«Lenge leve kjøteren», skreiv Knut Kjeldstadli i si innføringsbok om historiefaget. Han sikta til historiefagets plass som eit fagfelt som fann sin plass mellom dei humanistiske og dei samfunnsvitskaplege faga. For Kjeldstadli vart dette nettopp brukt som forklaring på korfor historie framleis var eit livskraftig fagfelt. Årsaka var at faget var ein kjøter, «en krysning mellom ulike tilnærminger». Idealet for mange historieforskarar var tverrvitskaplegheit og samarbeid over faggrensene.

Dette er også eitt av motiva for å gi ut eit temanummer med tittelen «materialisering». Vi treng nye måtar å sentrere blikket vårt på, og kanskje finn vi også nye teoriar som kan gje svar på det vi held på med innafor lokal- og regionhistorie? Intensjon nummer to ligg implisitt i dette. Kanskje kan dette nummeret inspirere dei som driv med feltet til å sjå med nye blikk på gamle tema, eller finne nye tema å forske på, nettopp fordi ein har blitt inspirert av nye blikk?

Materialisering. Smak på ordet. I dette nummeret av Heimen vil vi vie plass til temaet «materialisering». Materialitet og kulturanalyse står i fokus, og vi vil som leiar for dette forskarnettverket Hilde Gunn Slottemo skriv, «utforske sammenhengen mellom ånd og materie, ting og tale, objekt og subjekt, natur og kultur». Kvar for seg tar artiklane for seg døme på korleis dette kan gjørast, og set lyset på korleis det kan verke fruktbart.

Er dette noko nytt då, har enkelte spurt. Både ja og nei. I den daglege formidlinga av lokalhistorie til dømes, er det som møter den interesserte stort sett materiell kultur. I kulturlandskapet finn ein forklaringa på næringstilpasningar og på gardstunet ser ein korleis gjenstandar, hus og reiskaper forma liva til folk. Det er med andre ord stort sett alltid den materielle kulturen som er på utstilling når lokalhistoria skal formidlast frå dei lokale musea kringom i landet. Kan ein strekke det lenger, spør forskargruppa som bidrar i dette nummeret. Kan vi vinne på å reindyrke perspektiv og teoriar innafor lokalhistoria? Ja, meiner redaksjonen i Heimen, som også seier ja, takk til å prøve ut uprøvde perspektiv og teoriar. For kanskje er det nettopp føresetnaden for at historiefaget framleis skal vere eit livskraftig fagfelt?

Bidraga og bidragsytarane blir presentert innleiingsvis av Hilde Gunn Slottemo, og så følgjer eit vidt spekter av artiklar som alle har vore nøye vurdert og kommentert av fagfeller. Fleire av dei innvendingane som har komme vil kanskje også bli følgt opp av seinare kommentarar frå andre historikarar. Det ønskjer redaksjonen sjølvsagt velkommen. Historievitskapen kan ikkje rotne på rot. Her trengs meiningsbrytningar og nye perspektiv, kort sagt fagutvikling. «Lenge leve kjøteren».