Med dette nummeret tar vi i Kristiansand over for Trondheims-redaksjonen, og Edda får no base ved Universitetet i Agder. Tidsskriftet har ein særs solid posisjon i litteraturvitskapen og er det leiande forumet verda over for publisering av forsking på nordisk litteratur. Derfor er det både ei ære og eit stort ansvar å føre tradisjonen vidare og ta vare på den høge kvaliteten i tidsskriftet. Vår ambisjon er å sørge for at Edda framleis er eit attraktivt forum å publisere i, og at tidsskriftet såleis speglar forskingsfronten i faget. Dette inneber at det ikkje er redaksjonen som skal leggje føringar på kva slags innhald tidsskriftet skal ha, men at tendensar i den faglege utviklinga vil setje premissar for arbeidet vårt.

Tidsskriftet omhandlar litteratur frå alle språkområde, men har hovudvekt på nordisk litteratur. Denne avgrensinga er først og fremst empirisk, og bidrag som i staden har eit meir teoretisk, metodisk eller komparativt siktemål, vil absolutt vere velkomne. Ei utfordring kan vere overlappingar mot andre fagområde, slik som didaktikk, visuell kultur eller filmvitskap, men så lenge slike bidrag inkluderer litteratur eller har relevans for litteraturstudiar, har dei ein viktig funksjon i tidsskriftet. Trendar i den faglege utviklinga har nettopp gjerne gått ut på å kombinere perspektiv og analysemetodar for å fange opp kompleksiteten i eit forskingsobjekt som ikkje kan avgrensast til tekst på papir, men som kan formidlast både i form av andre teikn og andre teknologiar.

I dette nummeret trykkjer vi fire artiklar som alle på eitt eller anna vis har med politikk å gjere. Dei viser korleis litteraturen inngår i sosiale kontekstar som får konsekvensar for måten menneska tenkjer og handlar på, og korleis han såleis også deltar i spelet om makt. Artikkelforfattarane argumenterer for å tolke litterære tekstar i dialog med andre tekstar som deltar i den offentlege meiningsutvekslinga, og for å sjå ut over dei strikt retoriske og verkinterne tydingskategoriane. Dessutan handlar det om kven som kjem til orde, og korleis, i den offentlege samtalen, for tilgjenget til verbale arenaer utanom den private var og er som kjent regulert av mellom anna klasse og kjønn. Meir eller mindre implisitt i diskusjonen av litteraturen og det politiske ligg også refleksjonar over den litteraturvitskaplege fagdisiplinen si rolle som aktør i den sosiale kommunikasjonen om haldningar og makt.

Var Petter Dass politisk liberal eller konservativ? Hadde han omsut for innbyggjarane i lokalsamfunnet sitt, eller tenkte han først og fremst på å støtte dei velståande venene sine og å auke inntektene sine? Og kan litteraturen hans fortelje oss noko om dette? Diktarpresten i Nordland har i tidlegare forsking blitt tolka på den eine sida som ein nasjons- og regionsbyggjar, og på den andre sida som ein typisk mann for sin stand. Ronny Spaans kritiserer lesingar som i for einsidig grad fell ned på den eine eller andre vurderinga. Han meiner det er naudsynt å sjå originaliteten bak barokk-konvensjonane til Dass og dermed den betydninga han har hatt for landsdelens historie og kulturelle verdi. Samtidig understrekar han at vi må forstå retorikken til Dass i lys av andre diskursar i tida og slik få eit nyansert inntrykk av det meiningsrommet tekstane hans blei skrivne i. Litterær retorikk må lesast på ein annan måte enn juridisk språkbruk, hevdar han, for den litterære treng ikkje å frykte strafferettslege konsekvensar, men kan likevel fungere som innlegg i ei sak.

Korleis kan kvinner komme til orde i den offentlege samtalen i den førmoderne perioden? Korleis framstiller dei seg, og kva bruker dei røysta si til? Nyare forsking om kvinners litteratur på 1700-talet har lagt vekt på dei materielle tilhøva rundt det å få tekstar trykte og distribuerte til eit større publikum. Ved å studere praksisar, teknikkar og medium, kan ein få ei betre forståing av kva for makttilhøve som opnar eller lukkar for tilgangen til den offentlege samtalen. Dette er temaet for Matilda Amundsen Bergströms artikkel om dei tre forfattarane Sophia Elisabeth Brenners, Hedvig Charlotta Nordenflychts og Anna Maria Lenngrens forfattarskap. Dei levde alle i ei tid med strenge kjønnsnormer og tronge vegar ut mot deltaking i samfunnet, og dessutan utgjorde marknaden for trykte tekstar ein uoversiktleg situasjon der det for notidige forskarar kan vere vanskeleg å finne ut av kven som hadde makt over dei ulike kanalane. Amundsen gjer ein grundig analyse av dei ulike publikasjonane til dei tre forfattarane, og korleis dei blei distribuerte og mottatt. Ho peikar på dei mange aktørane bak ein publiseringsprosess og understrekar at det produktet som føreligg, i form av bok, pamflett, hefte, avisinnlegg og så vidare, er resultatet av ein prosess der økonomiske og normative maktstrukturar er avgjerande. Derfor argumenterer ho også for å etablere eit forskarblikk på desse tekstane, der dei sosiale og materielle tilhøva må takast med i analysen.

På kva måtar kan eit politisk sentralt, men òg særs abstrakt omgrep som ‘nasjon’ få ei poetisk utforming? Og korleis vart førestillingar om nasjonen artikulerte litterært av to forfattarar med liberale, nasjonalistiske idear på tidleg 1800-tal? Det kristne verdsbiletet står uanfekta hos både Henrik Wergeland og Carl Jonas Love Almqvist, men for båe forfattarane er menneskekroppens delar og aktivitetar eit rikt reservoar som dei nyttar for å dramatisere forholdet mellom nasjonen, kristendommen og landskapet. I artikkelen til Anna Bohlin får vi innblikk i den utstrekte bruken av kroppsvæsker, slik som tårer, sveitte, blod, mjølk og sæd, hos desse framståande opinionsdannarane i norsk og svensk romantikk. Ho meiner at denne forma for materialitet gjer nasjonsforståinga både konkret og dynamisk, og at kroppsvæskeretorikken dessutan bidrar til å sakralisere det nasjonale territoriet. Forskjellen mellom dei to er i hennar lesing at Wergeland legg vekt på flytande element for å skape samband mellom himmel og jord, medan Almqvist brukar kroppsutsondringane til å få det endelege og det uendelege til å smelte saman.

Eit meir dagsaktuelt tema er den politiske funksjonen til litteratur i lys av dei økologiske problema i verda i dag. Fagområdet økokritikk har vakse fram i takt med det aukande medvitet om presserande energi- og miljøutfordringar og dei mange litterære tekstane som tematiserer desse. Men er det slik at klimamedvitet er enkelt å setje ord på, eller at litterære tekstar kan bidra med forslag til løysing på krisa? Og kva rolle kan litteraturvitskapen spele i denne politiske konteksten? Sissel Furuseth analyserer to romanar der hovudpersonane er plasserte i dilemma som høyrer saman med avhengigheita av olje og bilbruk i Noreg. Ho peikar på at petroteori ikkje har fått nok merksemd i den nordiske økokritikken, og brukar Carl Frode Tillers Begynnelser (2017) og Henrik Nor-Hansens En kort evaluering av psykososialt stress (2014) til å underbyggje synspunktet. Tolkinga tydeleggjer kva litterære tekstar er gode på, nemleg å framstille ei politisk sak slik at lesaren forstår kompleksiteten i tematikken. Her er det sjølvsagt ikkje berre eit klimapolitisk medvit som syner seg, men ikkje minst også kjensler, inkonsekvent tenking, maktesløyse og handlingsvegring. Interessene står kraftfullt og paradoksalt mot kvarandre, både i ein sosial kontekst og innanfor det einskilde individet sjølv. Slik Furuseth viser, blir det litteraturvitskaplege bidraget ikkje berre å systematisere dei mange økokritiske bøkene som no finst, og tolke makta og avmakta som dei set ord på, men også å løfte fram økokritiske implikasjonar der desse ikkje direkte fell i augo.

Dette nummeret inneheld også meldingar av tre bøker. Annegret Heitmann melder Olav Solbergs Harpe og sverd. Litteraturhistoriske essays om den norske balladen, Heming Gujord melder Clemens Räthel og Stefanie von Schnurbeins antologi Figurationen des Jüdischen. Spurensuchen in der skandinavischen Literatur, og Andreas G. Lombnæs melder Jens Lohfert Jørgensen, Louise Mønster og Michael Kallesøe Schmidts antologi En ny kritik.

God lesing!