Vi har just gått inn i eit nytt år, eit jubileums- og minneår, for Grunnlova av 1814 og starten av første verdskrigen. Begge hendingane reiser mange fundamentale historiske spørsmål, og historikarane sin plikt å bidra til svar. Slik er det ofte når vi på ymse vis blir påminna om skilsettande historiske hendingar. Heimens første nummer vil forsøke å svare på både store og små spørsmål.

Den først artikkelen vår handlar om bakgrunnen for dei konfliktane vi ser i dag knytt til rovdyrforvaltning. Karl Martin Richardsen har skrive ein artikkel med basis i sitt mastergradsarbeid om «Lov om utrydding av rovdyr(…)» frå 1845. Her fortel han om bakgrunnen for tenkinga kring rovdyrforvaltning rundt midten av 1800-talet, og kva følgjer denne lova fekk for rovdyra våre. Lova var nemleg starten på ei systematisk utrydding av rovdyr i landet vårt. Artikkelen syner og at det er mangt eit viktig forskingsbidrag gjort blant masterstudentar kringom i landet vårt. Av ymse grunnar er det lite kjent. Heimenredaksjonen er glad for å vere ein arena for desse, og tar gjerne mot fleire. Richardsen blir så følgt opp av Astor Furseth, som sjølv har leita i kyrkjebøker for å sjå om rovdyra utgjorde eit reelt trugsmål for folk. Det kan det synest som om dei gjorde.

I jubileumsåret for Grunnlova av 1814 er det også viktig å reflektere kring tema som demokratisk kompetanse. I skoleverket har det vore flagga som noko av det viktigaste bidraget norsk skole har vore gode på. Ketil Knutsen har sett nærmare på det. Han har studert korleis ein brukar lokalhistorie i fagplanane. Bidrar dei til å styrke den demokratiske kompetansen gjennom bruk av lokalhistorie, slik dei proklamerer?

I år kan det vere nyttig å sjå på korleis vi blir opplevd som folk og nasjon av andre. Det har Gunnar Thorvaldsen og Elena Glavatskaya gjort gjennom artikkelen om etnografen Sergej Sergel (1883-1955). Frå våren 1907 til februar 1908 reiste han på ei studiereise i Norden for å observere og komplettere den samiske samlinga ved det Russiske etnografiske museet i St Petersburg. Under ekspedisjonen gikk det hardnakka rykte om at Sergel var spion, men var han det?

Det har også vore divergensar mellom den mobile reindrifta og det stadbundne jordbruket. Georges Midré har sett på denne konflikten mellom samar og bumenn i øyane i Nord-Troms i 1860-åra. Vi får mellom anna svar på korleis norske styresmakter stilte seg til konfliktane.

Heilt til slutt tar Baard H. Borge oss med til Sør-Varanger under den tyske okkupasjonen. Han har sett nærmare på den norsk-tyske kontakten der, med utgangspunkt i påstandar om at den var betre enn «gode nordmenn» sette pris på. Borge har ambisjonar om å forklare korfor. Ut over det har vi også fått plass til ei bokmelding om eit stykke industrihistorie.

2014 er eit minneår på fleire vis. Heimen blir frå no av også publisert digitalt. Dei som har tilgang på den elektroniske publiseringskanalen Idunn finn oss no der. Det gjør artiklane våre meir tilgjengeleg. Vi er no del av Nordisk tidsskriftsdatabase. Med Universitetsforlaget på forlagssida, går profesjonaliseringa inn i ein ny fase, som vi vonar lesarane også vil merke.