Skjåk bygdebok for tida 1914–1945 (utgitt 2016) er fjerde bandet i eit imponerande bygdebokverk, alle banda forfatta av Hans P. Hosar. Dei tre tidlegare allmennsogebanda har i første bandet tatt føre seg forhistoria og den eldste historiske tida, fram til 1537 (utgitt 1994), i andre bandet perioden 1537–1798 (utgitt 1995) og i det tredje tida frå 1798 til 1914 (utgitt 1998). Verket kombinerer skiljeår i norsk historie med lokale endringsår. Året 1798 er tida for heimkjøp av allmenningsland i Skjåk.

Hans P. Hosar er forskar ved Norsk lokalhistorisk institutt. Det har gått nokre år sidan det førre bandet i bygdebokserien kom ut, men bygdebokforfattaren lever godt opp til forventningane dei tre første banda hans om Skjåk i si tid skapte. Eit meisterverk, vågar eg å kalla band fire om historia 1914–1945 for gudbrandsdalkommunen Skjåk i Oppland.

Kva er det som skipar, skapar og omskapar eit lokalt samfunn? Soga om Skjåk frå og med 1914 til og med 1945 lærer lesaren mykje om det konstituerande, konstruerande og konserverande for ei bygd som denne. Innhaldet i «Skjåk 1914–1945» har stor overførings- og læringsverdi for å gi samfunnsforståing heilt allment.

Refleksjonane er mange og interessante frå bygdebokforfattaren sjølv i Skjåk-boka. Hosar er medviten om fortrinna det gir å vera frå bygda han skriv om. Han er aldri redd for sjølv å vera til stades og tydeleg til syne i framstellinga si. Det gir boka ein særs levande og situasjonsfesta tekst, skriven på dialektnær og velforma nynorsk. Analysen frå forfattaren si side er dessutan knytt til ei overordna søkjing etter å gi «innsikt i menneskets vilkår og verdens gang». Boka sluttar med desse orda: «Nokons vilje blir andres lagnad, og lagnaden gjev rom for nye viljar og nye lagnader i ein evig historisk runddans.»

Livsutfalding, næring og klassar

Hans P. Hosar vil svara på heilt sentrale spørsmål i den lokalsamfunnsanalysen bygdeboka hans er. Han fortel om eit samansett samfunn. Livsutfaldinga var ulik for menneska i Skjåk. Han går rett inn i diskusjonen om kva rolle småbruka spela i norsk samfunnsutvikling. Levemåten skilde seg åt for folk frå «gardar, småsted og snaue stugu». Næringsutviklinga er også eit sentralt tema hjå den materialistisk orienterte historikaren Hosar. Det same grunnsynet kjem også fram ved at han gjenopplivar klasseomgrepet og deler bygdefolket inn i klare grupper under kapitteloverskrifta «Samfunnsklassene fylkar seg».

Kjønnsperspektivet er også sterkt til stades i Skjåk-boka. Kvinner, jenter og koner blir ikkje berre skrivne om for å dekka feltet kvinnehistorie. Kvinneliv blir også sett i forhold til makt, maskulinitet og materielle mannsdominerte samfunnsfelt. Bygdebokforfattaren meiner at husbondsmakta blei svekka i perioden denne boka dekkjer. «Matmormakt» blir trekt fram som eit matriarkalsk alternativ til patriarkalske husbønder.

Eit eige kapittel om krigstida 1940–1945 set standard for koss ei framstelling om krigen gjerne bør vera i bygdebøker for vår tid. Det tener Skjåk-verket til gode at forfattaren ikkje lar vera å gå djupt inn i skilja som gjorde seg gjeldande mellom ulike aktørar på dei heller mange sidene i krigen.

Småbruka i samfunnsendringa

Debatten som for tida går mellom Ottar Brox og forskarar ved Statistisk sentralbyrå om småbruka sin plass i norsk industrialisering og samfunnsutvikling, kan med godt utbytte henta informasjon og empiri i Hosars undersøkjing av Skjåk.

«Mestedelen av Jordbrukerne her i Bygden maa naa regnes for Smaabrukere […]», siterer bygdeboka frå eit innlegg i Gudbrandsdølen år 1913. Sjølv kjem bygdebokforfattaren fram til at «klasse-» eller hushaldsstrukturen i 1930 var slik at småbrukarhushalda utgjorde 40 % av dei yrkesaktive hushalda og meir enn tredjeparten av folketalet i Skjåk. Mange av gardbrukarane kunne også reknast som eigentlege småbrukarar. Gardbrukarhushalda utgjorde ikkje meir enn tredjeparten av alle hushalda i bygda. Arbeidarhushald talde også ganske mange i Skjåk i 1930, med oppimot femteparten av dei yrkesaktive hushalda.

«Økonomisk, sosialt, politisk og kulturelt var Skjåk framfor noko eit småbrukarsamfunn», pressar Hosar mangfaldet i bygda inn i. Han viser koss dette særprega moderniseringsprosessen i bygda mellom 1914 og 1945. I tillegg drar han også direkte linjer tilbake til husmannstida. I den småbrukartida som mellomkrigsperioden var, stod mange med «eitt bein i det gamle og eitt i det nye samfunn».

Linjedraginga mellom husmannsordninga og småbruksinstitusjonen er det all grunn til å framheva. Skjåk tener godt som døme på kor sterkt dette sambandet var i mange norske bygder. I den gamle ordninga med husmannsplass – oftast temmeleg misvisande kalla husmannsvesenet, jfr. fattigvesenet – låg det eit sterkt tildriv til innovasjon og nyskaping.

Plasskipnaden var eigentleg aldri noka ordning først og fremst orientert mot sjølvberging. I staden bør husmannsordninga sjåast som ein temmeleg fasttømra og sterk struktur. Denne strukturelle «sivilisasjonsløysinga» garanterte og sikra folk bustad og arbeid. I tillegg gav ho husmennene – og seinare småbrukarane – høve til å ta del i ein flittig hushaldsøkonomi for å dekka inn den underdekninga berre rein plassdrift innebar. Høvet til å skaffa seg moglege inntekter og innkomer frå aktivitet utanom plassa låg innvove i denne strukturen.

Røtene i husmannsordninga gjorde mykje til at samfunnsorganiseringa med småbruk kunne bera tvers gjennom industrialiseringa av landet. Husmannsrøtene gav også grunnlag for Andreas Hompland sine To-kyrs industriarbeidarar i streik (1975). Slike arbeidarbruk var ikkje eineståande i Homplands Kvinesdal. Mange industristader ordna seg på tilsvarande vis.

Bygdebok i samspel med diktverk

I den nye boka Eigedomshistorie (2017) av Hans Sevatdal, blir det understreka korleis dei 200 000 norske gardsbruka med minst fem mål dyrka jord som fanst i 1950, framleis er eigne eigedomsobjekt. Eigedomsforholda varer lenger enn sjølve jordbruksdrifta, dei er langt meir «bestandige». Småbruksstrukturen blir også av den grunn særs viktig for å forstå både den «skjåkske» og norske samfunnsstrukturen.

Småbrukarbygdene var like fullt langt frå frie for sosiale og kulturelle spenningar. «Skjåk 1914–1945» grev djupt i skiljelinjene innan bygda, og brukar Tor Jonsson for å stilla kritiske spørsmål om kva for bygdeånd det var som skapte ukultur og sosial urett. Og Hans P. Hosar trekkjer fram Tore Ørjasæter og Jan-Magnus Bruheim som «Skjåk-diktarar», også dei nytta til å avdekka glansbilete av skjåksamfunnet. Bygdebokforfattaren løftar vidare fint fram mindre kjende lokale og regionale forfattarar, som Olav Øygard og Tea Kummen.

Bruken av dei ulike forfattarskapa er ein utprega tilleggsverdi ved boka Hans P. Hosar har skrive om Skjåk. Han held fram at diktsyklusen Gudbrand Langleite (1913–1927) av Tore Ørjasæter gjerne kan lesast som «ei alternativ, samtidssentrert bygdebok for Skjåk». Der kan bygdeboklesaren finna tilleggssvar på Hosars spørsmål om «kva som var vilje og kva som var lagnad i det som folk fekk til eller mislykkast med i sitt liv og si tid, anten det var som enkeltindivid eller gruppevis og kollektivt». Og som introduksjon til alt dette, startar bygdeboka med «Slaget på Blåbærmyra».