Som så mange andre av Ottar Brox sine bøker er også den siste ei blanding av historie, samfunnsvitskap og politikk. Brox er ingen passiv og «nøytral» forskar. Kunnskapen, teorien, hypotesane, sympatiane og antipatiane set han ikkje under skjeppa, men gjer dei kjende for ålmenta gjennom føredrag, artiklar og bøker. Det har han halde på med sidan 1960-talet. Framleis er han på banen, godt over 80 år. Ein kan meina mykje om mannen, men den livslange og engasjerte innsatsen står det respekt av.

Den siste boka – På vei mot et postindustrielt klassesamfunn? Om vi vil unngå for store forskjeller i våre barns Norge, er det mye å lære av våre forfedre – har både ein lang og omstendeleg tittel. Den fangar likevel opp innhaldet på ein god måte. Brox er uroleg for samfunnsutviklinga. Grunna den teknologiske utviklinga, utmynta i digitalisering, automatisering, robotisering og skjerpa global konkurranse, vil mange arbeidsplassar forsvinna både i industrien og i tenesteytande næringar. Blir ikkje noko aktivt gjort, vil resultatet bli ei omfattande arbeidsløyse som set nye og skarpe skilje mellom folk. Det vil mellom anna bety at det norske likskapssamfunnet går opp i liminga med alle problem som vil fylgja med det. Med dette situasjonsbiletet som utgangspunkt vender Brox blikket mot historia. Han er overtydd om at den kan læra oss noko viktig om «sunne» økonomiske utviklingsprosessar. For Brox har likskapen, den egalitære strukturen, vore ein kvalitet ved det norske samfunnet. Interessant nok oppfattar han boka si som eit «utkast til norsk likhetshistorie». Framstillinga krinsar i stor grad om det mangslungne norske småbruket og alt som det har betydd for «drift» og bygging av landet.

Ottar Brox er fødd og oppvaksen i Nord-Noreg, og blei tidleg oppteken av korleis folk levde og skaffa seg utkome. Han studerte ved landbrukshøgskulen på Ås, fatta interesse for sosiologien og etter kvart også for sosialantropologiske perspektiv. Historie blei òg ein del av den faglege porteføljen hans. Ut frå ein brei kunnskapsbase engasjerte han seg i mange spørsmål. På ein særleg måte blei han likevel utkantane, småskala- og mangesysleriøkonomien sin mann. Det førte mellom anna til at han kom i opposisjon til Arbeidarpartiet sin moderniseringspolitikk etter krigen. Målet for samfunnsutviklinga var økonomisk vokster, utjamning av levekår og eit godt liv for alle. For å oppnå det, var overflytting av arbeidskraft frå lågproduktive næringar (jordbruk, fiske og skogbruk) i bygde-Noreg til kraftintensiv eksportretta storindustri i byar og tettbygde strok nødvendige grep. Bedrifta, fiskebruket, garden, skulen, banken, kommunen og meir til måtte bli større. At det ville føra til nedleggingar, fråflytting, avfolking, sentralisering og urbanisering, var ein del av utviklinga.

Men – var det nye vokstersamfunnet, effektivitetssamfunnet, så rasjonelt når det kom til stykket? Hadde ikkje det nye hamskiftet også ein kostnad? Var det noko med dei gamle agrare driftsformene som likevel hadde noko for seg? Det som frå sosialøkonomane og samfunnsplanleggarane sin synsstad i Oslo stod fram som logisk, fornuftig og framtidsretta, såg gjerne ikkje slik ut for småfolket i utkantane. Dei hadde verdihorisontar som ikkje utan vidare fall saman med «eliten» sin. Ein må ikkje vraka berekraftige tilpassings- og leveformer på sviktande premissar. Slike grunnleggande val må vera funderte på innsikt og refleksjon. Med boka Hva skjer i Nord-Norge? En studie i norsk utkantpolitikk, som kom i 1966, blei desse problemstillingane løfta fram. Ho traff ei nerve i tida, og blei ei viktig inspirasjonskjelde for mange. I den siste boka er han på mange måtar tilbake på gamle tomter.

For å få fram viktige poeng, kan samanlikningar vera nyttige. I boka blir Skottland brukt som mælestav. Som Noreg var også det eit karrig jordbruksland i Europas periferi. Då den industrielle revolusjonen sveipa over øyriket, gjekk mykje av det gamle og «primitive» jordbruket tapt. Folk blei tvinga og jaga bort frå gardane/bruka sine av profittsøkjande jordeigarar. Mange av bøndene enda opp i einsidige industrijobbar i byane, til dels under svært krevjande butilhøve. Tilsynelatande var Noreg gjennom ei liknande utvikling. Industrien kom til landet, omfattande endringar i jordbruket fann stad, og folk flytta på seg til nye tettstader og gamle byar. Ikkje få av desse fekk seg industriarbeid. Det påfallande er likevel at desse prosessane ikkje raderte ut det enkle og førmoderne sjølvforsyningsjordbruket som tilfellet var i Skottland. I fylgje statistikken til Brox steig faktisk talet på småbrukarar i Noreg, parallelt med industrialiseringa.

Korleis kan denne særmerkte utviklinga forklarast? Brox tek utgangspunkt i at det var lite god jordbruksjord i store delar av landet. Dermed var det å skaffa seg jord mange stader ikkje den store bøygen. Men om ho ikkje eigna seg til effektiv matproduksjon for ein «ytre» marknad, kunne staden likevel tena som buplass og arena for eigen matproduksjon. Volumet kunne avstemmast til behovet i hushaldet. I staden for å pina kontantar ut av dette enkle jordbruket, kunne innsatsen mykje heller rettast mot arbeids- og sysselsetjingsmoglegheitene i nærmiljøet – i form av fiske, skogsarbeid, ymse handverk og anna som baud seg. Nettopp i den fleksible kombinasjonen hadde småbruket sin store betydning. Tilpassingsformelen var med andre ord mat frå småbruket og kontantar frå jobben. For mange var dette vel så attraktivt som å flytta til byen på industriarbeid. Difor blei mange verande i bygda, noko som også letta lønnskampen for industriarbeidarane i byane.

Når Noreg blei eit rikt land, også før olja si tid, ligg, i fylgje Brox, mykje av forklaringa i ei allsidig, fleksibel og småskalabasert utnytting av naturressursane, knytt til småbruket. Om enn aldri så karrig gav det folk ikkje berre ein stad å bu, men representerte i tillegg ein satsplank til lønna arbeid i omgjevnadene. Og det gav i neste omgang høve til å stifta familie og bygga levande og robuste bygder. Denne livsforma har vore ein «sysselsetjingsmaskin», ein bygdeutviklar og ein verdiskapar som både historie- og samfunnsvitskapen ikkje har vørd nok på. Eit hovudpoeng for Brox er at denne modellen på langt nær har utspelt si rolle. For som allereie nemnt spøkjer ei alvorleg sysselsetjingskrise i kulissane. Spørsmålet blir då korleis den trugande massearbeidsløysa skal møtast. For Brox er i det minste ein del av svaret å venda tilbake til gamle og økologiske tilpassingsmodellar. Han leverer såleis ikkje berre interessante analysar av tider som har vore. I tillegg skisserer han moglege løysingar for framtida.

Eg registrerer at skarpskodde forskarar ved SSB alt har meldt reservasjonar mot synspunkta hans, i fyrste rekke som ein respons på artikkelen hans, «En særnorsk vei til velstand?» (Nytt Norsk Tidsskrift 3/2016). Den kan lesast som ein kortversjon av viktige synspunkt i boka. SSB-forskarane anfektar småbruksvoksteren. Etter deira meining var det meir tale om tomtebruk enn småbruk i jordbruksmessig forstand. Dermed kan ikkje Brox legga så stor vekt på dette strukturdraget som han faktisk gjer. At så mange utvandra til Amerika i store delar av denne perioden, får også for lite merksemd. SSB-forskarane meiner dessutan at dei positive fylgjene av industrialiseringa for den samla verdiskapinga i Noreg kjem i bakgrunnen. Den var ein vesentleg bidragsytar til BNP og må framhevast sterkare om biletet skal bli rimeleg fullstendig. Summen av denne kritikken blir at den særnorske utviklinga må tonast ned (Nytt Norsk Tidsskrift 1/2017).

Det er mogleg at Brox har vore for djerv og trekt synspunkta lenger enn underlagsmaterialet opnar for. No kan eit småbruk vera så mangt. Her vil etter alt å døma vera store regionale og lokale skilnader. Men at grunnmodellen til Brox tør ha mykje for seg, er eg overtydd om. Eg kjenner han mellom anna frå eigen oppvekst. Dette handlar om kva som er rasjonelt, og då er det også spørsmål om kva som går inn i slike vurderingar. Etter reine, snevre og økonomiske mål kan det vera mykje som ikkje svarar seg. Men blir sosiale og kulturelle faktorar inkludert, kan biletet fort bli eit anna. Rasjonaliteten må alltid sjåast i lys av konteksten.

For å forstå nyare norsk historie, dvs. frå 1800-talet og meir og mindre fram til i dag, er bondesamfunnet, med sine institusjonar og særdrag, ein viktig innfallsvinkel. Det inkluderer også småbruket i høgste grad. Mellom det småskorne bondesamfunnet og det storslegne industrisamfunnet har det vore ein viktig vekselverknad. Alle med interesse for norsk økonomisk historie vil i denne boka finna noko å bryna tanken på og henta inspirasjon frå. Den gode fagmannen stiller spørsmål, sår tvil om utbreidde synsmåtar og lanserer alternative teoriar. Det pregar også På vei … i høgste grad. Dermed er dette også ei viktig bok.