Ved årsskiftet skjedde redaksjonsskiftet i Heimen. Kollegaene ved Universitetet i Nordland hadde da fullført sin fireårsperiode, og den nye redaksjonen i Trøndelag tok over. Den nytiltredde redaksjonen vil takke den førre for innsatsen. Karane i nord førte skuta gjennom storm og uvêr, med finansieringsproblem for den eine årgangen, reduserte tilskot frå NFR, overgang til ny utgivar, endringar i administrasjonen hos eigaren, Landslaget for lokalhistorie, og uro på bakgrunn av forslag om å flytte Landslagets sekretariat til Oslo på kort varsel.

Lokalhistoriefeltet har vore ein mannsbastion både faglig og organisatorisk. Berre éin gong tidligare har Heimen hatt kvinnelig redaktør, nemlig Randi Kleiven, g. Bjørkvik, som var redaktør eit par år tidlig på 1950-talet. I perioden 2007–2010 var Guro Nordby redaksjonsmedlem saman med Finn-Einar Eliassen og Knut Dørum. Dette er dei einaste kvinnelige innslaga som har vore i Heimens redaksjon. På innhaldssida av Heimen har det også vore mannlig dominans, idet både artikkelforfattarar og bokmeldarar har hatt ei sterk overvekt av menn.

Den nye redaksjonen i Trøndelag er derimot ein rein kvinneredaksjon. Den består av Merete Røskaft, prosjektleiar ved Vitskapsselskapet (DKNVS) i Trondheim, Hilde Gunn Slottemo, professor i samfunnsfag ved Høgskolen i Nord-Trøndelag, og Aud Mikkelsen Tretvik, professor i kulturminneforvaltning ved NTNU. Til saman dekker vi eit stort felt kronologisk og tematisk, og vi har eit breitt kontaktnett etter allsidig lokalhistorisk virke over mange år. Med redaksjonssekretær Siv Randi Kolstad er vi i trygge hender administrativt.

Redaksjonen har ein ambisjon om at Heimen skal vere eit aktuelt tidsskrift, både for forskarar å publisere i og for fagmiljø å følgje med i. Vi ønskjer å følgje opp faglige debattar og belyse dagsaktuelle tema, til dømes kommunereform som blir tema i hefte 4 i inneverande år.

Ei viktig rolle for Heimen er å formidle nye forskingsresultat. Redaksjonen vil halde seg orientert om pågåande prosjekt og følgje med ved fagseminar og konferansar. Redaksjonen sett pris på å bli informert om planlagde sesjonar ved historiedagar og andre arrangement som kan vere aktuelle for tidsskriftet.

Vi er også opptatt av å få fram arbeida til yngre forskarar. Det kan vere artiklar på basis av masteroppgåver eller arbeid under vegs i doktorgradsprosjekt. Vi ber vegleiarar passe på og oppfordre kandidatar om å publisere frå sine undersøkingar.

Lokalhistorisk forsking er også noko som såkalla amatørar driv med, det vil seie folk som ikkje har akademisk utdanning. Heimen skal kunne vere publikasjonskanal for folk som ikkje har akademisk bakgrunn, forutsett at artikkelen held vanlige standardkrav for ein vitskaplig artikkel. Vi tar sikte på å lage ei meir utfyllande vegleiing enn dagens forfattarinstruks til hjelp for potensielle forfattarar.

Til grunn for det redaksjonelle arbeidet legg vi eit vidt begrep for lokalhistorie. Vi ser lokalhistorie som ein tverrfaglig disiplin med opne grenser inn mot andre kulturfag, samfunnsfag og naturfag. Vi kjem derfor til å invitere forskarar frå ulike nabodisiplinar til å bidra ut ifrå dei tematiske prioriteringane som blir gjort. Det som er felles, er erkjenninga av historias stadlege dimensjon. Ein stad både formar og blir forma gjennom historiske prosessar. Einkvar stad vil derfor få sine særeigne uttrykk av desse prosessane, og motsett vil stadar sette ulike spor på dei liva som blir levd der.

På same vis som openheit i forhold til andre fagområde, ønskjer vi å fristille oss frå nasjonale grenser og sjå på dynamikken mellom ulike nivå og geografiske regionar. Vi ser for oss artiklar som tar for seg grensekryssande lokalhistorie, samanfletta lokalhistorie og komparativ lokalhistorie. Vi kan også tenke oss oversiktsartiklar over andre lands lokalhistorie. Ein føresetnad vil vere at teksten er skrive på eit skandinavisk språk.

Redaksjonsrådet er eit viktig nettverk for redaksjonen og vil bli nytta aktivt i arbeidet med å utvikle tidsskriftet som eit aktuelt og faglig tungt organ.

Elektronisk publisering er på trappene og vil bli innført om to år. Redaksjonen vil arbeide for at tidsskriftet skal kunne vere eit vitskaplig tidsskrift i vid forstand, med debattstoff og bokmeldingar, ikkje eit tidsskrift berre for publisering av forskingsresultat i artikkelform. Redaksjonen vil også vurdere om ein bør halde fram med parallellutgåve i papir.

Heimen er eitt av to historievitskaplige tidsskrift i Noreg som er godkjent som publiseringskanal på nivå 1. For lokalhistorikarar som lever i den akademiske verda med krav til vitskaplig publisering, bør Heimen vere ein opplagt kanal å publisere i. Redaksjonen håper postkassa blir flittig brukt. Vi vil halde fram med temanummer, men det vil også bli rom for stoff utanom dei fastlagte temaa.

Produksjonsplanen for inneverande år er i stor grad lagt. I dette nummeret har vi eit mangfald av tema. Hefte 2/15 blir eit temanummer om tinget som møteplass. Det tredje utgjevinga i 2015 omhandlar forholdet mellom natur og kultur; altså om kulturens naturgrunnlag og kulturens endringar av naturen. Dette er basert på Dybdahlsymposiet som vart halde i 2014. Og til slutt vil det siste nummeret i 2015 ha eit historisk perspektiv på dagens pågåande debattar om kommunestruktur, ved at vi har eit temanummer som omhandlar den førre runden med kommunesamanslåingar på 1960-tallet.

Overgangen til ny redaksjon har gått føre seg nokså saumlaust. Noko av stoffet til dette heftet var allereie innkomme og vurdert når denne redaksjonen tredde i arbeid, og andre artiklar var i vente. Det er ei glede for oss å presentere bidraga som her ligg føre.

I artikkelen «...vær da så lenge hos kongen som du kan...» Hirden, hoffet og kongens menn på Island i siste halvdel av 1200-tallet» gir Randi Wærdahl eit innblikk i den norske kongens forvaltning av Noregsveldet i høgmellomalderen. Kongemakta var på denne tida i ferd med å få etablert eit formelt herredømme over Island. Forfattaren viser gjennom djupdykk i kjeldene, særlig sagaene og dei islandske annalane, korleis dei islandske kongsmennene var ein integrert del av kongens hoff i Bergen i siste halvdel av 1200-talet. Gjennom banda til hirden og hoffet viser artikkelen korleis dei islandske kongsmennene var i stand til å utnytte posisjon og kontaktar både for seg sjølv og som mellommenn for andre. Personlige relasjonar og nettverk blir med andre ord tillagt stor betyding.

«Kongemakt og lokalsamfunn på Island ca. 1260–1450» tar for seg utviklinga av det islandske administrative systemet i perioden. Med fokus på reppsorganisasjonen og den nye tingordninga, viser Jon Vidar Sigurdsson korleis høvdingane mista mykje av sin lokale maktposisjon etter at Island vart skattland under den norske kongen i 1262–1264. Høvdinganes politiske nettverk smuldra opp, og fordi kongemakta ikkje makta å fylle det tomrommet som oppsto, fekk reppen ei avgjerande rolle. Så lenge bøndene betalte skatten sin, såg heller ikkje kongemakta nokon grunn til å blande seg for mykje opp i det som skjedde lokalt.

Audun Dybdahl tar i sin artikkel utgangspunkt i Skule jarls gåvebrev frå 1225 og føretar ein grundig gjennomgang av kjelda. Skules brev er det eldste bevarte norske diplomet som har segla på plass, og Dybdahl presenterer mellom anna ulike tolkingar av seglas motiv. Artikkelen gir innsikt i korleis ei slik kjelde kan opne for kunnskap om ulike sider ved mellomaldersamfunnet, samtidig som den kaster lys over ei omdiskutert skikkelse frå norsk mellomalder. Den gir kunnskap om kjeldebruk for lesarar som kanskje ikkje er like fortrulige med å forhalde seg til denne typen dokument, sjølv om akkurat dette gåvebrevet av forfattaren blir omtalt som ei unik kjelde.

Hilde Rigmor Amundsen og Kristin Os skildrar i sin artikkel tre ruseforma massefangstanlegg for villrein i Hedmark. Dei består av konvergerande leiegjerde der reinen vart leidd inn mot eit avstengt område, fangstbåsar eller samlekve. Dette var ein effektiv fangsmåte, men den kravde god organisasjon og kunnskapsoverføring. Spørsmål om desse anlegga kan knytast enten til ei samisk eller ei norrøn befolkning, eller om det kunne ha vore samarbeid om fangsten, blir sentralt i artikkelen. Kven som brukte desse fangstgjerda, har ikkje vore så mykje diskutert. Det har ofte vore føresett at dei har norrønt opphav. Forfattarane diskuterer spørsmålet ved å sjå på konstruksjon, omfang, lege, nærliggande funn og kontekstar.

Historiebruk er blitt eit stadig meir populært tema innafor historiefaget dei siste årene og har ikkje minst innafor historiedidaktikken stått sentralt. I artikkelen «Historiebruk og regional merkevarebygging» handsamar Svein Ivar Angell dette temaet med eit eksempel frå Hardanger. Her ser han på korleis det regionale Hardangerrådet bidrog til å byggje Hardanger som nasjonalt ikon og merkevare. Her vart mellom anna hardangersaum, felespeling, fruktdyrking og vakre fjell- og fjordlandskap tatt i bruk som instrumentelle ressursar for å byggje den geografiske eininga. Angell drøftar korleis ein ved å synliggjere det særeigne og spesifikke ved ein enkelt kommune, by eller region brukar historie til å synliggjere og styrke stadlig identitet. I neste omgang kan slike forteljingar om fortida formast til å bli reiskapar for ekstern marknadsføring og presentasjon for omverda.

Seks bokmeldinger avslutter dette heftet av Heimen. Bøkene som vert melde varierer i tema frå bedriftshistorie til kommunehistorie. I 2014 kom det dessutan ei rekkje bøker om 1814, og her vert to av dei melde.

 

God lesing!