Heimens første nummer i 2013 tar laus med ein artikkel om dei demografiske konsekvensane av kollapsen i vårsildfisket i Karmsundområdet i Rogaland i 1870. Artikkelen tar oss til ein region med ein lang periode med ein sterk, «sildedriven» folketalsvekst etter 1815. Vårsilda skapte veksten, som etter kvart avtok i tida 1866–75. Kva rolle spelte byane i regionen som krisehindrar og korleis hjelpte nye næringar til med å avhjelpe krisa? Generelt skulle ein dessutan tru at kollapsen ville gi auka emigrasjon, men slik vart det ikkje. Masseutvandringa vart sett på vent, og Tysdal forklarar korfor.

Harald Espeli set deretter lyset på husdyrforsikringane, eit episodisk, men viktig fenomen særleg i tida etter 1890 og fram til traktoren slo gjennom etter krigen. Espeli viser kva rolle staten spelte i denne forsikringsordninga, og ser særleg på kva husdyrordninga spesielt tok sikte på å sikre økonomisk.

Neste artikkel ut er skriven av Folke Forfang. Han spør seg om den vanlege oppfatninga om framveksten av husmannsvesenet kan stemme. Var det slik at husmannsvesenet fann forma si på slutten av 1600-talet og først kom med full tyngd utover 1700-talet, eller var det ikkje slik at det alt var utvikla før? Forfang prøver i sin artikkel å argumentere for det siste.

Så til slutt blant artiklane tar Oddmund Hoel oss med til Jostedalen og ser på klimaendringane kring 1740-åra, då breane nådde sitt maksimum under den vesle istida. I brebygda i Indre Sogn gjekk det ut over gardar både heilt konkret, men også fordi delar av beite- og slåtteområda vart øydelagde. Det var sett i verk naudhjelpstiltak overfor allmugen våren 1743, og sette slik Jostedalen i ei særstilling i Bergen stift når det galdt krisetiltak. Artikkelen analyserer bakgrunnen for og gjennomføringa av krisetiltaka i Jostedalen, og gjev dokumentasjon av hendingsgangen og korleis røyndomen arta seg for embetsmennene i samspel med allmugen.

Ut over det har vi også nokre bokmeldingar som tar opp den rikhaldige litteraturen som finst om lokalhistorie for tida. Redaksjonen har lagt vinn på å melde både det heilt lokale og norske, men også dra ut over dagens landegrenser.