Fortidsomarbeiding i Skandinavia

Edda feira hundreårsjubileum i 2013, fekk vertskapet i Bergen ei hyggeleg helsing frå Tyskland. – Takk for at dette jubileet no gav oss høve til å reise frå periferien og hit til skandinavistikkens sentrum, var helsinga frå den tyske deltakaren.

Slikt er godt å høyre for oss som bur i Skandinavia og som forskar i randsona av den globaliserte forskarverda. I nokre høve er det likevel slik at det er forskarane utanfrå som har dei beste føresetnadene for å bringe fram ny innsikt. Dei kan ta med seg innsikter frå sine eigne forskarsamfunn for å bringe fram ny kunnskap på andre stader.

Figurationen des Jüdischen handlar nettopp om ein tematikk der tyske forskarar har særleg gode føresetnader for å bringe fram relevant kunnskap. Tematikken er underforska i Skandinavia, og redaktørane er tydelege på at «die skandinavischen Literaturen» har forsømt seg (s. 10). Her finst det ingen grunn til å gå i forsvarsposisjon, sjølv om det er gledeleg at til dømes Madelene Brovold førte avhandlinga si om «Jødiske motiver i norsk litteratur ca. 1800–1970» fram til disputas ved UiO i 2020. Skandinavisk forsking er altså på rett veg i kartlegginga av det jødiske i litteraturen. Men om denne kartlegginga skal vere på høgd med den internasjonale forskinga, må ho stå i dialog med forskinga i Tyskland. Antologien Figurationen des Jüdischen er då til stor hjelp.

I tysk samanheng ville denne forskinga høyre heime i det store feltet av Vergangenheitsbewältigung – fortidsomarbeiding – men denne gongen utanfor Tyskland. Fortidsomarbeiding handlar ikkje om mistankens hermeneutikk, men om å sjå historia før, under og etter Det tredje riket i lys av det vi i dag veit om sivilisasjonssamanbrot, raseteori og folkemord. Dette er opplagt eit krevjande minefelt, noko som i Noreg no sist har komme fram i kjølvatnet av Marte Michelets Hva visste hjemmefronten? (2018) og i motboka frå historikarane Berggren, Bruland og Tangestuen, Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten? (2020).

Figurationen des Jüdischen har tyngdepunkt i før-realistisk litteratur og dermed også før vitskapleggjeringa av rasismen. Men frå dette utgangspunktet, med linjer tilbake til Holberg, fører dei historia fram til Hamsun og dei kontekstuelle vilkåra først på 1900-talet. Redaktørane åtvarar også mot å trekke for rette linjer gjennom historia. Dei er då opne for at det har vore gjort forenklingar også i deira eige forskingsfelt. Stefanie von Schnurbein trekte til dømes i ein tidleg fase ei linje mellom framstillinga av den edle jøde i dansk 1800-talslitteratur og den kollektive redningsoperasjonen for dei danske jødane i 1940. Men så enkel er nok ikkje historia, reflekterer redaktørane sjølvkritisk. Det vil alltid vere problematisk å konkretisere verknadshistoria. Om ein kunne finne ei slik linje frå dansk litteratur til dansk okkupasjonshistorie, måtte ein i så fall kunne trekke ei like direkte linje mellom jødeparagrafen i den norske grunnlova og til det faktum at det ikkje fann stad ei kollektiv mobilisering for jødane i Noreg.

Slike rettlinja forklaringar finst ikkje i Figurationen des Jüdischen. Då finn ein i staden drøftande og kontekstuelle linjer på diskursnivå. Sjølv om redaktørane åtvarar mot enkle forklaringar, er analysane likevel uttrykk for ei verknadshistorisk linje der kunnskapen om sivilisasjonssamanbrotet er heilt avgjerande. Det er dette som gjer boka til eksempel på fortidsomarbeiding. Sjølv om sivilisasjonssamanbrotet fekk ulike konsekvensar i Danmark og Noreg, går forskjellane og parallellane heile vegen side om side. Jødane fekk borgarrettar i Danmark i 1814, altså samstundes som Noreg fekk si eiga grunnlov med innskriven jødeparagraf. Slik blei altså antisemittismen grunnleggande rett i juridisk forstand i Noreg, og det i ei grunnlov som bygde på liberale prinsipp og opplysningsideal. Det ville då vere naivt å tru at dette ikkje sette verknadshistoriske spor. Rettshistorisk er det ein openberr forskjell mellom Danmark og Noreg i 1814. Samstundes var det «jødefeidar» i Danmark både i 1813 og i 1820, og det på ei tid då Danmark og Noreg var eit felles litterært felt. Om eg skulle ha ei innvending til Figurationen des Jüdischen, måtte det i så fall vere at eg i større grad hadde ønskt meg kontekstuelle linjer på tvers av dei geografiske grensene i Skandinavia. Antologien held opplagt det som han lovar. Dette handlar om Spurensuchen in der skandinavischen Literatur, og ei sporsøking er noko anna enn ei heilskapleg framstilling av litteraturhistoria. Denne sporsøkinga skjer då først og fremst stykkevis, innanfor rammene av enkelttekst og forfattarskap, alternativt med avgrensa jamføringar (H.C. Andersen og Blixen, Hamsun og Pontoppidan). Det finst då berre eitt døme på at det blir trekt linjer i heile det skandinaviske feltet (Fredrika Bremer, Camilla Collett, Mathilde Fibiger, Goldschmidt). Hovudtyngda ligg avgjort på sporsøking i dansk litteratur, deretter kjem norsk litteratur skriven på dansk og riksmål. Det hadde skapt meir balanse om det var noko sterkare fokus også på svensk litteratur.

Fem av dei tretten artiklane er skrivne av Stefanie von Schnurbein. I tillegg kjem innleiinga, som ho har skrive saman med Clemens Räthel. At fire av artiklane har vore publiserte før, og den femte er under publisering ein annan stad, hadde ikkje vore ei innvending i den før-digitale forskarverda. Men i ei tid der vitskaplege artiklar helst skal vere tilgjengelege online, må ein spørje seg om det har meirverdi å samle dei i ei fysisk bok. Ser ein på heile boka, har ti av artiklane vore publiserte før. Det er likevel ikkje meir enn fem av artiklane som er tilgjengelege online. Dermed har det avgjort ein verdi å samle dei i ei bok, for å dokumentere det redaktørane kallar «ein forskingsprosess» (s. 8). Den organisatoriske ramma har vore prosjektet «Literatur der Alterität – Alterität der Literatur» og den tverrfaglege arbeidskrinsen «Juden in Skandinavien». To av bidragsytarane, Katharina Bock og redaktør Clemens Räthel, disputerte begge innanfor ramma av dette prosjektet.

Ein for ein vil eg rose alle artikkelforfattarane for at dei har levert gode og relevante bidrag. Samstundes hadde eg ønskt noko meir hjelp for å sjå linjene i sjølve forskingsprosessen. Når ein doktorand skal framstille seg til disputas ut frå ei artikkelsamling, må ho eller han binde artiklane saman med ei kappe eller oppsummerande artikkel. Eg hadde ønskt meg noko liknande her. Korleis står no eigentleg desse artiklane i høve til kvarandre i forskingsprosessen? Finst det tendensar i framstillinga av jødane og det jødiske som er ulike i dei skandinaviske landa? Dette er viktig fordi ein på denne måten kan forsvare antologiformatet, som er trua gjennom ambisjonane om open access og Plan S. I Figuration des Jüdischen får vi dokumentasjon om ein særs viktig forskingsprosess, men lesaren må sjølv danne seg det heilskaplege bildet.

Det er umogleg å gå inn i kvar av dei tretten artiklane i ei bokmelding, men eg vil liste opp alle og emna deira. Stefanie von Schnurbein skriv i sine fem artiklar om poetisk realisme, H.C. Andersen, Fibiger/Goldschmidt, sosialkritikk kring 1850 og konstellasjonen Hamsun/Pontoppidan. Joachim Schiedermair skriv om «Geld und Gabe in Thomasine Gyllembourgs Novelle Jøden (1836)». Kirsten Wechsel har ei kultursosiologisk tilnærming i sine to artiklar om Johan Ludvig Heiberg og vaudevillen. Clemens Räthel skriv om H.C. Andersen/Blixen og Adolph Rosenkilde. Klaus Müller-Wille kombinerer nærlesing på bokstavnivå og historisering i sin artikkel om Goldschmidt. Florian Brandenburg undersøker korleis det jødiske språket kjem til uttrykk litterært, også det hos Goldschmidt. Og Katharina Bock undersøker Wergelands politiske dikting i samband med jødeparagrafen i den norske grunnlova.

Lesaren må då sjølv trekke linjene mellom artiklane. Det er tankevekkande å sjå brytningane mellom den litterære kritikken av antisemittismen hos Wergeland, den historisk-realistiske framstillinga innanfrå hos Goldschmidt og linja fram til Hamsun, som kunne rette seg mot ein langt på veg antisemittisk forventningshorisont. Schnurbein skriv også med analytisk indignasjon om dei apologetiske tendensane i Hamsun-resepsjonen. Det er særs positivt at artiklane famnar over både kanoniserte forfattarar og heller ukjente namn som Adolph Rosenkilde. Rosenkilde viser også kor samanvikla norsk og dansk litteratur- og teaterhistorie var på 1800-talet. I standardverket Bull & Paasches Norsk litteraturhistorie og i Store norske leksikon (snl.no) er ikkje Rosenkilde nemnd i det heile, mens han er kort omtalt som skodespelar i Den store danske (lex.dk). Og sjølv om eg helst som Clemens Räthel vil lese den absurde handlinga i Rosenkildes En Jøde i Mandal (1949) som parodi og implisitt kritikk av fenomenet antisemittisme utan jødar, meiner Oskar Mendelsohn i Jødenes historie i Norge (1987, I, 256 at handlinga er «blott til lyst».

Kvinnene er underrepresenterte i litteraturen på 1800-talet. I Figurationen des Jüdischen er dei derimot godt representerte med namn som Mathilde Fibiger, Thomasine Gyllembourg, Fredrika Bremer, Camilla Collett og Karen Blixen. Her ser ein korleis jødisk emansipasjon og emansipasjonen av kvinnene går over i kvarandre. Jødane var ekskluderte på nasjonale vilkår, mens kvinnene var ekskluderte ut frå si definerte kjønnsrolle. Ein skulle då tru at kvinnene og jødane skulle vore «naturlege» allierte i emansipasjonen, men det kunne også bli motsett. For den jødiske mannen gjekk til dømes vegen til legitim deltaking i samfunnet og utvikling av subjektivitet gjennom kombinasjonen av dåp og ekteskap med ei kvinne frå borgarskapet. Den borgarlege kvinna måtte derimot rive seg laus frå si (borgarlege) rolle om ho skulle oppnå fri subjektivitet på eigne vilkår. Desse konfliktlinjene kjem hos Schnurbein tydeleg fram i triaden beståande av Goldschmidt og dei to (unge!) kvinnene Mathilde Fibiger og Fanny Ludovica de Bretteville. Sjølv om jødane og kvinnene burde ha felles interesser, kom emansipasjonen av kvinna heilt konkret til å stå i vegen for det Goldschmidt trong for å realisere seg som fullverdig borgar og attenhundretalsmann. Eg les dette som uttrykk for identitetspolitikkens vrangside. I Schnurbeins analyse endar Goldschmidt og Fibiger opp i ulike forsøk på å skrive seg bort frå marginaliserte posisjonar for å nå fram til fullverdig medborgarskap og subjektivitet (s. 252). Her er det lett å finne personlege tragediar, både i litteraturen og i dei levde biografiane. Føresetnadene for medborgarskap og dermed også for subjektivitet er regulert i skrivne lover i lovverket og i uskrivne lover i kulturen. Skrifta som må endrast, handlar dermed om paragrafane i lovverket, men også om kodane i kulturen. Det er logisk at Goldschmidt lèt En Jøde (1845) ende som ein desillusjonsroman. Like logisk er det at Ibsens Nora berre må ut og vekk fordi hennar veg til frigjering ikkje var til stades i ekteskapet. Det høver seg kanskje ikkje i ei akademisk bokmelding, men når eg les om dette, får eg lyst til å rope høgt og tydeleg: Marginaliserte menneske i alle land, forein dykk!

Sporsøkinga i Figurationen des Jüdischen er på sitt aller beste når ho er tverrvitskapleg og kombinerer litteraturvitskapleg kompetanse med kontekstuelle innsikter frå historie, religionsvitskap, teatervitskap og sosiologi. Når eit tysk forskarblikk og forventningshorisont møter skandinavisk empiri vil ein kunne bygge kunnskap av stor verdi for både Tyskland og Skandinavia. Kartlegginga av Figurationen des Jüdischen har opplagt ein eigenverdi som del av den internasjonale forskinga knytt til rase og rasisme. Dette vil kunne føre til nyanseringar i feltet omkring dei folkelege rørslene i Skandinavia og die völkische Bewegung i Tyskland, men då må ein også gå utanfor dei borgarlege spaserturane som denne antologien først og fremst held seg til. I Skandinavia har vi helst sett på dei folkelege rørslene som demokratiske motkulturar. Når «Bunadsgeriljaen» mobiliserer mot trugsmålet om nedlegging av lokale fødetilbod i regi av store helseføretak, er det nettopp protest nedanfrå med konkret forankring i tradisjon og folkemakt. I Tyskland er derimot die völkische Bewegung plassert i forfeltet for Det tredje riket. Her finst det berøringspunkt som må utforskast nærare. Både Schnurbein og Klaus Müller-Wille er inne på dette i samband med Grundtvigs kritikk av Goldschmidt. Grundtvig hevda at Goldschmidt stod utanfor det danske fellesskapet fordi han var jøde og verdsborgar. Og den litterære stilen til Goldschmidt blei sett på som eit ytre middel for artisteri og ikkje som uttrykk for levande språk. Klaus Müller-Wille viser til at Grundtvig utvikla «ein rassistisch grundiertes Konzept von National- oder Muttersprache» (s. 181). Då er vi opplagt innanfor det feltet som i Tyskland blir sortert under die völkische Bewegung. Schnurbein rettar blikket fram mot meir forsking når ho kallar Grundtvig «Gallionsfigur des dänischen liberalen Nationalismus» (s. 231).

Figurationen des Jüdischen er opplagt uttrykk for tysk forsking. Berre tre av dei tretten artiklane er skrivne på engelsk. Korleis kjem så dette til uttrykk i forskarblikk og perspektivering? I sporsøkinga etter Figurationen des Jüdischen er referansane jamt over kategoriar som folk, nasjon, kultur, fellesskap og etnisitet. Berre i mindre grad ser ein tilvisingar til førestillinga om «rase» eller «Rasse», og då aller helst med tanke på tilskrivne skilnader i fortida. I den grad ein tradisjon som kritisk raseteori er til stades, er det då indirekte. I artikkelen om Fibiger og Goldschmidt skriv Schnurbein: «Mir ging es darum, deutlich zu machen, wie stark die Kategorien Geschlecht und ‘Nation’, also das, was man in neuerer Theorie race nennen würde, aufeinander bezogen sind» (s. 232). Det gir opplagt meining å kople saman framstillinga av kjønn, nasjonalitet og kultur, men ein ser også korleis kategoriane rase, Rasse og race har ulik tyding i ulike kontekstar. Når race kjem tilbake som legitim analytisk kategori, vil eg pedantisk påpeike at ei slik legitimering også er ein føresetnad for rasisme i ein eller annan forstand. Nissen kan følge med på lasset. Her ser ein korleis omgrepstradisjonen i USA forplantar seg til europeisk forsking. Eg er ikkje trygg på at omgrepsimporten av race berre er eit positivt tilskot til europeisk kulturforsking.

I desse dagar, januar 2021, er det tjue år sidan eg sjølv drog til Nordisches Institut ved Universitetet i Greifswald for å samle kunnskap og inspirasjon til mi eiga forsking om Olav Duun. Eg skal ikkje misbruke plassen som bokmeldar til å kjempe gamle stridar om igjen. Lat no berre eitt vere sagt: Eg hadde ikkje kunna gjennomført avhandlingsarbeidet mitt den gongen om det ikkje var for kunnskapen eg fekk via tysk Vergangenheitsbewältigung. I den tradisjonen fann eg støtte for kva spørsmål det kunne vere relevant å stille, også til den sterkaste litteraturen. Antologien Figurationen des Jüdischen gir no førstehjelp til skandinaviske forskarar når også dei i sterkare grad må gå inn i dette feltet. