Frå redaksjonen

Redaksjonen har ambisjon om at noen av hefta skal vere temanummer, mens andre skal fange opp meir av breidda i forsking og publisering på det lokal- og regionalhistoriske feltet. Det heftet som ligg føre, er av det siste slaget og spenner vidt tematisk og kronologisk. To av artiklane tar for seg hendingar og verksemd i tidlig-moderne tid, den tredje det seine 1800-tal og den siste tida etter 2. verdskrigen. Geografisk dekker artiklane område frå Finnmark i nord via Nordland til Nordvestlandet og Indre Agder.

Årgang 2016 kjem til å bestå av to enkelthefte og eit dobbeltnummer. Enkelthefta er det som her ligg føre og det kommande. Hefte 2 blir eit temanummer som tar for seg bygningsvern. Dobbeltnummeret blir hefte 3–4, og det blir ein kombinasjon av temanummer og enkeltståande artiklar. Temaet i hefte 3–4 er kjønn og stad. Noen bidrag er alt avtalt, men det er rom for fleire. Velkommen som forfattar i Heimen!

I programerklæringa til denne redaksjonen for eit år sidan vart fleire satsingar framheva. Vi ønskte mellom anna å få fram arbeid til yngre forskarar. I dette heftet er to av bidraga skrivne av yngre forskarar. Marie Nystuen Berger er masterstudent i historie, mens Ole Gregert Gliddi nylig er uteksaminert som masterkandidat i historie. Det er fint på denne måten å bidra til å utvide kretsen av forfattarar på fagfeltet.

Vi ville også at Heimen skulle kunne vere publikasjonskanal for folk som ikkje har akademisk bakgrunn. Med tanke på den siste gruppa er forfattarinstruksen blitt presisert på punktet som gjeld krav til faglig kvalitet. Forfattarinstruksen inviterer dessutan til å sende inn samanfatning av ein artikkel til vurdering før vidare arbeid med teksten.

Redaksjonen la vidare til grunn eit vidt lokalhistoriebegrep med tverrfaglig tilnærming og openheit mot andre kulturfag, samfunnsfag og naturfag. Også forhold på tvers av nasjonale grenser ville vere av interesse i eit norsk fagtidsskrift for lokal og regional historie. Tilbakeblikk på årgang 2015 viser stor faglig breidde i bidraga, og for neste årgang reknar vi med minst eitt hefte med overblikk over lokal- og regionalhistorie i andre land.

Ein viktig funksjon for tidsskriftet er å vere organ for faglig debatt. Redaksjonen prøver å få innlegg og svar i ein debatt samla i eitt og same hefte, dette i motsetnad til tidligare da ein debatt gjerne strekte seg over fleire hefte. I dette heftet har vi heile tre slike faglige samtalar gåande.

Produksjonen av eit tidsskrift involverer mange personar. Forutan forfattarar, redaksjon, redaksjonssekretær, grafikar og språkvaskar er vi i prosessen avhengig av velviljen til eit større tal personar som fagfellar og bokmeldarar. Eit gjennomsnittlig hefte med fem artiklar og noen bokmeldingar involverer fort 25 personar. I tillegg kan det komme innspel frå redaksjonsrådet. Tidsskriftproduksjon er med andre ord ei kollektiv satsing for fagmiljøet, og det er ein føresetnad med bidrag frå mange hald for å kunne oppretthalde eit slikt forum for faglig formidling og faglig samtale.

Redaksjonsrådet bidrar til breidde og forankring av det redaksjonelle arbeidet. For redaksjonen er rådet eit godt forum for evaluering av publiserte hefte, for drøfting av tematiske satsingar og for innspel når det gjeld bidragsytarar, både artikkelforfattarar og bokmeldarar.

Heimen vil frå 2017 bli publisert elektronisk som alle Universitetsforlagets tidsskrift. I hefte 3/15 og hefte 4/15 vart lesarane spurt om dei ønskjer papirutgåve ved sidan av elektronisk utgåve. Dei aller fleste av dei som har svart, vil framleis ha tidsskriftet i papir. Det inneber trykking av manus som er ferdig sett for den elektroniske utgåva. Produksjonskostnadane vil dermed bli lågare enn dei er per i dag. Abonnentane vil få tilbod om å fornye abonnementet sitt til ein nærare oppgitt pris.

Artiklane i dette heftet blir presentert i kronologisk rekkefølgje. Marie Nystuen Berger tar for seg piratverksemd i nord på 1600-talet. Piratar er noko ein gjerne forbind med sørligare farvatn; angrep på nordlige handelsruter har vore lite kjent. Med nokre døme frå Vardø, Kolahalvøya, Kvitesjøen og Arkhangelsk ser artikkelen på kva som dreiv piratane, kvar dei kom i frå og korleis styresmaktene handterte denne verksemda. Bruk av marinen vart eit viktig tiltak for å redusere pirattrugselen. Marinen fekk ofte ordre om å patruljerte dansk-norske farvatn på jakt etter mulige trugslar mot den danske krona, så som piratar, handelsmenn utan autorisasjon og kvalfangarar utan løyve. Kva omfang det var på piratangrep og styresmaktenes overvaking i nordområda, er så langt eit uutforska spørsmål.

Oddvar Vasstveit har sett etter tidlige spor av europeiske opplysningsidear blant dei geistlige på Nordvestlandet. Han har tatt for seg prestar i seks naboprestegjeld med vekt på sju sokneprestar rundt 1720 som var aktive i organisasjonen «Syvstjernen». Denne organisasjonen er velkjent for den rolla den spela i den tidlige pietismen i Noreg, men formålet med denne artikkelen er å få innblikk i dei intellektuelle interessene til organisasjonens medlemmer. Det viktigaste kjeldematerialet har vore boksamlingane som fire av medlemmene etterlet seg. Ei rekkje ikkje-teologiske arbeid er blitt identifisert, noko som indikerer kunnskap om opplysningsidear blant eigarane av boksamlingane. Ni av sønene til desse godt skolerte prestane vart framståande representantar for opplysningstida i Noreg. Artikkelforfattaren held fram betydinga av dei intellektuelle omgivnadane deira for det dei seinare fekk utretta.

Ole Gregert Gliddi har studert nedgang i skolefråværet i indre delar av Vest-Agder mellom 1850 og 1890. Fokuset er på haldningsendringar til skolen blant allmugen og forklaringar på det. Han tar utgangspunkt i iverksettinga av skolelova av 1860. Gliddi finn at skolefråværet fall med 67 prosent i perioden, og reduksjonen kom hovudsaklig i to periodar: 1860–64 og 1874–78. Sjukdom, barnearbeid og manglande interesse for skolegang er dei viktigaste årsakene til fråværet. Levevilkår og sjukdom var grunnleggjande årsaker som endra seg sakte gjennom perioden. Hovudforklaringa på nedgangen i skolefråværet var haldningsendringar blant folk flest. Sosialt press, betre skoletilbod og større nytteverdi av kunnskap og ferdigheiter som skolen gav, låg bak desse haldningsendringane. Når denne utviklinga blir sett i samanheng med den allmenne moderniseringsprosessen, blir ho tolka dit hen at folk flest bidrog aktivt til utvikling og modernisering av deira eige samfunn.

Det siste bidraget er miljøhistorisk innretta og ser på konsekvensar av vasskraftutbygging i tidlig etterkrigstid. Det er oppdemminga av Røsvatnet i Nordland som er undersøkt i denne artikkelen av Jostein Lorås. Dette inngrepet hadde store konsekvensar for biodiversitet, landskap, tradisjonell næring, rekreasjon og kulturarv. Vasskraftutbygginga var ledd i styresmaktenes modernisering av landet i tida etter andre verdskrigen. Dei som var busette rundt Røsvatnet, opplevde moderniseringa i det store og det heile negativt; det har vore vanskelig å peike på framsteg av betyding som resultat av dette inngrepet. Vegar, straum og maskiner ville ha komme uansett, om enn litt seinare. Stor innsats utan kompensasjon måtte til i 1957 for å redde materielle verdiar frå den forserte oppdemminga. Oppdemminga var ei av dei største i Nord-Europa, og også ei av dei verste. Det offisielle synet var at ein måtte godta forverring for å oppnå forbetringar.

Debattseksjonen startar med eit innlegg av Ola Alsvik som tar utgangspunkt i Erling Sandmos bok Tid for historie. Det som opphavlig skulle vere ei bokmelding, fekk form av eit debattinnlegg. Dette blir følgd opp av svar frå Sandmo, og så følgjer enda ein runde med innlegg og svar av Alsvik og Sandmo.

Det andre debatt-temaet tar utgangspunkt i ein artikkel om massefangstanlegg for rein i hefte 1/2015. Oluf Holm kjem her med ein kjeldekritisk kommentar om materiell kultur og samisk etnisitet. Artikkelforfattarane Hilde Rigmor Amundsen og Kristin Os svarar på kritikken i det påfølgjande innlegget.

Det siste debattinnlegget er av Liv Helene Willumsen og er knytt til artikkelen av Rune Blix Hagen om lagmannsdømming i nord-norske trolldomssaker, ein artikkel som stod på trykk i hefte 2/2015.

Det foreliggjande heftet blir avslutta med ei melding av boka Gunnerus og nordisk vitskapshistorie. Meldinga er skriven av Jakob Maliks.

God lesing!