I dette nummeret har redaksjonen strekt seg for å skaffe nye, unge bidragsytarar heilt i forskingsfronten. Under sesjonen Etnisitet, kjønn og entreprenørskap i nordiske byer, ca. 1850-2000, heldt fire kvinner innlegg om si forsking på det Nordiske historkermøtet i Tromsø i 2011. Redaksjonen meinte dette var stoff som fortente eit større publikum, og lesarane av Heimen er så heldige å få del i forskinga om økonomisk entreprenørskap i nordiske byar. Sentralt har spørsmålet om korleis ein kan finne alternative tilnærmingsmåtar til forståinga av entreprenørskap. Forskarane meinte at historikarar/samfunnsforskarar har hatt ein tendens til å sette likskapsteikn mellom storleik, vekst og viktigheit i entreprenørskapsøkonomien. Entreprenørskap vil dermed handle primært om å etablere ny verksemd og få bedrifta til å vekse og bli lønnsam. Det bryt med den kanskje vanlegaste form for entreprenørskap i byane på 1800- og storparten av 1900-tallet: enkelt- og levebrødsforetaket, ofte av avgrensa varigheit og med heimen eller familien som ressurs. Når våre fire forskarar set fokus på forskjellane mellom kvinnelege og mannlege entreprenørar og mellom entreprenørar av ulik etnisk bakgrunn, inviterer dei samstundes til meir forsking og diskusjon om forholdet mellom sosioøkonomiske strukturar, sosiale og kulturelle ideal og økonomisk verksemd. Studia av etniske og kvinnelege næringsutviklarar har nemleg gitt større innsikt i korleis økonomiske prosessar bidreg til endring av kultur, og ikkje minst viser dei korleis kultur kan verke inn på økonomiske prosessar. Korleis er forholdet mellom bedriftsetablering og inkluderings- og ekskluderingsmekanismane i arbeids- og næringsliv? Korleis fungerer nettverk og organisasjonar? Kva funksjon har entreprenørskap hatt for de ulike gruppene? Endeleg vil dei ulike entreprenørane si rolle i utforminga av det fysiske og visuelle byrommet bli drøfta.

Anna Brismark og Pia Lundqvist fører oss inn i 1800-talets Göteborg, der nettverka til jødane som slår seg ned i byen, er i fokus. Eirinn Larsen tar oss med inn i handelsstanden i Kristiania, ein solid mannsbastion rundt 1900. Larsen viser oss kvinnestrategiar innan varehandelen. Til slutt viser Helga Gjernes oss korleis ein omfattande omførselshandel med ulike varar kan bli til forretningsliv i norske byar mellom 1850-talet og 1940. Mange norske byar fekk jødiske innslag før andre verdskrigen nettopp på basis av slike etableringar. I dei to studia av jødisk entreprenørskap i Noreg og i Sverige, vil det også framgå at det er snakk om ulike jødiske nettverk og jødar med ulik sosial status. Jødisk er med andre ord ikkje noko eindimensjonalt.

I tillegg til denne seksjonen har redaksjonen funne plass til to heilt andre tema. Den eine artikkelen av Ernst Berge Drange, fører oss over Atlanteren til ein nybyggarkoloni skapt av nederlandske pionerar, seinare kalla New York. I følgjet av nederlandske kolonistar finn ein også norske deltakarar. Desse norske og nederlandske pionerane utgjorde eit transatlantisk fellesskap, slår Drange fast.

Deretter får vi ei innføring i dei første kimane til ein norsk idrettspolitikk. Kolbjørn Rafoss, idrettshistorikar frå Høgskolen i Finnmark, syner korleis dette langt frå er eit etterkrigsfenomen, men korleis grunnlaget nettopp vart lagt i tida før 1940.

Tradisjonen tru har vi også denne gongen fått med fleire bokmeldingar, og som ein ser av utvalet, pågår det eit mangfald av forsking innafor feltet lokal- og regionalhistorie. Det mangfaldet er på mange vis eit bilete av korleis stoda er i faget. Ingen tema er framand for ein som forskar på tidsdimensjonen. Det vil redaksjonen også halde oppe som eit ideal.