Heimens redaksjon har satsa på ein kombinasjon av temahefte med inviterte forfattarar og hefte som publiserer innsendte bidrag som dekker ulike temaområde. Denne utgåva er ein kombinasjon av temahefte og frittståande artiklar. Temaet er som eit framhald av nr. 1/17 med vekt på samisk historie. Verken bidragsytarane i førre utgåve eller denne var rett nok inviterte. Det var meir eller mindre ein sum av tilfeldigheiter som gjorde at det vart tematiske overlapp mellom artiklane, og temaet hadde stor aktualitet i og med at det i år har vore hundreårsmarkering for samerørsla. Derfor er det også aktuelt å sjå på samerørsla i nord i høve til Landsmøtet i Trondheim i 1917 slik Ivar Bjørklund gjer i sin artikkel. Leiv Sem på si side ser med eit diskursanalytisk blikk på verket Trøndelags historie, eit verk som nettopp har handsama den landsdelen der det første møtet i samerørsla fann stad.

Det samiske landsmøtet i Trondheim i 1917 blir vanligvis sett på som det første uttrykket for politisk organisering og opposisjon frå norske samar. Men blant dei 150 samane som møtte i Trondheim, kom berre tre frå Nord-Noreg. Det var primært den samiske befolkninga i Sør-Noreg, alle involvert i reindrift, som var representert. Ivar Bjørklund gir i sin artikkel eit innblikk i den politiske rørsla blant samar som var under oppbygging i Nord-Noreg, eksemplifisert ved to møte som vart halde, det eine i 1919 og det andre i 1920. Motstand mot norske styresmakters assimileringspolitikk og kampen for å ta vare på det samiske språket var det sentrale for den samepolitiske rørsla i den nordlige landsdelen. Den nordnorske samiske rørsla vaks fram heilt utan støtte frå norske styresmakter, og dei hadde heilt andre kampsaker enn dei som var blitt diskutert under det samiske landsmøtet i Trondheim.

I 2005 kom trebandsverket Trøndelags historie ut. Det førte til ein debatt om representasjonen av samane i verket. I sin artikkel «Om framstillinga av sørsamar i Trøndelags historie» tar folkloristen Leiv Sem utgangspunkt i denne debatten. Han nærles også dei tre bøkene, og ved hjelp av ei diskursanalytisk tilnærming diskuterer han i kva grad, på kva for måtar og i kva for samanhengar den samiske befolkninga i Trøndelag var inkludert i dei historiske framstillingane. Ifølgje Sem førte forfattaranes forteljingsmåtar, tekstens retoriske struktur og implisitte idé om regional identitet til at samane og deira erfaringar i stor grad vart utelate og usynliggjort i dei historiske framstillingane.

Berit Eide Johnsen har tatt for seg Abc- og lesebokforfattaren Hans Jacob Grøgaard som var ein pioner i si tid. Han var ein mann av opplysningstida, utsending på Eidsvoll i 1814, men vart mest kjent som lesebokforfattar. Bøkene tok utgangspunkt i barns dagligliv og la meir vekt på forståing enn verbale uttrykksmåtar. I sin artikkel analyserar Johnsen Grøgaards pedagogiske idear i ein tysk-dansk-norsk så vel som i ein regional samanheng, med vekt på påverknad som han kunne ha fått under studietida i København og mens han verka som prest på Sjælland på 1790-talet. Skolesystem og utdanningssituasjon i Sør-Noreg rundt 1800 blir vektlagt i den regionale samanhengen. Artikkelen ser også på korleis ideane og skolebøkene hans vart mottatt og vurdert.

Karl Egil Johansen undersøker i sin artikkel «Kallsetikk, alkohol og økonomisk modernisering i Kyst-Norge. Ei samanlikning av Haugerørsla og den seinare lekmannsrørsla», innflytelsen frå haugianarane på den seinare lekmannsrørsla som prega det religiøse livet i norske kystbygder i hundreåret etter ca. 1850. I denne perioden gjennomgjekk fiskerinæringa ei sterk økonomisk og teknologisk modernisering. Johansen spør i kva grad den etiske og teologiske arven som hadde så stor betyding for den økonomiske utviklinga spesielt i innlandet i perioden før, vart vidareført i «kystpietismen» som utvikla seg etter Haugerørsla.

Ein viktig funksjon for fagtidsskrift er å vere meldingsorgan for litteratur på feltet. Redaksjonen er glad for å kunne presentere ei rekke bokmeldingar denne gongen. Dei ligg i spekteret frå bygdehistorie til overgripande samfunnsanalysar, politikarbiografi og namnegransking.

I sjangeren bygdehistorie finn vi Stangeboka III. Fra prestegjeld til kommune 1660–1840 som er meldt av Finn-Einar Eliassen. Av meir overgripande analyser finn vi antologien Mellom gammelt og nytt. Kristendom i Norge på 1800- og 1900-tallet som er lagt under lupa av Arne Bugge Amundsen. Lars Gaute Jøssang har levert ei melding av boka På vei mot et postindustrielt samfunn? Om vi vil unngå for store forskjeller i våre barns Norge, er det mye å lære av våre forfedre. Ola Svein Stugu har sett på biografien om landbruksministeren frå Sparbu, Hans Ystgaard: Bonde og statsråd i krisetid. Siste melding er levert av Line Grønstad som har tatt for seg boka Personnamnarbeid av P.A. Munch.

God lesing!