Da statsrådlista i Johan Nygaardsvolds regjering vart kjend 20. mars 1935, var ei av dei største overraskingane valet av landbruksminister. Hans Ystgaard var rett nok nyvald ordførar for Arbeidarpartiet i heimekommunen Sparbu, men han hadde inga rikspolitisk erfaring. Han hadde ikkje vore medlem i partiet lenger enn sidan 1928, før det hadde han i mange år vore aktiv venstremann. Han var heller ikkje småbrukar, men noko så sjeldant i Arbeidarpartiet som ein storbonde.

Ystgaard vart sittande i posten i ti år, medrekna eksiltida i London frå 1940 til 1945. Likevel har han sett få spor i norsk historieskriving, han er berre eitt av namna som blir ramsa opp når statsrådane til Nygaardsvold skal nemnast. Det fyldigaste er i Reidar Almås’ gjennomgang av kriseforliket i Norges landbrukshistorie. Forliket var rett nok ikkje Ystgaards verk, det var i hovudsak framforhandla mellom Nygaardsvold og Jens Hundseid før regjeringskrisa, men det var den nye landbruksministeren som presenterte framlegga for Stortinget. Med kriseforliket kom brikkene i det nye landbrukspolitiske systemet på plass, skriv Almås: «Det kom eit samarbeidsklima inn i næringa, som gjorde sitt til at det vart optimisme i Bygde-Noreg dei neste fem åra.»1 Dessutan var forliket viktig for å motverke tendensen til høgreradikalisme hos bønder og bygdefolk.

No har barnebarnet til Ystgaard, Hans-Magnus, skrive ein biografi om bestefaren. Forfattaren har sjølv vore bonde på heimgarden, men han er utdanna historikar, og har i tillegg ei rekkje skjønnlitterære verk bak seg. «Å skrive biografi om en nær slektning er å begi seg inn i et minefelt», skriv forfattaren (s. 290). For å manøvrere rundt minene brukar han på ei side etablerte reiskapar frå historikarhandverket, men framfor alt er det forfattarrøynslene som har gjort dette til ei leseverdig bok. Forfattaren har ikkje berre valt ei personleg forteljestemme når han bygger teksten på eigne minne og gjenfortel eigne barndomsopplevingar, han brukar også litterære verkemiddel når han fortel innlevd om kvardagslivet på garden og i grenda. Da handlar ikkje teksten berre om hovudpersonen Hans, men også om andre medlemmer i familien og det sosiale nettverket rundt garden, framfor alt bestemor Kathrine, som lesaren kjem tettare inn på livet enn den til dels opphøgde bestefaren.

Gjennom skildringane av Hans Ystgaards oppvekst og vaksenliv i heimbygda får lesaren ei god lokalhistorisk innføring i Sparbu-samfunnet. Det særeigne med bygda, med så vel store sosiale skilnader som grendemotsetningar, kjem klart til syne, men Sparbu framstår også som eit godt eksempel på eit lokalsamfunn i siste del av hamskifte-tida og framover. Her gjev boka eit portrett av ein gründar-personlegdom som ser dei moglegheitene som opningane mot større marknader gjev, ikkje berre på eigne vegne, men på lokalsamfunnet sine, i ein periode da vesle Sparbu fekk ikkje berre éin, men to jernbanestasjonar på Hell-Sunnan-banen, som opna i 1905.

Hans Ystgaard var både investor og kausjonist for andre i den optimistiske tida fram mot 1920, og da krisa og prisfallet melde seg, kom tilbakeslaga. Når landbrukskrisa i mellomkrigstida framfor alt framstod som ei gjeldskrise, var dette ein tilstand den nye landbruksministeren frå 1935 berre kjende altfor godt av eiga røynsle, det var berre med nauda Hans og Kathrine greidde å halde på garden. Jamvel utan den rikspolitiske karrieren kunne dermed historia om Hans Ystgaard ha fortent å bli skriven som ein inngang til økonomiske røyndomar og bondementalitetar i første halvdel av 1900-talet.

Dei største fortenestene til denne biografien ligg såleis framfor alt i kapitla og avsnitta med lokalt tilsnitt. Dei storpolitiske hendingane som forma livet til Ystgaard, både gjennom regjeringsdanninga i 1935 og det tyske overfallet i 1940, er godt kjende gjennom andre publikasjonar. Vesentleg nye perspektiv på desse hendingane får ein ikkje gjennom denne boka, det meste blir ein gjennomgang av Hans Ystgaards vandringar gjennom eit kjend historisk terreng.

Når også desse kapitla blir leseverdige, heng det ikkje minst saman med at forfattaren er så tydeleg om sine eigne val og standpunkt. Han ikkje berre prøvar å forstå vala og motiva til bestefaren, han tek også stilling, og forsvarar dei. Ystgaard var framfor alt Nygaardsvolds mann, og biografien synleggjer og utdjupar den konfliktaksen ein også kjenner frå andre bokverk så vel innanfor regjeringa som i partiet mellom på den eine sida politiske pragmatikarar med bygde- og distriktsbakgrunn med statsministeren sjølv i spissen, på den andre teoretisk skolerte sosialistar med organisasjonsrøynsle eller utdanning frå storbyen. I regjeringa var dette framfor alt ein sjølvsikker og ærgjerrig Trygve Lie, men til dels også Oscar Torp.

At sympatiane til forfattaren ligg hos Nygaardsvold-fløya, er ikkje overraskande, og Harald Berntsens Nygaardsvold-biografi har vore ei viktig kjelde for gjennomgang av krigen og av den næraste etterkrigstida, da Nygaardsvold i realiteten fekk avskil i unåde, samstundes som nye krefter som gjekk inn for eit politisk regime bygd på planlegging, rasjonalisering og samfunnsorganisering ovanfrå, fekk ein leiande posisjon i partiet og forvaltninga. Slik sett var det også ein klar kontinuitet frå Dagblad-Venstres harde, nedvurderande kritikk mot Ystgaard som landbruksminister frå 1935 og framover fram til prisdirektør Thagaards sentrale stilling i det tidlege etterkrigsregimet. Det er dette skiftet som Rune Slagstad analyserer i eit kapittel i De nasjonale strateger som treffande nok har fått tittelen «Da Dagbladet seiret i Arbeiderpartiet».2

I historia om Hans Ystgaard blir dette brotet særleg tydeleg da han heilt mot tampen av funksjonstida til London-regjeringa var ein av to statsrådar som dissenterte mot den mellombels prislova, Lex Thagaard. Dissensen var prinsipiell og var eitt av fleire vedtak der Ystgaard kom i mindretal. Før krigen hadde Ystgaard leidd eitt av dei største departementa og forvalta ein viktig del av politikken til regjeringa. Under eksilet i London hadde han i stor grad vore utan praktiske oppgåver og politisk marginalisert. Mellom anna gjekk fleirtalet inn for ein revidert landbrukspolitikk der rasjonaliseringa skulle ha ein langt meir framtredande plass, og dei som stod på denne linja, ville helst bortforklare dissensane frå Ystgaard som utslag av personlege frustrasjonar og sjalusiar.

Det var med andre ord ein politikar som i stigande grad var i utakt med eige parti som reiste heim att til Sparbu i 1945. Han søkte embetet som fylkesmann i heimefylket, men fekk det ikkje, og forfattaren er heilt klar i si vurdering: «Gjennom sin motstand mot prisloven og gjennom den utvetydige måten han hadde fremma denne motstanden på, hadde Hans Ystgaard spent opp en snubletråd for seg sjøl på vegen mot et videre liv i det offentlige» (s. 265). Om hausten vart han rett nok vald til ordførar på nytt, men han vart ikkje attvald, for i mellomtida hadde han også stått fram i leiinga for ein prisaksjon mellom bøndene mot reguleringspolitikken til regjeringa. Slikt kunne ikkje gå ustraffa i partiet, og Ystgaard vart jamvel stempla som ein fråfallen i høve til partilinja. Da var det god trøyst i ei personleg og anerkjennande helsing frå Nygaardsvold til 70-årsdagen i 1952.

Også i statsrådperioden hadde Ystgaard stått fram meir som landbrukets mann i regjeringa enn som partiet sin talsmann overfor næringa. I kriseforlikets tid var det framfor alt bruk for ein landbruksminister som kunne bygge bru mellom dei økonomiske interessene til bøndene og partiet sine ønske om stabil regjeringsmakt. Hans Ystgaard «hadde vært bandet som holdt kriseforliket i hop og ga regjeringa Nygaardsvold arbeidsro i fem år», skriv barnebarnet i biografien (s. 286). Det ser ut til å vere godt grunnlag for ei slik vurdering. I etterkrigstida, da partiet hadde kome i fleirtal, var det ikkje lenger dei same behova for alliansebygging, og når Ystgaard måtte velje, kom bondeinteressene framom partiinteressene.

Kvifor valde han da Arbeidarpartiet og ikkje Bondepartiet da han braut med sitt gamle parti, Venstre, i 1927–28? I følgje biografien låg ei viktig forklaring i sparelinja som Bondepartiet følgde desse åra, og som overstyrte tiltak som kunne ha letta tilhøvet for gjeldsramma bønder. Arbeidarpartiet gjekk inn for ei gjeldsordning for jordbruket, og det gjorde utslaget for partivalet for ein gjeldstyngd gardbrukar, sjølv om andre sider av landbrukspolitikken til partiet i denne perioden må ha vore vanskelegare å svelgje. Spørsmålet om partivalet kunne likevel ha vore nærare drøfta i boka, ikkje minst opp imot lokale tilhøve i Sparbu, der sterke krefter i Arbeidarpartiet neppe var spesielt glade over å få storbonden Ystgaard med på laget. Først og fremst galdt det småbrukaren Albert Moen, som sat på Stortinget heilt frå 1922 fram til etter krigen. Moen var den einaste i partiet som tok til orde mot kriseforliket i stortingsdebatten i 1935, fordi han meinte det undergrov småkårsfolks interesser av billige matvarer, og han var også ein sterk motstandar av den revisjonen av jordlova som Ystgaard la fram for Stortinget i 1938. Det kan ha vore tilfeldig at to sparbygger kom så markert på kvar si side i landbrukspolitikken til partiet, men at denne motsetninga ikkje skulle merkast også lokalt, er vanskeleg å tenkje seg.

Det er heller ikkje heilt klart kvifor han braut med Venstre, ut over at han kjende seg tilsidesett i det lokale partiet. Forfattaren er inne på at han var misnøgd med at partiet ikkje følgde sine eigne ideal om å stå over klasseinteressene, men kvifor gjekk han da over til eit parti som definerte seg sjølv som eit klasseparti? Både tidleg og seint i livet var Ystgaards ideologiske forankring framfor alt ein frisinna, nasjonalistisk grundtvigianisme, ikkje ein ideologisk sosialisme. Under alle omstende stod han fjernt frå eliten av embetsmenn og akademikarar i hovudstaden, men Venstre prøvde også i denne tida å femne både bygdegrundtvigianarane og dei byintellektuelle, så Ystgaards brot med partiet er vanskeleg å forklare ideologisk. Her var nok dagsaktuell brødpolitikk og lokale konfliktar viktigare.

Det er i det heile ei dobbeltheit i forfattaren sin gjennomgang av bestefaren som offentleg person. På ei side viser han eit høgt engasjement for saker og standpunkt som bestefaren stod for, på den andre sida er han varsam med å drøfte motiv og dra slutningar der kjeldene ikkje gjev tydelege svar. Han er også varsam med å gå særleg tett inn i personlegdomen til ein mann som hadde ry som ein god historieforteljar og eit populært muntrasjonsråd i gode lag, jamvel i London-tida, men som likevel etterlet seg eit inntrykk av å ha vore meir av ein pådrivar som stod på sitt enn ein fleksibel taktikar. Når han kunne fungere som brubyggar frå arbeidarpartiregjeringa mot landbruket i åra frå 1935 og utetter, handla det meir om at han fronta ein politikk som andre hadde vore hovudarkitektar for enn hans eigne evner som alliansebyggar og strateg.

Kriseforliket og historia fram mot det, er etter kvart godt utforska. Langt meir er enno uutforska om korleis regjeringa Nygaardsvold faktisk fungerte og kva ho fekk til. Her gjev Ystgaard-biografien eit viktig tilskot til å forstå landbrukspolitikken i perioden betre. Ystgaard takla tvillaust oppgåvene som statsråd langt betre enn kritikarane hadde forventa, men han var neppe mellom dei mest betydelege politikarane i si tid. Det er likevel velfortent at han no har fått ein biografi som både er velskriven og engasjerande. Boka stadfestar såleis at når ein skal forstå ei tid og dei kreftene som gjev retning til liv og lagnader, kan også andre enn dei som står i aller fremste rekkja, tene som framifrå prisme å sjå tida igjennom.

At boka også er av stor lokal- og regionalhistorisk interesse, er alt sagt.