 og Sunde 2015, men har berre i mindre grad blitt drøfta i samanheng med kvarandre. Dei sosiale tilhøva er også gjevne relativt lite rom i desse utgreiingane. Det store tidsmessige og geografiske omfanget og den tematiske avgrensinga i undersøkinga som ligg til grunn for artikkelen, har dermed potensial til å kaste lys over nye trekk ved både hendingsgang og rettsleg handsaming av desse sakene.

Meir overordna er temaet barnedrap likevel godt opplyst gjennom forskingsarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Dette gjeld både gjennom rettslege, historiske og populærvitskaplege utgjevingar. I denne samanheng kan mellom anna doktoravhandlinga til Beth Grothe Nielsen frå 1980 nemnast. Avhandlinga tek for seg den rettslege handsaminga av barnedrap ved Nørrejylland Landsting mellom 1719 og 1805, og ho drøftar den dansk-norske rettstilstanden på området gjennom rettsvitskaplege publikasjonar frå perioden. Vidare inneheld utgjevingar frå Tingbokprosjektet ved Universitetet i Oslo fleire omtalar om barnedrapshandsaming på ulike bygdeting i Noreg.9 Særleg interessant for den føreliggande utgreiinga er hovudoppgåva til Østebø, som er basert på ei tilsvarande studie av sosiale tilhøve i Stavanger amt.10 Internasjonalt bidreg også mellom anna Langer sin artikkel «Infanticide: A historical survey» til eit internasjonalt blikk på fenomenet.11 Det finst såleis eit breitt spekter av kjelder som kan opplyse emnet i eit større perspektiv.

Transkriberte tingbøker som kjeldemateriale

Dei siste tiåra har det blitt gjort eit omfattande arbeid med å transkribere og digitalisere bevarte tingbøker i Noreg.12 Tingbøkene vart stort sett ført i pennen av den administrative eininga sin sorenskrivar, og inneheld mellom anna alle rettsreferata frå den dåverande førsteinstansen, bygdetinget.13 Desse referata har lenge berre vore tilgjengelege i originalform med gotisk handskrift, og prosessen med transkribering og digitalisering har såleis gjort store mengder primærkjeldemateriale vesentleg lettare tilgjengeleg for forsking. Mellom anna opnar det for å nytte elektroniske søk for å manøvrere seg fram i det store tekstmaterialet, og det er slike søk som har blitt nytta for å avdekke barnedrapssakene.

Utgangspunktet for artikkelen er ein studie av rettssaker i tingbøker frå dei tre sorenskrivarembeta Nordhordland, Sunnhordland og Hardanger og Voss.14 Dette utgjer store delar av det som i dag er Hordaland fylke, men slik at dei dåverande rettslege einingane Bergen og Rosendal fell utanfor. Frå Nordhordland tingkrins er det eldste bevarte tingbokmaterialet frå 1642, og dei to andre frå 1648 og utover. Desse er gjort tilgjengeleg digitalt via Statsarkivet i Bergen (SAB).15 Nord- og Sunnhordland er skrivne av heilt fram til byrjinga av 1800-talet, medan bøkene frå Hardanger stadig er under arbeid, og berre er undersøkte til og med 1772.

I utgangspunktet er rettsreferat ei forholdsvis detaljert kjelde, og det nemnde saksomfanget gir eit godt grunnlag for å samanlikne og drøfte dei sosiale tilhøva til dei tiltalte i barnedrapssakene. Ein må likevel merke seg enkelte faktorar ved det empiriske materialet som er eigna til å påverke det resultatet ein sitt igjen med. For det første må det opplysast om at nærare ¼ av tingbøkene i den valte perioden har gått tapt.16 Ein må såleis rekne med at retten har handsama langt fleire barnedrapssaker enn det som har gått fram innleiingsvis her. For det andre var det truleg mange kvinner som faktisk greidde å halde skjult eit heilt svangerskap. Dette går til dømes fram av ei sak der det har gått elleve år etter at fødselen skulle ha funne stad, før eit rykte når myndigheitene og tiltale vert tatt ut. I eit anna tilfelle innrømmer kvinna å ha født heile fire barn i dølgsmål over ein periode på 15 år, før ho vart avslørt.17 Då tingbøkene berre gir informasjon om tilfella som vart oppdaga og rettsforfølgd, er dei såleis ikkje representative korkje for omfanget av, eller dei faktiske omstenda rundt, fenomenet barnedrap. Til sist må det også merkast at innhald og detaljnivå i rettsreferata er svært variert. Dette er ikkje berre eit resultat av dei ulike prosessuelle reglane som gjaldt på ulike tidspunkt,18 men ein ser også klåre uttrykk for at dei ulike sorenskrivarane handterte oppgåvene sine svært individuelt når det gjeld kva informasjon dei refererte i sakene.19 Dei nemnde momenta gjer at ein må ha ei viss kritisk haldning til det bilete rettsreferata gir.

Mannlege relasjonar som sosialt utgangspunkt

Arten av ugjerninga tilseier at dei primære rettssubjekta i barnedrapssakene var kvinner. Sjølv om også fedrane i høgste grad kunne medverke til å skjule barnet, viser også formuleringa «lætferdigt Qvindfolk» i dei relevante lovføresegnene at det først og fremst var mødrene som vart haldt ansvarleg for at fødselen gjekk rett føre seg.

På 1600- og 1700-talet var kvinner stort sett ein del av samfunnet gjennom relasjon til ein mann, anten dette var far, ektemann eller arbeidsgjevar.20 Far i hushaldet var overhovud for både kone, barn og tenestefolk, og var også det relevante kontaktpunktet for statens embetsmenn.21 Kvinna sin samfunnsposisjon var såleis tett knytt til hennar næraste mannlege pårørande. Relasjonsskildringar kan dermed indikere kva status dei tiltalte for barnedrap hadde i lokalsamfunnet. Det første vi skal sjå på, er difor bustad, arbeids- og familiesituasjon og alder til dei tiltalte kvinnene.

Sivilstatus er for 42 av dei 43 mistenkte kvinnene implisitt eller eksplisitt oppgjeven å vere ugift.22 Som diagrammet under viser, var 29 av desse tenestejenter, og såleis først og fremst knytt til arbeidsgjevaren sitt hushald. Vidare var det fem døtrer som framleis budde på heimgarden sin, og to er oppgjevne å vere fosterbarn. Av dei mistenkte finn vi også to enker, to ugifte svigerinner av husbonden på garden, og éi som hadde ukjend stilling.

Den einaste gifte kvinna som vert tiltalt og dømd for å ha født barnet sitt i dølgsmål, var 26 år gamle Elen Marie Olsdatter, frå Sandviken utanfor Bergen sentrum. Mannen hennar hadde vore på reise over lengre tid, og er i rettsreferata innført å vere på «frem/m/ede Stæder», både før og etter svangerskapet. Det var såleis klårt for underrettsdommarane at ektemannen ikkje var barnefar, og dei slår fast at svangerskapet var eit resultat av «en gift Kone[s] ublue og letferdige Besvangrelse».23 Det synest dermed som om alle kvinnene har blitt, eller var mistenkt for å ha blitt, svangre utanfor ekteskap.

I undersøkinga frå Rogaland finn vi nokre av dei same tendensane. For det første er det berre tre av 61 kvinner mellom 1610 og 1842 som er oppgjeve å vere enke eller gift. Tal frå Nürnberg i Tyskland mellom 1513 og 1777 viser også at av 87 kvinner som vart avretta for å ha teke livet av eit nyfødt barn, var alle utanom fire ugifte.24

Denne klåre fordelinga mellom ugifte og gifte kvinner kan reflektere noko av motivasjonen for å skjule svangerskapet for så å la barnet omkomme ved aktiv eller passiv handling. For gifte kvinner var barnefødslar forventa. Dette gjaldt både som ei naturleg følgje av eit ekteskapleg samliv, men også som ein nødvendig prosess for å skape arbeidskraft og arvingar.25 Om ei kvinne derimot skulle openberre eit svangerskap utan å ha ei formell tilknyting til barnefar, var konsekvensen ofte eit overveldande møte med «Skammen, Verdens foragt, timelig Velfærds Tab, Forældrenes Forbandelser, [og] Udstøtelse af Familien».26 I tillegg til straff og sosial stigmatisering medførte barn også ei økonomisk byrde, og ugifte mødrer som vart avhengig av fattighjelpa, gjekk ei hard tid i møte.27 Desse pessimistiske utsiktene ved offentleggjering av ein utanomekteskapeleg graviditet er truleg ei vesentleg årsak til kvifor ein finn så mange ugifte kvinner som forsøkte å kvitte seg med barnet sitt i skjul.

For samfunnsstilling elles ser vi også i stor grad det same mønsteret i studien av Stavanger amt. Her er over 60 prosent av dei ugifte kvinnene oppgjeven å vere tenestejenter. Då stillinga til ti av dei 58 kvinnene er ukjend, kan det reelle talet vere høgare.28 Åtte av kvinnene, eller 13 prosent, er oppført som heimebuande. Eit avvik frå studien i Hordaland er likevel dei tre kvinnene som er oppgjevne å vere lausarbeidarar og lausgjengarar. Desse kvinnene hadde truleg enda mindre nettverk enn tenestejentene, og dermed svært avgrensa moglegheiter til å handtere konsekvensane av at eit ulovleg seksuelt forhold vart oppdaga, for ikkje å nemne oppfostring av eit barn.

Eit anna moment som er interessant, er det låge talet på ugifte gardbrukardøtrer og andre med høg status i både Hordaland og Rogaland. Kan hende heng dette saman med at desse hadde ein sosial og økonomisk bakgrunn som gjorde dei meir attraktive som gifte. Dette gjaldt både for ein ugift barnefar som ved eit uhell hadde gjort jenta gravid, men også for seinare friarar. Eit anna moment er at giftealderen for kvinner synes å ha vore lågare dess høgare status kvinna hadde. Medan gjennomsnittleg giftarmålalder for husmannsjenter på 1700-talet var nærare 30 år, var den for gardbrukardøtre 26–28 år, og for døtrer av adel og velståande handelsmenn så låg som 20 år.29 Dette gav eit tidsmessig mindre rom for utanomekteskapeleg barneavling før giftarmålet. Sjølv om det sosiale fallet potensielt vart større dess høgare status kvinna i utgangspunktet hadde, var desse kvinnene til ein viss grad verna av eit meir ressurssterkt nettverk. Til dømes hadde dei betre føresetnader for å avgrense konsekvensane av eit uønskt svangerskap gjennom eit hastig bryllaup, eller gjennom å bli send bort for å føde i løynd. Dette står i kontrast til tenestejentene, som ofte risikerte både sosial og økonomisk ruin dersom svangerskapet vart kjend for nokon i hushaldet.

Fysiske og psykiske føresetnader knytt til alder

Eit anna moment som vil vere av interesse å undersøke i ein studie av sosiale tilhøve, er kor gamle dei mistenkte kvinnene var. Både fysisk fertilitet og mentale føresetnader vil variere gjennom livsløpet til ei kvinne, og informasjon om alder kan indikere når i livet desse faktorane utgjorde størst risiko for ein uønskt graviditet som ikkje vart openberra. Som nemnd innleiingsvis er innhald og detaljnivå i rettsreferata varierande, og alder er nettopp ein av opplysningane som ikkje er referert konsekvent. Særleg gjeld dette tidleg i undersøkingsperioden, ettersom slike opplysningar først vart påbode å føre ved ei forordning 21. mai 1751.

Av diagrammet over går det fram at eit klårt fleirtal av barnedrapsmistenkte kvinner var mellom 20 og 34 år gamle då fødselen fann stad. Vi ser at tala går nedover i 30-åra, medan det kjem ein liten auke etter fylte 40 år. Overflatisk kan denne fordelinga indikere fleire moment. For det første synest statistikken å reflektere den fysiske fertiliteten hos kvinner.30 Det er såleis i utgangspunktet inga overrasking at talet på saker er høgt for kvinner i 20-åra, medan det er færre saker mot kvinner i slutten av 30-åra. For det andre kan tala også spegle den allereie nemnde giftarmålsalder for døtrer i dei lågare sosiale laga. Den statistiske nedgangen i dølgsmålsfødslar kan såleis rett og slett skuldast at langt færre kvinner var ugifte etter fylte 30. I tillegg til at fertiliteten minka, var det dermed mindre potensial for ulovlege utanomekteskapelege svangerskap i denne gruppa.

