Historikaren P. A. Munch (1810–1863) var, saman med Ivar Aasen, ein pioner i norsk namnegransking. Åra 1849, 1854 og 1857 gav han ut tre tekstar om norske fornamn. Både Munch og Aasen såg namna som berarar av norsk kultur. Såleis var det viktig for dei at dei norske namna vart nytta vidare og at unorske namn etter kvart skulle gå ut av bruk.

I denne kjeldeutgjevinga frå 2016 har namnegranskar Kristoffer Kruken samla Munch sine tekstar om fornamn. Utgjevinga byrjar med ei innleiing, og sluttar med eit register over alle namna i tekstane.

Tekstane til Munch var agiterande, og viste tydeleg kva Munch såg som rett og passande, eller latterleg og feil av ulike grunnar. Munch hadde stor påverknadskraft i samtida si. Når han nytta slike ord om namnevala folk gjorde, gjorde nok dette at mange, i alle fall frå visse samfunnslag, endra namnepreferansane sine. I den fyrste teksten etablerer Munch namn som ein viktig kategori som knyter folk til staden og nasjonen, som «det stærkeste Vidnesbyrd om Nationaliteten» (s. 26). Vidare går Munch gjennom ulike namneopphav som var kjent i Noreg på denne tida. Han avsluttar med å peike på at vi har mange gode namn i Noreg, og etterlyser ei liste over namna med tyding og forklaring på skrivemåten.

Den andre teksten byrjar med ein kommentar til mottakinga den fyrste teksten fekk. Munch meinte seg misforstått, at kritikarar ikkje hadde lest teksten grundig nok og dermed tilla han påstandar om at alle ikkje-norrøne namn skulle leggast vekk. Det var hovudsakleg den såkalla Allmuen som skulle halde fram med å ta vare på og bruke dei gamle namna. Dei var berarar av det norske og opphavlege, og burde unngå framande namn.

Den tredje teksten er langt meir omfangsrik enn dei to fyrste. Medan dei er på om lag 12 og 14 sider, er den siste på 186 sider i denne utgåva. Der dei fyrste kan skildrast som språkpolitiske, med historiske linjer teikna med grov pensel for ulike typar namn, er denne ein vitskapleg gjennomgang av enkeltnamna, med vekt på det norrøne. Etterlysinga om ei oversikt frå den fyrste teksten, svara han altså på i denne siste teksten, der han går gjennom uttale, skrivemåte, opphav og variasjonar på namna.

Kruken har arbeidd med kjeldeutgjevinga sidan 1998. I den konsise, men opplysande innleiinga, gjer Kruken greie for samanhengen Munch sine namneartiklar vart skrive i, og for tilhøvet mellom Munch og Ivar Aasen sine arbeider. Der Munch arbeidde med det norrøne, var Aasen meir oppteken av bruken av namn på 1700–1800-talet. Vidare set Kruken namnegranskingsarbeidet til Munch inn i forhold til alt det andre arbeidet Munch heldt på med, og vi får ei oversikt over litteratur om Munch slik at den interesserte kan finne meir om han.

Skulle eg ønskje meg noko meir av denne kjeldeutgjevinga, så er det nokre ord om korleis tekstane vart mottekne. Kva slags mottakarar såg Munch for seg? Kven las dei? Var det semje rundt det Munch agiterte for? Kva gjekk eventuelle innvendingar ut på? Kruken gjer i innleiinga greie for at det er med hensikt mottakinga av tekstane ikkje er gjort greie for i denne boka. Likevel er dette noko eg stadig kom tilbake til i lesinga mi. Korleis vart Munch oppfatta? Fanst det i det heile tatt motstemmer? Munch var svært skarp i pennen sin, og delte ut karakteristikkar knytt til namn av ulike typar. Det kan til dømes tenkast at ein og annan Fridthjof reagerte på å bli kalla stakkarsleg i utsegn som: «Hvor mange Stackler gaa f. Ex. ikke om iblandt os med Navnet Fridthjof, især siden Tegnérs Digt udkom?» (s. 40).

Sitatet over kan forresten også nyttast som eksempel på ein av notane som Kruken har lagt inn i Munch sine tekstar. Her informerer han om at det i 1825 kom ut dikt av Esaias Tegnér basert på fornaldersoger frå om lag 1300 om Fridthjof den frøkne. Desse notane fungerer godt og opplysande, og viser til litteratur og anna som var kjend i Munch si samtid, men som ikkje nødvendigvis er allment kjent i dag.

Registeret bak gjer det til eit interessant oppslagsverk for kven som helst, men ein må nok vere særleg interessert for å ha full glede av boka. Målgruppa til Kruken er fagmiljøet og andre interesserte. Det kan godt vere andre enn namnegranskarar. Sjølv synst eg særleg Munch sin måte å skrive på gav eit interessant innblikk i ein skrivestil som ikkje er mogleg (eller ønskjeleg?) i akademia i dag. Skrivestilen hans seier også noko om posisjonen til Munch i samtida hans.

Sitatet over viser vidare haldningar om at namn gjer noko med personen som ber det, og at ikkje kven som helst kan bere kva namn som helst. Dei må passe til kvar ein bur, kva samfunnsklasse, og kva nasjon ein høyrer til. Med andre ord så er det mykje som er likt haldningar til fornamn i dag, der demografiske faktorar og geografisk tilhøyrigheit har mykje å seie for kva slags namn som er aktuelle å velje eller kva ein synst er fint. Men medan vi i dag kan seie noko om generasjonar, geografi og mote blant fornamnsval, handla det i staden om smak og då især god og dårleg smak, som kategoriar som ikkje var i endring. For Munch fanst ein fasit, og den gjorde han greie for i desse tre tekstane, men med grunnlag i eit solid vitskapleg arbeid som i stor grad står seg i dag, om enn ikkje som fasit for kva som objektivt sett er gode og dårlege namn.