Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}
{{article.articleTitle}}
{{article.articleSubTitle}}
Vitenskapelig publikasjon
av , & {{contributor.name}}
Publisert {{article.publishDate}} (Side {{article.pageFrom}}-{{article.pageTo}}) (Side {{article.pageFrom}})
Vis flere
HEIMEN -- TIDSSKRIFT FOR LOKAL OG REGIONAL HISTORIE

Heimen er det sentrale vitenskapelige tidsskriftet for alle som arbeider med og interesserer seg for historie med grunnlag i det lokale og det regionale.

Heimen publiserer studier over lokale samfunn eller fenomener som kan kaste lys over større enheter eller spørsmål. 

Heimen har vært organ for Landslaget for lokalhistorie siden 1922 og retter seg mot forskere, studenter, lærere og andre med interesse for historie.

Tidsskriftet utgis av Universitetsforlaget på vegne av Landslaget for lokalhistorie, og med støtte fra Nasjonalt tidsskriftkonsortium for humaniora og samfunnsvitenskap.

Heimen kommer ut fire ganger årlig.

For medlemskap i Landslaget for lokalhistorie og avtale om foreningsabonnement, kontakt foreningen på: http://landslaget.org/.

Fra 2017 er tidsskriftet utgitt med åpen tilgang (open access).

KVALITETSVURDERING
Alle forskningsartikler som anses aktuelle for publisering i tidsskriftet vurderes av minst to anonyme fagfeller uten bindinger til forfatteren. I tillegg vurderes artiklene av redaksjonen, og endelig avgjørelse om publisering foretas av ansvarlig redaktør. Tidsskriftet praktiserer «dobbelt blind» fagfellevurdering, hvor verken fagfellene eller forfatteren kjenner hverandres identitet. 

Tidsskriftet krever ingen vurderings- eller publiseringsavgifter.

INDEKSERING
Tidsskriftet er indeksert og søkbart i følgende baser:
  • ERIH PLUS
  • SHERPA/RoMEO
  • Google Scholar
  • Primo Central Index (Ex Libris) / Oria
  • The Summon Service (ProQuest)
  • Ebsco Discovery Services
  • WorldCat Lokal (OCLC)
Alt innhold i dette tidsskriftet eksporteres også til Portico, et arkiv som sikrer varig tilgang til digitale tidsskrifter, bøker og samlinger.

Tidsskriftet er godkjent som vitenskapelig publiseringskanal på nivå 1 hos NSD – Norsk senter for forskningsdata (for Norge og Sverige), i Uddannelses- og Forskningsministeriets autorasjonsliste for serier (Danmark) og i Publikationsforum (Finland).

 

 
ANSVARLIG REDAKTØR
Oddmund Løkensgard Hoel, professor, ph.d., Institutt for samfunnsvitskap, Høgskulen på Vestlandet, Sogndal

REDAKSJON
Annette Langedal Holme, arkivar, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Leikanger
Yngve Nilsen, professor, dr.art., Institutt for samfunnsvitskap, Høgskulen på Vestlandet, Sogndal
Mari Sofie Sandvik, formidlingsleiar, De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, Sogndal
Gunnar Yttri, førsteamanuensis, dr.philos., Institutt for samfunnsvitenskap, Høgskulen på Vestlandet, Sogndal

REDAKSJONSSEKRETÆR
Tina Veronica Bjørk

REDAKSJONSRÅD
Line Grønstad, stipendiat, Norsk folkemuseum, Oslo
Hans Hosar, forskar, Norsk lokalhistorisk institutt, Oslo
Berit Eide Johnsen, professor, dr.art., Universitetet i Agder, Kristiansand
John Ragnar Myking, professor emeritus, dr.art., Høgskulen på Vestlandet, Bergen
Aud Mikkelsen Tretvik, professor, dr.art., NTNU, Trondheim
Steinar Aas, professor, dr.art., Nord Universitet, Bodø

KONTAKT REDAKSJONEN
E-post: heimen@landslaget.org

Heimen
Institutt for samfunnsvitskap, HVL
Postboks 133
6851 Sogndal 

 
(Gjelder fra Vol. 54, 2017)
Heimen er et vitenskapelig tidsskrift med åpen tilgang (open access). Det betyr at det er gratis tilgjengelig for alle på internett, uten noen form for betalings-, registrerings- eller innloggingsbegrensninger.

Alle artikler i tidsskriftet publiseres i overenstemmelse med Creative Commons-lisensen CC BY-NC 4.0. Det betyr at alle fritt kan lese, laste ned, kopiere, skrive ut, søke i eller lenke til den fullstendige og ferdig bearbeidede teksten. Bruken er begrenset til ikke-kommersiell aktivitet, og rettigheter til bruk ut over dette skal innhentes fra forfatter(ne) og eventuelt andre opphavsmenn tilknyttet innholdet i artikkelen.  
Heimen er det sentrale vitskaplege tidsskriftet for alle som arbeider med og interesserer seg for historie med grunnlag i det lokale og det regionale.

Heimen publiserer studiar over lokale samfunn eller fenomen som kan kaste lys over større einingar eller spørsmål. Artiklane kan vere empirisk, metodisk eller teoretisk orienterte, dei skal basere seg på original forsking av høg kvalitet og må forhalde seg til forskingsfronten på sitt felt. Redaksjonen ønskjer særleg å løfte fram nye tema og artiklar som er teoretisk eller metodisk nyskapande og kan bringe forskingsfeltet vidare. Gjennom vitskaplege artiklar, debattinnlegg og bok­meldingar skal tidsskriftet spegle heile landet, men redaksjonen er også open for relevante internasjonale bidrag.  Lokal- og kulturhistorisk interesserte med ulik bakgrunn og frå ulike fag er velkomne som bidragsytarar. Heimen publiserer også artiklar frå arkiv-, museums- og kulturminnefelta.

Heimen kjem ut fire gonger årleg. Alt innhald blir publisert med fri tilgang (open access) under Creative Commons-lisensen CC-BY-NC 4.0 (les meir).

Redaksjonen sender ikkje ut trykte forfattareksemplar. Dersom du ønskjer å kjøpe eksemplar av tidsskriftet, kontaktar du Landslaget for lokalhistorie, sekretariatet@landslaget.org, innan den oppgjevne fristen.

Innsending av manus
Manuskript skal sendast til redaksjonen på e-post for vurdering: heimen@landslaget.org.

Fristar for innsending av førsteutkast vil normalt vere:
  • Nr. 1: 15. november (publisering i april)
  • Nr. 2: 1. februar (publisering i juni)
  • Nr. 3: 1. mai (publisering i oktober)
  • Nr. 4: 1. august (publisering i desember)
Artiklane må ikkje ha vore publisert andre stader og må heller ikkje vere under vurdering for publisering andre stader.

Bokmeldingar må avtalast med redaksjonen på førehand og blir normalt tinga av redaksjonen.

Den redaksjonell prosessen -- faglig kvalitet
Redaksjonen gjer først ei vurdering av om artikkelen har ein kvalitet og eit potensiale som forsvarar å sende han til fagfellevurdering.

Heimen praktiserer dobbelt blind fagfellevurdering av to fagfellar der korkje fagfellar eller forfattar kjenner identiteten til kvarandre. Fagfellane skal ikkje ha bindingar til forfattaren. I tillegg blir artiklane vurderte av redaksjonen.

Forfattar får tilsendt fagfellevurderingane og redaksjonelle vurderingar på e-post. Forfattar vil då bli orientert om artikkelen blir refusert, må omarbeidast før publisering eller blir godkjent for publisering.

Saman med revidert versjon leverer forfattar eit kort notat om korleis innvendingar i fagfellevurderingane er følgde opp. Endeleg avgjerd om publisering blir teken av hovudredaktør.

Dersom manuskriptet blir godkjent for publisering, mottek forfattar framlegg til språkkorrigeringar frå ekstern språkvaskar. Deretter vil forfattar få ein ombroten 1. korrektur i pdf-format. Språkvask og korrektur må returnerast innan fristen som blir oppgjeven.

Krav til manus
All tekst skal vere i eitt Word-dokument. For vitskaplege artiklar skal dokumentet innehalde:
  • artikkeltittel på norsk og engelsk
  • forfattarnamn, tittel, institusjonstilknyting og e-post-adresse
  • samandrag/abstract på norsk og engelsk – inntil 200 ord
  • 3–5 nøkkelord/keywords på norsk og engelsk
  • tabellar – bruk tabellfunksjonen, ikkje tabulator/mellomrom
  • illustrasjons-/bilettekstar – sette inn om lag der illustrasjonen skal stå
  • kjelde- og litteraturliste
Den samla tekstmengda, alt medrekna, skal normalt ikkje overstige 50 000 teikn inkludert mellomrom.

Berre biletfiler skal leverast som eigne dokument (sjå nedanfor), dei skal ikkje limast inn i tekstdokumentet.

Artikkelen skal i tillegg leverast i anonymisert versjon der forfattarnamn er stroke og utan direkte referansar som kan identifisere forfattaren i brødtekst og referansesystem.

Debattinnlegg skal vere på maksimalt 24 000 teikn inkludert mellomrom og bokmeldingar maksimalt 14 000 teikn.

Formelle krav til manus
  • Bruk standardmalen i Word utan eigne formateringar og tilpassingar. I ombrytinga blir all formatering uansett sletta.
  • Mellomtitlar: Bruk maksimalt to og helst berre eitt nivå. Første mellomtittel skal vere «Innleiing»/«Innledning» der artikkelen byrjar. Marker mellomtitlar med stil («Overskrift 1, 2» m.m. i Word).
  • Skru av automatisk orddeling og bruk ujamn høgremarg, ikkje blokkjustering.
  • Ved innrykk, bruk tabulator, ikkje mellomromtasten.
  • Lengre sitat enn 3 linjer blir skilde ut som eige avsnitt med innrykk. Utelatingar i sitat blir markerte med (...). Sitat skal ha vanleg skrift, ikkje kursiv. Hermeteikn skal brukast rundt sitat i løpande, men ikkje rundt lengre sitat skilde ut som avsnitt.
  • Ved utheving – bruk berre kursiv, ikkje understreking og ikkje halvfeit skrift.
  • Bruk fotnotar, ikkje sluttnotar. Nummerering: 1, 2, 3 osb. I publisert pdf-versjon blir det brukt fotnotar. Ikkje lag fotnotar til overskrifter/mellomtitlar.
  • Legg inn sidetal og versjonsdato i botntekst.
  • Språkhjelp: sjå https://www.sprakradet.no/ – seksjonen Språkhjelp. Her ligg også ei liste med skrivemåten på historiske namn.
  • Takk: om ein ønskjer å takke gode hjelparar, blir dette gjort i eit eige underkapittel rett før referanselista, ikkje i første fotnote.
Referansesystem
Heimen brukar APA 6th med fotnotar (norsk). Alle referansar skal såleis plasserast i fotnotar, ikkje i løpande tekst. Kildekompasset kan konsulterast for ei innføring.

Referanselista skal kome til slutt, etter hovudteksten. Lista skal førast alfabetisk på etternamnet til første forfattar. Alle referansar bør kome i same liste med mindre det er gode grunnar for å dele lista i fleire seksjonar.

Utrykte kjelder (arkivmateriale, munnlege kjelder o.l.) blir førte i ein eigen seksjon før referanselista med trykte kjelder. Kontakt redaksjonen for nærare råd om føring av utrykte kjelder om dette er aktuelt.

DOI-referansar
Referansane skal alltid ha med DOI (digital object identifier) for kjelder som har dette. DOI skal vere ein klikkbar URL og skal plasserast til sist i referansen. Om du er usikker på kva DOI-koden til ein referanse er, eller om det finst ein DOI-kode, kan du gjere eit raskt søk etter tittel, forfattarnamn osb. på http://search.crossref.org/.

Illustrasjonar
Redaksjonen vil gjerne ha 4–6 illustrasjonar artikkelen. Dette kan vere fotografi, diagram, kart eller liknande. Forfattar må:
  • levere illustrasjonane som biletfil i eit vanleg format (jpg, jpg2000, tiff, pgn e.l.) og i god oppløysing, normalt minst 300 dpi.
  • levere ferdig utforma grafiske illustrasjonar (kart, diagram). Redaksjonen har ikkje tilgang på grafisk teiknar. Redaksjonen kan likevel hjelpe til med utforminga av enkle Excel-diagram, legg i så fall ved talunderlaget til diagramma som eige reknearkdokument.
  • avklare alle spørsmål om rettar til bruk av illustrasjonar. Redaksjonen kan betale arkivavgifter og vederlag for rettar innan rimelege grenser.
  • levere illustrasjonstekstar, som skal setjast inn i tekstdokumentet om lag der illustrasjonen skal stå. Teksten skal innehalde illustrasjonsnummer («Illustrasjon nr. 1»), illustrasjonsoverskrift, omtale av illustrasjonen og krediteringsopplysningar (kjelde for illustrasjonen, eigar, rettigheitshavar o.l.)
Tabellar er ikkje illustrasjonar, men tekstelement og skal setjast opp av forfattar i tekstdokumentet (sjå ovanfor).

Etter publisering
Forfattar får ei lenkje til artikkelen på idunn.no etter at artikkelen er publisert.

Om forfattarrettar, les her.

Publiseringsetikk
Redaksjonen er oppteken av at det som blir publisert i Heimen, er av høg fagleg kvalitet og følgjer internasjonale etiske standardar for vitskapleg publisering. Tidsskriftet følgjer retningslinjene til Committee of Publication Ethics (COPE).

(Sist revidert 19.5.2020)

Sist publiserte

Mest lest siste 30 dager

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon