Ein av nestorane innafor sosialhistorie og nyare kulturhistorie, Ingar Kaldal ved NTNU, har skrive denne boka om kva minne eigentleg er. Ho spør seg dessutan om korleis minna verkar og om korleis dei kan brukast. Og for å gjere dette klårt: Det handlar ikkje primært om minne, som i det veksande feltet av «minnehistorie» eller «memory studies». Nei, boka handlar om minne som folk fortel om sitt liv – «hvordan vi minnes og hvorfor vi minnes som vi gjør».

Boka er meint som ein refleksjon i hjelp til å nærme seg til minna både for studenten, forskaren og amatøren, og Kaldal er særleg ute etter å vise korleis minna blir påverka og forma av, men også korleis dei formar makt og sosiale og kulturelle forhold. Ho er med andre ord meint som ei slags hjelpebok i ein tankeprosess for dei som er opptatt av minne og munnlege informantars forteljingar i historiefaget. Såleis er ho ei nyttig bok for dei som arbeider med lokalhistorie, men også for dei som arbeider med nyare politisk historie eller biografien som sjanger.

Med sin litt underfundige måte å gå fram på, blir ikkje dette boka som har som ambisjon å gi dei endelege klårgjeringane for lesaren. Det er ikkje boka med dei absolutte svara. Ho gir ingen fasitsvar, men skal helst «sirkle inn temaet og starte noen refleksjoner», for så å ende opp med å komme med praktiske og motiverande råd. Innimellom dette får vi eit historiefagleg innblikk i minneforsking og munnleg historie sin plass fram til våre dagar. Der blir vi også ført inn i ulike lands tradisjonar og korleis ulike interesser og perspektiv har påverka temaval og forskingsretningar på feltet. Eit kapittel omhandlar også kva minna er – naturlegvis – og korleis vi både minnest, men òg gløymer, sjølv om det siste temaet ikkje er eit hovudtema for boka. Kaldals undrande og opne stil irriterer kanskje den som er ute etter ei klårgjerande og stringent framstilling som skal rydde opp i sakene éin gong for alle. For ein akademikar med forskingsbakgrunn frå universitetet er tilnærminga derimot både forståeleg, inspirerande og fruktbar.

Ho er eit svar på den kritikken ein kan rette mot ei litt naiv førestelling blant enkelte om dei munnlege informantanes posisjon som «sannheitsvitne». Mange set ofte all sin lit til desse, både fordi dei har husk tilbake til dei hendingane som skjedde då dei levde og såleis kan fortelje om desse, men også fordi det dei fortel, kan gi kjøt og blod til historia gjennom sine personlege, subjektive og kjensleladde minne. I samband med tema som den andre verdskrigen høyrer ein stadig at om ein ikkje får fortalt minna til enkelte, vil det vere for seint å få vite noko om eit tema. Kaldal er meir nyansert enn som så. Også dei som minnest, lar ting gå i gløymeboka mens dei lever. Til og med minna blir konstruert slik at ein regisserer dei i visse retningar. Dei er med andre ord ikkje «sanne».

Kaldal åtvarar derfor mot å vere for statisk i synet på minne. Som tittelen på boka tilseier, vil han at vi skal sjå på dei som noko som er i rørsle – noko prosessuelt. Dei er ikkje stemmer frå noko opphavleg, urgamalt og ekte, for gjennom møtet med samtida blir dei omforma og prega av ulike periodar. Det er først i møtet med samtida at dei blir gitt meining ved å bli ytra og slått fast. Dermed ser ein korleis dei også blir prega av si eiga samtid, den tida dei blir fortalt i. Som alt anna historisk materiale frå fortida krevst det med andre ord også tolking av minna. I tråd med det prosessuelle perspektivet spør Kaldal ikkje om kva eit minne er, men heller korleis eit minne har blitt til og heile tida blir til på nye måtar.

Boka til Kaldal har eit nokså høgt abstraksjonsnivå, og sjølv om ho har som ambisjon å vere ei praktisk retta bok som gir råd til både lekmann og lærd, er det kanskje ikkje alltid lett å vere konkret når døma blir presentert. Nokre av metaforane og bilda kan kanskje verke forståelege for Kaldal, men når omgrep som «ugjennomtenkte talemåter» – fibre – blir sett opp mot «tydelig konstruerte (produserte og fabrikkerte) fortellinger» – trådar, er det ikkje lett å sjå korleis den kulturelle veven ovrar seg. Var fibra og trådane to ulike ting, og korleis representerer dei munnlege forteljingar? Her blir ikkje biletbruken berre svevande og intrikat, men også vanskeleg å konkretisere for lesaren. Då risikerer ein faktisk at lesaren ramlar av. Andre døme er svært gode, til dømes når Kaldal brukar omgrepet «selfies» i behandlinga av minne. Her brukt om korleis vi brukar minna til å vise kva det er vi er knytt til og vil vise oss fram som ein del av, heller enn å vise korleis vi ser ut i røynda.

Først i det sjette kapittelet kjem Kaldal inn på meir konkrete rettleiingar til ei som arbeider med minne. Men heller ikkje her blir det så enkelt å henge med. Når minna skal tolkast, blir det sett i lys av det klassiske paradigmet som alle grunnfagsstudentar har vore utsett for gjennom Sivert Langholms omgrep om kjelder som beretning og levning. I seg sjølv er ikkje dette så lett å forklare for studentar, og som alle som skal inn i denne diskusjonen og klårgjere denne, kjem også Kaldal ut av den noko haltande. Alt i sin artikkel frå 2001 spurde historikaren Narve Fulsås seg: «Kva er gale med det historiske kjeldeomgrepet?». Han problematiserte heile konseptet. Var det blitt ei tvangstrøye? Fulsås meiner at alle som arbeider med kjelder uansett kategori, bør fokusere på sentrale element som: 1. Kva er opphavssituasjonen deira, og korfor er dei som dei er? 2. Er dei truverdige med omsyn til vitneforhold, avhengigheit, konsistens, kontroll o.l.? Kaldal følgjer jo i praksis opp Fulsås’ eksempel i sin gjennomgang av minna. Korleis bør ein vurdere dei for å tolke dei skikkeleg? Er dei nære eller fjerne? Er dei primære eller sekundære? Er dei ubundne eller bundne? Kva interesser og motiv kan informanten ha av å framstille dei slik han/ho gjer? Slik blir runden kring levnings- og beretnings-diskusjon ein krokveg.

Praktisk er også det neste kapittelet. Korleis kan ein gå fram når ein skal samle minne? Her tek han også opp konkrete spørsmål som etikk og juss, og opptak og bevaring. I det store og heile er denne boka nyttig litteratur, og heilt i tråd med arven etter tidlegare kollegaer av Kaldal i historiemiljøet i Trondheim. Det var jo Edvard Bull som leda an når det gjaldt temaet i si tid, og seinare følgde Dagfinn Slettan opp, dels som assistent for Bull og dels som vikar. For Bull var det viktig å skildre minna for å få fram korleis livet til vanlege folk eigentleg var. Vi visste jo alt for mykje om elitane og for lite om dei lågare sosiale laga.

Jamvel om Kaldal står i ein slik tradisjon, er boka til Kaldal ei dreiing bort frå ein positivistisk tradisjon der ein såg for seg at ein kunne fortelje den absolutte sanninga om vanlege folks liv gjennom å bruke minna deira. For han er det viktig at ein tolkar forteljingane om livet og verda på kreative og kritiske måtar for slik å lettare oppdage livet og verdas «foranderlighet». For minna kan brukast til å fortelje om noko som er bra, naturleg, sjølvsagt, rett eller sant, men det kanskje først når ein har underkasta dei kritisk refleksjon som synleggjer premiss, logikkar og grep i det som det fortalte byggjer på.

Mange lekfolk vil såleis finne boka nyttig og lærerik, sjølv utan universitetsutdanning og teoretisk skolering. Einkvar som skal arbeide med minnekategorien som kjelde i sitt historiearbeid, vil uansett finne mange gode råd og refleksjonar i arbeidet sitt ved å gå til Kaldals bok. Ho vil vere ein nødvendig reiskap for einkvar historikar som arbeider med minne, det vere seg lek eller lærd.