Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Hekser, Kopernikus og nordnorske fiskeslag. Eit kritisk blikk på den seinaste forskinga på Petter Dass

Witches, Copernicus and fish species in Northern Norway. A critical look at the latest research on Petter Dass
Fyrsteamanuensis i nordisk litteraturvitskap ved Nord universitet.

Spaans har ein doktorgrad frå Universitetet i Oslo frå 2015 om den nederlandske diktaren Joannes Six van Chandelier (1620–1695). Avhandlinga er publisert på Amsterdam University Press i 2020. Han har òg skrive artiklar om Olav Nygard, Henrik Rytter og Olav H. Hauge.

Forskinga på Petter Dass har dei seinaste femten åra levert eit nytt syn på diktarpresten i kontrast til tidlegare forsking basert på eit nasjons- og regionsbyggjande program. Men den nye forskinga har ironisk nok òg medført eit innsnevrande syn på Petter Dass. Det har på den eine sida skjedd gjennom ein retorisk metode og på den andre sida gjennom ein klasseorientert lesemåte. Forfattaren viser korleis desse metodane ikkje lukkast med å fange det unike ved Dass’ dikting, som litterær originalitet og eit moderne syn på vitskap. Det gjer han ved å hente innsikter frå nyhistorismen og peike på eit innskrenkande syn på makttilhøve i tidleg nytid ved desse to litterære metodane.

Nykelord: Petter Dass, tidlegmoderne litteratur, nyhistorisme, makttilhøve, hekseprosessar, vitskapshistorie

Over the past fifteen years, research on Petter Dass has provided a new view of the poet vicar, in contrast to earlier research based on a national and regional building program. But the new research has, ironically, also led to a narrow view of Petter Dass. This has happened on the one side through a rhetorical method, and on the other, through a class-oriented reading method. The author shows how these methods do not succeed in capturing the uniqueness of Dass’s poetry, such as literary originality and a modern view of science. He does this by gaining insights from New Historicism and pointing to a restrictive view of the exercise of power in the early modern period by these two literary methods.

Keywords: Petter Dass, early modern literature, New Historicism, witch trials, the exercise of power, history of science

I 2006 kom det to bøker som brått gjorde Petter Dass aktuell og kontroversiell. Då kom den aller fyrste doktoravhandlinga om Petter Dass, ja faktisk den fyrste doktoravhandlinga om norsk barokkpoesi: «Helicons Bierge og Helgelands Schiær. Nordlands Trompets tekst, repertoar og retorikk» av Hanne Lauvstad. Same år kom det ut ein biografi om Dass av Kåre Hansen, Petter Dass – mennesket, makten og mytene, som vart fylgd opp i 2018 med Petter Dass – Guds Øyesteen i to band. Det eine bandet er ei utviding av biografien, det andre ein gjennomgang av resepsjonen av Dass. Både Lauvstad og Hansen opponerer mot mottakinga av Dass i moderne tid, fyrst gjennom nasjonal, så regional identitetsbygging, som nådde eit høgdepunkt med Sverre Inge Apenes’ Rapport om Petter Dass. Presten som diktet makt til folket (1978).

Hanne Lauvstad argumenterer for at Nordlands Trompet ikkje er skriven for nordnorske bønder, men dannemenn i Danmark-Noreg. Kåre Hansen har funne samtidige kjelder om diktarpresten som anten var ukjende for tidlegare forsking, eller som var tagde i hel, som Hansen kallar det. Han viser korleis Dass hindra bygging av ei kyrkje i Rana, kausjonerte for ein «smugler og voldsmann» og auka landskylda i uår.1

Det er verdt å nemne ein tredje forskar i denne samanhengen, Rune Blix Hagen, med trolldom i tidleg nytid som forskingsområde. Blix Hagen meiner Dass var «en arrogant og selvsikker predikant med bakstreversk virkelighetsoppfatning, også sett i lys av sin egen samtid» (Blix Hagen 2007, 44). I artikkelen om diktarpresten i Norsk biografisk leksikon på nettet, skriven av Blix Hagen og Lauvstad, heiter det:

Han står solid plantet i datidens embetskultur og er i langt sterkere grad en varm talsmann for sin stand og sine egne forretningsmessige interesser enn for den fattige fiskerallmuen [...]. Både blant geistligheten og blant jurister i Danmark-Norge finner vi tendenser til nye tanker på slutten av 1600-tallet – tanker som bidrog til et oppgjør med de forrige generasjoners trolldomstro. Det finnes ikke antydninger til slik nytenkning hos Dass – han er ingen foregriper av opplysningstidens ideer.2

Det er mykje som skil Hansen, Blix Hagen og Lauvstad når det gjeld teori og metodikk. Der makttilhøve i tidleg nytid gjennomsyrer lesingane til dei to fyrstnemnde, er makttilhøve eit perspektiv Lauvstad held utanfor analysane sine.

Eg vil her gå nærare inn på metodane til dei tre og syne dei avgrensingane som ligg i lesemåtane deira. Mitt eige utgangspunkt er teoriar som er framme i samtidig forsking på nederlandsk og engelsk tidlegmoderne litteratur, som fokus på historisk kontekstualisering, autoral sjølvframstelling og sosiale nettverk.3 Dette er metodar som går attende til nyhistorismen, med Stephen Greenblatt som teoretikar. Nyhistorismen hadde brodd mot både ei monolittisk oppfatning av makt og ein einsidig nærlesingsstrategi i forsking på tidlegmoderne kultur.

Lesemåten til Hansen og Blix Hagen baserer seg etter mitt syn på eit monolittisk samfunnshierarki – der makt blir rekna som ibuande kvalitetar hjå dei som sit på toppen. Dessverre finst det lite metodisk refleksjon hjå Blix Hagen og knapt noko hjå Hansen.4 Etter klisjeen er 1600-talet merkt av ein statisk konflikt mellom ei geistleg overmakt på den eine sida og rasjonelle vitskapsmenn og undertrykte bønder på hi sida, til dømes i hekseprosessane. Liv Helene Willumsen (2013) har derimot vist at trolldomssaker var kriminalsaker som vart førde for retten, der prestar ikkje hadde domsmynde. Om ei monolittisk maktforståing skriv Greenblatt (1988, 3): «Even those texts that sought most ardently to speak for a monolithic power could be shown to be the sites of institutional and ideological contestation.» Greenblatt strekar under at om ei tekst talar på vegner av ei offisiell makt, vil det alltid vera «sprekkar» i teksta, som undergrev makttilhøva.

Det steller seg annleis hjå Hanne Lauvstad. Med doktorgradsarbeidet sitt er ho ei av dei fyrste som artikulerer ein teori for norsk 1600-talslitteratur. Påstanden hennar er at vi berre kan forstå Dass gjennom omgrepet «kunstlitteratur», ikkje «skjønnlitteratur». Der fyrstnemnde orienterer seg etter eit «anerkjent repertoar» og «retoriske regler», som imitatio, der er «originalitet» idealet for sistnemnde. Eit anna kjenneteikn ved kunstlitteratur «er at den som en selvfølge gir uttrykk for samfunnets, nærmere bestemt makthavernes, syn». Dette sambandet mellom sjanger og makt fører ikkje til nokon diskusjon om makttilhøve hjå Lauvstad. Ho held «den ekstralitterære virkeligheten» utanfor analysen.5

Dersom vi tek utgangspunkt i teoridiskusjonar i andre land, som i Nederland, så ser vi at forskarar har gått bort frå ein einsidig retorisk lesemetode. I 1956 meinte W.A.P. Smit å kunne sjå «korleis renessansediktaren reknar og formar om røynslene og kjenslene sine til det ålmenngyldige, for på det viset å integrere dei i det universelle».6 M.A. Schenkeveld-van der Dussen (1989) rette kritikk mot lesemåten hans. Mellom anna med utgangspunkt i Scaligers poetikk frå 1561 – der Scaliger peikar på at det finst lyrikk som ikkje er skapt av imitatio, men kjem beinveges frå brystet til diktaren – viser Schenkeveld at det er råd å tala om både personlege inntrykk og litterær originalitet i barokken. Samtidig vil eg peike på Vincent Buyens’ (2005) analyse av eit hyllingsdikt til Venezia frå 1651 av nederlendaren Joannes Six van Chandelier (1620–1695). Buyens viser at når personlege kjensler, som fedrelandskjensla, kolliderer med dei retoriske krava til encomium (lovtalen), nøler diktaren ikkje med å bryte med desse krava. Six avsluttar diktet med skryt av heimbyen sin: Amsterdam overgår Venezia i rikdom og styrke.

Nedanfor vil eg gå den nye forskinga på Dass nøyare etter i saumane, både den maktorienterte lesemåten til Hansen og Blix Hagen og den retoriske metoden til Lauvstad. Sidan materialet er rikast hjå Kåre Hansen, har eg flest referansar til han. Eg deler artikkelen inn i bolkar etter sentrale tema som desse forskarane tek opp: debatten om det heliosentriske verdsbiletet, om eit jektforlis Dass leid i 1692, debatten om Dass og hekseprosessane, om kontakten mellom Dass og kjøpmannen Bendix Nebel, og spørsmålet om Dass kan kallast ein folkeleg diktar.7

Petter Dass og det heliosentriske verdsbiletet

I Petter Dass’ tid steig det kopernikanske (heliosentriske) verdsbiletet fram, der sola er sentrum i universet. Det tok sakte, men sikkert over for det ptolemeiske (geosentriske) systemet – med jorda som midtpunktet. Kåre Hansen påstår at Petter Dass var i utakt med samtida si då han heldt fast ved det geosentriske systemet, for dette var i samsvar med Bibelen, til dømes Josva 10,13. Det går mellom anna fram av passasjar («Den Første Sang» til «Trosartiklene») i Katekismesangene.8

Kåre Hansen nyttar fleire døme frå Nederland i argumentasjonen sin. Det er ikkje eit dårleg val med tanke på den store kulturelle påverknaden som gjekk frå Nederland til Skandinavia. Men når Hansen (2018, 1, 52) hevdar at det heliosentriske verdsbiletet «var akseptert som den endelige sannhet av så godt som alle vitenskapsmenn» i Nederland, er det ei ikkje lita overdriving. I siste halvdelen av 1600-talet fekk det som heiter nyskolastikken vind i segla hjå ortodoks-protestantiske lærde. Her var Aristoteles, ikkje Kopernikus og Descartes, idealet. Eg skal gje eit talande døme: I 1699 vart Johannes Leusden doktor i filosofi i Utrecht på ei nesten heilt ut aristotelisk avhandling, De mundo. Fyrst i den aller siste paragrafen kjem han inn på spørsmålet om verdssystem: «We dislike the Ptolemaic system, as it does not agree with nature, as well as the Copernican and Cartesian, because they are contradicted by Scripture [...]. We prefer the Tychonic system over the others, as it saves the phenomena as well as the Copernican (according to our opponents), and agrees with Holy Scripture as well as reason».9

Dette standpunktet, som inneber ein mellomposisjon, er typisk for Dass’ samtid. Det tychoniske systemet viser til den danske astronomen Tycho Brahe (1546–1601), den såkalla geoheliosentriske modellen, der både sola og jorda formar midtpunkt i universet. Kåre Hansen nemner også denne modellen, då i samanheng med diktaren Anders Arrebo (1587–1637). Hansen meiner Dass i eigenskap av ortodoks prest måtte gå imot denne modellen òg. Men slik var det ikkje: Ortodokse lærde både i Nederland og Danmark-Noreg var tilhengjarar av Brahe. Men om Dass skulle vera tilhengjar av det geosentriske systemet, er det heller ikkje oppsiktsvekkjande. Liketil Constantijn Huygens (1596–1687), ein diktar som stod midt i den nye vitskapen og hadde kontakt med René Descartes, nytta det ptolemeiske systemet i dikta sine (Vermij 2002, 220).

Hansen brukar som argument rettleiaren til Petter Dass ved universitetet i København i 1666, Wilhelmus Langius, for synet sitt. Langius hadde «funnet fram til det rette, det heliosentriske solsystem», påstår Hansen (2018, 1, 45–46) og held fram at Dass ville som ein av «ortodoksiens fanebærere» ikkje rette seg etter ny kunnskap. Men Langius var òg i ein mellomposisjon. Han baserte seg på dansken Longomontanus’ system, som på si side bygde på Tycho Brahes modell, og i skriftene sine har Langius liketil kritiske merknader til Kopernikus (Moesgaard 1972, 135). Jon Haarberg har òg ein interessant merknad om emnet i kommentarane sine til Katekismesangene: «Ebbe Spang-Hansen (1965: 19–20) sannsynliggjør at det ennå så sent som i 1727 var ‘en særdeles beskeden del af præsterne’ som hadde tatt skrittet over til Kopernikus.»10

Når Dass valde det systemet som samsvara med Skrifta då han dikta Katekismesangene, innebar det altså ikkje noko reaksjonært standpunkt i samtida. Vi skal her heller ikkje gløyme konteksten for denne boka: Det er ei lettfatteleg framstelling mynta på sokneborna hans. Passasjen om sola i dette verket er elles nokså overflatisk.

Jektforliset i 1692

Petter Dass viste lite interesse for andre menneske, «han konsentrerte seg utelukkende om seg selv, sitt jordiske gods og egne midler». Slik lyder konklusjonen til Kåre Hansen (2018, 1, 140) i analysen av diktet Dass skreiv til eit jektforlis som han leid i 1692: «Betenckning ofver Dend Søe-Skade, Ao 1692 tildragen paa Stats-havet hvor Jeg forliste Jegt og gods, og af 14 à 1500 Rixdaler capitall, ey fick en eniste Skilling reddet». Ut frå samtidige kjelder hevdar Hansen at Dass ikkje berre miste gods og skip, men òg mannskapet på Stadhavet. Men biletet er meir komplekst.

Dass’ klagedikt er skrive etter mønster av Jobs bok. Gud testar gudstrua til Dass ved å ta frå han jordisk gods. «Jeg tabte kun, det Gud mig laante»; «dog skadet han ey liv og levnet», konkluderer Dass i diktet. Skal vi tru Hansens kommentar (2018, 1, 138), siktar Dass i det sistnemnde sitatet «til seg selv: ikke mannskapet». Eg held det for meir sannsynleg at Dass viser både til seg sjølv og til mannskapet. «Liv og levnet» har det sams med liknande eintalsuttrykk, som «mann og mus», at det kan vise til fleire personar. Eg kjem straks attende til eit liknande døme.

Ei samtidig kjelde fortel om utfallet av forliset. Det var fleire jekter som gjekk ned på Stadhavet ved same tidspunkt. Om diktaren vår heiter det: «Her Peter Dassis Ject fra Alstahof, folcket Beholden». Dette notatet i kyrkjeboka for Lødingen, som truleg er frå 1701, nemner Hansen i verket sitt (2018, 1, 141). Men Hansen meiner opplysningane i kyrkjerekneskapen for Nesna og Rana, 1690–1693, er meir pålitelege. Der heiter det: «Mens som begge Kirckernis Indkomme Anno 1692 tillige med hans eget, sampt Jegt og folck med mange andre Landsens Indbyggere blef uden nogen redning foruløcket paa Statz Havet, formoder bemeldte ærwærdige Herr Petter Dass at Kirkerne maa tage dend halve skade [...]». Denne passasjen krev forklåring. Dass forpakta Nesna og Hemnes kyrkje, så av det godset som gjekk tapt, var det ikkje berre «hans eget», men òg inntekter frå dei nemnde kyrkjene. Rekneskapen er førd i pennen av stiftsskrivar Erik Hanssøn Blix. Petter Dass «formoder» at kyrkjene må ta halve skaden, slik at Dass kan få halvparten av tapet ettergjeven. Med andre ord: Teksta viser til ei oppmoding om kompensasjon for tapet. Hansen har utheva «Jegt og folk» i attgjevinga si av sitatet, for her røper Dass seg: Petter Dass miste sitt «eget samt jekt og folk».

Eg meiner Hansen mistyder teksta. Ein peikepinn om innhaldet i teksta finn vi hjå Peder A. Hansteen (1991), som har omtala same passasje. Hansteens transkripsjon av originalteksta er ikkje heilt korrekt, men i motsetnad til Hansen tek Hansteen (1991, 111) omsyn til den vanskelege setningskonstruksjonen og fører inn eit komma som Hansen har gløymt å ta med. Hansteen tek høgd for at passasjen mellom «sampt» og «blef», eventuelt mellom «sampt» og «foruløcket», kan lesast som eit innskot. Ei mogeleg lesing er dette: «Men ettersom innkomene frå kyrkjene i 1692 til liks med Dass’ eige gods – saman med jektene og mannskapet til mange andre innbyggjarar frå landsdelen – vart utan berging forulukka (tapt) på Stadhavet, oppmodar [...]».11 Denne lesinga gjev meining i og med at rekneskapen er førd i pennen av stiftsskrivaren. Blix nemner jo «mange andre Landsens Indbyggere», altså andre forlis frå bispedømet.12 Dessutan må «Jegt og folk» lesast som eit fast uttrykk med fleirtalstyding, jamfør Erik Hansen Schønnebøl i Fra Lofotens och Vesteraalens Beskriffuelse ([1591] 1817) der det heiter at mange «blive borte med Jægt og Folk» når stormen kjem på dei.

Det er små detaljar som skil Hansens frå Hansteens tolking, men desse detaljane får store konsekvensar. Det er dermed ikkje sagt at rekneskapen til Dass kan kritiserast. Dass tok tydelegvis ein sjanse, for han fekk nei på søknaden – prosten på Helgeland meinte det var «Hassard» å sende varer frå kyrkjebortpaktinga til Bergen, for dei kunne bli selde i landsdelen. Men dette var det tydelegvis ulike meiningar om, for det fanst ein lang tradisjon for å ty til Bergen. I Norriges oc Omliggende Øers sandfærdige Besschriffuelse av Peder Claussøn Friis, som kom ut i 1632, framhevar Friis (1881, 396) at Alstahaug er eit feitt soknekall, men at det òg medfører store utgifter å ha mange kapellanar under seg. Presten kan selja varene lokalt, men ei Bergens-reise gjev større utbytte: «Men faar hand beholden Reyse frem oc tilbage, da kand hand oc blijue vel hiulpen oc lefue som en Herre.» «Herre» nyttar Friis som ein kontrast til prestar som må leva som «Træll oc Stackarle».

Ei utgreiing som den ovanfor krev at forskaren freistar å vera ein upartisk domar. I ein fortolkingsmetode der overklassen kontinuerleg blir assosiert med maktbegjær, synest det ikkje å vera plass til nøktern, hermeneutisk tolking av historiske tekster. Det er usannsynleg at Dass miste mannskapet då jekta hans gjekk ned i 1692. Av to samtidige kjelder må den minst tvitydige kjelda tilleggjast størst vekt. At Dass ikkje var nokon hjartelaus person, kjem elles fram av ulike tekstpassasjar hjå Dass.13

Petter Dass og hekseprosessane

Petter Dass var sjølv ikkje involvert i ei einaste heksejakt, men den einskildhendinga som får størst plass i Nordlands Trompet, avrettinga av tenestejenta Nille Jonsdatter i 1687, har vorte knytt til trolldom. Slik tolkar Kåre Hansen (2018, 1, 244) denne hendinga: «Det var en forestilling om trolldom og hekseri som Petter Dass trodde fullt og fast på selv om den var avleggs allerede i hans levetid.» Ifylgje Rune Blix Hagen var Dass talsmann for eit reaksjonært syn på hekseri, men han meiner likevel noko anna i denne saka. Det er ingen kjelder i samtida som knyter Nille-saka til trolldom, men saka førde til refleksjonar om hekser hjå ein av prestane som var involverte i saka, og dei er interessante for å forstå Dass’ syn på magi og trolldom.

Soga om Nille Jonsdatter er heilt spesiell. Som tenestejente på Skålvoll på Steigen skal ho ha hamna i «daskeri» med ein gift mann. Etter rykta vart ho gravid, fødde i «dølgsmål» og drap barnet. I 1683–87, då Nille ikkje lenger arbeidde på Skålvoll, kunne ein høyre merkelege lydar på garden. Det var «utburden», barnet til Nille, som ville ha bryst. Kapellan Arent Hartvigsøn forhøyrde Nille om barnedrapet, og ho tilstod. Saka hamna så på lagtingssamlinga. Norsk lov tilsa dødsdom for drap på nyfødde. Lagrettemennene dømde henne til dauden på eit svært tynt grunnlag, berre på basis av tilståinga hennar, som i sin tur var basert på vitnemål frå dette skrømtet. Og det balla berre på seg: Skrømtet slutta ikkje, det vitna om barnedrap utførde av andre kvinner. Folk kom faktisk reisande til Steigen for å oppleva det – eg kjem straks attende til dette.

Saka sette i gang ein parallell prosess. Prosten i Salten, Jens à Møinichen, skreiv eit brev til biskopen i Trondheim om hendinga. Jamvel om Møinichen fyrst var involvert i prosessen, meinte han saka burde stoppast. Biskopen bad visestatthaldaren stanse avrettinga av Nille, men på grunn av treg postgang hadde brevet ingen verknad på prosessen. Dessutan meinte Møinichen at saka lokalt bar preg av å vera gjennomførd for hastig. Faktisk gjekk denne saka til topps i systemet. Styremaktene refsa embetsmennene som var involverte i prosessen, og kravde innstramming av rettspraksisen i landet (Dalen 2011, 79–81).

«Heks» og «trolldom» er ikkje nytta i dei bevarde kjeldene i Nille-saka, men Hansen (2018, 1, 227) meiner termane ikkje treng å vera nemnde så lenge det blir ymta om at Nille og djevelen stod i samband med kvarandre. Hansen viser så til brevet frå Møinichen. Prosten nemner der ein episode i Finnmark der nokre kvinner skal ha tilstått at dei fekk eit skip på veg til Bergen til å forlise – og at dei difor vart brende som hekser på bålet. Men skipet dukka seinare opp uskadd i Bergen, skriv Møinichen og illustrerer såleis at utsegnene til kvinnene var falske. Det kan òg gjelde Nille i Salten, meiner han: «Sathan har indbildet hende det per phantasiam, som hand indbildet for nogle Aar siden nogle Qvinder i Findmarken.» Prosten held fram: «Dernest tencker jeg, schulle mand giøre Fanden dend Ære, och paa hans Aabenbarelse henrette et Menniske, att han kunde søle sig i hendes Blod [...].»14 Det kan òg skje ved at fanden lurer henne til å ynskje seg sin eigen daude gjennom avretting, åtvarar Møinichen. Hansen (2018, 1, 230) konkluderer: Møinichens ord samsvarar «godt med det både lov og samtid oppfattet som trollfolk – altså hekser».

Hansen misforstår. Prosten tilskriv Nille på ingen måte trolldomskrefter, men brevet inneheld generelle refleksjonar om påverknadskrafta til djevelen, som er interessante i denne samanhengen. Før eg går over til Nordlands Trompet, vil eg difor greie ut om to viktige punkt i Møinichens fråsegn. For det fyrste illustrerer dømet med kvinnene i Finnmark eit meir moderne syn på trolldom. Djevelen kunne ikkje motverke dei fysiske lovene skapte av Gud, men berre påverke menneske gjennom innbillingar. «Forstyrra» individ vart ikkje lenger knytte til ei «pakt med djevelen», men til innbillingar («per phantasiam») i eit sjukt sinn. Om så desse innbillingane var hallusinasjonar, vart djevelen likevel sedd på som opphavsmann til innbillingane. Etter Møinichens meining var Nille «sjuk» med tankar om barnedrap og mogelegvis òg dødslengt. Det andre punktet gjeld effekten djevelens «Aabenbarelse» har hatt på andre, og her er ankemålet tyngre: Møinichen ymtar frampå om at lagtingsretten sjølv var fylt av innbillingar frå djevelen då mennene der dømde henne, slik at «djevelen kunde søle sig i hendes Blod». Det som finst av «trolldom» i Nille-saka, knyter prosten altså ikkje til skrømtet, men til innbillingar hjå Nille og lovfolket. Møinichen meinte dessutan at det var ei grannejente som hadde gjeve seg ut for å vera skrømtet.

Så går vi over til Petter Dass’ omtale av hendinga i Nordlands Trompet. Omtalen av Skålvoll-episoden hjå Dass handlar hovudsakleg om tiltrekkingskrafta denne bankeånda hadde på folk i landsdelen etter avrettinga: «Der samme slags Dievel fik Munden paa gang, / Var mange som skiøttet ey Veyen var lang, / Forlysted sig didhen at drage.» Termen «prest» er nemnd mange gonger, og interessant nok set Dass opp ein motsetnad mellom ein god og ein vond prest. Det er tale om den «fremmede Præst» som etter kvart «skiemtes at prædike meere», for «Præsterne paa deres Stole» sa tydeleg ifrå at dersom folk ville lyde på fyrstnemnde, så gjorde dei seg skuldige i dyrking av «Avguder». Møinichen mana folk i ei gudsteneste i 1688 til å halde seg unna skrømtet. Den «framande presten» er altså djevelen som gjennom sin «Aabenbarelse» fyller folk med innbillingar. «Præsterne paa deres Stole» tolkar Kåre Hansen (2018, 1, 234) derimot slik: «Både Petter Dass og Arent Hartvigsøn trodde virkelig på djevelen slik han gav seg til kjenne på Skålvoll. Begge ser ut til å ha betraktet Nille Joensdatter som djevelens ledsager og samarbeidspartner – ei heks.»

Dei som har granska Dass’ omtale av Nille-saka, har studert passasjen hjå Dass som byrjar med historia om skrømtet. Men for å få innsikt i Dass’ syn på Nille-saka, meiner eg vi må dra inn det som står over, der Dass skriv kritisk om lagtingsretten på Steigen: «Om hver den der sværger, forstaar sig derpaa, / Det lader jeg denne gang, u-omtalt staa, / Til Dagen, naar HErren indstævner.» Hansen (2018, 1, 225) ser òg dette avsnittet uavhengig av Nille-saka: «Det er uklart om han [Dass] kritiserte dommer som lagrettemennene i Nordlandene hadde vært med å avsi, eller om det var selve loven. Kanskje mente han at prestene var bedre egnet til å bekle oppgaven som lagrettemenn?»

Den nemnde passasjen meiner eg inneheld nykelen til å forstå Dass. Ikkje berre hadde prost Møinichen kritisert lagrettemennene, det same hadde styremaktene i København. Dass stemmer i: Kor feil dei tok i saka mot Nille, vil koma fram ved domedag. Dass’ framstelling er altså heilt omvend av det Kåre Hansen hevdar. Prestane blir presenterte som ein kontrast til både djevelen og lagrettemennene. Lokale bønder hadde saman med Hartvigsøn forfatta eit brev før saka kom opp på tinget, der dei skulda Nille for lauslivnad. To av desse bøndene hadde rolla som lagrettemenn under prosessen. Denne inhabiliteten nemner ikkje Hansen.15

Eg meiner det dermed skulle vera klårt som dagen kva side Dass valde. Dette synet samsvarar òg med konklusjonane i to masteroppgåver om emnet.16 Og ikkje minst: Jens à Møinichen stod sentralt i nettverket til Petter Dass; han var gift med syster til Peder Bredal, presten i Brønnøy og Petter Dass’ «brevven», og dermed svigerson til Dass’ tidlegare overordna, biskop Erik Bredal. Møinichen hadde sjølv vore tilsett som prest i Brønnøy, og i den perioden vikarierte Dass for Møinichen.

Hansen (2018, 1, 234) dveler ved termen «Avguder» hjå Dass og meiner bruken av det ordet ville «framprovosere en stevning om avguderi fra prestenes side». Éin ting er at prestar ikkje hadde rett til å stemne nokon, ein annan ting er at «Avguder» på ingen måte er ein juridisk term knytt til lovbrot.17 Her gjeld det å halde ulike sjangrar frå kvarandre. Språket i tingdokument må ikkje likestillast med retorikken i dikt og moralske tekster frå 1600-talet, der omgrep som «avgudsdyrking», «sodomi», «blasfemi» osb. blir bruka både av ortodokse og liberale prestar, og liketil om noko så enkelt som sminkebruk. Dass’ dikting er full av polemiske formaningar. Det har ikkje berre Kåre Hansen, men også Rune Blix Hagen peika på. Eit illgjete døme er denne strofa i Katekismesangene: «Du skal og uden ald forskiel / Udrydde slet af Land / Ald Signe-Folk og Satans Træl, / Og hver en Spaadoms Aand» (sitatet er frå Blix Hagen, 2017, 103). Slike vers må lesast nettopp som moralsk-didaktiske åtvaringar – då er det lov å overdrive – ikkje bokstavleg som saksopplysningar i ei tingbok. Rune Blix Hagen (2017, 97 f.) påstår at synet til Dass på trolldom var forma under studietida i Danmark, der teologiske verk om djevelpakt, åndemaning og liketil flygande hekser på veg til heksesamlingar var pensum. Men Dass skriv aldri om slike ting i dikta sine. Blix Hagen har likevel ikkje alltid sett så svartsynt på Dass. I ein artikkel skriven ni år tidlegare (Blix Hagen 2008, 78), ein gjennomgang av Nille-saka, er konklusjonen at Dass «synes å ha samme syn på spøkelset som Møinichen».

Her høver det med eit siste blikk på omtalen til Dass av skrømtet i Steigen: «At høre paa den Sathans Prædiken og Tant, / Der dog den forbandet bedragelig gant, / Veed Folk vel om Næsen at tage.» Sterke ord ved fyrste augnekast. Men termane «bedrag» og særleg «ta nokon ved nasen» må knytast til mellomposisjonen andsynes trolldom eg nemnde ovanfor. Gina Dahl (2002/2003, 41), som har granska boksamlingane hjå dansk-norske 1600-talsprestar, skriv at Møinichen har «et moderne standpunkt ved å se på trolldom som fantasier som kvinnene selv er uskyldige i», men utan å gje slepp på ideen om at djevelen er «fantasiprodusenten». I skiftet etter Anders Dass, son til Petter, finn vi verk av den nederlandske ortodokse presten Johannes Hoornbeeck; han fremja same idear.18 Hoornbeeck høyrde mogelegvis til Petter Dass’ bibliotek.

Ein monolittisk lesemåte som set likskapsteikn mellom presteskap og maktmisbruk, evnar ikkje å fange opp komplekse tilhøve i denne perioden. Hansen og Blix Hagen fer fram som aksjonistar når dei les Dass; dei er ute etter å avsløre «svovelpredikanten». Det mangtydige ordet «udrydde» i sitatet ovanfor les dei som «tilinkjesgjering», altså med tydinga «avliving av trolldomsfolk».19 Blix Hagen (2017, 105) driv det så langt at han må ty til kontrafaktisk historieskriving for å få modellen til gå opp:

Petter Dass’ iver etter å utrydde alle signefolk kunne lett ha fått langt alvorligere konsekvenser dersom han hadde levd og virket noe tidligere enn hva han faktisk gjorde, eksempelvis på begynnelsen av 1600-tallet.

Ein kunne heller konkludert omvendt: Dersom orda hans hadde juridisk kraft, ville Dass truleg ordlagt seg annleis her. Det finst som sagt ikkje omtale av ei einaste hekseforfylging i Dass’ dikting. Men utifrå Nille-saka er det råd å resonnere seg fram til kva syn Dass hadde på påverknadskrafta til djevelen. Som vi har sett, stig Dass i dette spørsmålet fram som meiningsfrende av Møinichen.

Petter Dass og Bendix Nebel

Kring hundreårskiftet 1700 dreiv kjøpmannen Bendix Nebel smugling langs norskekysten. I 1701 fekk futen på Helgeland ordre om å arrestere han. Nebel vart sett bak lås og slå, men Petter Dass kausjonerte 500 riksdalar så han kunne sleppe fri. Kåre Hansens (2018, 1, 271) dom lyder: Dass hjelpte ein «storsmugler og voldsforbryter». Denne episoden kan knytast til ein tekstpassasje i Nordlands Trompet der Dass seier at han ynskjer seg ein nordnorsk kjøpstad. Eg vil her diskutere både Hansens og Lauvstads omtale av denne tekstpassasjen.

Men fyrst litt om smugling og Nebel. Smugling var utbreidd i tidleg nytid: Tenestemenn både høgt og lågt i Det nederlandske Austindia-kompaniet dreiv med privat smugling. Tilhøva i Danmark-Noreg var neppe betre. Når det gjeld Bendix Nebel, byggjer eg i hovudsak på det Kåre Hansen skriv. Nebel var mykje meir enn ein «voldsforbryter» og «beryktet smugler»: Han gav ut eit skrift med råd om handelstilhøve på Island og kom med framlegg om å skipa eit islandsk poststell. I 1701 sende han ein søknad til kong Fredrik 4. på vegner av borgarane i byen Glückstadt (den gong ein del av Danmark) om å forpakte kvalfangsten i Finnmark i ti år mot ei årleg avgift. Nebel meinte at han kunne forsyne finnmarkingane betre enn bergensborgarane. Her er vi inne på kjernen i dramatikken kring Nebel: Skulle ein handle med Nord-Noreg, måtte ein ha borgarskap i Trondheim eller i Bergen. Hansakjøpmenn i Bergen hadde monopol på handelen i Nordlanda og Finnmark, og vegen dit gjekk over det farlege Stadhavet, der jekta til Dass forliste.

Medan Nebel venta på svar frå kongen, utførde han den ulovlege handelsverksemda si. Liketil helgelandsfuten Peter Angel (gift med ei halvsyster av Petter Dass) handla truleg med Nebel. Men det kom klager på Angel. Då Rentekammeret i København sende ut ein arrestordre, vart Nebel endeleg arrestert på Tjøtta, kring jonsoktider i 1701, men utan å bli sett bak lås og slå. Då Angel måtte fara bort på tingreise, fekk Nebel og mannskapet hans has på sakene sine og siglde av garde. Jacob Falch – morbror til Petter Dass – som då budde på Tjøtta gard, gjorde ikkje nokon nemneverdig freistnad på å stogge dei. Etter nokre samanstøytar arresterte Angel Nebel for andre gong. Sorenskrivar Jacob Dass (Petters bror) avsa ein mild dom. Alstahaug-diktaren gav i tillegg eit raust lån, 500 riksdalar, så Nebel kunne kjøpe seg fri. Tollforpaktarane nordanfjells var rasande, dei tapte pengar, og dei kontakta kammerkollegiet i København, som stemnde både Nebel, Jacob Dass og Petter Angel for retten. Det høyrer med til soga at Nebel sende inn ein ny søknad i 1702 om å etablere handelsverksemd og kvalfangststasjon i Tromsø fogderi. Rentekammeret tilrådde søknaden. Så mistilliten til denne «valdsbrotsmannen» stakk ikkje så djupt likevel.

Episoden med Bendix Nebel gjekk føre seg nett i den perioden Dass prøvde å få Nordlands Trompet utgjeven. Det er mogeleg at styremaktene i København såg på Nordlands Trompet som eit trugsmål mot den merkantilistiske politikken. I siste kapittel i Nordlands Trompet, «Tromsens Fogderi», forlèt Dass delvis det programmet han har fylgt i boka med å skildre Nord-Noreg del for del. Dass brukar nemleg stor plass på å skildre ei ulovleg handelsverksemd. Han fortel korleis hollandske skip handla direkte med folk i Malangen, så folket der slapp den lange farefulle sjøvegen til Bergen. Han blir deretter overraskande personleg og fortel om jekteforliset sitt, før han lanserer den forbodne tanken om eit «nordnorsk Bergen», ein nordnorsk kjøpstad: «Men hvad vill ieg ønske, jeg faar icke ja / De Bergenske fløtte dog aldri derfra.» Berre det at Dass nemner denne tanken, og attpåtil i ei tid der Dass/Falch-familien ikkje stod høgt i kurs i København, kunne vera grunn til at manuskriptet vart stogga i sensuren. På grunnlag av episoden med Nebel og Dass’ «forbodne tankar» kan Nordlands Trompet karakteriserast som ein regionalpolitisk forsvarstale – men då sjølvsagt ikkje i vår tids tyding av ordet. Politiske endringar i denne perioden gjekk ikkje føre seg gjennom folkevalde i kommunestyre og storting. På 1600-talet, ei tid med muting og manipulasjonar, kunne ein «storsmuglar» få til endringar med varige fylgjer for riket.

Kåre Hansen (2018, 2, 46–47) meiner òg at passasjen om oppretting av ein kjøpstad i Nord-Noreg er ein mogeleg grunn til at Nordlands Trompet vart stogga i sensuren. Hansen viser både til det faktum at ein meir liberal politikk i nordlandshandelen vart innførd i 1739 – det året Nordlands Trompet kom ut – og ved å peike på den negative omtalen Albert Dass gav av «den forbodne tanken» – Albert Dass hadde nemleg nyss vore byfut i Bergen då han gav ut Nordlands Trompet i 1763.

Hanne Lauvstad har ein heilt annan omtale av passasjen. Talande for metoden hennar er denne refleksjonen (Lauvstad 2006, 229, fotnote 255): «Min analyse er konsentrert om den litterære presentasjonen av kjøpmanns- og handelsmotivet, derfor vil jeg ikke ta opp den makthistoriske tråden.» Men når ein utelèt denne tråden, blir det uråd å forstå passasjen. Lauvstad er i Nordlands Trompet kontinuerleg på jakt etter exempla, moralske forteljingar med ein ålmenngyldig bodskap. Difor leitar ho i eit litterært «repertoar», altså samling av klassiske og bibelske tekststader, etter forklåringsmodellar på tekstpassasjar hjå Dass. Det finn ho i dette tilfellet i Jesu likning om sennepsfrøet. Har læresveinane tru som eit sennepsfrø, kan dei flytte fjell, heiter det (Matt 17,20). Ifylgje Lauvstad finst her ein samanheng, for begge tekststadene talar om «flytting» av eit geografisk objekt. Men sidan Dass meiner Bergen «fløtte dog aldri derfra», meiner Lauvstad (2006, 208) at diktaren lærer oss å vera audmjuke, for «en endring av geografiske vilkår er umulig». Med bakgrunn i det nemnde maktpolitiske spelet seier det seg sjølv at ei slik lesing er malplassert.

Men å knyte makt einsidig til eit monolittisk skjema, som Hansen gjer, blir det heller ikkje råd å forstå hendinga på Tjøtta. Lovbrotet til Nebel og Dass retter seg nemleg mot styremaktene i København. Denne «omvende» maktrørsla har òg fylgjer for korleis vi skjønar sjangeren til Nordlands Trompet, lovtalen. Tekstpassasjen har fellespunkt med dømet eg nemnde med Joannes Six van Chandelier. Fedrelandskjærleiken hans, amor patriae, fekk han til å bryte med dei retoriske krava til lovtalen. Vi ser eit liknande brot i det siste kapittelet av Nordlands Trompet. For det fyrste har det lange, personlege vitnemålet om jekteforliset fint lite med Troms å gjera. For det andre utfordrar Dass i denne delen den tronge definisjonen av «kunstlitteratur» som uttrykk for «makthavernes syn». Kapittelet «Tromsens Fogderi», med den positive skildringa av ulovleg handelsverksemd og med ynsket om eit nordnorsk Bergen, formar altså ein direkte protest mot makthavarane.

Var Petter Dass ein «folkediktar»?

Målet til Hansen, Blix Hagen og Lauvstad har vore å korrigere tidlegare forsking på Petter Dass, med nasjonsbygging, regional og lokal patriotisme som styrande element. Men ikonoklasmen deira går for langt. Hjå Hansen og Blix Hagen finst det så å seia ikkje eit einaste sitat av populære vers hjå Dass – kjende strofer som har gjeve han merkelappen «folkediktar». Og når Lauvstad (2006, 83) refererer til slike populære vers, er det med bodskapen om at ein lesar som er «uinnvigd» i kunstlitteratur, ikkje har skjøna dei.

Eg vil drøfte omgrepet «folkeleg» i samband med dei mange referansane til nordnorsk natur i Nordlands Trompet. Eg illustrerer det med eit av dei meste kjende sitata frå Dass’ dikting, frå «Svemmende Dyr i det Nordlandske hav» (Dass 1739, 43):

I [Du] pralende Sey! see jeg nær havde glemt

Din hoppende Springen og lystige Skiemt

    Udi mine Skrifter at teigne:

Hvor smuk er din Dands alt om Midsommers Tid,

Naar Soelen den skinner og Væjret er blid

    Et Menniskes Hierte maa qveigne.

 

Vi kan stemme i med Francis Bull når han karakteriserer denne tiltalen til seien som «et tegn på Petter Dass’ oppfinnsomhet, originalitet og poetiske sans» (sitat etter Lauvstad 2006, 128). Så raske bør vi likevel ikkje vera i entusiasmen, meiner Lauvstad (2006, 128) og gjev oss denne kalddusjen:

Jeg vil på ingen måte frakjenne Dass slike evner. Tiltalen av seien er imidlertid ikke Petter Dass’ originale oppfinnelse, men et typisk eksempel på en retorisk apostrofe, anropelse av ikke-naturlige personer eller ting i teksten, et hyppig brukt virkemiddel i litteratur som bygger på den klassisk-retoriske tradisjonen.

Lauvstad vel heller å sjå tiltalen av seien i lys av den nemnde exemplum-tradisjonen. Denne gongen går ho til dyreframstellingar i dei kjende bestiaria. Ho har nett det same synet på 1600-talspoesi som den før nemnde W.A.P. Smit: Lauvstad (2006, 200–201) meiner diktaren omformar konkrete sansingar frå ein folkeleg nordnorsk røyndom til ålmenngyldige moralske læresetningar. Kveita lærer oss audmjukskap, lodda lærer oss at «horeri» er umoralsk, og seien er «en allegori for det nordlandske mennesket og dets vilkår». Livet til nordlendingen er altså som ein «Dands alt om Midsommers Tid», men denne «leiken» endar brått, for «[n]aar du haver Legen paa høyeste fat / Du veedst ey før Garnet der under er sat / Saa endes din Glædskap med alle». Vel, dauden kan koma brått, også på ein nordlending, og garnet kan vel fungere som eit bilete på reiskapar dauden brukar, liksom ljåen åt «Ljåmannen». Men så lenge Dass ikkje eksplisitt signaliserer at «Svemmende Dyr» skal lesast allegorisk, meiner eg vi ikkje skal leggje noko til som ikkje finst der.

Det er to problem med Lauvstads retoriske lesing. Når ho kritiserer Bull og fråskriv skildringa originalitet, misforstår ho. Bull meiner ikkje at Dass er original gjennom oppfinninga av den retoriske figuren apostrofe (tiltale), men er original i måten han brukar apostrofen på, for det handlar ikkje om ein apostrofe til konvensjonelle storleikar som patria eller caritas, men til noko så originalt som nordeuropeiske fiskeslag. No argumenterer Lauvstad i tillegg for at originalitet er eit konsept ved skjønnlitteratur, ikkje kunstlitteratur; dermed skulle originale apostrofar heller ikkje kunne eksistere i 1600-talslitteratur. Men som Schenkeveld har argument for, må ein opne opp for individuelle røynsler og kjensler. Også når det gjeld «repertoar», må det vera råd å operere med gradar av originalitet. Lauvstad (2006, 89) argumenterer sant nok for eit tøyeleg repertoaromgrep. Men i Dass’ tilfelle blir repertoaret redusert til såkalla progymnasmata – retoriske øvingar på latinskulen.20

Spørsmålet om repertoar blir meir prekært i møtet med Petter Dass’ omtale av Moskstraumen – det naturfenomenet som fyller flest sider i Nordlands Trompet. Straumen var truleg det mest kjende norske naturfenomenet på Dass’ tid. Det fanst dei som siglde utanom delar av Nordlandskysten på grunn av mytar om straumen. Malstraumen er tydeleg markert på kart frå denne tidsperioden.

Utsnitt av kartet til Willem Barentsz over Norskehavet og Barentshavet frå 1598. Moskstraumen er markert tydeleg på kartet. Kjelde: kart 4846, Nasjonalbiblioteket.

Lauvstad (2006, 207) er inne på noko viktig når ho viser korleis Dass forkastar gamle forklåringar på malstraumen – idear som skriv seg frå tanken om at straumen er Odysseens sjømonster Kharybdis – og heller baserer seg på «moderne, naturvitenskapelig empirisk metode». Men dette er likevel ikkje konklusjonen hennar. Lauvstad fylgjer atter modellen med exemplum: Allusjonen til Kharybdis tilskriv Lauvstad (2006, 206) ein moralsk bodskap; bulderet og bråket til straumen «tvinger den reisende til å være årvåken og rask». Dessutan les ho inn bibelske allusjonar til forteljinga om Moses og Raudehavet i passasjen. Eg meiner atter det ikkje er grunnlag for slike allegoriske lesingar. Dass polemiserer imot oppfatningar av malstraumen med rot i klassisk kunnskapstradisjon. Diktarpresten seier han heller retter seg etter «Forfarenhed», røynsle, og «Eenfoldighed», einfelde. Passasjen opnar altså opp for ein indre motsetnad i Dass’ «repertoar» som det er verdt å problematisere. Dass gjer faktisk det motsette av det Lauvstad hevdar. Han distanserer seg frå ein del av det humanistisk-klassiske pensumet frå latinskulen og baserer seg heller på fyrstehandskunnskap frå folket i Nord-Noreg.

Sigri Skjegstad Lockert (2011, 87) strekar under at Nordlands Trompet truleg er «det mest beskrivende og forklarende av verkene om Moskstraumen i denne tidsperioden». I dette perspektivet har Petter Dass mykje å tilby, ikkje berre for norsk litteraturhistorie, men òg for natur- og vitskapshistorie. Eg siterer om att passusen frå Norsk biografisk leksikon: Dass «er ingen foregriper av opplysningstidens ideer». Av dei ovanfor nemnde punkta skulle det vera klårt at denne påstanden er heilt urimeleg. Petter Dass levde midt i og hadde kontakt med ein periode som i natur- og vitskapshistoria deler mange idear med det som blir kalla den tidlege opplysningstida, ein periode der ei atteroppdaging av heimleg flora og fauna bar til.21

Vi er dermed attende der vi byrja. Målet er ikkje å vende attende til ei nasjonal og regionalpatriotisk Dass-forsking. Petter Dass var ingen folkediktar, som dikta makt til fiskarbøndene; han talar på vegner av det sosiale nettverket sitt, som i episoden på Tjøtta. Men som lokalt forankra poet – ein diktar som sat i provinsen og auste av eit lokalt nordnorsk «repertoar» – er det dekning for å kalle han ein diktar med interesse for den «folkelege» røyndomen. Dette skiljet har òg tidlegare forskarar vore medvitne om, særleg Hans Midbøe. Biografien hans om diktarpresten frå 1947, Petter Dass, kjem faktisk inn på dei fleste punkta som Kåre Hansen meiner er tagde i hel, utan at han går så grundig til verks. Men til skilnad frå Hansen er Midbøe balansert i framstellinga av makttilhøve i Dass’ samtid.22 Ein slik balansegang bør ein finne attende til i forskinga på Petter Dass. For å få det til må ein retorisk nærlesingsstrategi kombinerast med dei lesemåtane eg har nytta i denne artikkelen: historisk kontekstualisering, autoral sjølvframstelling og vekt på sosiale nettverk.

Litteratur

Andersen, Cecilie. 2017. «Hr. Petter, Signe-Folk og Satans Træl. En undersøkelse av Petter Dass sin oppfatning av trolldom og hvit magi i andre halvdel av 1600-tallet». Masteroppgåve ved UiT Norges arktiske universitet.

Apenes, Sverre Inge. 1978. Rapport om Petter Dass. Presten som diktet makt til folket. Oslo: Gyldendal.

Blix Hagen, Rune. 2007. «Den historiske Petter Dass». Historie 17 (3): 38–45.

--. 2008. «Nille–saken. Hendelsesforløpet, aktørene og litteraturen». Årbok for Steigen 2018: 71–81.

--. 2017. «Katekismesangene hos Petter Dass. Norsk protestantisk demonologi på vers og rim». I Efter Reformationen. Beyond the Reformation, redigert av Kari G. Hempel, Poul Duedahl og Bo Poulsen, 88–120. Ålborg: Aalborg Universitetsforlag.

Blix Hagen, Rune, og Hanne Lauvstad. 2014. «Petter Dass» i Norsk biografisk leksikon, https://nbl.snl.no/Petter_Dass.

Bruland, Skirne Helg. 2002. «Metaforer og program i Nordlands Trompet». I Overdådighet og død i barokken, redigert av Hall Bjørnstad og Mette Nygård, 95–110. Oslo: Emilia.

Buyens, Vincent. 2005. «Joannes Six van Chandeliers ‘Schetse van Venecie’. Meer dan een reisindruk». Spiegel der Letteren 47: 21–51.

Coldevin, Axel. 1965. Rana bygdebok – Hemnes og Mo prestegjeld til 1850. Rana: Mo Sparebank.

Cooper, Alix. 2007. Inventing the Indigenous. Local Knowledge and Natural History in Early Modern Europe. Cambridge: Cambridge University Press.

Dahl, Gina. 2002/2003. «Opplysning og trolldom. Et eksempel fra 1600-tallets Nordland». Din. Tidsskift for religion og kultur 4 (1): 37–42.

Dalen, Ingebjørg Aamlid. 2011. «Ei tjenestejente, to prester og ett spøkelse. En undersøkelse av trosforestillinger, rettspraksis og resepsjonshistorie i Nille-saken fra Steigen 1687–88». Masteroppgåve ved Universitetet i Tromsø.

Dass, Petter. 1715. Katekismesanger. Historisk-kritisk utgåve ved Jon Haarberg. https://www.bokselskap.no/boker/katekismesanger/tittelside.

--. 1739. Nordlands Beskrivelse [...] (Nordlands Trompet). Bergen: Kongl: Majests privil: Bogtryckerie i Bergen.

Friis, Peder Claussøn. 1881. Samlede Verker. Utgjevne av Edvard Storm. Kristiania: Brøgger.

Greenblatt, Stephen. 1988. Shakespearean Negotiations. Berkeley, CA: University of California Press.

Hansen, Kåre. 2006. Petter Dass – mennesket, makten og mytene. Sandnessjøen: eige forlag.

--. 2018. Petter Dass – Guds Øyesteen, 2 bd. Sandnessjøen: eige forlag.

Hansteen, Peder A. 1991. «Regnskap for Nesne og Hemnes kirker 1691–1699 ved Petter Dass». Årbok for Helgeland: 108–113.

Heyd, Michael. 1995. Be Sober and Reasonable. The Critique of Enthusiasm in the Seventeenth and Early Eighteenth Centuries. Leiden: Brill.

Haarberg, Jon. 2008. «Petter Dass som utfordring til metodeundervisningen i historiefaget». Edda 95 (4): 394–401.

Knutsen, Nils Magne. 2007. «Med ryggen vendt mot Nord-Norge. En kommentar til Hanne Lauvstads Petter Dass-lesning». Edda 94 (3): 327–330.

Kong Christian den femtes Norske Lov. 15de April 1687. Oslo: Universitetsforlaget, 1982.

Lauvstad, Hanne. 2006. Helicons Bierge og Helgelands Schiær. Nordlands Trompets tekst, repertoar og retorikk. Oslo: Acta humaniora.

Lauvstad, Hanne. 2007. «Med ansiktet vendt mot Europa – svar til Nils Magne Knutsens kommentarer til min Petter Dass-lesning». Edda 94 (4): 413–415.

Lockert, Sigri Skjegstad. 2011. Havsvelget i nord. Moskstraumen gjennom årtusener. Stamsund: Orkana Akademisk.

Midbøe, Hans. 1947. Petter Dass. Oslo: Gyldendal.

Moesgaard, K.P. 1972. «How Copernicanism took root in Denmark and Norway». I The Reception of Copernicus’ Heliocentric Theory, redigert av Jerzy Dobrzycki, 117–151. Dordrecht: Reidel.

Niemi, Einar A. 2007. «Kåre Hansen: Petter Dass – mennesket, makten og mytene: forspilte muligheter?». HIFO-nytt, nr. 4: 12–17.

Ordbog over det danske sprog: https://ordnet.dk/ods.

Schenkeveld-van der Dussen, M.A. 1989. «Personage of persoonlijkheid. Het ik in de Nederlandse lyriek van de 17de eeuw». I De ontdekkingen van het subject, redigert av B. Scholz og A.J. Gelderblom, Utrecht Renaissance Studies 7: 37–55.

Schønnebøl, Erik Hansen. (1591) [1813–]1817. «Beskrivelse over Lofoden, Vesteraalen, Annenæs, Røst og Værøen. Aar 1591». I Det kongelige norske Videnskabersselskabs Skrifter i det 19de Aarhundrede, 1: 449–486. København.

Sejersted, Jørgen. 2002. «Petter Dass’ ansikt og ideologi». I Forklaringer. Litterære tekster lest på nytt, redigert av Per-Arne Michelsen og Marianne Røskeland, 51–69. Bergen: LNU/Fagbokforlaget.

Spang-Hansen, Ebbe. 1965. Erasmus Montanus og naturvidenskaben. København: Gad.

Spaans, Ronny. 2020. Dangerous Drugs. The Self-Presentation of the Merchant-Poet Joannes Six van Chandelier (1620–1695). Amsterdam: Amsterdam University Press.

Vermij, Rienk. 2002. The Calvinist Copernicans. The Reception of the New Astronomy in the Dutch Republic, 1575–1750. Amsterdam: Koninklijke Nederlandse Akademie voor Wetenschappen.

Willumsen, Liv Helene. 2013. Dømt til ild og bål. Trolldomsprosessene i Skottland og Finnmark. Stamsund: Orkana.

1Dei fleste av desse stridsspørsmåla var i ulik grad alt kjende i forskinga på Petter Dass, sjå til dømes Midbøe 1947 og Coldevin 1965, 111–119.
2Blix Hagen og Lauvstad 2014, lese 5. februar 2020. Artikkelen vart sist oppdatert 28. september 2014.
3Sjå verk med liknande metodisk tilnærming: Spaans 2020, 22–26.
4Jf. Einar Niemis (2007, 14) og Jon Haarbergs kritikk (2008, 399) av Hansen.
5I denne definisjonen på «kunstlitteratur» baserer Lauvstad seg på Stina Hanssons forsking, sjå Lauvstad 2006, 21. Jf. andre retoriske lesingar av Dass som er meir opne for «den ekstralitterære røyndomen»: Sejersted 2002 og Bruland 2002, og Lauvstads (2006, 37–38, 229) diskusjon av desse artiklane.
6«[…] hoe de Renaissance-dichter zijn persoonlijke ondervindingen en gevoelens herleidt tot en omvormt naar het algemeen-geldende, om ze zodoende te integreren in het universele.» Sitat frå Schenkeveld 1989, 40.
7Dei fyrste fire bolkane har i ein tidlegare versjon vore på prent i Helgelands Blad, i artikkelen «Systematiske feillesingar av Petter Dass», 5. juli 2019, s. 18–23. Men dei har gjennomgått store endringar i og med at denne analysen dreg inn både metodespørsmål og forskinga til Blix Hagen og Lauvstad.
8Sjå Jon Haarbergs utgåve av Katekismesangene på bokselskapet.no.
9Omsetjing til engelsk ved Rienk Vermij (2002, 179).
10Sjå Haarbergs kommentarar til «Den Første Sang» på bokselskap.no.
11«Sampt» kan i eldre dansk berre tyde «sammen (med)», sjå Kalkar, https://kalkarsordbog.dk/ordbog?query=samt.
12Etter notatet i Lødingen kyrkjebok omkom det 22 menneske på fem av åtte jekter som forliste. «Mange andre Indbyggere» viser truleg til dette høge talet og ikkje til mannskapet på éi jekt. Men det er fleire moment som er uvisse i denne notorisk vanskelege tekstpassasjen. Tydinga til «forulykke» inneber ikkje naudsynlegvis at mannskapet «drukna»; som notatet i Lødingen seier, var det folk som berga seg frå forliste jekter. Og skrivet til Blix handlar strengt teke om økonomiske spørsmål. I og med at «med» kan tolkast som «hjå», «til», kan vi føre opp ei ny tolking: Passasjen viser til eigedomen til mange landsens innbyggjarar. Det var altså «mange andre Indbyggere» som miste gods då jektene forliste. Jf. fyrste tyding til «med» i Kalkar, https://kalkarsordbog.dk/ordbog?select=Med,e&query=med. Eg vil takke Klaus Johan Myrvoll for denne tolkinga.
13Sjå Nordlands Trompet (Dass 1739, 20), «Aften-Suk» og «Petter Dass til sine Sognefolk».
14Sjå sitat frå Møinichen hjå Dalen 2011, 35–36.
15Dalen 2011, 33. Jf. Christian Vs Norske Lov 1687, 1982, 27, «5. Cap. Om Dommere»: «Ingen Dommere maa dømme i de Sager, som hannem selv gielde paa.»
16Dalen 2011 og Andersen 2017.
17Termen finst ikkje i Christian Vs Norske Lov 1687, 1982, 234, om «vildfarende Lære, Guds Bespottelse og Troldom».
18For meir om Hoornbeeck, sjå Heyd 1995 og Spaans 2020.
19Haarberg les ordet som «fjerne» i si utgreiing av «Det Andet Bud» på bokselskap.no.
20Vi kan gå til ein kjend forfattar for å vise korleis «repertoaret» endrar seg. Det typiske for denne perioden er ein diktekunst overlesst med tilvisingar til antikkens kultur og mytologi. Om Shakespeare, som til liks med Petter Dass kom frå landsbygda, heiter det at styrken hans ligg i preferansen for engelsk folkekultur over mytologisk utsmykking frå pensumet på latinskulen. Det finst til dømes referansar til 180 dyreslag hjå Shakespeare. Om du tel fiske- og dyreslag hjå Petter Dass, kjem du neppe langt unna. Ben Jonson skreiv – ertande – om Shakespeare at han hadde «small Latin and less Greek». Eg takkar Ken Runar Hanssen for denne referansen. Jamfør òg ein debatt mellom Lauvstad (2007) og Nils M. Knutsen (2007) om spørsmålet om nordnorsk kultur og natur i Nordlands Trompet – men utan at metode blir systematisk diskutert.
21Sjå til dømes Cooper 2007.
22Ikkje berre Midbøe (1947, 157), men òg Hansteen (1991) og Coldevin (1965) peikar på negative trekk hjå diktarpresten, utan at det går ut over balansen i framstellinga.

Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon