Årets utgåve av den årlege opne, russiske filmfestivalen Kinotavr var nummer 27 i rekka, og festivalen er ein ypparleg stad for å ta tempen på Russisk film. Konkurranseprogrammet inneheldt 14 langfilmar og 26 kortfilmar, der eit høgt tal var regissert av debutantar og kvinner. Fleste parten av filmane tok føre seg samtidas Russland, og personlege historier om familieliv, oppvekst, kjærleik og så bortetter. Likevel var det ei breidde i korleis forteljingane om samtida vart presentert. Eg merkte meg særleg korleis fedrar og farskap vart presentert, rolla kvinnelege regissørar spelar i russisk film, og det ofte nytta temaet om overnaturlege, mystiske kvinner.