Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

11. Flere Farger Bodø – om å skape nye krysskulturelle fellesskap

Anniken Førde er professor i samfunnsplanlegging og kulturforståing ved UiT Norges arktiske universitet. Forskingsfelt er m.a. stedlige transformasjonsprosessar, improvisatoriske forskingspraksisar og berekraftige mangfaldige samfunn.

Tone Magnussen er seniorforskar ved Nordlandsforsking og har brei røynsle frå forsking, evaluering og utviklingsarbeid. Mangfald og integrasjon er ei viktig forskingsinteresse. Magnussen er aktiv forskingsformidlar og er engasjert i frivillig arbeid, på feltet mangfald og integrasjon.

Samandrag

Flere Farger Bodø er eitt av mange initiativ for å skape nye fellesskap i kjømda av flyktningstraumen i 2015. Kva encounters oppstår i slike prosjekt, og kva transformative potensial har dei? Gjennom sterke forteljingar om gylne augneblinkar av fellesskap på og bak scena, men også om dynamikkar som gjer samhandling på tvers vanskeleg, argumenterer vi for at etablerte samfunnsinstitusjonar har mykje å lære av slike prosjekt; Å legge til rette for fellesskap bidrar til å etablere «spaces of hope».

Nøkkelord: Flere Farger, encounters, krysskulturell samhandling, segregering, spaces of hope

Flere Farger Bodø is one of many art-based initiatives to create cross-cultural interaction after the increase of refugees to Norway in 2015. What encounters take place in such projects, and what are their transformative potentials? Through stories of precious moments of community, but also of everyday structures creating segregation, we argue that established institutions have much to learn from such projects; bringing youths together in common performance, they contribute to spaces of hope.

Keywords: Art-based projects, encounters, cross-cultural interaction, segregation, spaces of hope

Innleiing

Hausten 2015 opplevde Norge, i likskap med andre europeiske land, ein stor auke av asylsøkarar til landet. Media var fylde av sterke bilete av menneske på flukt, og omgrepet «flyktningkrise» blei etablert (Bygnes 2017). Denne situasjonen utfordra kompetanse og kapasitet i det offentlege mottaksapparatet, og førte til ein omfattande sivilsamfunnsinnsats på små og store stader. På lokalt nivå skjedde det ei stor frivillig mobilisering knytt til dei mange nye asylmottaka som blei etablerte. Fladmoe (mfl. 2016) viser at ein av tre nordmenn bidrog aktivt, enten ved å donere pengar, mat eller klede – eller gjennom frivillig innsats. Nye samarbeids- og organisasjonsformer oppstod på tvers av etablerte samarbeidsmønster, og nye pop-up-initiativ kom til. I Bodø blei det oppretta to akuttmottak, og det oppstod eit stort frivillig engasjement i tilknyting til desse. Det blei sett i gang innsamling og utdeling av klede, sko og andre livsnødvendigheiter, det blei organisert kafédrift på mottaka, i tillegg til ei rad sosiale og kulturelle aktivitetar. Dei mange initiativa kom både som opposisjon mot og supplement til myndigheitene og velferdsstaten si handtering av dei nyankomne. Vi har vald å sjå nærare på eit av dei mange prosjekta som blei til i kjølvatnet av merksemda og engasjementet denne hausten: Flere Farger Bodø. Flere Farger Bodø kan forståast som ein av fleire micro-publics (Amin 2002), eit rom for utvekslande møte basert på felles interesser som kan skape utvikling av nye, krysskulturelle forståingar. Denne antologien fokuserer på lokale integreringsforteljingar; på korleis integrering blir forhandla i folk sine kvardagsliv så vel som i politikk- og vilkårsutforming (Sætermo, Gullikstad og Kristensen 2021). Inspirert av den aukande litteraturen om urban encounters (Ahmed 2000; Valentine 2008; Wilson og Darling 2016; Førde 2019) vil vi skrive fram lokale forteljingar om korleis møte oppstår, kva som skjer i møta, og korleis slike møte kan bidra til å skape nye krysskulturelle dialogar og relasjonar. Vi er særskilt opptatt av dei mange gylne augneblinkar av fellesskap som oppstår, og korleis desse bidrar til oppleving av å høyre til i byen og skaper spaces of hope (Back 2015). Vidare er vi opptatt av kva som strukturerer moglegheitene for krysskulturell samhandling. Ved å sjå på korleis slike initiativ inngår i, motverkast av og utfordrar breiare strukturelle rammer for samhandling lokalt, ønsker vi å utforske deira transformative potensial for nye krysskulturelle dialogar og relasjonar. Vår analytiske ambisjon er dermed tredelt: å utforske korleis møte på tvers av kulturell bakgrunn finn stad, kva som mogleggjer kryss-kulturell samhandling, og kva potensial slike møte har for å skape nye lokale fellesskap i den mangfoldige byen.

Bakgrunn: frå Fargespill til Flere Farger Bodø

Mange av initiativa til å skape nye møteplassar som inkluderer dei nye i byen, er initiert av kunst- og kulturaktørar. Flere Farger Bodø er eit av mange slike lokale initiativ. Det har sitt utspring i det fleirkulturelle musikkprosjektet Fargespill, som starta i Bergen i 2003, då Ole Hamre og Sissel Saue blei invitert til å bidra i kulturskolen si framsyning Mosaikk under Festspela i Bergen. Barn og unge i alderen 7–22 frå alle delar av verda kom saman, og bringa med seg musikk og dans frå heimlanda sine. Dette blei sett saman til ei framsyning som seinare blei utvikla vidare til Fargespill – som både er ein kreativ metode for fleirkulturelt arbeid, og ei profesjonell framsyning. Filosofien bak Fargespill er ressursorientert og basert på ei kreativ utforsking av kva moglegheiter som oppstår når forskjellar møtest. I praksis inneber det at barn og unge, mange med innvandrarbakgrunn, blir oppmoda til å hente fram eigne musikk- og danseuttrykk og ta desse inn i arbeidet med Fargespill der det skjer ei kunstnarisk omarbeiding på vegen mot framsyning.

Fargespill har mottatt ei rad prisar og utmerkingar og blir ofte halde fram som ei suksessoppskrift på integrering gjennom si framheving av mangfald som ressurs. Etter dei første framsyningane i Bergen spreidde Fargespill seg raskt til andre stader i Noreg, som lagde sine eigne Fargespill-framsyningar, som Flere Farger Bodø. Fargespilll-metodikken er jamvel tatt inn i lærarutdanninga ved Høgskolen på Vestlandet. Denne måten å løfte fram mangfald på gjennom kunstnariske uttrykk har også møtt kritikk i kunstfaglege miljø. Ein av kritikarane er Solomon, professor i musikk, som på bakgrunn av ein analyse av framsyningane karakteriserer Fargespill som «a reassuring story white Norwegians tell themselves about multicultural Norway» (Solomon 2016:188). Solomon sitt utgangspunkt er at dei kulturelle uttrykka som kjem til synes i Fargespill, er basert på ei forståing av ulikskap der det norske blir oppfatta som ein standard. I kjølvatnet av dette oppsto det ein diskusjon i nettavisa Ballade, der skribent Skanding (2016) argumenterer for at framsyninga har ei problematisk framstilling av det eksotiske; uttrykka til barn og unge blir representert som «det andre» – der det norske blir ein normal som «det andre» blir spegla mot. Fargespill-organisasjonen kom med tilsvar til kritikken, kor dei legg vekt på ressursfokuset i Fargespill, der det er deltakarane sitt eige materiale som ligg til grunn for uttrykket på scena (Moberg mfl. 2016). Eit viktig grunnlag for Fargespill er dette: «Vi ønsker nettopp ikke å vise ‘det fremmede’ eller ‘det eksotiske’, men å blande de musikalske og kunstneriske kulturer som finnes i Norge» (ibid.). Fargespill-organisasjonen trekk fram at arbeidet fram mot framsyning er ein involverande prosess, der ulike kulturuttrykk får si form i møte med andre. Kvifte (2016) trekker fram nettopp dette elementet ved Fargespill: «Integrering dreier seg ikkje om konsertførestillingar; det dreier seg om moglegheiter for praktisk samhandling». Det viktigaste elementet i Fargespill er samhandlinga mellom aktørane undervegs mot ei framsyning; samarbeidet i det mangfaldige norske samfunnet når ein skal lage noko saman. Forsøk på å synleggjere kulturelt mangfald vil alltid stå i fare for å fryse kulturelle forskjellar. Samstundes opnar det å la ulike kulturuttrykk møtast, slik ein gjer i Flere Farger Bodø, for heilt nye uttrykk og komposisjonar som overskrid slike forskjellar.

I våre analysar av Flere Farger Bodø er søkelyset retta mot Fargespill som prosess snarare enn produkt, som arenaer for samhandling og for møte mellom menneske med ulik bakgrunn. Det var også eit ønske om å skape nye møteplassar som gjorde at prosjektet blei starta i Bodø. I musikkmiljøet i byen hadde det over tid vore eit engasjement omkring Fargespill, som blant anna leidde til eit seminar med Ole Hamre. Det var Nordnorsk Jazzsenter som i 2015 tok initiativ til ein lokal versjon av Fargespill. «Vi hadde Fargespill på ønskelista, og så var det jo super-ultra-aktuelt i forhold til situasjonen som var da», seier dagleg leiar. Dette var på ingen måte eit typisk Nordnorsk Jazzsenter-prosjekt, men styret sa likevel ja til å gjere eit pilotprosjekt med mål om å opparbeide kompetanse som kunne formidlast vidare til andre aktørar i landsdelen. «Så gjorde vi det for første gong her i Nord-Norge – ein pilot som andre kan kopiere, som dei kan gjere sine variantar av», held dagleg leiar fram. Prosjektet fekk tittelen Flere Farger Bodø. Sommerfuggel i vinterland.

Forankring til landsdelen blei vektlagt i den vidare utviklinga av Flere Farger Bodø. Undertittelen Sommerfuggel i vinterland refererer til songen av Halvdan Sivertsen med same tittel og blei vald ut frå ei sterk tilknyting til Bodø og lokale forhold i byen. I tillegg var ein frå Nordnorsk Jazzsenter si side opptatt av å ha eit tydeleg fokus på samiske og russiske kulturuttrykk, som er sterkt representerte i byen. Etter styrevedtaket om å gå i gang kom prosjektleiar formelt på plass i Nordnorsk Jazzsenter, og etter kvart også kunstnarisk leiar og instruktørar. Dei tilsette ein musikkpedagog med lang erfaring med ungdomsarbeid i byen som kunstnarisk ansvarleg, ein lokal trommeslagar som musikkinstruktør samt to unge danseinstruktørar som sjølv har innvandrarbakgrunn, som fekk ansvar for koreografi og danseopplæring. Arbeidet med å skaffe finansiering starta, og her bidrog offentlege aktørar, privat næringsliv og ideelle organisasjonar. Rekrutteringa av deltakarar starta våren 2016 og blei gjort gjennom to mottaksskolar og eit asylmottak for einslege mindreårige. Frå skolane søkte ein å rekruttere ungar frå både ordinære klassar og innføringsklassar. Dei fleste som blei med, var tospråklege elevar ved skolane, frå mange ulike nasjonalitetar, og ei gruppe unge gutar, i hovudsak frå Afghanistan og Syria, frå asylmottaket. Gjennom våren og heile hausten hadde dei øvingar, i starten på den enkelte skole, mot slutten felles. Om hausten kom det til fleire etnisk norske deltakarar, i hovudsak rekrutterte frå kormiljøet i byen. 25. oktober 2016 var det framsyning for ein fullsett sal i Stormen kulturhus, med 50 barn og unge på scena, saman med profesjonelle musikarar. Ut frå våre analytiske ambisjonar spør vi: Kva møte fann stad gjennom denne prosessen, og kva var vilkåra som gjorde dei moglege? Kan erfaringane frå dette lokale prosjektet lære oss noko om korleis vi kan legge til rette for krysskulturell samhandling, og dermed bidra til ein meir inkluderande by kor fleire erfarer at dei høyrer til?

Eit transformativt perspektiv på krysskulturelle møte

Vår studie av Flere Farger Bodø er ein del av forskingsprosjektet Cit-egration,1 kor vi studerer ei rekke ulike initiativ for å framme krysskulturell samhandling. I eit relasjonelt stadperspektiv er vi opptatt av korleis stader gjerast gjennom multiple encounters (Massey 2005), og forstår stader som nettverksbaserte møtestader av materielle, sosiale og kulturelle relasjonar som strekk seg langt ut over det lokale (Berg, Dale, Førde og Kramvig 2013). Vidare har vi som utgangspunkt at retten til byen, til byens rom, deltaking og medverknad, inneber retten til encounters; til dagleg kontakt så vel som meir flyktige møte (Amin 2002). Vi er opptatt av kva som skal til for å skape møte på tvers av kulturelle forskjellar, kva som skjer i desse møta, og kva potensial dei har for å skape rom for krysskulturell samhandling og dialog. Likt Wilson (2013) argumenterer vi for at vi treng meir kunnskap om kva som gjer slike encounters, eller møte, produktive. For å forstå korleis slike initiativ verkar, må vi studere korleis møte skjer, og korleis dei influerer på folk sin sameksistens i kvardagen. Utfordringane med å leve med stadig større mangfald har leia til ei auka interesse for encounters i studiar av byliv (Valentine 2008; Wilson og Darling 2016; Koefoed, Christensen og Simonsen 2017; Førde 2019). Den fleirkulturelle byen blir kontinuerleg skapt av eit mangfald av møte. Som Valentine (2008) argumenterer, treng vi derfor meir kunnskap om korleis krysskulturelle møte går føre seg, og korleis dei kan bidra til tillit og dialog.

Vi er opptatt av det transformative elementet ved slike møte. Wilson og Darling (2016) argumenterer for at encounters handlar om vedlikehald, produksjon og omforming av forskjell. Møta er arena for forhandling om grenser, toleranse og aksept for kulturelt mangfald. Encounters rommar både møte og samanstøt; moglegheiten for brytningar og konfrontasjon, men også for nye koplingar mellom folk og deira stadlege omgjevnader. I eit slik perspektiv er ikkje byen berre ein stad kor eksisterande forskjellar møtast; dei møta som skjer, kan også skape og omforme forskjell. Dette er særskilt interessant i studie av eit prosjekt som Flere Farger, som aktivt går i inngrep med forskjellar i kulturuttrykk, og søkjer å skape noko nytt av det. Som nemnt er Fargespill også kritisert for å bidra til eksotisering og dermed til å oppretthalde innvandrarungdom som «dei andre». Men kva skjer i dei faktiske møta? Som Valentine (2008) påpeiker, kan encounters produsere konflikt og uro. Dei kan også produsere tillit og respekt, og dermed skape nye moglegheiter. Kunst- og kultur-drivne initiativ blir ofte halde fram som å ha eit særeige potensial for å skape meiningsfull samhandling på tvers av kulturelle forskjellar og etablerte skiljeliner i samfunnet (Askins og Pain 2011; Nunn 2010; Førde 2019). Askins og Pain er opptatt av korleis kunst og kultur tilbyr moglegheiter for kulturell utveksling, som igjen bidrar til krysskulturell forståing. Gjennom å skape rom også for marginaliserte uttrykk, kan kunst- og kultur-prosjekt produsere det dei kallar transformative og mogleggjerande rom (enabling spaces) (Askins og Pain 2011: 818).

Ved å studere det transformative ved krysskulturelle møte ønsker vi å diskutere kor vidt dei kan leie til slike mogleggjerande rom, og dermed skape håp for ei ny framtid – for deltakarane, men også for byen. Vi hentar inspirasjon frå Back sine perspektiv på ein sociology of hope, som både fokuserer på imaginære framtider og notidas vilkår. «Hope is not a destination; it is perhaps an improvisation with a future not yet realised» (Back 2015:1). Håp er dermed eit empirisk spørsmål. Håpet er framoverretta, forankra i notida, med forventningar om at noko kan hende, noko uføreseieleg som kan gje nye, uventa moglegheiter. Back hevdar at håpet er til stades i kvardagen, som eit glimt av ei anna framtid. Ein sociology of hope krev større merksemd mot augneblinkar som skaper slike glimt, men også på vilkåra som gjer dei moglege (ibid.). I våre analysar av Flere Farger vektlegg vi nettopp slike gylne augneblinkar av fellesskap og håp. Samstundes er vi opptatt av kva som strukturerer moglegeitene for nye inkluderande fellesskap. Som Askins og Pain (2011) påpeiker, er det mange barrierar for krysskulturell samhandling, inkludert fysisk segregering, språkforskjellar, manglande moglegheiter, mistillit og frykt. Vi nyttar encounters som inntak til å utforske kva som gjer fellesskap mogleg. Ved å analysere Flere Farger Bodø som arena for eit mangfald av møte ser vi på det transformativt potensialet slike møtestader kan ha både gjennom å bidra til stabiliserande strukturar, men også gjennom moglegheitene for spontane, uventa opplevingar. Vi ser også på samanstøt, på kva som motverkar krysskulturelle møte og samhandling.

Metode

For å kunne utforske kva møter som finn stad gjennom eit initiativ som Flere Farger Bodø, kva som gjer samhandling mellom aktørar på tvers av ulik bakgrunn mogleg, så vel som kva som gjer det vanskeleg, har vi vald ein brei metodisk inngang. Våre analysar bygger på forteljingane til instruktørar og deltakarar i prosjektet, så vel som eigne observasjonar. Vi har følgd arbeidet med Flere Farger Bodø gjennom å vere til stades på øvingar og framsyning, og intervju med instruktørar og kunstnarisk ansvarlege, prosjektleiar, prosjekteigar og tre deltakande ungdommar. I tillegg har vi hatt tilgang til foto- og filmmateriale frå Nordnorsk Jazzsenter samt skriftleg materiale knytt til Flere Farger Bodø. For å kunne seie noko om dei vidare strukturelle rammene for samhandling i desse ungane og ungdommane sine liv har vi også intervjua aktørar frå institusjonar som er sentrale i deira kvardagsliv; leiing ved mottaksskole, lærar i innføringsklasse i grunnskolen, tilsette og leiar ved mottak for einslege mindreårige. Totalt har vi intervjua 13 personar. I utgangspunktet ønskte vi å intervjue eit større utval av deltakarar i Flere Farger Bodø, men av praktiske og forskingsetiske omsyn har det ikkje vore aktuelt å intervjue barn under 15 år.2 Dei deltakarane vi har intervjua, er alle over 18 år, og har sjølv gjeve informert og aktivt samtykke til deltaking. Trass i ulik språkleg og kulturell bakgrunn har alle vi har snakka med, grunnleggande kunnskap i norsk. Alle intervju er derfor gjennomført på norsk. Gjennom intervjua har vi fått fram eit mangfald av forteljingar om Flere Farger Bodø, men også om andre møte og mangel på møte i byen. Eit slikt inntak gjer det mogleg å løfte fram og bygge våre analyser på deira forteljingar, og deira måtar å skape samanheng på (Gullestad 1996).

Forteljingar er ikkje berre eit metodisk grep for å få tilgang til deira erfaringar og fortolkingar. Gjennom møta skapast nye forteljingar, individuelle og kollektive, om det å vere ung i Bodø, om det å vere like og forskjellige, om stadene dei kjem frå, og om byen dei no bur i. Dette er ikkje ferdige, men heile tida pågåande forteljingar. Det å rekonstruere hendingar i ei forteljing handlar om å aktivt omforme dei, i dialog med andre og med eigen fantasi (Jackson 2002). Jackson (2002) argumenterer for at det å fortelje forteljingar er ein viktig meistringsstrategi, som kan bidra til å endre eins erfaring av verda. Stader er vevd saman av ei rekke slike pågåande forteljingar (Massey 2005).

Som ein del av prosjektet Cit-egration inngår vårt arbeid med Flere Farger Bodø i ein større samanheng, som omfattar studiar av ulike pop-up initiativ i byane Bodø og Tromsø.3 Gjennom å følgje kunst- og kulturaktivitetar tett, inntar vi som forskarar ei aktiv rolle, som både omfattar observerande deltaking og deltakande observasjon, og som ofte krev ei utforsking av eigne fordommar og komfortsoner (Wilson 2013; Førde 2019; Aure, Førde og Liabø 2020). Møte mellom forskarar, kunst- og kulturaktørar og deltakarar i prosjekt som Flere Farger, kor ein deler erfaringar og reflekterer saman, har eit potensial til å utfordre stereotypiar og fastlåste kategoriar – som ofte ligg innbakt i våre perspektiv (Askins og Pain 2011). Det krev eit skifte i fokus frå produkt til prosess, kor vi ikkje ser på aktivitetar og prosjekt som vellukka integrering eller ikkje, men som møteplassar kor kva som helst kan skje (Aure, Førde og Liabø 2020). Det at studiet av Flere Farger inngår i eit større prosjekt, gjer at vi ser datamaterialet frå Flere Farger Bodø i ei vidare ramme.

Forteljingar om møte i kulturuttrykk

Ein viktig komponent i Fargespill-ideologien er å sjå ulike kulturelle uttrykk som ein ressurs. Initiativtakarane i Bodø framhevar ideen om gåveutveksling, om å lage ei framsyning basert på kva deltakarane bringer inn av song og dans frå sine heimland. Dei meiner denne grunnideen, kor dei møter dei unge med «Kva kan du gje oss? Vi skal lage ei framsyning og vi treng deg», er sentralt for at Fargespill er blitt ein slik suksess over heile landet. Dei 50 som deltok i Bodø kom frå over 10 land.

Kunstnarisk ansvarleg fortel at det var krevjande å få fram eit breitt repertoar. «Det synest eg var noko av det vanskelegaste. Å få fram songar». Dei gjekk først etter folkemusikk og folkedans, dei unge blei spurde om dei hadde ein voggesong, ein folketone eller ein folkedans frå landet dei kjem frå, men instruktørane opplevde fort at dei unge hadde andre interesser, dei ville synge andre ting, forankra i ungdomskultur. «Vi merka at det var mykje felles arabisk YouTube-materiale dei kom med». Ungdommane kunne ein del folkedans, men var også opptatt av meir moderne street dance. Mykje av dette blei også brukt i framsyninga. «Vi skjønte fort at det måtte vere ei eiga avdeling for triksing og hopping. Vi hadde jo ingenting å tilføye, berre lena oss tilbake; få sjå kva du kan gjere? Det er jo heilt vilt!», fortel den eine instruktøren. Dei måtte balansere jakta på «den autentiske folkemusikken» med dei unge sine interesser og inspirasjonar. Samstundes som dei var opptatt å få fram eit mangfald i kulturelle uttrykk, var dei også opptatt av å inkludere det dei unge var opptatt av. «Ikkje så viktig at det er autentisk folkemusikk, men eit felles repertoar der alle kjenner dei har litt av sitt». Etter kvart kom det også fram meir folketonar, dans og leik, som dei kunne bruke i arbeidet med å lage ei framsyning. Ein av instruktørane fortel om korleis ungane når dei blei spurde om songar frå sine heimland, kom med nye ting etter å ha snakka med foreldra sine. På den måten blei familiane involverte i arbeidet med å få fram materiale til framsyninga, gjennom minnearbeid blei kulturarv frå deira tidlegare heimland henta fram. Instruktørane fortel også om korleis deltakarane ved å dele songar og dans saman fekk fram nye minne; «Ein frå Syria kom og høyrde ein song; ‘Den kan eg òg, men vi syng han annleis’». Dei kjente igjen element frå dei andre sine songar, som gjorde at dei hugsa songar frå sin eigen kulturelle arv.

Øvingane blei ofte eit møte i kulturuttrykk, der alle deltakarar la ned stor innsats for å lære og forstå. Ei av dei somaliske jentene skildrar sine opplevingar med profesjonelle norske musikarar slik: «Musikarane er kjempegode, dei klarte den somaliske musikken. Dei lærte somaliske og andre tradisjonar frå andre land – og dei var gode». Koreografane jobba på same måte, med å få ungdommane til å ta med seg dans frå heimlandet. Dei fortel at dette er ein veldig annleis måte å drive danseopplæring på, som står i motsetnad til å vere instruktør på vanleg dansestudio: «Det er ikkje sjølve dansen vi lærer dei, men dei kjem med sin dans, og så blandar vi». Her var det deltakarane som måtte lære instruktørane «sine» dansar, slik at dei kunne ta det inn i ein koreografi og lære det vidare til alle. Koreografane fortel at denne måten å arbeide på er både vanskeleg, intens og artig, sidan det dreiar seg om å samarbeide med ungdom om å utvikle og formidle kulturuttrykk: «Det var afghansk dans, det var somalisk. Det var vanskeleg å kome seg inn i, det tok litt tid før vi lærte det. Det hadde med musikk og rytme å gjere. Vi måtte først lære det, så gjere koreografi, og så spørje dei: Funkar dette? Ja, det funkar. Og så lærer vi det vidare til dei andre – frå andre land».

Nettopp det å vise fram eit mangfald av kulturuttrykk i byen trekker både ungdommane som deltok og dei som arrangerte, fram som viktig. «Eg synest det er veldig bra at alle ungdommar kjem saman og syng eigne tradisjonar eller kultur – og viser fram til dei norske», seier ei av jentene frå Somalia. Ho fortset: «Alle som kjem frå andre land, dei har kjempegod kultur og tradisjon, men dei treng at norske hjelp dei og seier: Velkomen! Dokker må vise fram dokkers kultur». Ei anna jente frå Somalia, som deltok med song i framsyninga, fortel kor viktig ho meiner det er å vise fram ulike tradisjonar, og at norske blir kjent med forskjellige kulturar: «Dei er forskjellige – blir kjent med kvarandre. Så kan dei seie – ja, eg kjenner ein somalisk song. Om du ikkje veit noko frå min kultur, er det vanskeleg å bli kjent med kvarandre». Ein av dei afghanske gutane som deltok, er samd: «Dei norske folka blir kjende med oss, kva som er tradisjonelt. Om ikkje vi representerer, blir det rart. No bur vi her, og vi må vere med. Det er viktig. Når norske folk og andre er saman, det blir eit anna miljø. Det er fantastisk». Dei unge fortel om korleis dei blei imponert av kvarandre, der dei framførte sine songar og dansar, i ulike tradisjonelle klede. Særskilt var dei imponert over dei samiske innslaga: «Dei jentene som song på samisk – kleda deira – oh my gosh!» Dei fortel at dei øvde mykje, og gjennom det fekk nye vener og «blei kjend med masse folk». Initiativtakaren frå Nordnorsk Jazzsenter er opptatt av det særeigne potensialet kunst og kultur har for å skape krysskulturelle møte: «Kultur har den spesielle funksjonen at det handlar så mykje om kven ein er, og kor ein kjem frå. Ein står på ei scene og viser fram kven ein er, og kor ein kjem frå, og får ein masse positiv respons på det». For dei unge blei det å dele kulturuttrykk ein ny måte å bli kjent på, kor dei ikkje berre fekk vist seg fram for kvarandre, men også aktivt ta del i kvarandre sine kulturelle aktivitetar – og gjennom det forme nye relasjonar og uttrykk. Kritikken om eksotisering ser ut til å ha lite gjengklang hos ungdommane. For dei var Flere Farger ein arena der det norske nettopp ikkje var norma, men der dei ulike kulturuttrykka blei sett som likeverdige, delt og sett saman i nye konstellasjonar. Gjennom desse møta i kulturuttrykk skaper dei nye forteljingar om seg sjølv og kvarandre, kven dei er, kva dei har med seg, og og kva dei kan få til – saman. Det skapast også nye forteljingar om staden, ved at det multikulturelle blir løfta fram i ei feiring av byen sitt mangfald, basert på både tradisjonar og nykomposisjonar.

Forteljingar om nye fellesskap

Dei som var med å arrangere Flere Fargar Bodø, fortel alle at dei har hatt stor glede av det, at dei er takksame for å ha fått oppleve det, og fått blitt kjent med desse ungane og ungdommane. Arrangørane rekonstruerer sine erfaringar frå arbeidet med Flere Farger ved å fortelje fram korleis møta med ungdommane skapte nye felles forteljingar, basert på sterke, felles opplevingar; «Det gjorde noko med meg å få oppleve det», seier kunstnarisk ansvarleg. Andre seier: «Eg kjenner at eg er blitt mykje rikare». I vårt forsøk på å forstå kva forteljingane om dette «noko» er, opplever vi at det ofte ikkje er lett å sette ord på, men det ser ut til å handle om mange ting; om å ha fått bli kjent med folk ein elles ikkje ville møtt, om å få innsikt i korleis dei lever sine liv, kjenne på nyansar og forskjellar, forstå andre sine utfordringar – og ikkje minst kjenne på gleda i å dele opplevingar rundt musikk og dans. Ein av instruktørane fortel at det som kanskje gjorde sterkast inntrykk, var å ta inn over seg det enorme saknet og sorga mange lever med. Det å vere med på Flere Farger gjer at dei «bak ‘dei rare i hijab’ ser historiene som lever rundt oss i byen – det er jo kruttsterkt!». Som ein av dei seier det: «Eg forstår meir kor ‘lost’ mange er, og kor lang vegen er inn til samfunnet». Ho meiner at det største potensialet i slike prosjekt ligg i nettopp det å lære om andre sine utfordringar: «Om fleire faktisk har snakka med ein asylsøkar, vil det auke forståinga for deira situasjon».

Dei felles forteljingane hos dei vaksne i Flere Farger handlar også om dei mange rørande og fine augneblinkane undervegs. Fleire av instruktørane fortel om å kome utgråtne frå øvingar, og om ungar som spør: «Korfor gret dei vaksne heile tida?» Det er ikkje alltid så lett å forklare ungane korfor det at dei står saman og syng «Sommerfuggel i vinterland», får tårene til å renne hos dei vaksne. Det rører ikkje berre dei som deltar på øvingane, men også dei som fekk oppleve å sjå framsyninga som publikum eller frivillige. «Ein må jo la seg bevege av desse menneska, med den livsgleda midt i den situasjonen dei står i. Så for byen så tenker eg det er kjempeviktig å sjå», forklarer kunstnarisk ansvarleg. Desse felles forteljingane frå arrangørane bak Flere Farger viser fram eit nytt fellesskap, som har potensial i seg til å skape nye bilete av byen, og av moglege framtider i ein mangfaldig by. Her kjem det håpefulle aspektet ved multikulturelle møte i kvardagen tydeleg til synes – i form av glimtvise bilete av ei anna mogleg framtid.

Flere Farger tilbydde andre måtar å uttrykke seg på enn mange andre aktivitetar dei unge er med på. Ein av dei tilsette på mottaket seier at dans og musikk blei «ei form å få ut kjenslene for mange av dei som ikkje har språk for det», og knyter det til at nettopp dans og musikk er uttrykksformer mange av gutane, særskilt dei frå Afghanistan, er meir fortrulege med. «Dei har det med seg, dansar og syng når dei er glade og har fest». Musikk og dans er ofte knytt til gode minne, men også til vonde. «Ein gut kunne ikkje høyre afghansk musikk, det minte om mora, men indisk musikk ...!» For andre, som dei somaliske jentene, var ikkje det å uttrykke seg gjennom song og dans like lett. Dei fortel at det har vore utfordrande for dei å delta i prosjektet, då mange somaliarar meiner det er skam at jenter står på ei scene og syng. Dei somaliske jentene som var med og song, seier dei har fått ein del kommentarar frå andre somaliarar i byen, men det har dei valt å overhøyre: «Nokre seier det å synge ikkje er bra for jenter. No når vi er i Norge må vi klare å synge, vi må vise det fram. Alle menneske har kultur og syng!» Slik bidrar prosjektet og dei forteljingane det skaper, også til å utfordre kulturelle normer og skape nye mogleggjerande rom for deltakarane.

Deltaking i prosjektet har gitt dei mange unge nye og større nettverk. «Vi blei kjent med masse folk!», seier ei ung jente. Ein tilsett på mottaket seier: «Sett i ettertid, når vi er ute, dei treffer folk og helser, seier; han der var eg med på Flere Farger». Mange av dei unge har fått nye vener, og endå fleire har blitt vener på Facebook. Det viser seg at det blei mindre interaksjon med dei norske ungdommane som deltok, noko instruktørane meiner handlar om at dei blei rekrutterte inn for seint i prosessen. Kunstnarisk leiar er tydeleg på at dette bør ein gjere annleis ved ei eventuell oppfølging: «Vi skulle hatt med fleire norske, heile vegen». Ho fortel at det er mange, også norske ungdommar, som har tatt kontakt, og har lyst å vere med. I tillegg til kontakten dei unge imellom, og mellom barn og ungdommar, trekk alle fram kontakten mellom dei unge og alle dei vaksne som var involvert. Gjennom mange timar med øving saman, henting og bringing, blei det knytt sterke band. Dei vaksne fortel om gledesstrålande møte når dei tilfeldig treffer på deltakarane, på gata eller butikken, dei unge spør om dei ikkje skal gjere ei ny framsyning. Sjølv om Flere Farger no er avslutta, har det vore viktig for mange i arbeidet med å skape nye nettverk. Det å ha fleire å helse på i byens gater er viktig for å kjenne seg inkludert og vere ein del av byen.

Forteljingar om gylne augneblinkar

Forteljingane om gylne augneblinkar fylte av håp er mange, frå både dei unge sjølv og dei vaksne dei har rundt seg. Som Bloch (1995) viser, kan «islands of hope» oppstå i små augneblinkar i kvardagen og medverke til at ei tru på ein annan røyndom får feste. Instruktørane gret også litt i samtale med oss, når dei fortel om slike augneblinkar; som når dei samla gruppene på tvers av skular til felles øvingar mot slutten, kor rørande det var å sjå ungdommane frå asylmottaket bere dei mindre barna rundt på skuldrane sine i pausane. Dette er ungdommar som lever utan familie, med eit stort sakn. Dei tilsette på mottaket fortel at desse unge gutane er ekstremt glade i barn, og vande med å leike med alle: «Dei er unge til sinns. Hatt småsøsken dei har tatt vare på i store familiar». Andre slike gylne augneblinkar er når ungane som bur med familiane sine, kjem på øving med nye songar dei har funne fram til saman med foreldra sine. Det er forteljingar om stolte foreldre som fekk dele sine songar og tonar, først med eigne ungar og så med ein fullsett konsertsal i Stormen kulturhus.

Ikkje minst har vi fått mange forteljingar om stolte deltakarar. For mange av deltakarane var det første gong dei sto på ei scene. Dei fortel om kor nervøse dei var for å skulle stå framfor eit publikum. Dei tilsette på mottaket fortel om unge gutar i ein vanskeleg livssituasjon, som ofte er vanskeleg å motivere, men som gjekk «all in» i dette prosjektet. Ungdommane frå mottaket levde i denne perioden i ein «vanvitig livssituasjon». Nokre har fått avslag på sin søknad om opphald – og veit dei blir sendt ut ved fylte 18 år. Andre har fått opphald, nokre er flytta til nye mottak, medan andre igjen har forlate mottaket og flykta ut av landet. Mottaket som har 40 plassar, hadde på denne tida berre 17 bebuarar og var i ferd med å bli lagt ned. Situasjonen for dei einslege mindreårige var uklar, dei risikerte å bli sendt ut av landet eller vidare til andre stader. «Dei som får busetting aner ikkje kor dei skal», fortel leiaren på mottaket, og fortset: «Fleire har vore her lenge og er ein del av Bodø-samfunnet. Det er ganske brutalt». Den sårbare situasjonen dei lever i, har også stor innverknad på dagane deira, og motivasjonen og styrken for å delta i eit prosjekt som dette. Verst er det for dei unge som har fått avslag, men må vente her i fleire år til dei er 18. «Mange går i kjellaren og blir der lenge». Det er ikkje alltid lett å motivere desse til å delta i aktivitetar, lære norsk og knytte nettverk. I denne situasjonen blei det viktig for dei tilsette på mottaket og for lærarane på skolen å få ungdommane til å fokusere på her og no-situasjonen. Øvingane i Flere Farger bidrog både til å gje innhald til «tomme kvardagar» og å vere ein stad «å få ut kjenslene på for mange av dei som ikkje har språk for det». Initiativtakarane bak Flere Farger understrekar at nettopp dette har vore ei viktig målsetjing: «Her skal dei få ein slags pause, her skal dei få legge frå seg tunge ting, her skal det handle om musikk, dans, få nye vener og sånn». Dei tilsette på mottaket meiner Flere Fargar var eit veldig godt tiltak som gjorde at dei unge asylsøkarane fekk opp adrenalinet og kjende at dei levde: «Det å stå på ei scene, det å kjenne på å vere nervøs (…) Det å kjenne at du lever, meistringskjensle og alt det. Det var mange stolte gutar som kom heim frå Flere Farger og tenkte at ‘yes’, fått god respons på at det du gjorde var bra».

Lærarane på vaksenopplæringa og på skolen har liknande forteljingar, om at dei unge var stolte over å delta, dei fekk mykje skryt og merksemd frå både vaksne på skolen og andre ungar. «Dei får ei anna stoltheit, har noko å bidra med. Det varer lenger enn akkurat der og da», seier rektor ved barneskolen. Ho fortel korleis jentene som var med og dansa, fekk ein annan status blant dei norske elevane etter å ha vore med på Flere Farger-framsyninga. Ved vaksenopplæringa fortel lærarane at meistringskjensla deltakarane fekk ved å vere med på dette prosjektet, er noko dei hentar fram når dei unge har tunge dagar: «Dette er noko vi kan referere til, også når dei har nedturar. Hugsar du kva du fekk til? Klart du kan!» Alle deltakarane vi har snakka med, er opptatt av at «det gjekk bra!», og er tydeleg stolte over å ha deltatt. «Vi fekk vener og erfaring på scena. Det er artig. Og publikum ga oss applaus – det var litt av ei kjensle!»

Koreografane, som begge har fleirkulturell bakgrunn, brukar medvite sine eigne erfaringar i møta med ungdommane, og argumenterer for at det å få vise seg fram kan gje nye moglegheiter: «Det som skjer med ungdom i dette prosjektet, skjedde også med meg før. Då eg kom til Norge, kunne eg danse. Då folk kunne sjå det, fekk eg jobb. Det betyr mykje at du kan noko. I dag underviser eg framfor norske ungar». Som kunstnarisk ansvarleg påpeiker: «For alle, uansett bakgrunn, er det å tore å ta plass og stå på ei scene både ei stor utfordring og noko som er utviklande. Ikkje minst når ein er så marginalisert». Gjennom dei mange encounters som har funne stad i Flere Farger, har det oppstått nye fellesskap, og dei unge har fått nye uttrykksformer som viser ulike former for tilhøyrigheit – som dei er stolte av. Dei mange augneblinka av fellesskap skaper «spaces of hope», håp for ei framtid der dei alle kjenner dei høyrer til i byen, og har ein rett til å delta og medverke i dei mange romma byen har. Framleis er vegen inn til samfunnet lang, men dei får eit glimt av ei anna mogleg framtid.

Strukturelle hindringar for integrerande samhandling

Blant dei vi har intervjua, ser alle ut til å vere samde om verdien av at frivillige i nye samarbeidsformer tilbyr slike prosjekt for krysskulturell samhandling. Slike meir ad hoc-prega initiativ inneheld andre moglegheiter og større fleksibilitet enn det etablerte institusjonar oftast representerer, men for at det transformative potensialet frå prosjekt som dette skal kunne utnyttast fullt ut, er det naudsynt at slike initiativ følgjast opp og blir ein del av verksemda til dei institusjonane som til dagleg har ansvar for kultur og integrering.

Samstundes er det mange strukturelle hindringar for å få til krysskulturell samhandling i desse ungdommane sine liv. Medan Flere Farger la til rette for møte på tvers av alder, bustad og etnisk bakgrunn etter skoletid i ein avgrensa prosjektperiode, skjer det mindre av det i dei institusjonane kor ungdommane elles oppheld seg. Tvert imot opplever vi eit urovekkande fråver av slik tilrettelegging i skole, på mottak og i kulturlivet.

Dei eldste deltakarane i Flere Farger går i grunnskoleklassen ved vaksenopplæringa, som er lagt til ein vanleg ungdomsskole i byen. Her har dei sin eigen etasje, og dei har friminutt til andre tider enn dei norske elevane. Deira skolekvardag blir såleis ein parallell til, snarare enn ein integrert del av, dei norske elevane sin skolekvardag. Dei oppheld seg i same bygget, fyller dagen med same type aktivitetar, men til kvar si tid, på kvar sin stad. Dette mønsteret etablert på skolen ser også ut til å følgje dei i andre arenaer. Lærarane fortel at sjølv dei som går i innføringsklasse og deler skole med norske ungdommar, i liten grad samhandlar med norske elevar: «Dei har sitt eige miljø dei søker til på ettermiddagstid». Dei omtalar Flere Farger som eit løft for skolen og erkjenner at det å få til samhandling på tvers er mangelvare på skolen: «I forhold til integrering – at vi blandar oss med andre – der kunne vi blitt flinkare». Dei seier dei har prøvd å få til samarbeid med ordinære dramaklassar, utan å lykkast, og meiner det ville krevje dedikerte lærarar som tør å tenke annleis. I ein pressa kvardag er det lett å ty til «dei vande måtane å gjere ting på», som oftast inneber eigne opplegg for elevane med migrantbakgrunn. Avstanden mellom etasjane på skolen blir då stor, og moglegheitene for dagleg kontakt på tvers liten.

Det same ser ut til å gjelde i kulturlivet. Kunstnarisk ansvarleg, som til dagleg driv med kulturtilbod for unge, meiner få av dei som deltok på Flere Farger har andre alternativ, då det å delta i ordinære kulturaktivitetar, som kulturskole og dansestudio, er for kostbart og krevjande for mange av dei. Ikkje minst gjeld dette dei unge gutane på mottaket for einslege mindreårige. Kunstnarisk leiar påpeikar at dette er ei gruppe ein elles ikkje ser så mykje til i kulturlivet. I Flere Farger fikk dei ein arena: «Dei dansa, dei har så mykje inni seg. Det er ein heilt annan kultur for dans og leik – ein fest å sjå på!» Men når prosjektet er slutt, ser det ut til å vere vanskeleg å fortsette festen – å få etablerte kulturinstitusjonar som kulturskolen til å vidareføre arbeidet. Fleire av moglegheitsromma som blei opna, for breiare deltaking i byens kulturliv, blir dermed lukka igjen.

Initiativ som Flere farger, som spring ut frå kunst–kultursektoren, er viktige for å skape nye møteplassar i byen, der folk kan kome saman på tvers av kulturell bakgrunn. Samstundes som vi er opptatt av å løfte fram slike initiativ, vil vi åtvare mot at dei blir brukt som grunnlag for det vi oppfattar som ansvarsfråskriving i andre institusjonar som har integrering av barn og unge som del av sitt arbeids- og ansvarsområde. Ansvaret for å skape krysskulturelle møte kan ikkje aleine kvile på det frivillige og ulike «pop-up»-initiativ. Prosjekt og enkelttiltak kan ikkje erstatte dei ordinære kvardagsromma. Ein rettvis mangfaldig by treng mange slags møte. Vi treng mange og ulike slike ad hoc-prega initiativ som utforskar nye moglegheitsrom i det krysskulturelle. Hovudansvaret for å skape inkluderande stader må likevel ligge i dei etablerte samfunnsstrukturane som er sentrale i dei unge sin kvardag. Vi har sett at skolane, kulturskolane og andre sentrale institusjonar ofte kjem til kort i arbeidet med å skape krysskulturelle møte og samhandling. Når ungdommane med innvandrarbakgrunn som går i grunnskoleklassen ved ein ungdomsskole har friminutt på andre tidspunkt enn andre, er det vanskeleg å knytte og vedlikehalde relasjonar på tvers. Asylmottaket for einslege mindreårige lener seg i stor grad på det frivillige når det gjeld fritidstilbod for bebuarane, og gjer få eigne tiltak for å gje sine bebuarar ein plass på ungdomsarenaene i byen. Resultatet er at det ofte blir utvikla eigne tiltak spesielt retta mot innvandrarar, som gjerne er prosjektbaserte og drive av vaksne kvinner. Fellestrekka er tydelege med andre europeiske multikulturelle byar, der det blir sett i gang lokale prosjekt for å skape møtestader mellom nyankomne og etablerte innbyggarar. Matejskova og Leitner (2011) peiker på at prosjekt av denne typen ofte bidrar til gode og endrande møte mellom enkeltpersonar med ulik kulturell bakgrunn, men at det som skjer i desse møta, i liten grad blir skalert opp på eit samfunnsnivå. Årsakene til dette er samansette, og er sterkt knytte til breiare samfunnsprosessar som marginalisering og ulikskap i maktrelasjonar. Vi har vist at etablerte samfunnsinstitusjonar i liten grad bidar til at unge med fleirkulturell bakgrunn blir inkludert i ordinære aktivitetar i byen kor dei møter jamgamle norske barn og unge. Det er såleis mange strukturelle vilkår som bidrar til å skape og vedlikehalde utanforskap.

Å legge til rette for møte og samhandling på tvers av kulturell bakgrunn er ikkje enkelt; det krev iherdig arbeid med kulturell omsetjing. Dei som leia Flere Farger, skildrar det på mange måtar som eit «kaosprosjekt»; dei visste aldri kven som ville dukke opp til øvingar og forestilling. Det er mange utfordringar knytte til å arbeide med ei så samansett og sårbar gruppe unge. Planlegging av aktivitetar er vanskeleg og krev mykje fleksibilitet. Erfaringane frå Flere Farger viser at det å manøvrere i eit slikt flyktig felt krev godt førebudde aktivitetar, men også mykje improvisasjon og kreativ eksperimentering. Dette er ikkje ukjente arbeidsmåtar for musikarar og dansarar; det å drive prosessar kor ein ikkje heilt kjenner utfallet, er sentralt i deira metodikk (Askins og Pain 2011; Førde 2019). Vi argumenterer for betydninga av at både det offentlege og det private støttar opp om slike initiativ, gjennom nye formar for samarbeid med frivillige og kunst- og kulturaktørar, knytt til både finansiering, tilgang til øvingslokale og anna utstyr. Samstundes som støtte og forankring er viktig for slike initiativ, må dei sikrast det naudsynte spelerommet for nettopp å kunne drive kreativ eksperimentering. Vi meiner at også etablerte institusjonar har mykje å lære av desse erfaringane knytt til det å jobbe krysskulturelt; i korleis ein kan handtere slike samansette og sårbare grupper og deira spesifikke og komplekse utfordringar, og på den måten utløyse potensialet mangfald gjev. Det krev at også skolar, kulturskolar og andre samfunnsinstitusjonar tør å kreativt utforske moglegheitene som kan oppstå når forskjellar møtast.

Avslutning

I dette kapittelet har vi forsøkt å skrive fram nokre av dei mange sterke forteljingane om møte, samhandling og fellesskap som blei skapt gjennom Flere Farger Bodø, og vilkåra for at desse møta kan skje. Vi argumenterer for betydninga av slike initiativ som er med på å skape nye encounters i byen, som bidrar til at folk møtast og samhandlar på tvers, og deler erfaringar. Slike krysskulturelle møte som vi har vist finn stad innafor Flere Farger, har eit potensial for å skape nye forteljingar om byen. Som Nunn (2010) viser i sine studiar av unge immigrantar, tenderer desse ungdommane til å forbli «the story to be told» snarare enn «the storytellers». I produksjon av multikultur er det vanlegvis dei som har budd her lenge, som har kapasitet til å definere det normative rammeverket for sosiale møte på tvers av forskjellar. I Flere Farger blir dette utfordra, her får barn og unge med multikulturell bakgrunn stå fram med det dei vil formidle. Studiar vi har gjort av andre slike prosjekt innan kunst- og kultursektoren, viser det same; dei gjev rom for at unge med innvandrarbakgrunn blir synlege og får ei stemme i byen (Førde 2019; Aure mfl. 2020). Det å relatere seg til kvarandre sine kulturelle uttrykk mobiliserer engasjement og skaper gjensidig forståing og anerkjenning. Slike initiativ har dermed eit potensial for å få folk til å tenke annleis om seg sjølve, kvarandre – og byen dei bur i.

Det å synleggjere og gjere folk fortrulege med det kulturelle mangfaldet kan vidare bidra til å redusere frykt og uro, og dermed utfordre problemfokuset som ofte pregar diskursar om det fleirkulturelle. På denne måten kan aukande diversitet skape nye forteljingar som endrar staden både for dei som allereie er etablerte, og for dei nye som kjem til (Wilding og Nunn 2018; Castles 2010; Harris 2013; Kofoed, Christensen og Simonsen 2017). Flere Farger Bodø har bidratt til å skape nye bilete av byen for alle dei vi har snakka med, kor det å ha blitt kjent på tvers av kulturell bakgrunn og fått forma nye relasjonar og uttrykk, har skapt og vist moglegheiter for nye fellesskap. Snarare enn eksotifisering og «andre-gjering», som slike prosjekt har vore kritisert for, ser det ut til å ha opna for å vere del av eit større vi. Gjennom song og dans basert på mangfaldet av kulturarv og ferdigheiter blant deltakarane har dei skapt eit språk dei kan dele. I denne samanblanda komposisjonen av dans og musikk blir ikkje det norske gitt autoritet, og heller ikkje alltid hegemoniske stemmer i dei ulike minoritetssamfunna. Ved å opne for ei utfolding av ein slik krysskulturell kakafoni er Flere Farger Bodø med på å skape møte som kan omforme forskjell og utfordre etablerte mønster og maktstrukturar.

Flere Farger skapte ein møteplass kor uventa ting kunne skje, kor barn, unge og vaksne på tvers av bakgrunn saman skapte ei framsyning med nye krysskulturelle innslag, men også nye fellesskap og bilete av byen. I ei tid kor migrasjon og kulturelle forskjellar blir stadig meir polariserte tema, vil vi argumentere for betydninga av slike gylne augneblinkar av fellesskap. Berekraftige, mangfoldige byar og stader krev tilrettelegging for krysskulturell samhandling og nye fellesskap – som skaper spaces of hope. Likevel, som vi har vist, møter arbeidet med å få til samhandling på tvers mange strukturelle barrierar i bysamfunnet. Sjølv om slike pop up-initiativ som Flere Farger er viktige i den mangfaldige byen, må ansvaret for å tilrettelegge for integrerande samhandling først og framst ligge i etablerte samfunnsinstitusjonar. Våre analyser viser at både skole, mottak og kulturinstitusjonar trass i gode intensjonar ofte bidar til parallelle kvardagsliv heller enn krysskulturell samhandling. Vi argumenterer for at desse institusjonane har mykje å lære av initiativ som Flere Farger. Det trengst fleire slike eksperimenterande, transformative og mogleggjerande rom som Flere Farger Bodø skaper, som utfordrar og utvider strukturelle rammer for samhandling, som opnar for aktiv deltaking i byen, og som kan bidra til å forme ei framtid der fleire kjenner dei kan høyre til.

Litteratur

Ahmed, Sara 2000. Strange Encounters: Embodied Others in Post-Colonality. London: Routledge

Amin, Ash 2002. Ethnicity and the multicultural city: Living with diversity, Environment and Planning A, 34(6): 959–980

Askins, Kye og Pain Rachel 2011. Contact zones: Participation, materiality, and the messiness of interaction, Environment and Planning D: Society and Space, 29: 803–821

Aure, Marit, Førde Anniken og Liabø Rebekka Brox 2020. Vulnerable Spaces of Coproduction: Confronting Predefined Categories through Arts Interventions. Migration Letters, 17(2): 249–256

Back, Les 2015. Blind pessimism and the sociology of hope. Discover Society. https://discoversociety.org/2015/12/01/blind-pessimism-and-the-sociology-of-hope/

Berg, Nina Gunnerud, Dale Britt, Førde Anniken og Kramvig Britt 2013. Introduksjon: Metodologiske utfordringer i stedsanalyser. I: Førde Anniken, Kramvig Britt, Berg Nina Gunnerud og Dale Britt (red.): Å finnne sted. Metodologiske perspektiver i stedsanalyser. Trondheim: Akademika forlag

Bloch, Ernst 1995. The Principle of Hope: Volume 1. Cambridge, Mass: MIT Press

Bygnes, Susanne 2017. Welcome to Norway! Da «flyktningkrisa» kom til Norge, Tidsskrift for velferdsforskning, 20(4): 286–301

Castles, Stephen 2010. Understanding global migration: A social transformative perspective, Journal of Ethnic and Migration Studies, 36(10): 1565–1586

Fladmoe, Audun, Sætrang Synne, Eimhjellen Ivar, Steen-Johnsen Kari og Enjolras Bernard 2016. Nordmenns bidrag i flyktningssituasjonen 2015/16. Rapport 2016/6 frå Senter for forsking på sivilsamfunn og offentleg sektor, Oslo

Førde, Anniken 2019. Enhancing Urban Encounters. The Transformative Powers of Creative Integration Initiatives, Urban Planning, 4(1): 44–52

Gullestad, Marianne 1996. Hverdagslivsfilosofer. Oslo: Universitetsforlaget

Harris, Anita 2013. Young people and everyday multiculturalism. London: Routledge

Interkultur.no 2019. Mangfold i kulturlivet. Hvordan inkludere flere foran, på og bak scenen? En håndbok om flerkulturell formidling for arrangører. Drammen: RK grafisk

Jackson, Michael 2002. The Politics of Storytelling. København: Museum Tusculanum Press.

Kofoed, Lasse, Christensen Mathilde Dissing og Simonsen Kirsten 2017. Mobile encounters: bus 5A as a cross-cultural meeting place, Mobilities, 12(5): 726–739

Kvaal, Camilla 2017. Crossing affordances: Hybrid music as a tool in intercultural music practices, Nordisk musikkpedagogisk forskning. Årbok 18 2017, 117–132

Kvifte, Tellef 2016. Fargespill og eksotifiserende akademikere. Ballade.no, 19.10.2016, http://www.ballade.no/sak/fargespill-og-eksotifiserende-akademikere/

Leitner, Helga 2012. Spaces of encounters: Immigration, race, class, and the politics of belonging in small-town America, Annals of the Association of American Geographers, 102(4): 828–846

Massey, Doreen 2005. For space. London: SAGE

Matejskova, Tatiana og Leitner Helga 2011. Urban encounters with difference: The contact hypothesis and immigrant integration projects in Eastern Berlin. Social & Cultural Geography, 12(7): 717–741.

Moberg, Frøydis, Pedersen Anna E., Hamre Ola, Saue Sissel, Tunestveit Sigurd R., Berge Kjersti og Guino-o Elizabeth 2016. Ja til god forskning om Fargespill. Ballade 17.10.2016, http://www.ballade.no/sak/ja-til-god-forskning-om-fargespill/

Nunn, Caitlin 2010. Spaces to speak: Challenging representations of Sudanese-Australians, Journal of Intercultural Studies, 31(1): 183–198

Schuff, Hildegunn 2016. Supporting Identity Development in Cross-Cultural Children and Young People: Resources, Vulnerability, Creativity. FLEKS Scandinavian Journal of Intercultural Theory and Practice, 3(1): 2–23

Skanding, Maja 2016. Kritikkens plass på paletten, Ballade.no, 27.06.2016, http://www.ballade.no/sak/kritikkens-plass-pa-paletten/

Solomon, Thomas 2016. The play of colors: Staging multiculturalism in Norway. Danish Musicology Online Special Edition. 17th Nordic Musicological Congress 2016, 187–201

Spicer, Neil 2008. Places of exclusion and inclusion: asylum-seeker and refugee experiences of neighbourhoods in the UK, Journal of Ethnic and Migration Studies, 34(3): 491–510

Sætermo, Turid Fånes, Gullikstad Berit og Kristensen Guro Korsnes 2021. Å studere fortellinger om integrering i en lokalsamfunnskontekst: en introduksjon til et komplekst forskningsfelt. I: Gullikstad Berit, Kristensen Guro Kornes og Sætermo Turid Fånes (red.): 2021. Fortellinger om integrering i norske lokalsamfunn. Oslo: Universitetsforlaget

Valentine, Gill 2008. Living with difference: Reflections on geographies of encounter, Progress in Human Geography, 32(3): 323–337

Wilding, Raelene og Nunn Caitlin 2018. Non-metropolitan productions of multiculturalism: Refugee settlement in rural Australia, Ethnic and Racial Studies, 41(14): 2542–250

Wilson, Helen 2017. On geographies and encounters; Bodies, borders and difference, Progress in Human Geography, 41(4); 451–471

Wilson, Helen 2013. Learning to think differently: Diversity training and the “good encounter”, Geoforum, 45: 73–82

Wilson, Helen 2015. An urban laboratory for the multicultural nation?, Ethnicities, 15(4): 586–604

Wilson, Helen og Darling Jonathan 2016. The Possibilities of Encounter. I: Darling Jonathan og Wilson Helen (red.): Encountering the City. Oxon: Routledge

1Cit-egration – Sustainable Diverse Cities: Innovation in Integration, er finansiert av Noregs forskingsråd sitt BYFORSK-initiativ og SAMKUL-programmet (270649). Prosjektet går føre seg frå 2017 til 2021.
2Hovudregelen er at mindreårige som er fylt 15 år, sjølv kan samtykke til innhenting og bruk av eigne personopplysningar. For barn som ikkje er blitt 15 år, må dei føresette samtykke på vegne av barnet. https://www.datatilsynet.no/personvern-pa-ulike-omrader/skole-barn-unge/samtykkje-fra-mindrearige/.
3Cit-egration er basert på eit tett samarbeid og ei felles kunnskapsutvikling blant prosjektpartnarar frå felta forsking, kultur, frivilligheit og offentleg sektor. Forskarane i prosjektet er på ulike måtar involvert i ei rad initiativ i byane Tromsø og Bodø, som broderiverkstader, forteljarkurs, språkkafear, teater og kulturaktivitetar særlig retta mot barn og unge, som Flere Farger. Gjennom å følgje desse initiativa, er forskarane også deltakarar som broderer, og er aktive i teaterøvingar og forteljing.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon