For fire år sidan tok Universitetet i Nordland over redaksjonen for Heimen med tre av sine historikarar, Leiv Nordstrand, Alan Hutchinson og Steinar Aas. Seinare gjekk Leiv Nordstrand ut av redaksjonen, og han vart erstatta etter eitt år av Wilhelm Karlsen. I mellomtida hadde det også skjedd endringar i administrasjonen av Landslaget for lokalhistorie i Trondheim, der ny redaksjonssekretær tok over for Jostein Molde, som hadde vore sekretær for Heimen i ei årrekkje. Som ikkje det var nok, var det sterke krefter i sving i Landslaget for lokalhistorie, eigaren av Heimen, som ville flytte organisasjonskontoret frå Trondheim. Dette skapte turbulens i ei kritisk tid, der NFR samstundes kutta i sine årlege tilskot til tidsskriftet. Redaksjonen måtte bøte på lågare driftstilskot med å skaffe tidsskriftet ein økonomisk basis i tillegg til å redigere det fagleg. Den økonomiske situasjonen gjorde det dessutan vanskeleg å ha så hyppige møte med redaksjonsrådet som ein opphavleg hadde tenkt seg, og såleis vart det opp til redaksjonen å stå for viktige prioriteringar. Oppe i alt dette kom så ei endring i trykkerutinar og publisering, som innebar at Universitetsforlaget vart ny utgjevar og det vart lagt til rette for digital publisering gjennom forlaget sin tidsskriftkanal Idunn. I skrivande stund veit vi lite om kva følgjer dette har hatt for tidsskriftet, men ein kan anta at det har langt fleire lesarar i dag enn det hadde for fire år sidan. I dag har mellom anna alle studentar og tilsette ved historiestudia på våre universitet tilgang på Idunn, noko mange utlandske forskingsmiljø sjølvsagt også har. Digitalisering er med andre ord den beste garanti for at fagartiklar skal kunne nå ut til fleire enn dei tradisjonelle abonnentane.

Den økonomiske stoda for redaksjonen har fått ein del andre konsekvensar. Mange seminar og konferansar har kvart år, ja heile året rundt, tema som kunne hatt interesse for Heimen. Det vere seg norske eller nordiske historikardagar, lokale foredrag i regi av museum eller historielag, i arkiva eller biblioteka. Det går føre seg eit vell av interessant forsking der ute som ein vaken redaksjon skulle fanga opp med sin radar, dersom økonomien hadde gitt rom for å drive ein meir oppsøkande verksemd. Det har det ikkje vore særskilt stort økonomisk rom for den seinare tida, og det vil det neppe bli heller i tida framover, om ikkje ein rik onkel skulle forbarme seg over Landslaget for lokalhistorie då. For å bøte på slike manglar er det derfor viktig at informasjonsflyten er bra. Redaksjonen må tipsast om det mangfaldet av interessante og relevante seminar og foredrag som lett kunne ha blitt til artiklar for eit breiare publikum. Her ligg det eit uforløyst og uutnytta potensiale.

Kva kan vi så seie om dei fire åra som har gått? Det er fleire moment vi vil trekke fram. For det første er historiefaget eit av dei få faga ved universiteta som er mannsdominert enda, og det spelar inn på kven som skriv og leverer artiklar til tidsskriftet. Slik har det vore i mange år, og det har tatt tid å gjøre noko med det, sjølv om mye har blitt betre. Trass i at også redaksjonen har vore mannssterk, har vi villa finne fram kvinnestemmer, og på dei fire åra som har gått sidan redaksjonsskiftet har vi hatt eitt nummer med berre kvinnelege artikkelbidrag. Dessverre kan vi lett også konstatere at det motsette er tilfelle, men vi meiner like fullt at «kvinnenummer» er eit steg i rett retning. Kvinnedelen har blitt merkbart betre. Der det var over dobbelt så mange menn som kvinner som fekk sine artiklar på prent i 2011, har kvinneandelen for artikkelbidrag i dei siste tre årgangane vore nær 40 %. Dette er sjølvsagt ikkje bra nok, men det vitnar om at ting betrar seg langsamt.

Lokal- og regionalhistoriefeltet har dessutan vore oppfatta som eit domene for eldre menn. Det har vore lagt vinn frå redaksjonen si side på å få fram nye, unge historikarar på banen, særleg kvinner. Vi har dessutan forsøkt å hente fram nyutdanna masterstudentar med interessante tema for å få publisert forskingsresultata deira som artiklar i Heimen. Det har gitt resultat.

Likevel ser vi ein del utfordringar for feltet. Vi har mellom anna sjølv reist debatten kring den nye måten som universitets- og høgskolesektoren (UHR-sektoren) påverkar vitskapleg publisering. For å skaffe inntekter til institusjonane er det viktig for dei tilsette å publisere i tidskrift eller andre vitskaplege kanalar. Publisering av artiklar i Heimen gjev slik utteljing for vitskapleg tilsette i UHR-sektoren. Følgjene av det nye systemet ser ein kanskje derfor først og fremst med at det har blitt eit enda sterkare innslag av artiklar frå personell frå denne sektoren. Der lokalhistorieforskinga før kunne ha sterke innslag av lekfolk, er det kanskje blitt fleir og fleir fagfolk involvert i forsking og gransking, og såleis også når det gjeld publisering. Det er synd om det skulle bli slik i framtida at den glade amatør ikkje lenger skriv i Heimen om eit tema som var lite kjent eller hadde allmenn interesse også for fagfolk. Det må framtidige redaksjonar hindra, og Landslaget for lokalhistorie har eit viktig arbeid å gjøre for å få grunnplanet blant alle dei som sit og forskar andre stader enn ved dei høgre lærestadene til å delta i den faglege fellesskapen. Det har jo vore den store styrken til den lokalhistorisk orienterte forskinga i landet vårt at den har vore ein møtestad for lek og lærd.

Internasjonalisering har også vore eit faneord innafor forsking dei seinare åra. Norske historikarar blir stadig kritisert for manglande internasjonal orientering og forankring, og lokalhistoriefeltet blir ofte sett på som ein slags motsats til internasjonalisering. Dette har redaksjonen også forsøkt gjøre noko med. Ved å trekke inn utlandske case-studies som kunne vere til inspirasjon og opplysing for vårt felt, har vi oppmoda og invitert utlandske forskarar til å skrive i Heimen. Det vere seg om det var eit mikrohistorisk studie av ein svensk kommune, eller om jødiske innslag i næringslivet i Gøteborg, og sjølv om Orknøyane, Island og Jämtland alle har vore del av eit større vestnordisk imperium kalla Noregsveldet, er dei alle saman utafor den norske nasjonalstatens grenser i dag. Likevel er det naturleg å studere korleis desse områda har tedd seg historisk, sett i eit regionalt eller lokalt perspektiv. I tilfellet Island har også landet hatt ein viktig rolle for mange lokalsamfunn i landet vårt, som eit område for å hente ressursar til glede for næringsliv og velferd langs kysten vår. Slik har det også vore med andre regionar utafor landegrensene.

Mange av dei norske tidsskrifta kviler i dag på ein enorm dugnadsinnsats, både i redaksjonsarbeidet, i arbeidet med å skrive bokmeldingar og, ikkje minst med å vurdere artiklane sin faglege kvalitet. I dag er alle fagfolk som arbeider med historie potensielle faglege «referees», eller fagfellar som skal kunne vurdere kvaliteten på ein gitt artikkel med eit gitt tema. Føresetnadene for at ei publisering i dag skal kunne bli vurdert som vitskapleg, og såleis gje utteljing i dei ulike systema for vitskapleg kreditering, er nemlig at artikkelen er fagfellevurdert av ein «referee»/fagfelle. Det at fagfolk har stilt opp for å vere slike uhilda dommarar over tekstar er heile ryggraden i godkjenningssystemet. Det føreset også at ein har ein stor og brei stall av potensielle fagfellar. Storparten av denne gruppa finn sitt daglege virke som vitskapsprodusentar innafor institusjonar innan høgre utdanning, i arkivverket, som oppdragsforskarar eller i forskingsinstitutta. Denne sektoren er kanskje sterkare pressa enn før på å vise til forskingsaktivitet, auka aktivitet og den er pressa til økonomiske nedskjeringar. Dette fører til at det er færre som kan gjøre vurderingane enn før, og fagfelle-systemet kjem i skvis. Det må vere eit mål for framtida å hente inn fleire som kan fylle opp fagfellestaben til Heimen.

Den største utfordringa i tida framover ligg særleg på bokmeldarfeltet. Det er ikkje lagt opp til at bokmeldingar gir utteljing i «teljekantsystemet» til universitets-/høgskolesektoren. Det gjør at mange prioriterer ned denne aktiviteten. I alle fall ser det ut som at det blir vanskelegare framover å få nokon til å melde bøker, og det er synd. Her må alle ta eit ansvar for kvarandre. I sær viss det samstundes er blitt slik at det same teljekantsystemet krev meir publisering, og det fører til stadig fleire utgjevingar.

Eit anna trekk som kanskje også har ført til utfordringar for tidsskriftssektoren synest å vere ein auke i vitskaplege antologiar. Med fagfellevurderingar kan dei utfordre tidsskrifta og gje lettkjøpte poeng til ein slunken kasse ved dei vitskaplege institusjonane. Det er dessverre også med på å svekke tilgangen på stoff til tidsskrifta. Døma på dette finn ein særleg i eit 1814-år, der den eine antologien eller monografien etter den andre har dekt ulike tema knytt til ulike lokalitetar, utgitt i eit vakkert og tiltalande format. Mangfaldet av bøker har vore imponerande og stort, men det har symptomatisk nok vore vanskeleg å skaffe artiklar om 1814 som ikkje har vore publisert i denne typen skrifter.

Så til denne redaksjonen sitt siste nummer. Det du sit med i handa no. Det tar for seg ulike sider ved norsk lokalhistorie. Først ut er tre artiklar som omhandlar temaet «Noregsveldet», eller det som i norsk historieskriving har vore omtalt som «Gullalderen» i norsk nasjonal historie, som Randi Bjørshol Wærdahl har omtalt det. Det var nettopp i mellomalderens statsdanning røtene til den nye norske nasjonen måtte finne sin basis då den skulle vekse seg stor og sterk i tida etter 1814.

Også innafor tradisjonell historieforsking har denne «storheitstida» hatt ein framskoten plass. Mang ein forskar har heilt sida Sars publisert forsking om temaet, og no får også den førre generasjonen historikarar som Knut Helle, Sverre Bagge og Steinar Imsen avløysing. I dette nummeret har vi gitt plass til Magne Njåstad, som først fortel litt om prosjektet. Det har handla om «å analysere det politiske fellesskapet i Nord-Atlanteren i et transnasjonalt perspektiv, ikke med dagens nasjonalstater som briller og utkikkspunkt», skriv Njåstad mellom anna. Gjennom ei komparativ analyse av ulike område innafor det kulturelle og politiske fellesskapet kring Nord-Atlanteren, ser dei mellom anna på forholdet mellom Island og fastlandet, men og Orknøyene og Shetland. I tillegg er dei politiske «randsonene» på fastlandet som Jemtland og Finnmark viktige i studiet av det dei har kalla eit «kulturfellesskap». Sentralt her har sjølvsagt også den religiøst-administrative «overbygninga», kyrkja i Nidaros, vore.

Heimeredaksjonen har villa få fram mellomalderforskinga att, ved å gje rom for to korte artiklar. Magne Njåstad har i mange år forska på Jemtland, og i denne artikkelen viser han oss korleis den kongelege administrasjonen i regionen var mellom 1300 og 1500. Jemtland hadde ein perifer posisjon, og Njåstad syner oss korleis statsstyret sikra jemtene ein høg grad av «sjølvforvaltning».

Detter presenterer Ian Groshe, nyleg dokterert stipendiat ved NTNU, oss for Orknøyane. Han behandlar oppfatninga av kva «Noregsveldet» var for noko. Var det eit koloniimperium, eit samvelde under norsk overherredømme? Korleis såg det ut for undersåttane i kolonien? Kan ein i det heile og store nytte slike koloniale omgrep om det ein såg ovre seg med utgangspunkt i Orknøyane under Noregsveldet. Det er både spennande og givande å trekke inn omgrep som «imperium», «koloni», «avhengigheit» og sentrum-periferi i ei slik drøfting knytt til forvaltninga av det såkalle «Noregsveldet». To av bidraga i prosjektet vil bli publisert seinare.

Deretter har redaksjonen fått Sigrid Helen Agnalt til å presentere si masteroppgåve i historie gjennom sin artikkel «Lensekræbbene på Glennetangen. En studie av en særegen arbeidsplass i Nedre Glomma på 1900-tallet». Agnalt fekk nyleg Den norske historiske forenings (HIFOs) pris for beste masteroppgåve i historie i 2013, og artikkelen er ein studie av arbeidslivet rundt Nordens største lenseanlegg for tømmer i Nedre Glomma mellom 1938 og 1985. Studiet til Agnalt er særs viktig, fordi ho har dokumentert eit arbeid som er borte no og neppe vil komme att nokon gong i den same forma.

Kåre Strøm flyttar oss til 1800-talet igjen, og hans tema er utvandringa blant dissentarar i Troms på midten av 1800-talet. Talet på religiøst avvik gjennom friforsamlingane, gjekk attende i løpet av 1860-åra. Kom det av at mange dissentarar utvandra, spør Strøm, og forsøker å gje oss nokre svar på det. At religionsfridomen var særleg stor i Noreg kan ein vel også diskutere med utgangspunkt i Strøms artikkel, og rører såleis ved våre oppfatningar av kor stor fridom det var for annleis tenking 50 år etter Grunnlovsforsamlinga på Eidsvold.

At det finst masse spennande materiale behandla av nyutdanna og flinke masterstudentar i historie, er sikkert. Det syner også artikkelen til Gaute Rønnebu som tok for seg «Operasjon Asfalt» i sitt arbeid med masteroppgåva. No er dette bearbeidd og presentert i artikkelformen. Operasjonen var den offentlig initierte flyttinga av lika til døde sovjetiske krigsfangar i tysk fangenskap på norsk jord mellom 1941 og 1945. Aksjonen vart sett i verk i 1951, og vi får eit innblikk i reaksjonane på denne sett frå Salten, den regionen som hadde flest lik liggande. Rønnebu får fram nye nyansar til den seinare forskinga.

Heilt til sist får vi ein artikkel som kanskje er vanskeleg å plassere sjangermessig. Slik skal Heimen også vere. Det skal vere rom for å ta inn artiklar som gjev uventa vinklingar og perspektiv. Anne Jorunn Frøyen frå Jærmuseet tar oss inn i det ikoniske, jærske landskapets steingardar. Dei er kulturminne, men også brukt i identitetsskapinga. Finst det andre slike lanskapstrekk som er knytt til sine lokalitetar og regionar som steingardane? Frøyens artikkel kan opplyse og inspirere til refleksjon kring historiebruk og kulturlandskapet sin plass i identitetsskaping og historieformidling og -skriving.

Før vi ønskjer deg god lesing må vi få takke av og overlate stafettpinnen til den nye redaksjonen som skal til Trøndelag. Her sit redaktøren Aud Mikkelsen Tretvik klar. Ho og redaksjonen hennar har god kjennskap til lokalhistoriefeltet, til norsk historieforsking generelt og til det som rører seg av forsking på mange plan innafor det store feltet historie. I tillegg har ho vore med i styret i Landslaget for lokalhistorie den siste tida. Det kan hende ei slik tett kopling til eigaren av tidsskriftet kan styrke det i tida som kjem. Det kan sikkert også vere ein fordel å ha redaksjonen i Trøndelag i denne perioden, all den tid dei kjem fysisk nærmare sin redaksjonssekretær, Siv Randi Kolstad. Den gamle redaksjonen vil takke henne så masse for samarbeidet. Heller ikkje gammelsekretæren Jostein Molde er glømt. Han har bidratt til å legge eit godt fundament for Heimen.