Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Kallsetikk, alkohol og økonomisk modernisering

Ei samanlikning av haugerørsla og den seinare lekmannsrørsla
Professor, Høgskulen på Vestlandet, Avd. for lærarutdanning, Møllendalsveien 6, 5009 Bergen

The consequences of Haugianism – the impact of the early followers of the Christian reformer and preacher Hans Nielsen Hauge (1771–1824) – have been well documented, not only for the Norwegian church and for Christian life, but also for entrepreneurship and economic development. The question discussed in this article is whether these consequences were followed up later, from the middle of the 19th century onwards. The geographic focus is coastal Norway, where the low church lay movement was particularly strong and where there was an impressive economic modernization of the fisheries including the rapid transition into mechanized fishing. Despite clear differences between the early Hauge followers and the later movement, the conclusion is that there was a quite strong continuity, both in «theory», theological thinking and ethics, and also in industrial practice and economic behaviour. The early followers of Hauge, at least those who stood out as entrepreneurs, no doubt had a more conscious calling than the «coastal Pietists» of the second half of the 19th and early 20th centuries. However, we also find factors which count in favour of the latter. The Christian lay movement had a much broader appeal than the early Hauge followers. To a large extent, this lay movement constituted a framework for both everyday coastal life and Holy Days, not only in the life of those who were active in the movement, but also for the whole coastal community.

Haugianismen sin periode i norsk kyrkje- og kristenliv blir vanlegvis rekna frå Hans Nielsen Hauge sitt åndelege gjennombrot i 1796 og fram til ca. 1850. I tillegg til å vere ein gåverik lekpredikant og forfattar av kristelege skrifter dreiv Hauge ei mangfaldig verksemd som handelsmann, skipsreiar, industrigründer m.m. Det same gjaldt mange av medarbeidarane og etterfølgjarane. Kva haugianismen fekk å seie, ikkje berre for kyrkje- og kristenlivet, men også for entreprenørskap og økonomisk utvikling, er relativt godt dokumentert.1

Frå 1840-åra glei dei fleste haugianarane over i den meir organiserte lekmannsrørsla med sine ulike organisasjonar for ytre- og indremisjon. Det gjaldt rett nok ikkje alle. Somme som var usamde både i teologien og den sterke organiseringa av denne rørsla, gjekk ikkje med. Desse delte seg etter kvart i to. Den eine grupperinga braut i 1872 ut av statskyrkja og danna Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn (DELK).2 Den andre grupperinga var meir lausleg knytt saman i Det Haugianske Vennesamfunn (i nyare tid «Hauges venner»).3 Men dette var eit mindretal. Mange med rot i haugianismen slutta seg dessutan til fråhaldsrørsla då den skaut fart i andre halvdel av 1800-talet. Kring 1900 hadde lekmannsrørsla og fråhaldsrørsla ei tilslutning som gjekk langt utover det haugianismen hadde hatt. I Nord-Norge er det naturleg å inkludere læstadianismen. Sjølv om læstadianarane var mindre organiserte, og på enkelte punkt kunne skilje seg litt frå det som tradisjonelt er blitt oppfatta som lekmannsrørsla, finst det mange fellestrekk.

Spørsmålet som her skal stillast, er kor vidt arven etter Hauge vart ført vidare når det gjaldt økonomi og næringsliv. Eller sagt på ein annan måte: Kom tru og tanke til å prege kampen for levebrødet, slik det hadde gjort hos haugianarane? Dette er eit stort og innfløkt tema, og vi skal avgrense oss til kystbygdene. Meir enn innlandet var nemleg kysten prega av den nye, pietistiske åndsretninga. Samtidig skjedde det ei gjennomgåande økonomisk modernisering, framfor alt ei rekordrask motorisering av fiskeflåten. Var det nokon samanheng mellom desse fenomena; mentaliteten i lekmannsrørsla og den moderniseringsiveren som prega kystens folk i denne perioden?

Før vi går inn på «praksis», i kva grad kristendomstypen som lekmannsrørsla representerte førte til bestemte økonomiske vurderingar og åtferd, må vi sjå på «teorien», fellestrekk og ulikskapar i teologi og etikk mellom haugianismen og den seinare lekmannsrørsla.

Teologi og etikk i haugianismen og lekmannsrørsla

I ein artikkel i 1947 hevda sosiologen Christen C. Jonassen at sjølv om Hans Nielsen Hauge var lutheranar, hadde teologien og etikken hans mykje til felles med den fransk-sveitiske reformatoren Jean Calvin.4 Predestinasjonslæra – at somme er utvalde av Gud til frelse alt frå opphavet, andre ikkje – mangla rett nok hos Hauge. Ut frå Max Weber si framstilling i Die protestantische Ethik und der Geist des Kapitalismus (1904–1905) var denne læra viktigaste grunnen til kalvinistane si særstilling som gründerar og entreprenørar. Sjølv om luthersk kallsetikk verka i same lei,5 hevda Weber at særleg nådelæra hos Luther bremsa utviklinga av kapitalistisk ånd hos lutheranarane. Jonassen, derimot, skriv at Hauge si understreking av at syndarar som ikkje ville omvende seg, aldri ville få tilgjeving, var ei nesten like sterk «motivation force».6

Andre, som har studert Hauge sin teologi meir inngåande, finn ikkje same slektskapen med Calvin. Blant desse er biskop emeritus Andreas Aarflot i si doktoravhandling om Hauge.7 Likevel meiner Aarflot det finst trekk i Hauge sin teologi som kan peike i kalvinistisk retning. Det gjeld ikkje minst spørsmålet om rettferdiggjering og frelse, som Hauge meinte måtte skje i ein bestemt orden og med visse nødvendige element. Viktigare i vår samanheng er Hauge si vektlegging av at den kristne trua må syne seg i livet til den enkelte. Aarflot skriv om dette at Hauge «aksentuerte Guds lovs betydning for kristenlivet og kravet om lydighet mot Guds bud langt sterkere enn den lutherske ortodoksi hadde gjort.»8

Ser vi framover i tid, til teologien som kom til å prege lekmannsrørsla, er det semje om at nådeforkynninga hadde større plass her enn hos Hauge. Fremste eksponenten for denne forkynninga var ein svensk lekpredikant, Carl Olof Rosenius (1816–1868). Han skreiv ikkje bøker, men gav ut bladet Pietisten, med eit opplag inga svensk dagsavis kunne måle seg med. Etter at Rosenius døydde, kom mykje av innhaldet ut som oppbyggjeleg skrifter, fyrst på svensk, men snart også på mange andre språk. Utanom Sverige var det ikkje noko land desse skriftene fekk meir å seie enn i Norge. Det gjaldt særleg Klar og usvigelig Veiledning til Fred (1874) og Husandaktsboka (1876).9

Rosenius hadde størst innverknad på Vestlandet, i starten gjennom Bergen Indremisjon (1863), som var den store drivkrafta i indremisjonsarbeidet på Vestlandet fram til danninga av Det Vestlandske Indremisjonsforbund (1898). Banebrytar for den rosenianske forkynninga her var Jacob Traasdahl, som hadde hatt nær kontakt med Rosenius då han i ein fireårsperiode verka som emissær i Sverige. Både som formann i Bergens Indremisjon og som lærar ved indremisjonen sin bibelskule kom Traasdahl til å påverke ein heil generasjon av emissærar. Han gav også ut fleire bøker, størst opplag hadde Åndelige brytninger som skal ha kome i eit opplag på over 80 000.10

Like sterk var påverknaden frå Rosenius i Det norske lutherske Kinamissionsforbund («Kinamisjonen»), no Norsk Luthersk Misjonssamband, som også hadde hovudbase i Bergen den fyrste tida. I eit oversyn over denne misjonen si historie frå starten i 1891 heiter det at haugianarane utvikla ei førestilling om at folk måtte «gå bøygde under lova i årevis før dei var mogne til å tru nåden». Med den rosenianske forkynninga kom ein ny tone. Borte var tanken om ei lang førebuingstid i anger og bot og ein bestemt «saliggjørelsens orden». No var slagordet: «Kom som du er. Kristus har sona alle syndene dine. (…) Om du har mange eller få synder, kan vere det same. Det er Kristus som frelser.»11

Dette likna på ei retning innafor angloamerikansk teologi, den såkalla nyevangelismen, som hadde sitt opphav i baptistisk og metodisk kyrkjeliv. Desse vart ofte av sine motstandarar skulda for å vere antinomistisk («mot lova»), dvs. at dei i si sterke avvising av mennesket kunne frelse seg sjølv ved gode gjerningar kom til å neglisjere og jamvel forakte boda og morallovene i Bibelen. Dette var ei skulding Rosenius også møtte frå sine motstandarar, at han gjorde «den smale vegen» altfor brei og ikkje hadde syn for heilaggjeringa i kristenlivet. Sjølv avviste Rosenius at han var antinomist, og ut frå det han sjølv har skrive om dette spørsmålet, er det vanskeleg å sjå at Rosenius tok lettvint på kristenlivet. Tvert om. Når han skulle gje råd om korleis det pietistiske lekfolket skulle te seg i dagleglivet, var han ofte svært konkret.12 Det gjaldt også det spørsmålet som her står i fokus, det som har med økonomiske vurderingar og åtferd å gjere.

«Eg har ei teneste stor for Gud»

I den mykje lesne Husandaktsboka sluttar Rosenius seg fleire stader til Martin Luther sin kallstanke. I det daglege utfører den truande si åndelege plikt eller teneste for Gud ved trufast og uthaldande å skjøtte arbeidet sitt på ein best muleg måte. Sjølv dei enklaste gjerningar kunne vere med på å ære Gud:

Å, for et herlig liv det da skulle bli her på jorden, viss alle bare var klar over at det er Guds første vilje og krav, når det gjelder vårt daglige liv, at hver enkelt skal utføre sitt daglige arbeid rett. At dette er en rett og hellig gudstjeneste til Guds ære, når en midt i sitt daglige arbeid, i de enkleste gjerninger, virkelig står i et hellig tempel og forretter en gudstjeneste.13

Dei truande måtte i dette vere føredøme for sine medmenneske, eller som han formulerte det ein annan stad: Ein rett pietist måtte alltid prøve å utføre «sina världsliga åliggande (…) bättre än de ogudaktiga».14 Det same sa Lars Oftedal, «presten i emissærkjole», som i 1860-åra verka som reisetalar i Bergen Indremisjon. Det var viktig, poengterte Oftedal, at den enkelte fann sin plass i arbeidsliv og samfunn. Ikkje noko var uverdig eller ureint så lenge det tente fellesskapet: «Intet er for verdsligt og intet for uverdigt for den kristne saalænge maalet kun er dette, at øve saltets virkning.»15

Endå sterkare vart den daglege gjerning vektlagd av Ludvig Hope, Kinamisjonen sin fremste frontfigur og leiande «ideolog» kring 1900. I eit foredrag lista Hope opp mange praktiske yrke som han meinte var like mykje eit arbeid for Gud som arbeidet til prestar, diakonar og lærarar – eller lekpredikantar som han sjølv:

Tjener, forretningsmann, husmor, gaardbruger, bygmester, du som staar bak disken, eller hvem du er, dit arbeide kan likesaa sikkert være et arbeide for Gud som prestens, diakonens, diakonissens, lægpredikantens og lærerens. Saa sandt du er en sand kristen og gjør dit arbeide som saadan, saa tjener du Gud, og han ser paa dit arbeide med like stort velbehag som paa nogen andens. (…) Arbeide er ikke en plage, men en velsignelse, og alle som i tro og gudsfrykt gaar til sit arbeide, tjener sin Gud.16

Den same bodskapen song den blinde emissæren og salmediktaren Mathias Orheim inn i misjonsfolket. Klarast kom dette fram i salmane «Eg har ei teneste stor for Gud» og «Kvardagskristen vil eg vera». Frå arbeid på småbruket sitt heime i Nordfjord og frå sine mange emissærreiser i nord og sør – berre seks prestegjeld i Finnmark rakk han aldri å besøke – kjende Orheim godt til folks daglegliv og strev for levemåten.

Ein meir systematisk kallsetikk for kristenfolket vart utforma av Ole Hallesby (1879–1961), professor ved Menighetsfakultetet i meir enn 40 år. Med sin markante personlegdom og sin utrettelege kamp mot liberal teologi var Hallesby omstridd. Men det gjaldt i liten grad innafor lekmannsrørsla. Tvert om fanst det neppe nokon annan framståande norsk teolog på fyrste halvdel av 1900-talet ein her var like lydhøyr for. I fleire store misjonsorganisasjonar sat Hallesby som styreformann. Kva synspunkt hadde han så på det som hadde med økonomi, næringsliv og etikk å gjere?

Ole Hallesby sine tankar om den «egentlige gudstjeneste»

I etikkverket Den kristelelige sedelære (1928) argumenterer Hallesby sterkt for den lutherske kallstanken, i motsetning til den dualistiske haldninga til katolikkane. Skulle ein katolikk gjere noko for Gud, hevda Hallesby, måtte det vere noko ekstraordinært, som det å leve ugift, gå i kloster, faste, dra på pilegrimsferd, gje store gåver til kyrkja osv. Dei reformerte var også bunden opp til denne dualismen eller «åndelige tyngdelov», med ei deling mellom arbeidet og det kristelege livet. Sjølv lutheranarar hadde vanskeleg for å sjå det daglege arbeidet som «sin egentlige gudstjeneste.»17

Men slik burde det ikkje vere, meinte Hallesby. I val av yrke måtte ein fyrst ta omsyn til evner og interesser, dernest til «det behov samfunnet har for de forskjellige arbeide».18 I tråd med dette var han ein sterk talsmann for den kristne skuletanken. Det gjaldt både kristne folkehøgskular eller «ungdomsskular», som dei då vart kalla, ofte med meir praktiske fag enn dei frilyndte, og ulike fagskular (jordbruksskular, gartnarskular m.m.). Hallesby tok også opp spørsmålet om eigedom. Den kommunistiske ideen om felleseige, med sine «høitstræbende etiske motiver», avviste han. Med grunnlag i ulike skriftord i Bibelen var konklusjonen at den kristne ikkje berre har rett til privat eigedom, men også ei plikt både overfor seg sjølv og sin familie og overfor samfunnet, til å skaffe seg eigedom.19

Det avgjerande, sa Hallesby, er ikkje kor stor eller liten eigedommen er, men kva ein gjer med det ein eig – om eigedomen blir eit mål i seg sjølv til personleg nyting, eller eit middel og ei Guds gåve som skal forvaltast:

Mens det naturlige menneske betragter eiendommen som sin egen, saa betragter den troende eiendommen som Guds gaver, der er betrodd ham til forvaltning. Og her gjelder det for ham at være tro, saa han ikke misbruger sin eigedom, verken ved gjerrighet eller ødselhet. Han vil glede seg over det Gud betror ham at forvalte (…) Og hans stadige bøn og arbeide vil sigte paa at finde den til enhver tid heldigste maate at sætte sin eiendom ind i tjeneste for Gud.20

Hallesby sine oppfatningar er i sitt innhald til forveksling lik mykje av det ein kan lese ut av Hans Nielsen Hauge sine skrifter. Både kallsetikken og forholdet til eigedom og forvaltning er det same. Samla understreka nok likevel Hauge endå oftare og meir at den kristne trua måtte syne seg i livet til den enkelte. Utan å overdrive denne skilnaden kan dette ha gjeve litt større tildriv til gründerverksemd og næringsutvikling. På den andre sida fanst det sider ved den nye retninga som talde til lekmannsrørsla sin fordel. Vi skal spesielt sjå på det som hadde med alkoholbruken, eller rettare sagt: med fråhaldet frå alkohol å gjere.

Lenge hadde verken haugianarane eller pietistar og puritanrar i andre land noko imot ein moderat alkoholbruk. Men utover 1800-talet endra dette seg. Fråhald frå alkohol vart no langt på veg ei «salighetssak» for store delar av lekfolket. Det starta i USA, men Storbritannia og andre land, også vårt eige, følgde snart etter. Her i landet gjaldt dette særleg «kystpietistane» på Vestlandet og læstadianarane i Nord-Norge.21 Mens framståande haugianarar hadde drive med brennevinsbrenning utan at nokon såg det som synd, vart fråhald frå alkohol no nærmast sedd på som «det ellevte bodet» i desse områda.22 I alle fall fram til byrjinga av 1950-åra heldt denne haldninga seg. David Rodnick, ein amerikansk sosiolog og antropolog som besøkte Ålesund i denne perioden, konkluderte såleis med at fiskerbefolkninga i byen og omlandet var «both religious and prohibisjonist».23

«Afhold fremmer velstand og lykke»

I eit fråflytt hus på Senja heng det eit gammalt broderi med denne teksten: «Afhold fremmer velstand og lykke. Spiritus nydes og bydes ikke!» Broderiet er truleg frå slutten av 1800-talet eller tidleg på 1900-talet og illustrerer den nye haldninga til alkohol som vann fram i denne perioden.24 Meininga med teksten var openbert å understreke at fråhald frå alkohol gav pengar som kunne brukast til nyttigare føremål, og dermed føre til «velstand og lykke».

Broderiet på Senja er uttrykk for ein tankegang som også fanst i andre kystnasjonar. I eit verk om fiskeriutviklinga i Storbritannia heiter det om fiskerisenteret Buckie i Skottland at den raske moderniseringa på slutten av 1800-talet berre var muleg på grunn av totalfråhald og sparsemd blant fiskarane («teetotalism and thrift»).25 Det same er blitt sagt om dansk fiske.26 Dette står likevel mest som påstandar. Ingen ser nemleg ut til å ha undersøkt dette empirisk, eller prøvd å talfeste kor mykje pengar det kunne vere tale om. Når vi i det følgjande skal undersøke korleis «teorien» vart omsett i «praksis», korleis den ånds- eller kristedomstypen som lekmannsrørsla representerte fekk konsekvensar for næringsutøvinga, skal vi gjere eit forsøk på nettopp dette.

«Afhold fremmer Velstand og Lykke. Spiritus nydes og bydes ikke!» Broderi.

Den tyske geologen Leopold von Buch var sjokkert over drikkekulturen han observerte under ei reise i Finnmark i 1827, særleg blant sjøsamane. Handelsmenn han snakka med, kunne fortelje at mange brukte halvparten av sine årlege pengeinntekter til alkohol.27 Slike opplysningar er usikre og vanskeleg å ta stilling til. Ut frå dei tal som finst for forbruk og prisar er det likevel muleg å gjere eit overslag. Øyvind Horverak ved Statens institutt for rusmiddelforskning meiner at forbruket på det meste, kring 1840, var oppe i ca. 17 liter for alle 15 år og over. Etter hans vurdering drakk kvinnene så lite at mennene sitt forbruket kan ha vore oppe i 25–30 liter.28 Historikaren Per Fuglum har noko lågare tal, knapt 20 liter om vi som Horverak reknar med at kvinnene drakk lite. Kva ville så eit slikt forbruk ha kosta for ein vanleg fiskar då moderniseringa av fisket tok til å skyte fart i 1890-åra?

I midten av 1890-åra var prisen på 1 liter rein alkohol kr. 4,20 for brennevin og kr. 7,50 for øl.29 Ølet var med andre ord noko dyrare per alkoholeining. Mens det fyrste halvdel av 1800-talet i hovudsak vart drukke brennevin, auka ølforbruket fram mot 1890-åra til ca. 40 % av totalen (vinforbruket var framleis lite). Dersom vi berre held oss til prisen på brennevin, som var lågast, representerte eit forbruk på 20 liter rein alkohol ein kostnad på 84 kroner. Med eit forbruk på 25–30 liter som Horverak opererer med, blir kostnaden 105–126 kroner. Tek vi omsyn til det nye forbruksmønsteret med meir bruk av øl, som altså var dyrare per alkoholeining, aukar summen til 110 kroner for 20 liter rein alkohol og 165 kroner for 30 liter. Ut frå desse tala må minimum ein hundrelapp spart ved fråhald frå alkohol seiast å vere eit rimeleg overslag.

Denne pengesummen seier lite i seg sjølv. Den må vurderast ut frå fiskarane sine inntekter og nødvendige investeringar i produksjonsutstyr, båtar og reiskapar. Å fastslå inntektsnivået er inga enkel sak. Fiskarane sine inntekter varierte meir enn i noka anna næring. Dessutan er det få opplysningar om kva som økonomisk kom ut av fisket for den enkelte, i alle fall før fyrste verdskrigen. Men noko finst. Ei rekneskapsbok frå ein fiskar på Vega syner at inntektene hans av fisket i 1890-åra varierte mellom eit par hundre kroner og fire–fem hundre kroner. I frådrag er det bokført utgifter til fisket på mellom 50 og 100 kroner.30 På same tid hadde fiskarane i Sogn og Fjordane, som hadde blitt hardt råka etter at det rike vårsildfisket tok slutt i 1870-åra, sjeldan ein netto på meir enn 200 kroner.31

I 1913–1914 kom ein inntektsstatistikk som gav eit meir systematisk oversyn.32 Den pårekna, gjennomsnittlege inntekta for norske fiskarar vart her sett til 484 kroner, som var lågare enn for alle andre yrkesgrupper. Best ut kom fiskarane i Finnmark som hadde fisket som einaste æring eller hovudnæring. Dei tente 622 kroner. Dårlegast ut kom fiskarane i Sogn og Fjordane med berre 387 kroner. Fyrst under fyrste verdskrig, med betring av fisket og gode prisar, kom ein kraftig oppgang også i dette fylket. Slik inntektsstatistikk kan det alltid stillast spørsmål ved, men uansett var den hundrelappen ein kunne spare på alkohol, ein betydeleg sum i høve til årsinntekta.

Det same gjeld i høve til investeringane i produksjonsutstyr. Særleg interessant er den hurtige motoriseringa av fiskeflåten der norske fiskarar var pionerar. I starten nøydde mange seg med å setje små motorar i gamlebåten. I 1913 kunne ein få ein 4 hk. «Wichmann»-motor, ein av dei mest omtykte, til 950 kroner. Ein større på 10 hk. kosta 2200 kroner. Andre motortypar av tilsvarande storleik var litt billegare, men skulle ein ha ein ha ny båt i tillegg, kom ein fort opp i 4000–7000 kroner.33 Då kan hundre kronene spart på alkohol verke lite. Men her må vi ta omsyn til at ein stor del av investeringane var lånte pengar frå bankar og statlege lånefond, i Nord-Norge også frå handsmenn og væreigarar. Dessutan gjekk fiskarane ofte saman i partsreiarlag, to–tre til fire–fem mann i lag, for å skaffe nødvendig eigenkapital. Og då var hundre kroner frå kvar ikkje nokon liten sum. For tre mann over tre år ville eit slikt samvirke gje 900 kroner.

Ut frå dette vågar vi å konkludere med at fråhald frå alkohol kan ha gjeve eit betydeleg tilskot til den eigenkapital fiskarane trong i moderniseringsprosessen. Visse atterhald må vi likevel ta. Sjølvsagt kan ein del av det fiskarane sparte på alkohol, ha gått til andre ting. Noko kan til dømes ha blitt brukt til nye våningshus, eller til løer og fjøs sidan dei fleste var fiskarbønder. Særleg dei gode inntektene under fyrste verdskrig synest å ha sett fart i husbygginga i kystbygdene. Noko kan også ha gått til meir luksusprega forbruk. Det siste sette rett nok den pietistiske haldninga klare grenser for, i alle fall hos dei som sokna til lekmannsrørsla eller læstadianismen. Og det var mange.

«Kystpietistar» og føregangsmenn

I ein ofte sitert artikkel frå 1957 peikte sosiologen Gabriel Øydne på eit kulturskilje mellom kystbygdene der den pietistisk prega bedehuskulturen dominerte, og ein meir frilyndt, «folkehøgskuleregion» i innlandet.34 Ei registrering av organisasjonar i Hordaland i 1941 stadfestar dette: «I ytre strok står dei kristne organisasjonane svært sterkt. Den kristne dominansen minkar så gradvis etter kvart som vi går austover og er svakast i dei indre bygdene.»35 Etter at Kristeleg Folkeparti var danna, kjem dette også fram i politiske val. Somme stader, som i øykommunen Fedje og i Bremnes (no del av Bømlo) røysta halvparten av veljarane på KrF.36 Nordpå hadde også partiet størst tilslutning i kommunane lengst ut mot storhavet, som i Træna i Nordland.37

Organisatorisk stod likevel den pietistiske motkulturen som lekmannsrørsla og fråhaldsrørsla representerte, svakare i Nord-Norge enn på Vestlandet. Inkluderer vi læstadianarane i denne motkulturen, blir skilnaden mindre. Kor sterkt denne motkulturen stod i Nord-Norge, kjem best fram i Lofoten, som samla fiskarar frå alle dei tre nordnorske fylka i skreisesongen. Henningsvær fekk bedehus allereie før 1860, Nusfjord i 1873, og fram mot hundreårsskiftet følgde dei fleste andre større fiskeværa etter. Ofte var desse husa både finansierte og bygde av fiskarane sjølve. I tillegg kom det frå slutten av 1890-åra eigne «fiskarheimar», drivne av Den indre Sjømannsmisjon.

Sjølv dei som ikkje hadde sin plass på bedehuset, måtte innordne seg under dei pietistiske rammene for kva som var tillate, og kva som ikkje var det. I Fjell utanfor Bergen, truleg kommunen i landet med flest bedehus, over 20 på det meste, ville ein del frilynde ha opp sitt eige forsamlingslokale. Seinare var det snakk om eit samfunnshus. Men det var inga enkel sak her ute blant havstrilane. Ein forretningsførar i LO var forferda over motstanden. Fiskarfolket i Fjell minte han om den mørkaste middelalder: «Alt er synd unntatt det å arbeide og gå i bedehuset.»38 Mens bedehusa både var mange og godt vedlikehaldne, måtte ungdom som ville danse eller ha anna moro, halde til «i noen skumle båtnaust». Forretningsføraren hevda at sjølv fagrørsla «var ’infiltrert’ av indremisjonsfolk, dels i høyere tillitsverv.»39

Ut frå bakgrunn og livssyn var det ikkje underleg at vedkomande kjende seg provosert av indremisjonen si maktstilling. I si karikerte form fangar likevel desse utsegnene opp det viktige i desse menneska sitt liv; kampen for levebrødet og det som i bibelsk språkbruk blir kalla «den gode striden i trua». Korleis kom så det pietistiske livssynet til å prege arbeidsetikk og næringsverksemd? Det er ikkje noko prov, men det er verdt å notere at Sunnmøre, der vekkingsbølgja slo inn over kysten med større tyngd enn nokon annan stad, også var det mest framgangsrike fiskeridistriktet i landet frå 1880-åra og utover. Eller slik Agnar Mykle har formulert det i si burleske framstelling av sunnmøringen i romanen Rubicon (1965): «Alltid lengst ute, alltid hjem med de største fangster.»40

No var det ikkje berre på Sunnmøre ein fann flinke fiskarar. I Nord-Norge var det også mange slike. Ein av dei var Edvard Johannesen Meisfjord frå Leirfjord på Helgeland. Som båteigar og høvedsmann var Meisfjord den fyrste til å ta i bruk motor under lofotfisket. Det var i 1895. Som ihuga fråhaldsmann deltok han same året med iver i kampen mot den ulovlege brennevinshandelen i Lofoten.41 Meisfjord var elles kjent for å vere meir enn vanleg nøysam og sparsam. Det kjem fram i valspråket hans: «En krone spart i ungdommen er bedre enn 20 kroner i alderdommen.»42 Kva så med dei meir jamne fiskarane, dei mange titusen som ikkje utmerka seg som føregangsmenn, men som likevel var små brikker i den veldige omforminga i norsk fiske kring 1900. Hadde den åndelege «bagasjen» frå bedehuset noko å seie for deira arbeidsetikk og økonomiske vurderingar?

Kva tenkte fiskarane om sitt yrke og kall?

Som vi har sett, kan det restriktive synet på alkohol ha gjeve eit betydeleg tilskot til den eigenkapitalen fiskarane trong i moderniseringsprosessen. For enkelte var kanskje dette eit medvite val dei gjorde for å spare pengar. Men for fleirtalet var det nok meir ein utilsikta konsekvens: Dei let ikkje vere å drikke alkohol for å skaffe pengar til motor eller ny båt, men fordi alkoholbruk vart sett på som syndig. Å påvise klare koplingar mellom det åndelege og den materielle kvardagen hos den enkelte er elles vanskeleg. Det betyr ikkje at fiskarane ikkje gjorde seg tankar om samanhengen mellom livet her i tida og det himmelske tilværet dei fekk malt for seg på bedehuset. Men nesten ingen hadde skulegang utover folkeskulen og mange var enno lite skriveføre. Med dagar fylte av nødvendige gjeremål og strev var det derfor få som såg noko større mon i å teikne ned tankane sine på papir.

Noko finst likevel. Særleg ein del private brev, dagbøker og små biografiar kan gje eit innsyn i tankelivet til fiskarane som det er få spor av i andre kjelder. Det eksistere inga systematisk samling av slikt materiale. Oftast er det å finne hos privatpersonar, eller av og til også i arkiv til lokale historielag eller mufseum. Kor representativt dette avgrensa materialet er, skal vere usagt. Men innhaldet synest eintydig. Eit eksempel er eit brev frå 1890, skrive av ein notbas frå Austevoll heim til kona.43 Etter mislukka fiske i Lofoten hadde notlaget reist til Trøndelag for å prøve lukka der:

Min kjære og altid af mig paatænkte kone i Herren, Johanna Paulsdatter.

(...) Du kan tro min kjære kone at jeg blev glad da jeg saa gjennom dine breve at Herren har skjenket dig og de øvrige i hjemmet en bra helse, og at min kjære fader var kommen sig saa meget at han kunde være med dere paa arbeidet. Ogsaa denne nyhed kan jeg meddele dig igjen, min kjære kone, at Herren har bevist os saa stor en naade at vi er ved en god helse indtil dato baade jeg og alle om bord. (...) Lad os derfor bøie os ret i tolmodighed og ydmyghed, og med bedende og sukkende hjerte bede med og for hverandre, ligesaavel i fraværende som nærværende (...) Ja, Gud styrke os til al vor gjerning baade i det aandelige og det legemlige. (...) Hvad sildefisket angaar, saa har vi de svageste forhaabninger for noget fisket her. Men op i Lofoten i Øksnæsfjorden, har vært lidt fiske siden vi reiste derfra (...) Til sist være du hilset med disse Pauli ord, min kjærlighed er med dig i Kristo Jesu.

Med megen aktelse, Ole Olai Drivenes.

Andre brev har same mønsteret. Dei tek gjerne til med utveksling av helsingar og informasjon om helsetilstanden. Vidare blir det fortalt om utviklinga i fisket, om gode fangstar eller misleg fiske. Men den delen som oftast tek mest plass, er utlegningar om åndeleg spørsmål, om tvil og tru, og gjerne med referat frå kva som hadde blitt sagt på møter eller gudstenester. Mange hadde ein imponerande bibelkunnskap. I eit brev frå ein som deltok i sildefisket på Island sommaren 1902, fyller det åndelege innhaldet over tre av fire store, tettskrivne sider. Brevet blir innleia slik: «Kjære farbror. Herrens naade i hjerte og hjem», og sluttar med følgjande bibeltilvising: «Kunde vi først søge Guds rige og hans retfærdighed, saa skal alt det øvrige tillægges os.»44

Kristenliv og fiskarliv flyt ofte i eitt. Midt inne lange bolkar om åndelege spørsmål kan det vere smett inn eit par setningar om fiskets gang. Det same finn vi i ei dagbok etter ein mann frå Sunnhordland som 1860- og 1870-åra deltok i vårsildfisket i Kinn utanfor Florø. Etter ei såkalla «bibellesing» i ei sjøbu i januar 1865 fekk livet hans ein ny kurs. Etter dette skydde han inga møde for å nå fram til kristne samlingar. Med hans eigne ord vart han «hungrig etter sjelens føde».45 Møtestaden var sjøbuer i fiskeværa, eller bedehus og kyrkjer på heimstaden eller i Bergen. I Bergen var han helst når han var på reise til og frå vårsildfisket i Kinn. I løpet av ein søndag her kunne han få med seg tre samlingar. Søndag 7. mars 1872 var han såleis fyrst til gudsteneste i Mariakirken på føremiddagen, så i Korskirken på ettermiddagen, og til sist på eit bedehusmøte om kvelden der Jacob Traasdahl, formannen i Bergen Indremisjon, talte.46

I denne blandinga av kristenliv og fiskarliv seier ikkje dagbok- og brevskrivarane rett ut at dei ser på det daglege arbeidet som eit kall. Det var neppe heller å vente: Dette var fiskarar, ikkje teologar eller kristne leiarar. Det vi meir indirekte kan lese ut av dette materialet, og det vi elles veit om fiskarfolkets liv, syner likevel klare teikn etter den kallsetikken som Luther, Hauge, Rosenius og fleire representerte. Arbeidet var ei plikt. Du skulle arbeide hardt, lenge og utan å klage. Dei som ikkje gjorde det, dei som av dovenskap eller andre grunnar prøvde å dra seg unna, vart mislikte og sedde ned på. Om du var ung eller gammal, kvinne eller mann, dette gjaldt alle. Og det gjaldt heile lokalsamfunnet, også dei som ikkje personleg var komne med i vekkingane. Var det ellevte bodet «du skal ikkje drikke alkohol», så var forbodet mot dovenskap det tolvte – og minst like strengt fortolka.

Forholdet til Mammon

Eit anna område der den protestantiske etikken kom til syne, var forholdet til pengar. Eit godt fiske vart sedd på som ei velsigning. Men ikkje slik Max Weber framstiller den kalvinistiske oppfatninga – at økonomisk suksess var eit teikn på at ein var utvald av Gud til evig frelse. Nei, i tråd med den bibelske bodskapen om han som lét det regne over både rettferdige og utrettferdige, var alt godt, også kronår i fisket, berre Guds ufortente nåde og ikkje uttrykk for den enkelte si åndelege stilling. Her følgde ein Luther, som haugianarane hadde gjort det, og som «ideologane» i den organiserte lekmannsrørsla.

Det same gjaldt synet på forvaltinga av pengane. At ein skulle vere nøysam og unngå luksus, hang lenge i. Ofte såg ein liten skilnad på bustadene til båteigarar og mannskap. For eigarane vart overskotet i staden tilbakeført til produksjonsutstyret i form av nye og større båtar og meir moderne reiskapar. Enkelte har hevda at dette ikkje gjaldt læstadianarane nordpå, at desse, i alle fall i den tidlege fasen, var prega av eit fattigdomsideal som hindra mykje av denne dynamikken.47 I bygdeboka for Kvænangen skriv sosialantropologen Ivar Bjørklund at læstadianske predikantar gjorde økonomisk fattigdom til åndeleg rikdom, og at læstadianarane nærmast tviheldt på si gamle livsform:

Det var stor avstand mellom den samiske og kvenske befolkning på den ene side og de norske embets- og handelsmenn på den andre. (…) Det var nordmenn sto for de nye driftsformene i landbruket og gruveanlegget i Kjækan. (…) Læstadianerne derimot, fremhevet sin egen livsform. «I ditt ansikts sved skal du ete ditt brød», sto det i Skriften (1. Mos. 3:19), og det var det ikke alle embetsmenn som gjorde. Når agronomen argumenterte for separatorens fortreffelighet, avviste de omvendte det hele og kalte det Djevelens påfunn. Den som dyrker Mammon og det verdslige liv, kunne fort finne at himmelporten ble for trang.48

Bjørklund får godt fram dei fattige levekåra som den samiske og kvenske befolkninga, dei fleste småbrukarar og fiskarar, levde under. Under slike forhold var nye kostnader som ei kvar modernisering ville medføre, eit tungt løft og til tider nesten uoverkommeleg. At dei som gode lutheranarar prega av gudsfrykt og nøysemd også kunne kjenne på forakt for luksusen i den norske overklassen, kan heller ikkje vere særleg overraskande. Men som fleire har peika på, er dette noko anna enn å sjå fattigdomen som eit ideal og ikkje ha eit ønske om betre levekår.49 At læstadianismen gjorde folk fiendtlege til all ny teknologi og modernisering, verkar heller ikkje sannsynleg. Lat oss vende tilbake til den store endringa i fiskeflåten som skjedde ved overgangen til motor.

Ei hovudfagsoppgåve om Finnmark 1880–1920 syner at etnisitet spelte ein viss rolle for tempoet i moderniseringsprosessen. Ein del kommunar med stor samisk og kvensk befolkning låg såleis på etterskot i motoriseringa. Men dette ser ut til ha hatt andre forklaringar enn deira kristelege orientering, blant anna problem med å utnytte banksystemet på grunn av språk og andre grunnar, kanskje også ei forfordeling av etnisk norske frå bankane si side. Andre utprega læstadianske kommunar, med ein større del etnisk norske, var derimot blant dei som tok leiinga i overgangen til motorbåtar i fylket.50

Det same finn vi i Troms. I 1912 var faktisk Ibestad den kommunen i landet som hadde flest motorbåtar. Få stader i Nord-Norge stod læstadianarane like sterkt som i Ibestad. Saman med Kautokeino, Alta og Lyngen var det her læstadianismen fyrst fekk innpass. Det skjedde allereie i 1847, fyrst i Gratangen, men snart i heile kommunen. Indremisjonen tok også tidleg opp arbeid i Ibestad (1864) og var med på å prege kristenlivet. Men fyrst og fremst var ibestadværingane eller astøingane, som dei gjerne også vart kalla, læstadianarar. Som fiskerikommune var Ibestad blant dei største i Nord-Norge, med ei deltaking i lofotfisket på 1500–1600 mann på det meste. Ikkje berre var dei mange. Dei utmerka seg også med meir intensiv drift enn nokon andre.51

Utan å undervurdere utviklinga i Nord-Norge låg Vestlandet likevel i dei fleste samanhengar eit stykke framfor. I dei to mest suksessrike kommunane på 1900-talet, Herøy på Sunnmøre og Austevoll i Hordaland, var ikkje berre viljen til å investere av eigne midlar, men også viljen til å låne i bankane nesten utan grenser. Ein kjend reiar i Austevoll, Mikkel Østervold, skal ha sagt det slik: «Det har aldri svart seg å bruke vit!» – vissnok uttalt på bedehustrappa.52

Med større og aukande velstand kunne ein likevel frå 1960-talet registrere det Max Weber kalla «eiendommens sekulariserende virkning»53, at den nøysame, pietistiske haldninga som låg til grunn for mykje av investeringane kom på vikande front. Både i Herøy, Austevoll og andre stader vart gradvis meir kanalisert til personleg forbruk og luksusprega investeringar, det vere seg flotte villaer, cabincruiserar eller kostesame feriereiser. Rikdommen let seg ikkje lenger skjule, og dei dette gjaldt, ønskte det vel heller ikkje alltid.

«Eg er livredd den avkristna kapitalisme»

Framleis finst det likevel framståande gründerar og næringslivsfolk som ber på den gamle arven, som Per Sævik i Herøy og Inge Halstensen i Austevoll. Den siste uttalte i ein NRK-dokumentar for nokre år sidan at om det var noko han var livredd, så var det «den avkristna kapitalisme». I den samanheng refererte Halstensen til eit gammalt ordtak han hadde høyrt der ute: «Det går oppover i tresko, nedover i lakksko.»54

Med den renessansen Hans Nielsen Hauge etter kvart har fått i det offentlege likar Per Sævik og Inge Halstensen å sjå seg som arvtakarar etter haugianarane. Sævik har såleis vore medlem i ein lokal Hauge-komité som arrangerer seminar om entreprenørskap i Hauge si ånd. Men det var på bedehuset han fekk sin åndelege heim, under talarstolen til rosenianske forkynnarar i ytre- og indremisjon. På bedehuset har han også sjølv preika mange gonger i åra som har gått.55 Som råd til dagens unge gründerar dreg Sævik fram bibelordet om «Gudsfrykt med nøysemd som ei stor vinning».56 Sjølv har han hatt ein nøktern livsstil. Den fyrste båten, ein liten motorbåt, skaffa han seg 16 år gammal. Pengane hadde han tent på fiske dei dagane han ikkje var på skulen. Skulegang var det elles lite av – utover folkeskulle berre «søndagsskule og eit seks månaders kystskipparkurs».

Kollega Halstensen i Austevoll, derimot, er utdanna cand.philol. Men hugen stod også hos Halstensen til fiske, og han fann tidleg sin plass i familieverksemda heime i Bekkjarvik. I ei bok om heimplassen fortel han om ei hending i ungdommen. Det var 1. påskedag 1959, like etter avslutninga av vintersildfisket som dette året hadde vore eit vonbrot med null i utbytte både for mannskap og reiarar. Folket var samla til gudsteneste:

Like etter at påskesalmen «Påskemorgen slukker sorgen» var sungen, reiser Mikkel Østervold og far seg, går fram og tek til å be saman med forsamlinga om at Gud må forbarme seg over kysten og fiskarane – på nytt. Eg sit med nokre andre ungdommar på bakre benk og ser hovuda bøye seg i bøn for levemåten. Nordvest hagl driv mot glasa, veden sprakar i omnen; det sukkar mellom benkeradene, medan to rådville reiarar ber om Guds hjelp. No er det alvor.57

Dette, skriv Halstensen, var vestlandspietismen, slik han møtte den i unge år. Seinare i livet fekk han sjå mange døme på at det same i fiskerisamfunn i Danmark, Holland, Skottland, på Shetland og Færøyane.58 At Halstensen som Sævik gjerne omtalar seg som ein moderne haugianar, fortel at den åndelege arven og kristendomssynet han her peikar på, etter hans oppfatning ikkje skilde seg nemnande frå det haugianske. Det vil også vere konklusjonen på denne artikkelen: Skilnaden mellom haugianismen og lekmannsrørsla synest ikkje særleg stor verken når det gjaldt «teori», aktuell teologi og etikk, eller «praksis», økonomisk åtferd og næringsutøving. Haugianarane kan rett nok ha hatt ein litt meir medviten kallsetikk, i alle høve dei som utmerka seg som entreprenørar. På den andre sida kom den organiserte lekmannsrørsla i større grad til å gjennomsyre heile samfunnet. Det var tankane og ideologien i den sterke «kystpietismen» som la rammene for den enkelte, og som fortalde kva liv som var verdt å streve etter i helg og yrke.

Litteratur

Andersen, I. 1985: Vegas historie. Del 2. [Gladstad] 1985.

Berntsen, H. 1987: 100 år med Folkets hus. Oslo 1987.

Bjørklund, I. 1985: Fjordfolket i Kvænangen. Fra samisk samfunn til norsk utkant 1550–1980. Tromsø-Oslo-Bergen-Stavanger 1985

Blom, G.P. 1830: Bemærkninger paa en Reise i Nordlandene og gjennom Lapland til Stockholm i Aaret 1827. Christiania 1830

Brandal, T. 1983: Organisasjonar i Hordaland 1941. Stensil, Historisk institutt, UiB. 1983

Bøe, T. 2010: Hav og himmel. Historien om Per Sævik og Havila-konsernet. Fosnavåg 2010.

Dalgaard, B.C. og Supphellen, M. 2011: «Entrepreneurship in Norway’s economic and religious nineteenth-century transformation», i Scandinavian Economic History Review. Vol. 59, No 1 2011.

Drivenes, E-A. og Niemi, E. 2000: «Også av denne verden? Etnisitet, geografi og læstadianisme mellom tradisjon og modernitet», i Ø. Norderval og S. Nesset (red.). Vekkelse og vitenskap. Lars Levi Læstadius 200 år. Tromsø 2000.

Dørum, K. 2016: «Haugiansk kapitalisme i Norge på 1800-tallet», i K. Dørum og H. Kringlebotn Sødal (red.), Mellom gammelt og nytt. Kristendom i Norge på 1800- og 1900-tallet. Bergen 2016.

Eggen, Ø. 1998: Troens bekjennere. Kontinuitet og endring i en læstadiansk menighet. Hovedoppgave i sosialantropologi. Tromsø 1998.

Furre, B. 1990: Soga om Lars Oftedal. Oslo 1990.

Fuglum, P. 1972: Kampen om alkoholen i Norge 1816–1904. Oslo-Bergen-Tromsø 1972.

Gilje, N. 1994: Hans Nielsen Hauge og kapitalismens ånd. LOS-senteret. Bergen 1994.

Gjerpe, O. 1978: Fedrearv og barnefostring. Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn gjennom 100 år. Oslo 1978.

Grytten, O.H. 2012: The Protestant Ethic and the Spirit of Capitalism the Haugian Way. Bergen 2012.

Hageberg, I. 1977: «Herefter som forhen». Om haugerørsla etter 1870, i Sund kyrkje 100 år. 1877–1977. Klokkarvik 1977.

Hallesby, O. 1928: Den kristelelige sedelære. Oslo 1928.

Halstensen, I. 1997: Bekkjarvik. Eit kremmerleie gjennom 350 år. K. Halstensen A/S 1897–1997. Bekkjarvik 1997.

Hansen, K. 2007: Edvard Meisfjord – foregangsmannen og ideskaperen fra Leirfjord på Helgeland. Sandnessjøen 2007.

Helgøy, E.N. 2010: Den haugianske etikk og kapitalismens ånd. En studie av haugianismens etikk for moderne virksomheter og samfunn. Masteroppgave NHH 2010.

Holm, P. 1991: Kystfolk. Kontakter og sammenhænge over Kattegatt og Skagerak ca. 1550–1914. Esbjerg 1991.

Hope, L. 1916: Olje i karret. Seks foredrag. Bergen 1916

Horverak, Ø. 2012: «Does Norwegian alcohol policy favour lower alcohol content beverages? A historical overview», in Nordic Studies on Alcohol and Drugs, Vol 29. No. 1 2012.

Johansen, K.E. 1982: Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1860–1980. Bergen-Oslo-Tromsø 1982.

Johansen, K.E. 1984: «Den store brennevinskrigen». Eit sosialhistorisk tidsbilete frå Lofoten, i Tidsskrift om edruskapsspørsmål, nr. 1 1984.

Johansen, K.E. 1989: Men der leikade fisk nedi kavet. Fiskarsoge for Hordaland 1920–1990, Bergen 1989.

Jonassen, C.T. 1947: «The Protestant Ethic and the Spirit of Capitalism in Norway», in American Sociological Review. Vol. 12. No. 6 1947.

Jonassen, C.T. 1963: «Etiske systemer og økonomisk atferd», i Tidsskrift for samfunnsforskning 1963.

Kleppa, J. 2013: «Jacob Traasdahl – kristendomsforståinga og kyrkjesynet», i O. Chr. Bråten og O.M. Myrseth (red.), Motstand og hengivelse. Festskrift til Roald Nikolai Flemstad. Arken-serien. 2013.

Kolle, N. (red). 2014: Norges fiskeri- og kysthistorie. Bind 3. En næring i omforming. Bergen 2014.

Løseth, A. 2004: «Region, kultur og økonomi. Nord-Vestlandet 1850–1975», i Nord-Vestlandet – liv laga? (red. H. Gammelsæter, O. Bukve, A. Løseth). Ålesund 2004.

Mykle, A. 1999: Rubicon. 5. utgave. Oslo 1999.

Nordmo, P.E. 2000: «Endnu kun et nybyggerland». Omstruktureringen av fiskeflåten i Finnmark ca. 1880–1920. Hovedfagsoppgave i historie. Bergen 2000.

Ousland, G. 1978: Vekkelsesretninger i norsk kirkeliv. Hva de lærte og siktet på. Oslo 1978.

Prestegård Moe, M og Moe, S. 2003: «Mitt «kjære Haugianske Vennesamfunn». Matheus Holte og Den Haugianske Bevegelse i det 20 århundre», i Tidsskrift for Teologi og Kirke, nr. 4 2003.

Rodnick, D. 1955: The Norwegians. A study in National culture. Washington 1955.

Rosenius, C.O. 1926: Samlade Skrifter. Bind IV. Stockholm 1926.

Rosenius, C.O. 2006: Husandaktsboka. Mandal 2006

Schilling, H. 2016: Martin Luther. Rebell i en brytningstid. München 2012/Oslo 2016.

Sejersted, F. 1993: Demokratisk kapitalisme. Oslo 1993.

Seland, B. (red.) 2014: Gud og Mammon. Religion og næringsliv. Oslo 2014.

Stenersen Bakkemo, D. Aa. 1998: Ibestad. En foregangskommune i fiskeriene ca. 1890–1920. Hovedfagsoppgave i historie. Bergen 1998.

Straume, S. 1952: Kristenliv i Bjørgvin. Frå Selje til Sund. Bergen 1952.

Thompson, P. 1983: Living the Fishing. London 1983.

Thuen, T. 1995: Quest for Equity. Norway and the Saami Challenge. Social and Economic Studies No. 55. Institute of Social and Economic Research. Memorial University of Canada, St. John’s, Newfoundland 1995.

Weber, M. 2005: Den protestantiske etikk og kapitalismens ånd. Oslo 2005.

Øydne, G. 1957: «Litt om motsetninga mellom Austlandet og Vestlandet», i Syn og Segn, nr. 3 1957.

Aarflot, A. 1970: Tro og lydighet. Hans Nielsen Hauges kristendomsforståelse. Oslo 1970.

1Sejersted 1993, Gilje 1994, Helgøy 2010, Dalgaard og Supphellen 2011, Grytten 2012, Seland 2014, Dørum 2016.
2DELK starta i det gamle Jarlsberg grevskap i Vestfold. Den fyrste tida var derfor namnet Den evangelisk lutherske frikirkelige menighet i Jarlsberg grevskap med flere steder. Tilsvarande vart medlemmene ofte kalla «jarlbergere». Gjerpe 1978.
3Prestegård Moe og Moe 2003: 269–284. Hageberg 1977: 27–60.
4Jonassen 1947: 676–686, og Jonassen 1963: 57–72.
5Om den lutherske kallsetikk, sjå Schilling 2016: 498–503.
6Jonassen 1947: 681–682.
7Aarflot 1970.
8https://snl.no/Hans_Nielsen_Hauge/norsk_legpredikant
9Fram til 1924 hadde denne boka kome i 13 opplag, seinare i seks til, det siste i 2006.
10Kleppa 2013: 115
11Straume 1952: 25.
12Sjå t.d. stykket «Pietism» i Rosenius 1926: 256–279. For ein meir grundig gjennomgang av Rosenius sitt forhold til nyevangelismen, sjå Ousland 1978: 89–102.
13Rosenius 2006: 528–529.
14Rosenius 1926: 269.
15Her sitert etter Furre 1990: 652.
16Hope 1916: 37–39
17Hallesby 1928: 277.
18Hallesby 1928: 278.
19Hallesby 1928: 284.
20Hallesby 1928: 283.
21Fråhaldssaka var likevel ikkje berre eit kristelege fenomen. Både innafor den frilyndte norskdomsrørsla og arbeidarrørsla sto fråhaldstanken sterkt. På Arbeidarpartiet sitt landsmøte i 1911 vedtok eit overveldande fleirtal at kampen mot drikkevondet var «en avgjørende betingelse for arbeiderklassens reisning». Fuglum 1972: 505.
22Omgrepet «det ellevte bodet» skal ha vore brukt tidlegare, blant andre av Grundtvig om adiafora meir generelt. I nyare tid, og meir spesifikt om alkoholbruk, har Arnljot Løseth ved Høgskulen i Volda, brukt dette omgrepet i ein artikkel i 2004 (Løseth 2004: 30).
23Rodnick 1955: 102
24Kolle 2014: 158.
25Thompson 1983: 237. Jf. s. 154 og 212.
26Holm 1991: 232.
27Blom 1830: 296.
28Horverak 2012: 7ff.
29Desse tala gjeld året 1896. http://www.forebygging.no/Global/Har%20norsk%20alkoholpolitikk%20favorisert%20svakere%20drikker,%20%C3%98yvind%20Horverak.pdf
30Andersen 1985: 99.
31Johansen 1982: 38–41.
32NOS Indtægt, formue og fordeling av den kommunale skat ifølge skatteligningen 1913–1914.
33Kolle 2014: 83.
34Øydne 1957.
35Brandal 1983: 38.
36Johansen 1989: 83–85.
37Ved stortingsvalet i 1953 var Krf det største partiet i Træna. NOS Stortingsvalget 1953: 72–73.
38Berntsen 1987: 439.
39Berntsen 1987: 440.
40Mykle 1999: 169.
41Johansen 1984: 12.
42Hansen 2007: 119.
43Brevet er datert 15.9. 1890. Kopi Karl Egil Johansen.
44Brevet er datert 9.9. 1902, og avsendar var Arne Hansen Forland frå Sund utanfor Bergen. Kopi Karl Egil Johansen.
45Dagbok etter Hans Samsonson Grotnes (1830–1906), 20. januar 1865. Sunnhordland Folkemuseum.
46Smst, 8. mars 1872.
47Dette er i tråd med det Max Weber hevdar, at «glorifiseringen av den apostolisk fattigdom» kunne svekke den kapitalistiske ånd. (Weber 2005: 105).
48Bjørklund 1985: 316–317. I eit større arbeid om samane er sosialantropologen Trond Thuen inne på det same, at samane som læstadianarar meinte at strev etter materiell rikdom stod i motsetning til eit sant kristenliv, og at dette førte til at dei var stolte av dei fattigslege levekåra («pride in the poor conditions of the Saami»). Thuen 1995: 32.
49Sjå Drivenes og Niemi 2000: 157–187, særleg 181–182. Jf. Eggen 1998: 82–86.
50Nordmo 2000: 34–39 og 93.
51Stenersen Bakkemo 1998: 115–117.
52Inge Halstensen i NRK-dokumentaren «Dei ustoppelege», 18. september 2013. https://tv.nrk.no/serie/dei-ustoppelege/dvfj55001412/sesong-1/episode-4#
53Weber 2005: 157.
54Som note 52.
55Bøe 2010: 214 ff.
561. Timoteus-brev, 6.6. (Bøe 2010: 358).
57Halstensen 1997: 124–125.
58Smst.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon