Heimen nummer 2 i Grunnlovsjubileumsåret er ein fristad frå artiklar om Grunnlova av 1814. Det kjem ikkje av at redaksjonen ikkje er opptatt av Grunnlova, men at vi seinare skal bruke tid på å dvele over tema som nasjon, stat og folk. Vi trur likevel dette nummeret kan vere av interesse, sidan det også tar for seg spesifikt norske tema og norsk historieforsking.

Dei to første artiklane tar til dømes for seg eit tema som har komme meir i lyset som følgje av det store prosjektet om Norsk kyst- og fiskerihistorie. Sjølv om bonden er i sentrum i dagens Grunnlovsfeiring, er det viktig å ikkje glømme fiskeria og mangsysleriet. Fiskeria er trass alt den viktigaste eksportnæringa i Noregs historie. Først ut er Karl Egil Johansen som ser på dei første spede forsøk på havfiskeri basert på norsk fiskeflåte og britisk kapital ved Grønland på 1920-talet. Han viser også korleis økonomisk tenking og intensiv drift spelte inn på økologien i dei områda norske kveitefiske gjekk føre seg. Atle Døssland knyter seg til Johansen og viser korleis fiskeria mot slutten av 1800-talet og starten av 1900-talet var inne i ei utviklingsfase prega av sjølvforsterkande krefter; «kapitalens ekspansive kraft». Nye investeringar kravde auka aktivitet og auka forteneste. Dei nye fiskedampskipa var så dyre at dei berre kunne løne seg med full drift heile året rundt. Rundt 1900 var det dessutan komme på plass ordningar for eksport av isa fisk til eksportmarknadene, gjennom faste dampskipsruter til Iberia og England og jernbanefrakt til Tyskland. Det var til hjelp for fiskerieksporten på Sunnmøre, der isingsteknikk og landbaserte anlegg fremma jamn heilårsaktivitet. Då trongs ein havgåande fiskeflåte, noko Sunnmøre særleg fekk.

Så gjør vi eit sprang i tid og tema til 1723-matrikkelen. Matrikkelen vart framstilt som ei skattereform. Ekstraskattane som hadde vært kravd inn under Den Store Nordiske Krig skulle avviklast. Ein ny matrikkel skulle syte for justering av skattane på dei enkelte gardane sidan det var gått 60 år sidan førre og utviklinga tilsa endringar. Det skulle ikkje medføre ei generell skatteskjerping, vart det sagt. Tiltaket må likevel sjåast i lys av den store pengemangelen staten opplevde som eit resultat av krigen. Trond Bjerkås hevdar at dersom 1723-matrikkelen hadde blitt ståande, ville det gitt skatteauke for den norske bondebefolkninga, i strid med intensjonen. Skatteauken ville medført størst auke på det sentrale og indre austlandsområdet, i nokre fogderi på Sørlandet, i Hordaland og i Nord-Noreg. Han drøftar årsakene til dette og korfor matrikkelen aldri vart gjennomført. Det siste blir sett i lys av maktforholda i embetsverket.

Heimen har via plass til tema frå andre verdskrigen. Eitt av dei er samkvemmet mellom norske jenter og tyske soldatar. Terje Nomeland tar oss til eit område, Agder-fylka, der det tyske nærværet ikkje var så stort som i t.d. Nord-Noreg, men likevel betydeleg. I alt 400 jenter fekk barn med tysk far, og Nomeland forsøker å sjå fylka i samanheng med den nasjonale forskinga elles. Her er det både likskapar og behov for meir forsking.

Til slutt tar Heimen-redaksjonen opp eit ordskifte som har komme i etterkant av dei nye reglane for tildeling av resultatmiddel for forsking til høgskole- og universitetssektoren. Spørsmålet Arnfinn Kjelland reiser er: «I kva grad kan vi kalle busetnadshistorie – eller gards- og ættesogeverk – «forsking»»? Redaksjonen har bede Ståle Dyrvik om å kommentere Kjellands debattinnlegg, og dei to synest å vere einige i at det er mogleg å kalle det som skjer i arbeidet med ætte- og gardssogeverk for forsking; under gitte føresetnader, vel og merke. Kjelland argumenterer for kva desse er, og dersom du har sterke meiningar om desse, er det råd å få inn eit svar til Kjelland eller Dyrvik i neste nummer av Heimen. Til sist har vi to meldingar. To byhistorieverk blir meldt, Stavanger og Bodø, og det spesielle ved det er at den eine er meldt av den som har skrive den andre, som også blir meldt. Vi oppmodar elles alle som sit med ansvar for nye bøker som er relevant for tidsskriftet Heimen. Send eit meldareksemplar til redaksjonen. Adressa vår finst på omslaget.