* To tiltalte har fødd fleire barn i dølgsmål før dei vert avslørt, og oppgitt alder her er ved siste fødsel, dvs. den som utløyser saka mot kvinna.

Eit tredje moment er at det er svært få unge mødrer i materialet. Kari Knudsdatter, som av sine fem uekte barn fødde fire i dølgsmål, var truleg rundt 17 då ho første gong kom i barsel.31 Med unntak av henne har det store fleirtalet av mødrer passert 20 år med god margin.32 Fråværet av tenåringsmødrene i statistikken kan reflektere både færre uønskte graviditetar i denne aldersgruppa, men òg at dei som faktisk vart gravide, i større grad vart avslørt eller frivillig openberra svangerskapet. Då forventa seksuell debutalder var tett knytt til ekteskapet, var den også langt høgare enn i dag. 33 Kanskje er difor låg seksuell aktivitet i denne aldersgruppa ei av hovudårsakene til at ein ikkje finn fleire dølgsmålsfødslar av unge mødre i materialet.

Det siste momentet som skal kommenterast i høve til kvinnene sin alder, er den vesle auken vi ser for aldersgruppa 40–45 år. Av dei fire kvinnene er éi enke, og tre tenestejenter. Fertiliteten i denne aldersgruppa var truleg relativt låg, og ein kan såleis spørje seg kvifor ein likevel ser fleire barnedrapssaker mellom dei middelaldrande kvinnene. Ei mogleg årsak kan vere at kvinnene i denne alderen sjølv betrakta seg som ufruktbare, og difor ikkje lenger viste same aktsemd i høve til seksuelle relasjonar. Trass i meir moden alder var desse kvinnene svært utsett for dei tyngande konsekvensane av eit uekte barn; dei hadde små utsikter til giftarmål, og risikerte å bli gitt avskjed frå tenesta om graviditeten vart oppdaga. Alderen kunne nok også potensielt tale ytterlegare til deira ulempe, med tanke på til dømes familietilhøyrsle etter lang tid i teneste.

Barnefedrane sin status og konsekvensar av relasjonen til barnemor

Det skal vidare knytast nokre merknader til dei observasjonane som er gjort rundt barnefedrane, kven desse var og kva deira relasjon til barnemor var. Totalt er det tale om eit reelt svangerskap i 37 av dei 43 sakene, og i desse vert barnemor konsekvent forhøyrt om kven far til barnet er. I dei rettsmøta der den oppgjevne mannen sjølv er innkalla, er det berre i den innleiingsvis refererte saka mot Borni Joensdatter at vedkommande sjølv nektar for farskapet.

Menn sin plass i samfunnet og deira økonomiske handlefridom var i stor grad knytt til kva yrke dei hadde.34 Det første som skal leggast fram, er såleis kva den primære næringsvegen til dei ulike barnefedrane på tidspunktet for konsepsjonen var.

Som det går fram av diagrammet, fell femten av barnefedrane inn under kategorien gardbrukar. Dette gjeld dei som i rettsreferata først og fremst er oppgjevne med tilknyting til gard, anten som husbond eller son.35 Vidare er fem barnefedrar oppgjevne å vere i teneste anten på same gard, eller ein stad i nærleiken. Det er kanskje inga overrasking at seksuelle forhold vart innleia med personar i nærmiljøet, då folk ofte levde svært tett innpå kvarandre. På den andre sida var det ofte mange auge og lite plass, slik at risikoen for å bli oppdaga var relativt stor.

Soldatar og sjømenn var noko meir lausrivne frå det lokale samfunnet. Sjølv om fleire var i teneste eller budde på heimgarden sin mellom mønstringane, gjorde yrkesvegen at dei var meir mobile, og at tilknyting til lokalmiljøet truleg vart opplevd noko meir midlertidig. Eit anna viktig element i høve til barnedrapssakene er at soldatar etter ei forordning frå 1696 var fritekne for straff for førstegongs «leiarmål».36 Dersom dei ikkje tidlegare hadde blitt tatt for seksuelle lovbrot, og elles ikkje var direkte involvert i den skjulte fødselen, kunne dei såleis gå heilt straffri.

Når vi samanliknar desse tala med funna frå Rogaland, finn vi eit interessant avvik mellom dei to områda. Av undersøkingane til Østebø går det nemleg fram at av dei 38 sakene med oppgjeven barnefar, er det berre i to av desse at vedkommande er karakterisert som militær. I perioden 1610–1842 er det heller ingen barnefedrar som er oppgjevne å vere sjømenn. I motsetnad til Hordaland er det dermed nesten utelukkande tale om tenestedrengar, sjølvstendige gardbrukarar eller husmenn.37 Kan hende skuldast denne skilnaden ulike praktiske omstende som topografi, eller haldningar til utanforståande i lokalmiljøet. Utan ein meir inngåande komparasjon av samfunnstruktur og sosiale høve, vert teoriar rundt årsakene til dette likevel berre spekulasjonar og vil difor ikkje bli drøfta nærare i denne samanheng. Avviket er som nemnd likevel ein interessant observasjon.

Det andre momentet som er interessant når det gjeld barnefedrane, er kva relasjon desse hadde til den barnedrapsmistenkte kvinna. Ved å undersøke forholdet mellom foreldra, kan ein få eit ytterlegare innblikk i kva omstende som førte til at dei ugifte kvinnene valte å skjule svangerskapet frå omverda. Dersom foreldra ønska og hadde moglegheit til å inngå ekteskap, kunne dei til dømes få nedsett straff for det seksuelle lovbrotet.38 Om foreldra inngjekk ekteskap, vart heller ikkje barnet rekna som «uekte» lenger, og den sosiale stigmatiseringa forsvann. Barnefar var også i mange tilfelle den einaste som hadde positiv kjennskap til svangerskapet, og sjølv om det er relativt få tilfelle av direkte medverknad, vart han openbart sett i ein posisjon der han gjennom offentleggjering kunne ha påverka utfallet av den føreståande fødselen.39

Når det gjeld karakteren av forholdet mellom foreldra, er materialet ofte sparsamt. Nokre få gonger går det fram at den seksuelle omgangen har gått føre seg ofte, og over lengre tid. Stort sett der dette er etterspurt, er barnet likevel oppgjeve å vere resultat av eitt eller eit fåtals samleie. Det er ingen av kvinnene i materialet som påstår å ha blitt valdteken. I enkelte av sakene kan dei skildra situasjonane likevel minne om det vi i dag truleg ville ha karakterisert som former for misbruk. Overflatisk finn vi indikasjonar på dette gjennom alle dei tilfella der barnefar som husbond står i ein klår maktposisjon i høve til kvinna. Meir konkret finn vi også spesifikke situasjonar, som til dømes den «unge» og «U-forstandig[e]» Søgni Olsdatter, som vart «tillochet og forført til Saadan Løsagtighed» av sin eigen gifte fosteronkel då han overnatta i einerom med henne etter ei julefeiring.40 Også Guro Tormodsdatter, som var blitt svanger med ein soldat, svarar på retten sitt spørsmål at dei gjentekne samleia «skeede ymest icke alle tider med hendes villie».41 Trass i desse observasjonane må det likevel presiserast at dei fleste seksuelle relasjonane, også dei mellom tenestejenter og overordna, ser ut å ha blitt inngått med samtykke frå begge partar.

*For kvinner med fleire barnefedrar er det den siste som her er oppgjeven.

Den største kategorien av barnefedrar er husbonden og søner som bur på same gard som kvinna. Vidare er fem tenestefolk, som tilsvarande arbeidde på garden når den seksuelle omgangen fann stad. I desse sakene er det i all hovudsak tale om tenestejenter som har blitt svangre. Som allereie indikert ovanfor, ser tette bu- og arbeidstilhøve ut til å ha vore medverkande faktor til at mange slike forhold vart inngått.

Det er berre i seks tilfelle vi finn at foreldra er omtala som trulova eller i eit meir eller mindre fast kjærastforhold. Kor vidt forholdet var offentleg eller berre ei privat forståing mellom dei to, er både varierande og stundom uklårt. Det er likevel berre i desse tilfella ein finn teikn til at den seksuelle omgangen har skjedd med intensjon og/eller løfte om å inngå ekteskap. Sjølv om både allmugen og styresmaktene prinsipielt synest å ha vore samde om at born høyrde ekteskapet til, ser folk flest ut til å ha godteke at samlivet starta alt ved truloving, og stundom allereie med løftet om ekteskap. Om kvinna vart med barn, var dette eit prov på fruktbarheit, og på at ho var eigna til å produsere arvingar og arbeidskraft i neste slektsledd. Det har såleis blitt hevda at heile to av tre ekteskap på denne tida vart inngått etter at kvinna var blitt gravid.42 På trass av lovnader og avtalar, er giftarmålet i dei nemnde sakene likevel ikkje gjennomført på tida for fødselen.

Tabellen viser også at 17 av 37 barnefedre var gift med andre enn den barnedrapstiltalte kvinna. Eksisterande ekteskap for ein av partane skapte ytterlegare problem for dei involverte, slik at insentivet til å halde barneavlinga skjult, truleg vart større. På den andre sida finst det døme på både husbond, søner på garden og elles drengar i og utanfor hushaldet som i utgangspunktet var frie til å inngå ekteskap med den kvinna dei hadde gjort gravid, men som ikkje gjorde det.43 Sjølv om det berre er dei ovanfor nemnde kjærastane/trulova som synest å ha førespegla kvinna eit ekteskap på tida for konsepsjonen, kunne over halvparten av barnefedrane dermed i utgangspunktet ha gjeve kvinna ein ærbar og økonomisk utveg av den uføresette graviditeten. At fedrane i dei her omtala tilfelle let vere å ta eit slikt ansvar, kan såleis ha vore ein medverkande faktor til at kvinna valde den utvegen ho gjorde.

Materialet frå Hordaland synest her å samsvare med det ein finn i Stavanger amt. Mellom 1610 og 1842 finn vi at 15 av 38 fedre var gifte. Når det gjeld relasjonen mellom foreldra, ser vi også at mange kvinner har blitt svangre med ein person dei stod i eit underordna maktforhold til. Dette er i fleire tilfelle oppgjeve å gjelde gifte menn som er kvinna sin direkte overordna. Likevel vert det også i denne studien haldt fram at svangerskapa i liten grad ser ut til å vere resultat av seksuelle overgrep frå husbondsfolket.44

Observasjonen av at det trass sosiale skilnader mellom foreldra synest å vere få overgrep, ser likevel ikkje ut til å vere representativ for resten av Europa. I Langer sin studie av barnedrap i Europa held han fram at det jamt over synest å ha vore stor aksept for at overklassen utnytta undersottar og tenestejenter. Slike overgrep frå overklassen vart sett på som eit «inevitable aspect of lower class life», og ofte vart dei gravide jentene overlatne til seg sjølv av både barnefar, eigen familie og lokalsamfunn.45

Samanlikna med dei føydale systema som eksisterte rundt om i Europa, vert klasseskilja i bondesamfunnet i Noreg relativt små. Reint materielt gjorde ulike reformar i Noreg det mindre lukrativt for jordeigarar å leige ut land, og det vart såleis stadig fleire sjølveigande bønder utover 1600- og 1700-talet.46 Det var heller ikkje slik at tenestefolket var dømd til å arbeide for andre resten av livet, og dei fleste gifta seg og stifta eigne bu etter å ha vore i teneste i kortare eller lengre periodar.47 På trass av ulik stilling i hushaldinga, var dermed bakgrunn og føresetnader til tenestefolk og husfolk ofte langt nærare kvarandre her enn det dei var mellom overklasse og underklasse elles i Europa. Eit meir homogent samfunn kan moglegvis ha medverka til at færre kvinner vart utnytta av overordna menn i dei undersøkte vestlandsbygdene.

Sjølv om den seksuelle omgangen berre unntaksvis ser ut til å kunne klandrast barnefar aleine i sakene frå Hordaland, er det likevel vanskeleg å kome unna at kvinnene som regel måtte møte konsekvensane av den aleine. Ein studie av Lindås og Haus prestegjeld i Nordhordland mellom 1741 og 1760 viser til dømes at om lag dobbelt så mange kvinner som menn måtte stå offentleg skrifte for utanomekteskapeleg barneavling.48

Hendingsgang og rettsleg handsaming

I lys av dei ovanfor nemnde funna skal det no bli gjort nokre refleksjonar rundt skilnader og likskapstrekk som vert avdekka ved å sjå på hendingsgangen og sakshandsaminga i konkrete saker.

Som nemnd ovanfor var kvinna sin posisjon i stor grad definert av kva hennar sosiale relasjon til mannen i hushaldet var. Det første som skal nemnast om ulikheiter i barndrapssakene basert på slike relasjonar, er at døtrer som budde heime i større grad synest å ha fått hjelp av huslyden til å skjule fødselen, enn det tenestejenter på arbeidsstaden fekk i same situasjon.49 Eit døme på dette er ei sak frå Nordhordland i 1687. Her hadde den tiltalte kvinna fortalt foreldra sine om svangerskapet, og då ho fødde barnet, var mora til stades. Ettersom kvinna sjølv var svært sjuk, var det også mor hennar som tok hand om barnet etter fødselen og gøymde dette i ei forsegla bomme. Ein månads tid seinare vart fødselen likevel undersøkt av lensmannen grunna rykte og «bygdeømmel».50 At huslyden i enkelte tilfelle hadde personleg motivasjon for å legge lokk på brotsverket, auka truleg sannsynet av at fødselen aldri vart oppdaga.

Tenestejentene vart ofte avslørt grunna eit brått sjukdomsleie, eller fordi dei ikkje hadde makta å gøyme barnet tilstrekkeleg. I saka frå 1687 ser vi at begge desse faktorane er eliminert, fordi mor til kvinna både bidreg til å dekke over svakheita, og dessutan kvittar seg med beviset. Om ikkje rykta om svangerskapet allereie hadde gått, er det såleis truleg at fødselen kunne ha halde fram med å vere skjult for omverda.

Også i dei to sakene der det er født barn av ei enke og ei gift kvinne, ser vi at desse synest å ha større føresetnad for å klare å skjule fødselen. Enka fødde barnet på kammerset sitt og gøymde det på høyloftet, medan den gifte kvinna budde aleine og vart forløyst på sitt eige kjøkken.51 Ettersom desse to var overhovud i eigne hushald, hadde dei truleg relativt stor fridom til å avgjere både arbeidsoppgåver og kven dei omgav seg med til ei kvar tid. Det vil slik ha vore mogleg å skjule både svangerskap og fødsel, utan at oppførselen vakte for stor mistanke hjå dei som var rundt. Vi ser også at det er meir eller mindre tilfeldig at desse to fødslane vart oppdaga. Enka vart avslørt fordi nokre barn etter fleire veker oppdaga spedbarnsliket under leik, og den gifte kvinna vart så svak etter fødselen at naboar og øvrigheita fatta mistanke.

Etter dette ser det altså ut som om kvinner med sterk tilknyting til garden og hushaldet hadde langt betre føresetnader for å skjule graviditet og fødsel. Då rettsreferata berre reflekterer den sosiale statusen til dei kvinnene som faktisk vart oppdaga, kan ein difor spørje seg om den reelle fordelinga av dølgsmålsfødane kan ha vore noko annleis fordelt enn det som går fram av desse protokollane.

Sjølv om kvinner med ulik bakgrunn i all hovudsak synest å ha blitt handsama likt i retten, finnes det også her døme på at stilling og nettverk kunne vere ein fordel. Særleg vert dette tydeleg i saka mot Sille Knudsdatter frå Sunnhordland, som er éi av totalt to kvinner som vert fullstendig frifunnen på bygdetinget, til trass for å ha blitt funnen å ha født eit omkomme barn aleine.52 Etter vitnemåla var Sille blitt gravid med ein hollandsk sjømann, og foreldra hadde planer om i stillheit å sende henne til han, slik at dei kunne bli gift. Fødselen kom likevel over Sille medan foreldra var bortreist, og etter å ha sendt alle tenestefolka ut, vart ho forløyst i stova der ho vanlegvis sov. Etterpå fekk ho hjelp av ei ung jente, og gøymde det døde barnet i ei kiste på stabburet. I retten stiller far hennar, militær auditør Knut Gad frå det Bergenhusiske regiment. Han legg fram ei rekke godt formulerte argument om kvifor dottera hans slett ikkje kan dømast for å ha født i dølgsmål. Mellom anna held han fram at ho fødde før tida, og openbart ikkje har hatt forsett om å føde i dølgsmål, ettersom ho ikkje trakk ut i mark eller skog «som de pleier at giøre der har saadane Tancker och noget undt i Sinde». At ho sende folka ut av stova måtte vidare unnskyldast då ho «i hendes store Svaghed saa som blef Rasende, og ej Viste enten hvad hun tallede eller giorde». Vidare ropte ho høgt under fødselen, og om dei ville, kunne alle på garden sett henne føde gjennom nøkkelholet i døra. Retten tar argumentasjonen hans til følgje, og frikjenner Sille. Objektivt sett skil ikkje faktumet i denne saka seg nemneverdig frå dei tilfella som enda i dødsdom, og det er såleis nærliggande å anta at Sille sin godt posisjonerte far var årsaka til at ho slapp unna dødsstraff. Då saka vart anka til lagtinget, vart ho likevel dømd etter barnedrapsføresegnene.53 Medan ressurssvake og ulærde tenestejenter stort sett var overlatne til seg sjølv, illustrerer dette tilfellet tydeleg at sosial posisjon i enkelte tilfelle var egna til å påverka den rettslege handsaminga.

Også barnefar sin sosiale posisjon kan fortelje oss noko om kvifor og korleis situasjonen utarta til det punktet der kvinnene valde å skjule og eventuelt ta livet av barna sine. Som nemnd hadde far blitt fortalt om svangerskapet i over halvparten av sakene. Trass i at det ofte gjekk rykte om kvinna, var barnefaren dermed svært ofte den einaste personen med positiv kunnskap om barnet som var på veg.54 Spørsmålet er såleis om far si moglegheit, og ikkje minst vilje, til å handle, kan ha vore ein avgjerande faktor i høve til utfallet av graviditeten.

I åtte saker går det fram at barnefar eksplisitt råda kvinna til å skjule barnet, og/eller sjølv medverkar til dette. I sju av tilfella er barnefar gifte menn og hadde såleis ingen moglegheit til å gjere barnet legitimt gjennom ekteskap. I tillegg til dette var den seksuelle omgangen rekna som «hor», noko som var langt meir alvorleg enn leiarmål mellom ugifte.55 I tre av desse sakene hadde foreldra også gjort seg skuldig i «blodskam», altså incest, og potensiell dødsstraff gav nok eit ytterlegare insentiv til å halde forholdet hemmeleg. I alle dei tre blodskamsakene ser ein at barnefar ikkje berre råder kvinna til å føde i dølgsmål, men også aktivt bidrar til å skjule barnet i etterkant. Det kan altså sjå ut til at far si interesse og involvering auka i takt med eigeninteressa i at svangerskapet vart halde skjult. At barnefar var gift og/eller hadde familiær tilknyting til kvinna, synes såleis å vere sosiale faktorar som auka risikoen for ei barnedrapssak.

Til samanlikning er den einaste barnefaren som eksplisitt råda kvinna til å tilkalle hjelp under fødselen, ein ugift soldat. I denne saka var kvinna også enke med eigen gard, og kan hende håpa soldaten å kunne gifte seg til denne på eit tidspunkt. Saka indikerer i alle høve at dei sosiale utgangspunkta også kunne gje utslag andre vegen, slik at barnemor potensielt fekk mindre motiv for å skjule fødselen.

I rettsmøta har barnefar stort sett ei tilbaketrekt rolle som vitne. Utanom dei nemnde medverknads- og blodskamsakene er forklaringane til dei frammøtte fedrane gitt relativt liten plass, og det er sjeldan dei synest å ha gjeve utslag i den endelege dommen. Eit interessant unntak finn vi likevel i ankehandsaminga av det einaste tilfellet der barnefar var ein husbond som var fri til å inngå ekteskap.56 Foreldra i denne saka var enkemannen Svend Nesse og tenestejenta hans, Ingebor Andersdatter. Ingebor fødde barnet deira aleine, og lot det ligge i senga i to dagar før det vart oppdaga av nokre nabokoner. På bygdetinget vart ho dermed i tråd med NL 6-6-8 dømt til døden. Då saka vert handsama på lagtinget, tar likevel det heile ei uventa vending. Svend tilbyr seg nemleg å ta kvinna til ekte, dersom retten lar henne får behalde livet. Med denne lovnaden gjer lagtinget ei svært uvanleg omgjering, og frikjenner kvinna for fødsel i dølgsmål. Dei to slapp etter dette unna det heile med mindre leiarmålsbøter.57 Involvering frå barnefar var såleis medverkande, og truleg avgjerande, for at kvinna fekk behalde livet.

I tillegg til å indikere den vanskelege situasjonen mor ofte var sett i, kan barnefar si rolle vere med på å avdekke tilfelle av barnedrap der barnemor truleg var drive av anna enn desperasjon. Eitt av dei grovaste drapa, der barnemor kutta det nyfødde barnet sin strupe med en kniv, vart nemleg gjort av ei kvinne som er oppgjeven å vere forlova med barnefar.58 Sjølv om barnefar hadde mistanke om svangerskapet, nekta ho dette overfor han, og han hadde ingen rolle i korleis fødselen gjekk føre seg. I retten uttaler barnefar også at han slett ikkje ville at barnet skulle omkomme, men derimot at det kunne leve, og at dei to kunne bli gift. Kva motivasjon barnemor hadde for å ta livet av barnet på ein slik valdeleg måte, er difor uklårt. Det synest i alle høve ikkje å vere resultat av ein håplaus og desperat situasjon, slik som i mange andre tilfelle. Kan hende skjedde dette drapet av andre årsaker, til dømes psykisk ustabilitet.

Barnedrap i eit overordna perspektiv

Barnedrap som fenomen har eksistert i uminnelege tider. I utgangspunktet var det å kvitte seg med sjuke eller svake barn i stor grad akseptert, og utsetting av nyfødde vart også praktisert dersom resursane var for knappe til å brødfø endå ein munn.59 Etter kvart som kristendommen breidde seg i Europa, auka fordømminga av slike handlingar. Då desperasjon likevel ikkje lar seg diktere av religiøse eller rettslege førestillingar, finn vi liknande historier frå alle verdshjørne, også like opp til vår eiga tid.60

Analysen av barnedrapssakene frå Hordaland på 1600- og 1700-talet viser fleire aspekt som kan vere interessante å drøfte, også i eit meir overordna perspektiv. Til sist skal det difor gjerast nokre oppsummerande refleksjonar rundt dei funna som er gjort, og vegen vidare for barnedrapsproblematikken.

For det første viser funna om familie- og arbeidssituasjon at mødrer med svak tilknyting til hushaldet var i ei særleg risikogruppe. Dette gjeld særleg ugifte tenestejenter, der arbeidsgjevaren hennar ofte var næraste mannlege relasjon. Barnefedrane er stort sett fråverande når det kjem til handteringa av svangerskapet, men ser ut til å involvere seg meir jo større eigeninteressa deira var i å skjule barneavlinga.

Ein finn ikkje teikn til at det sosiale utgangspunktet til dei barndrapsmistenkte endrar seg i den undersøkte perioden. Ugifte tenestejenter er stadig hovudkategorien av tiltalte, sjølv om det innimellom dukkar opp nokre ugifte døtrer, enker og liknande. Om ein ser på barnedrapsfenomenet i eit større perspektiv, finn ein også at det er først på byrjinga av 1900-talet at ein ser noko avgjerande nedgang i tala på barnedrapa, både i Noreg og elles i Europa. I denne perioden finn ein at straffene for seksuell utukt vart nedsett, den sosial stigmatiseringa minka, og det vart jamt over eit auka fokus på å ivareta mødrer og barn.61 For Noreg sin del skjedde dette først og fremst gjennom betre sosiallovgiving, og særleg gjorde dei Castbergske barnelovene frå 1915 det lettare for ugifte mødrer å behalde barna sine.62 Faktorane vi kan identifisere som dei grunnleggande motiva for dei ugifte tenestejentene på 1600- og 1700-talet, skam, straff og økonomiske vanskar, synest såleis å ha blitt gradvis eliminert.

Ved innføring av nye prosessuelle reglar finn ein også at potensielle føremoner dei høgare samfunnsklassane hadde i møte med rettssystemet, vert noko meir viska ut. Frå 1735 vart det påbode med offentleg forsvarar i alle alvorlege straffesaker. Sjølv om forsvararane i byrjinga ofte var dårleg skolerte, førte ordninga utover 1700-talet til at sjølv dei mest ressurssvake kvinnene hadde nokon som kunne tale deira sak. Etter kvart som tvungen anke til øvre instansar gradvis vaks fram gjennom ulike lover og forordningar frå 1687 og utover, og kongen frå 1735 dessutan skulle konfirmere alle eksekusjonar, vart også rettstryggleiken for alle kvinnene betra gjennom ytterlegare overprøving. Straffepraksisen syner at retten etter kvart la seg på ei mildare linje, og etter 1770 endra dei idømde straffene for å føde i dølgsmål seg frå den føreskrivne dødsstraffa til ei ulovfesta og avleia straff på mellom seks år og livstid i tukthus. Sjølv om det enno skulle gå mange år før det vart lagt til rette for at dei ugifte kvinnene kunne bere fram barna sine utan skam og straff, indikerer dette ei gradvis aukande forståing i samfunnet for den vanskelege situasjonen desse mødrene var i.

Litteratur

Bernssen, Siri Elisabeth 2017: Skam, skuld og straff. Ei rettsleg analyse av barnedrapssakene på bygdetinget i Hordaland 16421799. Masteroppgåve. Universitetet i Bergen. (Tilgjengeleg frå BORA http://bora.uib.no/handle/1956/16182) [31.01.18].

Bratland, Kenneth 2002: Fødsler utenfor ekteskap i Haus og Lindås prestegjeld på 1700-tallet. Basisoppgave. Bergen: Universitetet i Bergen.

Erichsen, B. 1993. Kriminalitet og rettsvesen i Kristiania på slutten av 1600-tallet Oslo: Tingbokprosjektet.

Hansen, Torleif 1993: Bergen lagting som straffedomstol i appellsaker 1702–1737. Bergen: Alma Mater.

Langer, William 1974: «Infanticide: A historical survey», History of Childhood Quarterly, vol. 1.

Nielsen, Beth Grothe 1980: «Letfærdige qvindfolk» – Fosterdrab og fødsel i dølgsmål i retshistorisk belysning 1– 3. København: Københavns Universitet.

Nørregaard, Lauritz 1788: Forelæsninger over den Danske og Norske Private Ret. 3: Om Criminal-Retten (Vol. 3). Kiøbenhavn.

Risa, Lisbeth 1975: Geistlege og verdslege sanksjonar mot ugifte mødre: Ei gransking av lov og rettspraksis i sedelegheitssaker, bygd på rettsmateriale frå Stavanger amt 1721–1741. Oslo: Universitetet i Oslo.

Seip, Anne-Lise 1994: Sosialhjelpstaten blir til: Norsk sosialpolitikk 1740–1920 (2. utg.). Oslo: Gyldendal.

Sogner, Sølvi 1990: Far sjøl i stua og familien hans. Oslo: Universitetsforlaget.

Sogner, Sølvi (red.) 2003: I gode og vonde dagar – Familieliv i Noreg frå reformasjonen til vår tid. Oslo: Det Norske Samlaget.

Stokkeland, Anette 2002: Barn og unges oppvekstforhold på 1600-tallet: En studie med utgangspunkt I tingbøkene fra Jæren og Dalane 1613–1650. Oslo: Tingbokprosjektet.

Sunde, Jørn Øyrehagen 2007: ««Quind folch» – Kvinner og tilhøyrsle mellom 1642 og 1802», i Från Schlyters lustgård 7. Sverige: Corpus Iuris Förlag

Sunde, Jørn Øyrehagen 2009: ««Enhver Borger har ret til at fordre Sikkerhed af Staten» – Ordninga med offentleg forsvarar mellom 1735 og 1775», i Jon Petter Rui (red.): Rettshjelp fra kyst til vidde. Festskrift til Jusshjelpa i Nord-Norge 20 år. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Sunde, Jørn Øyrehagen 2015: «Utanfor ekteskap», i Anne Sletto: Eit kvinneportrett. Buskerud: Boksmia.

Telste, Kari 1993: Mellom liv og lov: kontroll av seksualitet i Ringerike og Hallingdal 1652-1710. Oslo: Tingbokprosjektet.

Østebø, Synnøve 2005: «Tiltalt for barnefødsel i dølgsmål». En sosial og rettshistorisk undersøkelse av kvinner tiltalt for barnefødsel i dølgsmål i Stavanger Amt 1610–1680. Hovedoppgave. Bergen: Universitetet i Bergen.



SAB: Rettsprotokoll Nordhordland I.A. 12 (1671)

SAB: Rettsprotokoll Nordhordland I.A.22 (168587)

SAB: Rettsprotokoll Nordhordland I.A. 29 (170405

SAB: Rettsprotokoll Nordhordland I.A. 32 (17111712)

SAB: Rettsprotokoll Nordhordland I.A. 38 (17281731)

SAB: Rettsprotokoll Nordhordland I.A. 39 (173336)

SAB: Rettsprotokoll Nordhordland I.A. 41 (174348)

SAB: Rettsprotokoll Nordhordland I.A. 43 (17541760)

SAB: Rettsprotokoll Sunnhordland I.A. 27 (1705)

SAB: Rettsprotokoll Sunnhordland I.A. 28 (1706)

SAB: Rettsprotokoll Sunnhordland I.A. 32 (172325)

SAB: Rettsprotokoll Sunnhordland I.A. 43 (178792)

SAB: Rettsprotokoll Hardanger I.Af.4 (17671772)

1SAB: Rettsprotokoll Nordhordland I.A. 38 (1728–1731) fs. 139–142.
2Nørregaard 1788 s. 153.
3Tittelen på artikkelen er ein fritt omskrive frase frå NL 6-6-9 som omhandla prosedyren ved barnedrap.
4Telste 1993 s. 61.
5Nielsen 1980 s. 3 -5 – 3-6.
6NL 6-6-1.
7Spedbarnsdødlegheita på 1700-talet varierte mellom 165 og 235 per 1000 levande fødde, jf. Sogner 2003 s. 58. Det er såleis ikkje usannsynleg at mange av borna døde av naturlege årsaker, slik dei dølgsmålstiltalte kvinnene ofte hevdar.
8Artikkelen baserer seg på ei ytterlegare undersøking av funn som vart gjort i samband med forfattaren si masteroppgåve, Bernssen 2017. Avhandlinga tar først og fremst for seg dei rettslege aspekta i barnedrapssakene, og går berre unntaksvis inn på sosiale omstende.
9Nielsen 1980, Tingbokprosjektet https://www.hf.uio.no/iakh/tjenester/kunnskap/samlinger/tingbok/ [31.01.2018].
10Østebø 2005.
11Langer 1974.
12M.a. Tingbokprosjektet ved Universitetet i Oslo, samt arbeid ved Statsarkivet i Bergen.
13Bygdetinget var den ordinære førsteinstans i distrikta. I tillegg eksisterte det t.d. byting som førsteinstans i større byar, eigne birketing, og ein separat militær domstol som handsama rettsbrot utført av soldatar, jf. Erichsen 1993 s. 23.
14Namn og omfang av det som her vert omtala som Hardanger sorenskrivarembete endrar seg likevel noko i løp av perioden, og omfattar stundom også Voss, Lysekloster og Halsnøykloster. Sjå t.d. Bernssen 2017, vedlegg 1.
15Delar også tilgjengelege på nett, https://www.digitalarkivet.no/content/257/tingb%C3%B8ker [31.01.2018]
16Bernssen 2017 s. 17.
17T.d. SAB: Rettsprotokoll Nordhordland I.A. 32 (1711–1712) fs. 1–4, 10–16,SAB: Rettsprotokoll Hardanger I.Af.4 (1767–1772) fs. 62b–69, 78–79b.
18Forordninga av 21. mai 1751 gav til dømes instruksar på kva opplysningar som skulle registrerast om tiltalte.
19Bernssen 2017 s. 43–44.
20Sunde 2007 s. 127–129.
21Sogner 1990 s. 68.
22Det vert lagt til grunn at retten hadde påpeikt det dersom kvinna hadde anna sivilstatus enn ugift.
23SAB: Rettsprotokoll Nordhordland I.A. 41 (1743–48) fs. 173b–177 (fs. 176b).
24Langer 1974 s. 356.
25Stokkeland 2002 s. 102.
26Nørregaard, 1788 s. 156.
27Seip 1994 s. 44.
28Østebø 2005 s. 33.
29Sogner 2003 s. 44.
30 https://sml.snl.no/fruktbarhet [31.01.2018].
31Rettsprotokoll Hardanger I.Af. 4 (1767–72) fs. 65b–69, 78–79b.
32Bernssen 2017 s. 120.
33Sogner 2003 s. 45.
34Østebø 2005 s. 43.
35Der faren har «dobbeltrolle» er det tatt ei skjønnsmessig vurdering av kategori, og det er mellom anna lagt vekt på kva rolle han hadde overfor kvinna.
36Risa 1975 s. 31.
37Østebø 2005 s. 45–46.
38NL 6-13-1.
39Bernssen 2017 s. 124.
40SAB: Rettsprotokoll Nordhordland I.A. 29 (1704–05) fs. 68b–71b, 100–101b (fs. 101).
41SAB: Rettsprotokoll Sunnhordland I.A. 32 (1723–25) fs. 50–56 (fs.55b).
42Sogner 2003 s. 50.
43Unntaket er den nemnde saka om den gifte kvinna, og éi sak der barnefar var kvinna sin biologiske bror (SAB: Rettsprotokoll Nordhordland I.A. 39 (1733–36) fs. 207b–210b). I enkelte av sakene er det heller ikkje oppgjeve kor vidt barnefar hadde kunnskap om svangerskapet, og det kan såleis hende han ikkje hadde noko reelt val i saka (t.d. SAB: Rettsprotokoll Sunnhordland I.A. 32 (1723–25) fs. 50–56 og SAB: Rettsprotokoll Nordhordland I.A. 43 (1754–60) fs. 356b–361b).
44Østebø 2005 s. 45–46.
45Langer 1974 s. 357.
46 https://snl.no/leilending [12.02.2018].
47Sogner 2003 s. 42.
48Bratland 2002 s. 35. Offentleg skrifte var ei kyrkjeleg straff som medførte at den dømte måtte tilstå brotsverket sitt for kyrkjelyden.
49Enkelte av tenestejentene var av ulike årsaker heime hos foreldra i tida rundt fødselen, og fleire av desse ser ut til å ha motteke noko av den same hjelpa. T.d. SAB: Rettsprotokoll Sunnhordland I.A. 43 (1787–92) fs. 170–182.
50SAB: Rettsprotokoll Nordhordland I.A.22 (1685–87) fs. 70–72, 73–74b.
51SAB: Rettsprotokoll Nordhordland I.A. 12 (1671) fs. 42b–43 og SAB: Rettsprotokoll Nordhordland I.A. 41 (1743–48) fs. 173b–177.
52Rettsprotokoll Sunnhordland I.A. 27 (1705) fs. 22b–28b.
53Hansen 1993 s. 134. Sille vart likevel til sist benåda av kongen.
54Bernssen 2017 s. 124.
55NL 6-13-25 jf. NL 6-13-1.
56Rettsprotokoll Sunnhordland 28 (1706) s. 42, 46–51, 68–70.
57Hansen 1993 s. 135–136.
58SAB: Rettsprotokoll Sunnhordland I.A. 43 (1787–92) fs. 35b–41.
59Langer 1974 s. 353–354).
60Tal frå Pakistan frå 2010 viser til dømes at over 1200 nyfødte barn vart drepe eller forlate for å dø innan si først leveveke, https://www.nrk.no/urix/--drap-pa-smabarn-oker-i-pakistan-1.7720351 [31.01.18]
61Langer 1974 s. 361–362.
62Sunde 2015, s. 89.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon