Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Svenskehandelen som tok slutt

When Swedish Trade in the North Came to an End

Historical research on social development in the Scandinavian north used to be dominated by stories of ruthless taxation and economic exploitation of the Sami people. Stories of the violent actions of the so-called bircarlians were told again and again. These bircarlians were considered to be a group of greedy merchants originating from areas bordering on the Gulf of Bothnia.

The old stories of evil tax collectors harassing the Sami are no longer universally accepted. Nowadays the bircarlians are described as locals, agriculturalists and traders engaged for centuries in exchanging goods with the Sami, benefiting both themselves and the indigenous nomads.

The bircarlians used to be regarded as holders of royal privileges granting them special rights in the trade with the Sami. This view has also been challenged. The system involving Sami and local tradesmen seems to be much older than the impression given by Swedish authorities in the late middle ages. Bircarlian activities long outdated the royal Swedish colonization of the north. Their independent and decentralised trading traditions are now instead considered important stages in the development of the Swedish unitary national state.

Omsynslaus skattlegging og økonomisk utbytting av samane var lenge hovudforteljinga i forskinga om samfunnsutvikling i dei skandinaviske nordområda. Særleg vart det lagt vekt på den valdelege framferda til dei såkalla birkarane, ei gruppe handelsmenn frå områda nord i Bottenvika.

Siktemålet med denne artikkelen er å vise at det ikkje lenger er semje om ei historieskriving der birkarane vert til valdelege skatteoppkrevarar i sameland. Det har gått føre seg ei vending bort frå det moralistiske og negative synet på dei. Birkarane var ikkje ein framand elite utan andre mål enn grisk rikdomstileiging. Dei var lokale bønder som dreiv gjensidig varebyte med samar til gagn for begge partar.

I artikkelen har eg nytta meg av eit utval skrifter som omhandlar synet på birkarane frå mellomalderen og fram til i dag. Nokre av skriftene er politiske bestillingsverk, andre er lokalhistoriske bidrag der birkarar er nemnde mest som kuriositetar. Birkarsystemet har vorte drøfta i samanhang med utvikling av skattar og avgifter og i reine analysar omkring ulike former for handel med og utan pengar. Litteraturtilfanget går frå livlege folkelivsskildringar til kongelege brev og forordningar.

Nyare forskingsarbeid har vist at det ikkje er grunnlag for dei velkjende påstandane om at birkarane fekk særrettar gjennom kongelege vedtak. Sjølve handelssystemet birkarane var ein del av, er mykje eldre enn det dei svenske og norske styremaktene ville gje inntrykk av. Verksemda deira går langt attende i tida, lenge før den svenske koloniseringa av Nordkalotten.

Denne framstillinga av birkarane er eit bidrag til historia om framveksten av dei skandinaviske nasjonalstatane. Handelsordningane som birkarane var med på å utvikle, gjer det mogleg å forstå korleis grensene i nordområda vart til. Med tida vart dei svenske kremmarane offer for ei sentral kongemakt som spreidde vondsinna rykte om dei for å få full kontroll over landområde og marknad.

I svensk kjeldemateriale er desse handelsfolka kalla birkarlar. Ein karl i tydinga mann, finst ikkje i moderne norsk. Det er framandt å seie karl når ein kan nytte seg av kar. Likevel har det svenske uttrykket birkarl vorte brukt jamvel i Norge. Eg trur ikkje det er rett å halde seg til oppfatninga om at desse handelskarane var valdelege utsugarar. Derfor verkar det feil å føre vidare den tyngjande birkarlnemninga. I denne framstillinga er det birkarar som vil bli nytta.

Illustrasjon 1:

Utsnitt av kart av Olaus Magnus 1539. Kartet viser område der birkarar dreiv handel. «Carta Marina», Wikimedia Commons.

Om samane i historia

Historia Norwegie er eit verk på latin som truleg er frå midten av 1100-talet. I verket, som kan ha vore eit bidrag i arbeidet for å få ein eigen norsk erkebiskop, skriv den ukjende forfattaren at det ved «grensa til Norge finst ei ovstor villmark, som deler landet på langs og skil det frå heidenske folkeslag. I denne øydemarka bur det samar og ville dyr. Samane et dyra halvråe og nyttar skinnet deira til klede. Dei er framifrå jegarar som stryk einslege omkring utan fast bustad. Til hus har dei lærtelt som dei ber på skuldrene. Dei har glatte treplanker festa under føtene (ein reiskap dei kallar ondur). Slik tek dei seg fram raskare enn fuglane med både kone og barn, medan dei jagar reinsdyr bortetter den samanpakka snøen og nedover fjellsidene. Buplassen deira skifter etter som det er tilgangen på vilt som heile tida avgjer kvar dei kan jakte. Mengda med villdyr er endelaus, det finst bjørn, ulv, gaupe, rev, sobel, oter, mår og bever».1 Den ukjende forfattaren av den norske historia skriv at det i landet til det heidenske jegarfolket òg finst store mengder med ekorn og røyskatt. Av alle desse dyreskinna skulle samane kvart år betale «store summar i tributt til dei norske kongane som dei er underlagde».2

Ingen framand elite

Denne forteljinga frå 1100-talet og liknande historiar har vore med på å gjere det vanleg å tru at samiske samfunn til all tid har vore utnytta og undertrykte av skandinaviske stormenn og kongar. Den norrøne militære overmakta gjorde at samane vart utsette for hardhendt skattlegging og tvinga til å gje frå seg verdifulle varar utan vederlag.

Dette gamle valdssynet er no utfordra. No er det hevda at samiske jegarsamfunn for stor del hadde fredelege tilhøve til dei nordiske folkegruppene dei delte landet med. Samkvemmet mellom nabogruppene stødde seg på gjensidig utveksling av varer i form av gåver. Metodar som rov og undertrykking var ikkje i samsvar med røynda. Forteljingane om alle skattane som vart røva frå samane, var meir mytar og legendar for å styrke trua på makta til dei krigerske germanarane og deira nordiske etterkommarar. Samarbeid var meir vanleg enn plyndring. Ein skal kan hende vere varsam i tolkinga om at påstandar om skattlegging synte at samane var underkasta norske eller andre kongar. Slike synspunkt er truleg politiske utsegner for å vise til moglege område for maktutøving, og seier nok mindre om faktisk kontroll og råderett.

Omreisande handelsmenn

I Nordlands Trompet fortel diktaren Petter Dass om næringskontakten mellom lokalbefolkninga langs den nordnorske kysten og omreisande handelsmenn frå Sverige. Boka vart trykt i 1739, men gjev eit bilete av tilhøva på 1600-talet. Han skriv:

End er det at tage særdeles i agt,

At Ranen beligger hen under den Tract,

Hvor Veyen beqvemmeligst falder

Til Sverrig hen in, thi for nogen en Tiid

Kom aarlig Kiøbmænder forreisendes hid,

Man dennem Bark-Karlene kalder:

Om Løber-Miss droge de hiemmen fra sit,

Fra Uma, fra Lula, fra Torne, fra Pit,

En Reise ved tredsindstyv' Miiler,

Tilhandled' sig tørrede Rokker og Sey

Mod Varer, som Landet utienlig var ey,

Som: Smidde-Fang Øxer og Fiiler:

Den Handel var sandelig ikke saa slem,

For Fierde-Deel Daler man kiøbte hos dem

Et Plov-Jern, en Øx og deslige,

Som i en halv-Daler hos Kræmmerne stoed,

Det var vel at ønske, den Handel paa Fod

Var kommen, og holdtes ved liige.3

Korleis oppstod birkarnemninga?

Kven var desse kjøpmennene som Petter Dass ville ha attende til Nordlandskysten? Namnet «Bark-Karl» eller birkar har eit uklart opphav. Det har vore vanleg å hevde at dei eigentleg kom frå Birkala sør i Finnland, i nærleiken av der Tammerfors no er å finne. I den nordlege delen av Bottenvika skulle dei ha utvikla seg til ein framand elite av storbønder i eit samfunn prega av fiskarar og småbrukarar. Synet på birkarar som framande inntrengarar gjorde at ein lett har trudd på historiar om at dei utnytta samane på valdeleg vis. Denne framstillinga er ikkje lenger rådande. Birkarane var meir truleg lokale handelsfolk.4 Dei høyrde heime i Torne-, Lule- og Piteälvdal og livnærte seg gjennom å byte varar med samar og andre i området omkring.

På 1960-talet skreiv den svenske historikaren Birger Steckzén eit verk der han gjekk mot det tradisjonelle synet om at birkarane hadde namn etter geografisk opphav. I staden slo han eit slag for ei anna tolking: birkar skulle tyde beverfangar etter det gamle ordet bjør eller bjur for bever. Han hevda at samane og birkarane hadde gjensidig nytte av kontakten med kvarandre.5 Oppfatninga om at handelen var positiv for begge partar, er ført vidare av andre forskarar. Kulturjournalisten og historikaren Lennart Lundmark har i fleire samanhengar gjort det klart at denne bytehandelen bidro til velstandsauke jamvel for samane. Dei fekk tilgang på naudsynte fødemiddel som gjorde livet lettare og la grunnlaget for vekst i folketalet.6 Den svenske arkeologen Wallerström meiner det er klart at birkarar og samar hadde eit fredeleg og symbiotisk forhold til kvarandre.7 Som Steckzén avviser Wallerström at nemninga birkarar hadde eit etnisk opphav.

I avhandlinga Handel i nord av Lars Ivar Hansen frå 1990 er ikkje birkarane hovudtema. Forfattaren er likevel samd i at dei var «kjøpmenn fra kystlandskapene rundt de nordligste delene av Bottenviken, som opprinnelig hadde agrar bakgrunn, men som hadde spesialisert seg på handel med samene i innlandet». Han seier ikkje her mykje om kva positiv tyding den omfattande handelskontakten hadde for dei samiske samfunna. Han held fast ved trua på at birkarane nok har vore «folk av finsk herkomst» og at dei snakka finsk språk.8

Finske Jouko Vahtola meiner ordet birk viser at birkarane fekk namnet fordi dei var knytt til ei særskild kongeleg lovgjeving. Slik han ser det, er birk eit juridisk uttrykk for eit område med klare særrettar eller privilegium når det galdt ulike næringar.9 Nemninga birkarar fanst ikkje før på 1300-talet, seier han. Namnet skulle gjere det klart at det dreide seg om ei gruppe velståande handelsmenn og bønder som no fekk kongeleg løyve til å drive handel og skatteinnkreving mellom samane. Tevlinga med russiske Novgorod om kontrollen over nordområda gjorde handelsverksemda til birkarane særleg viktig. Den kongelege tildelinga av privilegium var «ett slags ersättning för att bönderna i sin hotade situation förblivit lojala mot det svenska väldet».10

Fordommar om dei kongelege særrettane

«Samtiden delade förvisso icke eftervärldens dåliga tankar om birkarlarne», skreiv folkelivsgranskaren Nordlander i 1906.11 Arkeologen Phebe Fjellström hevdar at det fram til 1800-talet ikkje var grunnlag for å påstå at einsidig undertrykking prega sambandet mellom samar og andre folkegrupper. Før denne tida var det inga ope diskriminering av samane. Fjellström seier at forskarar gjer urett om dei nytter seg av fordommane frå opplysingstida for å teikne eit bilete av samiske samfunn på 1500-, 1600 og 1700-talet.12

I svensk tradisjon er birkarane handelsmenn som på 1200-talet sikra seg særrettar til handel med samane. Dei er framstilte som pionerar for den svenske staten når det galdt skattlegging av samebefolkninga. I 1277 skulle dei ha fått eit privilegium frå kong Magnus Ladulås til all handel med samane. Ein kan ikkje lett feste lit til slike påstandar. Ein svensk konge utan mykje makt i det heile skulle vanskeleg kunne garantere noko som helst når det galdt privilegium for ei gruppe handelsmenn langt mot nord.13

Med verket om Norrbotten, Sverige och medeltiden frå 1995 skapte Wallerström eit skilje i forståinga. Tidlegare hadde også han gått god for trua på den kongelege tildelinga av rettane til birkarane. Undersøkingar han sjølv hadde vore med på, gav han «grunn til å tru at det eksisterte eit slikt privilegium til å handle».14 I 1995 forlet han dette synet og meiner no at spor etter omfattande handel ikkje er noko prov på kongelege særrettar som gjorde det mogleg for birkarane å handle på lovleg vis. Verksemda til birkarane fanst allereie og vart nytta medvete av styremaktene for å styrke svenske krav i nordområda.

Lundmark er ikkje med på at handelen med birkarane var negativ for samane. Men han gjev vidare synet om at birkarane hadde kongeleg privilegium til å handle med dei.15 Wallerström meiner ein må fri seg frå tanken om at birkarane oppstod gjennom kongelege vedtak og politiske motiv. Meir truleg uttrykte birkarane eit handelssystem som var mykje eldre og som var utvikla før dei skandinaviske nasjonalstatane vaks fram. Så lenge russiske Novgorod var eit trugsmål mot svenske interesser, var det ikkje tilrådeleg for kongemakta å utfordre dette handelssystemet.16

Handel utan pengar

Illustrasjon 2:

Byttehandel uten bruk av pengar. Olaus Magnus, 1555. Flickr/saamiblog.blogspot.no.

I handelen mellom samar og birkarar nytta ein seg sjølvsagt ikkje av pengar. Varene birkarane hadde å tilby, som mjøl, smør og vadmel, kunne dei gje frå seg enda om dei ikkje samstundes sjølve fekk noko attende. Om ikkje samane hadde eit stort nok lager av huder eller fisk, måtte birkarane gje kreditt. For å sikre seg mot å verte narra, nytta partane seg av såkalla karvestokkar. Ved å skjere eller karve inn strekar og teikn på ei treplate, gjorde ein greie for verdi og mengde. Eitt hakk kunne tyde reveskinn, eit anna skinn av reinsdyr eller oter eller andre pelsdyr. I den eine enden av stokken vart det skore inn eit merke som var særskilt for den som kjøpte varene, eit såkalla bumerke. Stokken vart deretter delt i to på langs. Kjøpar og seljar fekk kvar sin del. Når dei seinare samanlikna bitane, var det lett å sjå om dei passa. Det var ikkje råd å lure til seg noko med ei slik form for «bokføring». Den eine hadde full kontroll på den andre. Karvestokkane var både kvittering og gjeldsbrev. Både jordbrukarar og samar hadde slike karvestokkar som teikn på at dei var med i eit handelssamkvem med ein særskilt birkar, ein som eigde den andre delen av stokken.17

Fyrstedømmet Novgorod øvde stor påverknad jamvel på dei nordområda som skulle verte dei skandinaviske statane. Wallerström meiner det er «rimligt att tro att birkarlarnas verksamhet faktisk har nogon form av novgoridsk ursprung».18 Bruk av karvestokkar var vanleg i den russiske handelen. Det har slik vorte hevda at birka kan vere eit russisk ord for karvestokk.19 På finsk heiter karvestokk pirkka, truleg etter det norrøne ordet for bjørk. Nemninga birkarar på omreisande handelsmenn viser såleis til at dette var folk som nytta seg av bjørkebitar i handelsverksemda si.20

Denne forklaringa vart allereie lagt fram av språforskaren Karl Bernhard Wiklund. «Att kreditväsen även kan existera hos ett naturfolk, är en känd sak», skreiv han i 1908. Han nemnde vidare at karvestokken,»som begagnades för räkenskapers förande, på finska heter pirkka, vilket är ett nordiskt lånord och tydligen på något sätt sammanhänger med birkkarlarnas namn».21

Skatt og råderett

Skatt er verdioverføringar frå einskildindivid til eit forvaltingsapparat som uttrykk for eit samfunnsmessig styringsorgan. Som gjengjeld for skatt må skattemottakaren verne interessene til dei som gjev frå seg midlar. Befolkninga må ha tiltru til skatteinnkrevarane. Skattlegginga må verte oppfatta som både rettferdig og naudsynt. Utan styremakter som tek vare på rettferdskjensla til innbyggarane og vernar om freden i samfunnet, vil skatteinnkrevinga verte møtt med motstand.

Berre ei bufast befolkning kan verte skattlagd. Dette gjer at ein vanskeleg kan tru det var vanleg med omfattande skatteinnkreving av samane. Samane var heller ikkje undersåttar på linje med nordmenn og svenskar. I Finnmark og samiske område enda lenger aust mot Russland hadde skattlegging meir karakter av tributt, ei avgift dei som ville legge under seg eit landområde kunne tvinge til seg fordi dei hadde makt til det.

I fleire sagaforteljingar og dokument frå gammal tid vert det likevel påstått at samane betalte skatt. Slike påstandar er nytta som argument for å hevde at samane låg under Norge og andre land som skattla dei. Dette er ei feil tolking, hevda historikaren Andreas Holmsen. Skattlegging av samane var eit teikn på at norske styremakter ikkje hadde råderett over dei. Omgrepet sameskatt «viser at samene sto utenfor det samfunn hvor disse kongene hadde sin legale makt og funksjon».22 Skatt er noko odiøst. Holmsen kom til at skattlegginga snarare var teikn på manglande norsk suverenitet over samane. Sameskatten hadde korkje folkerettsleg eller statsrettsleg tyding, han var av rein økonomisk art. Han var eit produkt av retten «den sterkere tiltok seg over den svakere».23

Skattlegging av folk som utsendingar frå kongemakta støtte på, tydde altså ikkje at dei skattlagde områda var ein del av kongeriket. Skatten befolkninga her måtte betale, var heller ei avgift dei gav frå seg for at dei framande oppkrevarane ikkje skulle plage dei. I så måte liknar dette meir på moderne gangstersyndikat enn tiltak for å bygge ein stat. Holmsen seier at «nordmenn står overfor samene i et organisert fellesskap, som meget vel kan ha vært av lignende art som hos birkarlene flere hundre år senere».24

Holmsen gjer det klart at ordet skatt som nemning for det ein innbyggar i det gamle Norden måtte gje av verdiar til kongane, ikkje vart nytta før etter 1300. Fyrst da fekk «stående avgifter til de skandinaviske kongene» namnet skatt. Historikaren Thomas Lindkvist vil klargjere skiljet mellom tributt og skatt. Tributt vert namnet på tilfeldige avgifter frå område utafor eit meir eller mindre avgrensa rike, medan skatt uttrykker eit regelmessig system av inntekter til ei meir utvikla statsdanning.25

Plyndring eller gåver?

Tidlegare såg ein stort sett skattlegging av samane berre som ei form for undertrykking. Ein har nemnt kor ille det var at samar vart skattlagt ikkje berre av eit land, dei vart undertrykte og pint jamvel av fleire nasjonar. Nyare forsking har eit anna syn. I staden for å vere hjelpelause ofre, ser ein no at folk som samane kunne nytte seg aktivt av dei kontaktane skattleggingsframstøta frå fleire hald skapte. Dei kunne skaffe seg betre levekår ved at dei rett og slett fekk fleire val. Hansen viser til at sjøsamar valde å selje tørrfisk til norske oppkjøparar i staden for å nytte denne torsken som betalingsmiddel til svenske skattefutar. Dei fekk nemleg dobbelt så høg pris for fisken av nordmennene.26

Det er naudsynt å sjå skiljet mellom skatteinnkreving og plyndringstokt. Skattlegging må ikkje med naudsyn tyde pinande undertrykking. Ein kan like gjerne forstå retten til å skattlegge samane som ein rett til å drive handel med dei.27 Det dreier seg om eit jamstelt varebyte begge partar har nytte av. Birkarane behøvde varene samane kunne gje dei. Det er ikkje truverdig at dei skulle øydelegge handelsverksemda med brutal skatteinnkreving utan å levere noko frå seg.

Handelskontaktane i nord mellom dei ulike folkeslaga var i staden prega av gåvebyte som gagna alle deltakarane. Den finske historikaren Korpela meiner det er lite sannsynleg at verdifulle varer som pels og hudar kom fram til ein større marknad som følgje av vald eller tvangsskattar. Dei som budde spreidt i skogane og på vidda, samla lite av materielle verdiar i dei skiftande heimplassane sine. Det var ikkje mykje å hente på plyndring og ran av folk som budde langt utafor allfarveg og som flytta rundt heile tida. Ein kunne ikkje lett verken få dei under kontroll eller skattlegge dei.28

Den svenske etnologen Campbell seier at målet med skatteinnkreving «liksom köpmännens ärende var icke våldshandlingar utan det ekonomiska utbytet».29 Tilhøvet mellom samar og birkarar var prega av at dei var gjensidig avhengige av kvarandre. Birkarhandelen var uttrykk for eit tillitssystem.

Samiske varetilfang bidro til å sikre økonomien i det norrøne samfunnet. Torsk og kval var viktige handelsprodukt, saman med dyreskinn til klede og skipstau frå huder av sel og kvalross. Utveksling av gåver og tenester styrkte samhaldet mellom folkegruppene. Gåveoverrekking heidrar ikkje berre gjesten, men òg vertskapet. Gåva gjev bod om fred og vennskap og er grunnlaget for meir kontakt i framtida. Om du får ei gåve, skuldar du gjevaren noko. Den franske sosiologen Marcel Mauss sa det slik i verket om Gåva frå 1925: «Å gje er å vise at ein er overlegen, at ein er noko meir og høgare, at ein er magister. Å ta imot utan å gje noko tilbake eller gje tilbake meir, er å godta å vere underlegen. Det er å gjere seg mindre og til ein tenar, ein minister».30

Juristen Erik Solem var om lag på same tid som Mauss skreiv dette essayet, sorenskrivar i Finnmark. I ei bok om Lappiske rettsstudier fortalte han om erfaringane sine frå samiske kjerneområde. Han er nok prega av eit syn på samane som eit folk utan eit styresett som kan måle seg med det norske. Når det gjeld konkrete gjengivingar av samiske rettsoppfatningar, nyttar han seg likevel av ei forståing som har mykje til felles med Mauss. Han set gåverituala inn i ein samanheng der byte av gjenstandar vert viktige for å styrke samhaldet i samfunnet. Den samiske oppfatninga er «at gaven i grunnen er en handel».31

I eit kongeleg brev frå 1598, under den tidlege regjeringstida til Kristian IV, heiter det at skatten samane gav frå seg, dreide seg om verdiar som «var udgivet udi gammel Tid som en Skjænk eller Vænnegave, paa det de maatte nyde Fred og Rolighed for Kvænerne eller Østfinner», altså birkarar.32 Slik vert det rett å forstå skatt som «frivillige bidrag knytt til utveksling av varer».33

Klagemål om vald og terror

Utviklinga innafor forsking om samfunnstilhøve i nord har gjort at ein ikkje lenger berre får høyre at samane til alle tider har vorte undertrykte av nordiske grannefolk. Historia om at samane var liveigne under birkarane står ikkje lenger fram som ei uomtvisteleg sanning. Likevel vert det framleis hevda at birkarane eigde samar og at dei hadde rett til å både kjøpe og selje dei. Det er ikkje lett å tru slike forteljingar. Dei skandinaviske samfunna har vel aldri vore av det slaget at det kunne ha noko for seg å nytte slik ufri arbeidskraft. Jakt og fiske er ikkje næringar som treng store flokkar med liveigne. Det var nok heller retten til å drive handel med samane som kunne vere grunnlag for omsetnad og sal, ikkje samane sjølve. Kvar «birkar var knytt til ei gruppe av samar (ein siida) som han hadde visse plikter i høve til. Det er i ein slik samanheng ein må forstå dei ulike tilvisingane om samar som høyrde til birkarar og birkarar som herska over ‘deira’ same».34

Det dårlege ryktet birkarane etter kvart fekk, kjem nok meir av ynsket om full samfunnsmessig kontroll dei svenske styremaktene ville ha jamvel over nordområda. Etter den lutherske reformasjonen vart hor og «skjørlevned» flittig nytta som særlege kjenneteikn på umoralen til birkarane. Klagemåla mot dei om terror og vald fekk fylgjer.

Birkarane vart som samane kasteballar i maktkampen mellom Sverige og Danmark om å kontrollere nordområda. I 1608 vart handelsbuene til birkarane i Lyngen rivne ned og fjerna etter ordre frå den danske futen Niels Paalsen.35 Samane vart truga med strenge straffar om dei gav etter for svenske skattekrav.36 Danske styremakter gjorde freistnader på å føre samiske familiar bort frå stader der dei kunne få tilgang til svenske varer.37 Samane var kan hende ikkje så ivrige etter å la statstilsette futar hindre dei i kontakten dei hadde med birkarar som handelspartnerar.

Heilt opp til dei siste 20–25 åra har det vanlegaste vore å hevde at birkarane «holdt Nordkalotten i et omfattende økonomisk grep».38 Gjennom fleire hundreår «var samene gjenstand for utbytting av reisende handelsmenn, som de svenske birkarler fra Bottenvika».39 Arkeologen Hagström Yamamoto viser til lærebøker i samisk historie. Her har ein heilt opp til seinare tid kunne lese at makta birkarane hadde over samane «blev mycket stor, därför att de hänsynslöst utnyttjade samerna och deras näringsliv».40

Birkarane dreiv verksemda si i eit grenselaust samfunn. Den veksande statsmakta ville skape nasjonale senter i området. For å nå fram måtte dei svekke makta til sjølvstendige grupper. I denne maktkampen skulda kyrkja og styremaktene birkarane for å vere omsynslause rikfolk som på urettmessig vis truga til seg samiske verdiar.

«Birkarlenes vederstyggelighet»

Forteljingar om utukt og manglande kristen åtferd viser litt om kva som var viktige tema i det første hundreåret etter reformasjonen. Kampen styremaktene førde mot gamle, frittståande handels- og næringssystem fekk stadig nye former. Kyrkjeleg merksemd mot vald og hor gjekk saman med kolonialisering av nye landområde i nord. Birkarane vart skulda for både trolldom og incest. Både samar, birkarar og andre med tilknyting til utkanstrøka vart truga av den veksande makta til kongen i Stockholm.

Historikaren Lorenz viser til ei gammal segn om at birkarar skulle «ha tent på kirken ved Kaskar i Pite lappmark og dermed brent den samiske menigheten inne. De ville ved dette straffe samene for deres dårlige kristendomskunnskaper – og samtidig få tak i samenes rein og varer».41

I eit stort verk om samisk historie, rett nok frå 1930-åra, fortel den samiske læraren og historiegranskaren Kvandahl om Margrete. Under regjeringstida til den nordiske unionsdronninga Margrete på 1300-talet, ville denne gudfryktige samiske kvinna misjonere for kristendommen. Midt under ei gudsteneste ho hadde organisert, kom birkarane. Dei sette bom for dører og vindauge og «satte derpå ild på kirken. Intet liv blev sparet. Dette er et grufullt eksempel på den måte birkarlene behandlet finnene på».42 «Det blev ofte klaget over birkarlenes vederstyggelighet», skriv Kvandahl. «De bedrev utukt ikke bare med de ugifte, men også med de gifte kvinner som de tok med vold. Birkarlene var rent dyriske mennesker».43

Etnologen Campbell seier at «det vederstyggliga leverne, som birkarlar låtit komma sig till last», vart nemnd i ein instruks hertug Karl sende i 1603, rett før han vart svensk konge. Det heitte her at medan birkarane var ute på handelsferd i sameland, «köpa de av lapparna deras döttrar och ligga först med den ena och sedan med den andra i uppenbart hor.» I instruksen fekk futane ordre om å «straffa de brottsliga till livet, både birkarlarna och de lappar, som sält eller bortlejt sina döttrar».44 Ein annan instruks seier at «grofue laster» som å leve med «Bislåperskor» i «blygd och skam», skal «straffas effter Lagann uthan alle nåder».45

Arveleg eigedom?

Futane måtte syte for at birkarane berre fekk høve til å handle med samane på særskilde tider i løpet av året. Handelen måtte ikkje gå føre seg «om nätterne som hittil, där de havfa bruckat deras skam och last». Soknepresten Smith meiner «kongelige brevs strenge ord gir et uhyggelig innblikk i de misbruk, birkarlene har gjort sig skyldig i».46 Den svenske statsmakta «avløste det gamle, mere vilkårlige birkarlevelde og betegnet i mange måter et fremskritt».47

Det er vel ikkje tilrådeleg å ha kongemakta som kjelde når ein trur styremaktene i Stockholm hadde som mål å gjere livet betre for samane. Ein må heller sjå det slik at den gryande statsmakta ville ta over den handelen birkarane hadde stått for. Dei nasjonalstatlege ambisjonane til danske og svenske kongar skapte ei ny form for undertrykking. Nye lutherske kongedømme etter samanbrotet for Kalmarunionen kjempa om makta i Skandinavia. Framvoksteren for eit nytt statsapparat skjedde ikkje fordi dette var ei meir framifrå løysing, det vaks fram gjennom militær makt.

Misjonæren og forskaren Adolf Steen meiner birkarane «uten noen bemyndigelse hadde underlagt seg skatten av samene». Dei rådde «uinnskrenket over samene, delte byene mellom seg etter gamle vedtekter, og solgte eller arvet dem som vanlig eiendom».48 Birkarane «førte brennevin med seg, og det foreligger beretninger om at allerede første markedsdagen ravet mange fulle omkring».49

Skuldingar mot birkarar om hekseri og trolldom vart nytta som eit våpen av kyrkja og staten for å styrke makta si. Ein kunne verte dømd til døden om ein tedde seg «ukristeleg» overfor sokneprestane og hindra bønder frå å ta del i gudstenesta.50 Påstått rikdom mellom handelsmenn og bønder vart nytta mot dei, som teikn på kva misgjerningar dei måtte ha gjort seg skuldige i. I den første tida etter reformasjonen var det tydelegvis enno ikkje slik at personleg suksess var teikn på himmelsk frelse. Eller var kan hende ikkje birkarane så rike som kritikarane ville ha det til?

Presten Stockfleth var ikkje i tvil om at birkarane mangla guddommeleg støtte. I 1848 roste han Karl IX for kyrkjebygginga som «befriede Folket fra Birkarlernes Mishandlinger». Den lutherske nøysemda kjem òg fram når Stockfleth hevdar: «Den onde Aand, Djævelen, hedder paa Lappernes Sprog bærgalak. Birkarlerne mishandlede i den Grad Sveriges Lapper, at Hr. Læstadius, Provst i Karesuando Menighed, i sine Fragmenter i den lappiske Mythologi med den høieste Grad af Sandsynlighed viser, at bærgalak, der var Lappernes Benævnelse paa Birkarl, gik over til at blive Benævnelsen paa den onde Aand».51

Gustaf von Düben var folkelivsgranskar. Rett nok trudde han som andre svenske antropologar på 1800-talet at måling av hovudskallar kunne seie noko vesentleg om menneskeleg utvikling. Men han hadde ikkje særleg tru på gamle segner som «hafva gifvit anledning till det myckna talet om Birkarlarnes grymma framfart mot Lapparne.» Han meinte det nok kunne ha vore sannsynleg at birkarane hadde «tillåtit sig utprässningar, orättvisor, bedrägerier och grymheter mot Lapparne». Dette kunne likevel ikkje gje Stockfleth grunn til å påstå «att Birkarlarnes framfart gifvit Lapparne anledning att kalla djefvulen bärgalak». Ein slik påstand var «på samma gång dåligt bevis och dålig filologi, ty lapska ordet är tydligen en förvridning af det finska perkel eller pärkele, djefvul».52

Grufulle historiar

Kvandahl, som altså sjølv var same, fortel at enno medan han vaks opp, i siste halvdel av 1800-talet, «levde der grufulle sagn» om birkarane. «De kom om natten, omringet husene og mishandlet ikke bare menn, men også kvinner og barn. Finnenes renhjorder blev røvet, deres kreaturer blev slaktet og opspist, deres sølvsaker blev stjålet, så finnene tilslutt måtte grave ned sine penger og sølvsaker. De måtte gjemme sig i jordhuler og bergkløfter, og det er ikke noe rart i at de kom til å pønse ut foranstaltninger for å fri sig fra sine plageånder».53

Fyrst med innføringa av reformasjonen vart samane kvitt tyranniet til birkarane, heiter det i historieskrivinga til lutherske prestar. Kongemakta ville no forby all trakassering av samane og påla birkarane å gje dei innføring i Guds ord. Men birkarane saboterte kongelege påbud om å misjonere for kristendommen. Dei gjorde i staden det dei kunne for å halde samane nede i trældom og fåkunne. Kong Karl derimot, «tok sig sterkt av samenes sak. Han straffet hårdt de grusomheter som ble begått av birkarlene». Kvandahl nemner også kongebrevet frå 1603 der Karl IX truga med å «slå hodene av de birkarler som kjøpte samepiker for å drive utukt med dem.» Slik skulle styremaktene gjere slutt på sedløysa.54

Teologane var ikkje aleine om dette synet. Faghistorikarar og etnografar har òg meint at birkarane «dominerte det meste av Sameland helt ned til midten av det 16. århundre, Da ble deres virksomhet betraktet som lovløs, og det ble satt en stopper for den».55

Bestillingsverket Lapponia

Johannes Schefferus var professor i Uppsala. Med bestillingsverket Lapponia frå 1673 skulle han ta brodden av skuldingar om at trolldomskrafta til krigerske villmenn frå det ytterste nord, altså nett samar, var årsaka til svensk framgang på slagmarka i Europa. Samane vart derfor framstilte som særskilt fredelege. Dei var eit uskuldsreint naturfolk som hadde vore utsett for urettvis og omsynslaus utsuging frå dei griske og ukristelege birkarane. Schefferus var talerøyr for styremaktene òg på anna vis. Mange av påstandane om at dei svenske kongane no måtte ta over for dei privilegerte birkarane, finn ein att her.

Den svenske politikken om å nytte birkarhandelen langs norskekysten som ei brekkstong for å skaffe seg kontroll over ishavet i nord, førde ikkje fram. Etter forhandlingane om grensene mellom Danmark-Norge og Sverige vart i staden Finnmark formelt godkjent som norsk land i 1751.

Nett slik boka til Schefferus kan verte tolka som uttrykk for synet til dei svenske styremaktene, finst det eit norsk verk som målber dei dansk-norske interessene i striden om nordområda. Same året som grenseforhandlingane vart avslutta i Strömstad, fekk historikaren Gerhard Schöning trykt ei omfattande skildring av tilhøva i det nordlege Skandinavia. Her harselerar han over svenske stormaktambisjonar som, slik han såg det, ikkje kunne måle seg med dei gamle norske tradisjonane. Områda som dei svenske kongane etter kvart fekk gjort om til sine, «har i gamle dager været lutter Udørkener, hvor enhver kunde sette sig ned, uden ved det samme at blive noget Herskab underkastet».56

Illustrasjon 3:

Samisk jeger med armbrøst på ski 1674. Fra «Lapponia» or «The history of Lapland» av Johannes Scheffer, Flickr/saamiblog.blogspot.com.

Urimelege påstandar

Schöning har ikkje mykje tru på «de saa kallede Birkarler» som Schefferus gjer «saa meget Væsen af, som Grund til de Svenskes Rettighed til Lapmarken». Desse birkarane er heller «af liden eller ingen Betydenhed».57 Enda om det skulle vere nokre samar som «af Birkarlerne bleve undertvungne», tyder ikkje dette at den «hele Lapmark indtil det vestre og nordre Hav kan være indbefattet, som Schefferus uden mindste Grund paastaar». Verken Schefferus eller andre skulle nokon gong «kunne godtgjøre, at desse Birkarler har undertvunget andre Lapper enn dem, som boede østen om Botnen». Schöning meiner ein ikkje skal tru påstandane til Schefferus om «at nogle faa Personer, som boede saa godt som inderst i Finland og Tauasten, har kundet undertvinge sig en Landstrekning omtrent paa 150 Mile». Han forstår ikkje kvifor Schefferus «har villet gjøre saa meget Væsen af saa ubetydelig en Ting, eller at han selv ei har kunnet eller villet indse, hvor urimeligt det er at paastaae, at med dette den hele lappiske Nation er bleven undertvungen, og gjort skatskyldig».58

I dei mest ihuga propagandaskriftene frå Stockholm og Uppsala hadde Sverige vorte likna med «jordiske Paradis, disse Lyksalige Øer, disse deilige Elyseiske Vange, disse Lystige Hesperiske Haver, denne Platoniske Republik, denne alle Kunsters og Videnskabers Moder». Schöning hadde ikkje mykje til overs for at Sverige på dette viset vart gjort til urheimen for all kultur. Han ville i staden minne om at Sverige heller hadde sett slik ut «i de ældste Tider, at man for Skove, Udørkener og Moradser neppe kunde komme frem».59

Svenskane fyrst i Lappland

Birkarane arbeidde opphavleg ikkje for verken svenskar eller andre. Schefferus meinte likevel det måtte vere klart for alle at svenskane var dei som fyrst la Lappland under seg. Han hevda samane anerkjende birkarane som leiarar og kalla dei for kongar. Birkarane skulle ha kledd seg i rødt som teikn på si kongelege stilling.60 Schöning på si side gjer klart at birkarane, om dei gjekk i raude klede, berre hadde «udcopieret de gamle Norske Lænsmænd, for at skaffe sig Myndighed og Anseelse blandt Lapperne».61 For den svenske fargen var jo blå.

Schefferus hevda at birkarane «hadde fått myndigheita si frå svenskekongen og heldt ho innafor familien. I nære på 300 år gav dei dette herredømmet vidare til eigne born, heilt til Gustav I, på grunn av brutaliteten deira mot vanlege folk, tok frå dei denne retten. Det var nemleg slik at deira eigen rikdom auka medan dei undertrykte fattigfolk. Dei tok mykje frå dei og gav lite attende». Da det vart klaga på dette, greip kongen inn. Han fengsla nokre av dei verste birkarane og konfiskerte eigedommane deira. Etter at Gustav I slik «hadde gjort seg av med birkarane og gjeve samane eigne styringsmenn, fekk dei betre livsvilkår. Det vart gjort mykje for å sjå til at rettferda skulle rå».62 Kongen bestemte at skattebøra birkarane hadde lagt på samane, no skulle gå til myndigheitene, og at alle fritt skulle kunne handle direkte med styremaktene.

Ikkje uregistrert og vilkårleg handel

Fridommen det her vart snakka om, synte seg snart. Det vart forbode for sjølvstendige handelsfolk å reise rundt i samiske område som dei ville. Samane skulle berre handle på bestemte stader og ikkje meir enn to gonger i året. For å styrke kontrollen over handelen i nord bestemte Karl IX at all handel skulle gå føre seg på særskilde marknadsplassar. Ein skulle ikkje lenger handle uregistrert og vilkårleg. Kongen ville ta frå birkarane monpolet på sal av pelsverk etter handel med samane. Med ei omfattande kyrkjebygging i alle lappmarker ville kongen kristne samane og såleis styrke grunnlaget for utviding av svensk statsherredømme. Handel skulle berre finne stad der det fanst kyrkje og øvrigheit. Kongen ville jamvel regulere kvar birkarane skulle bu. Dei skulle berre få drive handel i det distriktet der dei høyrde heime etter bustad. Ein kvar «skall blifue uthi then Lappemarck ther han ähr boendes», heiter det i ei av dei mange forordningane til kong Karl.63

Birkarane skulle heller ikkje ha lov til å handle med samane før futane til staten hadde fått samla inn skatt til den svenske krona og skaffa seg dei varene styremaktene trong. Etter to veker med innkreving frå kongemakta kunne birkarane få handle «thett bäste the kunne». Dei kunne likevel berre «fritt handle och wandle» på lyse dagen, «icke om netterne» slik dei gjorde før. Og dei måtte rette seg etter almanakken, ikkje handle i Umeå før etter trettande dag jul, i Piteå ikkje før tjuande dagen osb.64 Ugifte fekk i det heile ikkje verke som handelsmenn.

Auka prisar på skinn kan ha vore ei årsak til at kongemaktsjiktet ville sikre seg ein større del av omsetnaden på pelsmarknaden. Varene samane handla med, var fram til krigane på 1600-talet i hovudsak skinn og tørrfisk. Denne handelen var av stor verdi. Fortenesta av handelen med samane skulle ha vore på linje med all inntekt kongen elles fekk med skattlegginga av dei svenske områda rundt Bottenvika. Det var ein viktig del av grunnlaget for den svenske krigsmakta. For å sikre seg størst mogleg grevinst, ville kongen ta frå birkarane rettane deira til handel med samane. Ved hjelp av nytilsette lappefutar skulle inntekta frå pelsdyromsetnaden gå rett inn i statskassa.

Men birkarvesenet vart ikkje endeleg avvikla før under Gustav II Adolf. Da hadde det vorte på slutt på skinnhandelen med Europa. Etter omfattande jakt gjennom lang tid hadde pelsdyrtalet gått ned. Nye gevær gjorde jakta meir effektiv. Samstundes auka konkurransen med stadig større og billegare skinnimport frå Russland og Amerika.

Slutten på frie handelreiser

Allereie med Gustav Vasa som konge frå 1523 hadde det vorte gjort endringar for å styrke forvaltinga av landet. Vasakongen såg birkarane som konkurrentar om makta. Verksemda deira hindra tilgang til viktige inntekter og svekte kongeautoriteten i nordområda. I 1528 dobla han avgifta birkarane måtte gje frå seg for retten til å drive handel. I 1547 vart det bestemt at skatten frå samane skulle verte betalt direkte til kongen og ikkje lenger gå omvegen om birkarane. I 1553 tok styremaktene over inndrivinga av skatt. Birkarane måtte heretter ut med store utlegg til kongen når dei handla med samane.

Ved byrjinga av 1600-talet var Sverige i krig med Polen. Felttoget gjekk dårleg. Soldatane mangla proviant. Kong Karl IX gjorde derfor endringar i kva innhald skattlegginga skulle ha. Det vart no lagt vekt på å skaffe meir mat, hovudsakleg tørrfisk og reinkjøtt. For å møte kravet om auka matproduksjon, var det naudsynt med større flokkar av reinsdyr. Tamreindrifta var ei følgje av den nye skattleggingsordninga. Rett nok kravde det meir arbeid med tamreindrift enn å satse på jakt og fangst, men fortenesta kunne òg verte større.65 Samane hadde vorte meir avhengige av mat og andre produkt dei sjølve ikkje tilverka, varer som birkarane hadde brakt med seg til bytehandelen med skinn og pelsverk.

Birkarane vart etter kvart eit trugsmål mot kongemakta som ville ha full kontroll. Over heile det svenske riket kom det reglar om at all handel skulle verte samla i Stockholm. Utlendingar hadde i det heile ikkje høve til å drive handel andre stader enn her. Nord for Gävle og Åbo på kvar side av Bottenvika vart all eksport og import av handelsvarer forbode. I undersøkinga om Stockholm i bottniska farvatn har kulturgeografen Nils Friberg gjort det klart korleis heile Bottenvika vart til eit oppland for den svenske hovudstaden. Bylova til Magnus Eriksson rundt 1350 var grunnlaget for dei sterke reguleringane som vart kalla den bottniske handelstvangen.66 Etter 1614 kunne varehandelen i nord berre gå føre seg på særskilde marknadsplassar. Nord i Bottenvika vart det skapt ei rad med nye bysamfunn som Umeå, Piteå og Luleå. Grunnlegginga av desse og andre byar var eit verkemiddel staten nytta seg av for å kontrollere omsetnaden av samiske handelsvarer.

I ei avhandling om marknadsplassar og kyrkjestader i Norrland, har geografen Ragnar Bergling vist korleis kongemakta arbeidde for å få til denne kontrollen over handelen. På landstinget i Jämtland vart det i 1623 gjort kjend at dei som tok del i omsetnad av varer på uregistrerte marknadar, skulle verte straffa med bøter.67 Det vanlege hadde tidlegare vore at birkarane møtte opp der samane budde for å drive handel. Slike samkomer vart no rekna for hemmelege møte og forbode. Synet til styremaktene var at fri handel utan restriksjonar hemma byutviklinga. Dette synet viste seg å vere feil. Den statlege reguleringa fekk store verknader for evna dei nye bysamfunna hadde til å drive næringsverksemd. Dei makta ikkje å vekse seg sterke.68 Det sentraliserte, statlege, svenske handelssystemet makta ikkje å gje det same tilfanget av varer som før. Resultatet vart at samane i vest søkte seg til handelstilbodet frå den dansk-norske kongemakta.69

Avsluttande merknader

Ved å ta for seg eit utval av kongelege brev, lokalhistoriske skrifter, forskningslitteratur og meir eller mindre dokumenterte skildringar frå mellomalderen og fram til i dag, ser ein at hovudinntrykket av birkarane endrar seg. Birkarane vart lenge framstilte som framande og valdelege inntrengarar, inntrengarar som øydela for samane. I dei siste tjuefem åra er det teikna eit bilete som bryt med desse forteljingane.

Vald og undertrykking er ikkje lenger gjennomgangstemaet. Det er no klarare at den tidlegare så negative omtalen av birkarane var ein fylgje av politiske val. Det dreier seg om val den veksande statsmakta tok for å sikre herredømmet over landareala som skulle utgjere dei nye nasjonale grensene. Som lokale handelsmenn måtte birkarane vike for det nye tvangssystemet som utvikla seg i takt med konge og statsmakt. For å gje inntrykk av at dei var eit betre alternativ, sette styremaktene i gang ein omfattande kampanje for å svartmale birkarane.

Påstandar om overgrep mot samane frå birkarane vart nytta som argument for å sentralisere handelen. Ved å seie at birkarane levde på kongeleg nåde gjennom tildeling av særrettar frå monarkiet, ville styremaktene gjere det lettare å rane til seg verdiane som låg i handelen med fisk, skinn og huder. Styremaktene åtvara mot overgrep overfor samane for å skaffe seg sjølve tilgang til marknaden birkarane hadde bygd opp.

Ein trur ikkje lenger på historier om at det var tildeling av kongelege priviegium som gjorde det mogleg med handel mellom birkarar og samar. Dette var propagandistiske framstøyt som hadde til føremål å gjere kongemakta større og slik førebu grunnlaget for den moderne staten. Birkarordninga hadde vore eit desentralisert forvaltingssystem i ei tid da dei svenske herskarane ikkje var sterke nok til å samle all makt på eigne hender. Dei statlege lappefutane som vart tilsette i andre halvdel av 1500-talet, var eit teikn på at ei slik makt var i emning. Birkarane hadde drive handel med samane heilt attende til ei tid da kongemakta var veik eller ikkje fanst. Dette handelssamkvemmet var til gjensidig nytte for begge partar.

Litteratur

Bäck, Mathias (2015). Stadsarkeologi i Norrland – varfør inte? Bebyggelseshistorisk tidskrift, 70.

Bergling, Ragnar (1964). Kyrkstaden i övre Norrland. Kyrkliga, merkantila och judiciella funktioner under 1600- och 1700-talen. Umeå.

Bergman, Ingela og Lars-Erik Edlund (2016). «Birkarlar and Sámi – inter-cultural contacts beyond state control: reconsidering the standing of external tradesmen (birkarlar) in medieval Sámi societies». Acta Borealia, 33:1.

Bjørklund, Ivar (1985). Fjordfolket i Kvænangen Fra samisk samfunn til norsk utkant 1550–1980. Oslo.

Campbell, Åke (1948). Från vildmark till bygd. En etnologisk undersökning av nybyggarkulturen i Lappland före industrialismens genombrot. København.

Dass, Petter (1739) 1996. Nordlands Trompet. Oslo.

Düben, Gustaf von (1873). Om Lappland och Lapparne, företrädesvis de svenske. Stockholm.

Enewald, Nils (1920). Sverige och Finnmarken. Svensk finnmarkspolitik under äldre tid och den svensk-norska gränsläggningen 1751. Lund.

Fjellström, Phebe (1982). «Metod och material – en etnologisk kommentar». I Åke Campbell: Från vildmark till bygd En etnologisk undersökning av nybyggarkulturen i Lappland före industrialismens genombrot. Umeå.

Friberg, Nils (1983). Stockholm i bottniska farvatten, Stockholms bottniska handelsfält under senmedeltiden och Gustav Vasa. Stockholm.

Fossum, Birgitta (2006). Förfädernas land En arkeologisk studie av rituella lämningar i Sapmi, 300 f.Kr.–1600 e.Kr. Umeå.

Grandell, Axel (1986). «Kredithandel med tilhjälp av karvstock. En epok i mänsklighetens historia». Fornvännen. Journal of Swedish Antiquarian Research, 81.

Granfelt, Helge (1929). «Västerbottens läns historia. 1. Från äldsta tider till omkring 1700.» Västerbotten. Umeå.

Hagström Yamamoto, Sara (2010). I gränslandet mellan svenskt och samisk. Identitetsdiskurser och förhistorien i Norrland från 1870-tal till 2000-tal. Uppsala.

Hansen, Lars Ivar (1990). Handel i nord. Samiske samfunnsendringer ca. 1550–ca. 1750. Tromsø.

Hansen, Lars Ivar (2010). Tax, trade and diversification among the Northern Sami during the 16th century. I Willy Østreng (red), Transference. Interdisciplinary Communications 2008/2009, CAS Oslo. https://cas.oslo.no/getfile.php/137524/CAS_publications_events/CAS_publications/Seminar_booklets/PDF/0809Hansen.pdf

Hansen, Lars-Ivar og Olsen, Bjørnar (2004). Samenes historie fram til 1750. Oslo.

Hansen, Lars-Ivar og Olsen, Bjørnar (2014). Hunters in Transition. An Outline of Early Sámi History. Boston.

Holmsen, Andreas (1977). «Finnskatt og nordmansskatt». I Knut Bergsland (red.), Samenes og sameområdenes rettslige stilling historisk belyst. Foredrag og diskusjoner på symposium avholdt 7.–9. november 1973. Oslo.

Johnsen, Oskar Albert (1923). Finmarkens politiske historie aktmæssig fremstillet. Kristiania.

Korpela, Jukka (2011). «To the aggrandizement of the Realm of Sweden and Christianity» – Taxes and Europeanization. I Steinar Imsen (red.), Taxes, tributes and tributary lands in the making of the Scandinavian kingdoms in the Middle Ages. Trondheim

Kvandahl, Henrik (1932). Samenes historie II. Trondhjem.

Larsen, Emil (1964). Banken og bygda. Lyngen Sparebank 1908–1958. Tromsø.

Lindkvist, Thomas (2011). Taxation systems in medieval Sweden. I Steinar Imsen (red.), Taxes, tributes and tributary lands in the making of the Scandinavian kingdoms in the Middle Ages. Trondheim.

Lorenz, Einhart (1991). Samefolket i historien. Oslo.

Lundmark, Lennart (1982a). «Kronans lappskatt och fångstsamhällets upplösning». Historisk tidskrift, 4.

Lundmark, Lennart (1982b). Uppbörd, utarming, utveckling: Det samiska fångstsamhällets övergång till rennomadism i Lule lappmark. Lund.

Mauss, Marcel (1966). The Gift. Forms and Functions of Exchange in Archaic Societies. London.

Miettinen, Tina (2016). The Fordell Family: A struggle for Trade after Three Generations in Power. I Ulla Koskinen (red.), Aggressive and Violent Peasant Elites in the Nordic Countries, C. 1500–1700. London.

Nordlander, Johan (1906). «Om birkarlarne». Historisk tidskrift, 26.

Norske Rigs-Registranter b. 3 (1865). Christiania http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesbok& bokid=riksreg3

Sandmo, Anne-Karine (1994). Tromsø gjennom 10000 år. Tromsø.

Schefferus, Johannes (1674). The History of Lapland wherein are shewed the Original Manners, Habits, Marriages, Conjurations, & C of that People. Oxford.

Schöning, Gerhard (1751). Forsøg til de Nordiske Landes, Særdeles Norges, Gamle Geographie, hvorved Finmarkens og hosliggende Lapmarkers gamle Grændser og Strekning, Indbyggernes Oprindelse, Landenes Ælde, samt andre saa vel Geographiske som Politiske Omstændigheder undersøges. Kiøbenhavn.

Smith, P. L. (1938). Kautokeino og Kautokeino-lappene. Oslo.

Solem, Erik (1933). Lappiske rettsstudier. Oslo.

Steckzén, Birger (1964). Birkarler och Lapper. En studie i birkarleväsendets, lappbefolkningens och skinnhandelns historia. Stockholm.

Steen, Adolf (1956). Kautokeinostudier. Oslo.

Steen, Adolf (1969). Kautokeino gamle kirke. Trondheim.

Stockfleth, Nils Joachim Christian (1848). Bidrag til Kundskab om Finnerne i Kongeriget Norge. Christiania.

Storm, Gustav (utg.) (1880). Monumenta Historia Norwegiæ. Latinske kildeskrifter til Norges historie i middelalderen. Kristiania.

Tegengren, Gunilla (2015). Sverige och Nordlanden: Förvaltning och nordlig expansion 1250–1550. Umeå.

Vahtola, Jouko (1987). Birkarlaproblemet. I Kyösti Julku (red.). Nordkalotten i en skiftande värld – kulturer utan gränser och stater över gränser. Archaeologica. Historica, Studia historica septentrionalia 14:1.

Vorren, Ørnulv (1976). Samekulturen: En kulturhistorisk oversikt. Tromsø.

Wallerström, Thomas (1988). Om de arkeologiska undersökningarna på Kyrkudden i Hietaniemi s:n och kolonisationen av Tornedalen. I Kyösti Julku (red.), Nordkalotten i en skiftande värld – kulturer utan gränser och stater över gränser. Archaeologica. Historica, Studia historica septentrionalia 14:1.

Wallerström, Thomas (1995). Norrbotten, Sverige och medeltiden: Problem kring makt och bosättning i en europeisk periferi. Lund.

Wiklund, Karl Bernhard (1908). De svenska nomadlapparnas flyttningar til Norge i äldre och nyare tid. Uppsala.

1Storm 1880, s. 82–83.
2Storm 1880, s. 85.
3Dass 1996, s. 78–79.
4Bergman og Edlund 2016.
5Steckzén 1964.
6Lundmark 1982a, s. 468.
7Wallerström 1995, s. 253.
8Hansen 1990, s. 116–117.
9Vahtola 1987, s. 329.
10Vahtola 1987, s. 328.
11Nordlander 1906, s. 240.
12Fjellström 1982, s. 290–91.
13Wallerström 1995, s. 247.
14Wallerström 1988, s. 179.
15Lundmark 1982b, s. 78.
16Tegengren 2015, s. 180.
17Bergman og Edlund 2016, s. 66.
18Wallerström 1995, s. 258.
19Grandell 1986 s. 126.
20Granfelt 1929, s. 62.
21Wiklund 1908, s. 245.
22Holmsen 1977, s. 60.
23Holmsen 1977, s. 75.
24Holmsen 1977, s. 63.
25Lindkvist 2011, s. 265.
26Hansen 2010.
27Hansen og Olsen 2004, s. 60–62.
28Korpela 2011, s. 336–337.
29Campbell 1948, s. 18.
30Mauss 1966, s. 72.
31Solem 1933, s. 250.
32Norske Rigs-Registranter b. 3 1865, s. 538.
33Hansen og Olsen 2014, s. 242.
34Bergman og Edlund 2016, s. 73.
35Johnsen 1923, s. 40.
36Enewald 1920, s. 195–196.
37Sandmo 1994, s. 297.
38Bjørklund 1985, s. 29.
39Larsen 1964, s. 17.
40Hagström Yamamoto 2010, s. 99.
41Lorenz 1991, s. 25.
42Kvandahl 1932, s. 126.
43Kvandahl 1932, s. 205.
44Campell 1948, s. 25.
45Nya handlingar 1858, s. 168–169.
46Smith 1938, s. 17.
47Smith 1938, s. 26.
48Steen 1956, s. 14.
49Steen 1969, s. 13.
50Miettinen 2016, s. 244–245.
51Stockfleth 1848, s. 407.
52Von Düben 1873, s. 421.
53Kvandahl 1932, s. 137.
54Kvandahl 1932, s. 138.
55Vorren 1976, s. 209.
56Schöning 1751, s. 112.
57Schöning 1751, s. 120.
58Schöning 1751, s. 123–24.
59Schöning 1751, s. 105–106.
60Schefferus 1674, s. 62.
61Schöning 1751, s. 125, note y.
62Schefferus 1674, s. 64–65.
63Nya handlingar 1858, s. 168.
64Nya handlingar 1858, s. 254.
65Fossum 2006, s. 70–71.
66Friberg 1983, s. 27.
67Bergling 1964, s. 155.
68Bäck 2015, s. 25–26.
69Hansen 1990, s. 268–269.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon