I dette nummeret av Heimen tar Kristin Øye Gjerde oss inn i Olje-Noreg. I og med at alle i dag spør seg om, og ikkje minst drøymer om, å bli ein del av oljeeventyret, vil vi sjå tilbake på den nære historia for dei samfunna som har blitt med på eventyret. At Stavanger og Rogaland har hatt ein eventyrleg vekst på grunn av oljas inntog i nyare norsk historie, er kjent, men at Buskerud, Vestfold og Oslo også har fått sin del av det, er kanskje ikkje like kjent. På kva måte har oljealderen verka inn på økonomi og næringsliv kringom i landet, og kan vi trekke lærdom av det for framtidig petroleumsrelatert utvikling i nye regionar? Artikkelen vil på mange vis bli ein standardartikkel om oljehistoria i Noreg per 2013.

Frå Olje-Noreg og samtida dreg vi så tilbake i tid til 1500-talets Jemtland, eit stadig tilbakevendande konfliktområde i nordisk historie. Ein lengre strid mellom Danmark-Noreg og Sverige om området, førte til en sju år lang svensk okkupasjon før ei fredsslutning slo fast at Jemtland var Danmark-Noregs. Artikkelen til Ole Kristian Sandvik viser oss korleis den svenske okkupasjonen gikk for seg, reint administrativt mellom 1564 til 1571. Korleis såg elles den svenske kongen for seg styringa av Jemtland etter krigsslutt?

Audun Dybdahl flyttar så fokus vestover frå Jemtland til Trøndelag og eit tema som kanskje har vore lite omskrive. Kor mange lensmenn fanst? Kva veit vi om deira sosiale status, funksjon i lokalsamfunnet og om lønsforhold? Han viser at talet auka kraftig omkring 1600, noe som truleg kom av innføringa av sorenskrivarembetet og utbygginga av en sterkare statlig administrasjon. Elles veit vi at dei var relativt velståande, budde på gode gardar, og at dei dels var fritatt frå normal skattlegging. Og så vart ombodet nokså vanleg arveleg etterkvart.

Så tar Johan Borgos oss til Vesterålen i Nordland for å bringe til torgs oppfatningar om at det ikkje har eksistert noko tidleg husmannsstell i Nord-Noreg. Undersøkinga hans viser at husmannsgruppa var ei mange-fasettert gruppe, men at dei like fullt var husmenn. Det kom særleg av at dei var knytt til fiskerinæringa i større grad en andre stader i landet, der husmannsstellet hadde ein agrar basis. Artikkelen er også ein invitt til fleire studie om temaet.

Av bokmeldingane har vi som vanleg fleire. To av dei handlar om Hol i Hallingdal, ei om utvandringa og ei om Hol på siste delen av 1900-talet. Også Orkdal har fått si bygdesoge skrive. Vi melder her den som dekkjer tida mellom 1838 og 1920. Ei anna bokmelding tar for seg bind tre av Stavanger bys historie frå 1890–1965, medan kvinnepioneren Fredrikke Marie Qvams nye biografi også blir meldt i dette nummeret av Heimen.

Nytt er det elles at komiteen er supplert med eit nytt medlem, førsteamanuensis Wilhelm Karlsen ved Universitetet i Nordland, og at det for tida blir arbeidd med å digitalisere Heimen, slik at stadig fleire lesarar kan nytte forskinga som blir formidla gjennom tidsskriftet. Frå neste nummer blir bladet også ein del av tidsskrifts-tilfanget til Universitetsforlaget, noko som vil løfte det ytterlegare på så mange vis. Målet er at fleire skal kunne få tak i den interessante lokal-og regionalhistoriske forskinga som skjer i Noreg, blant anna gjennom kiosksal til eit breitt publikum.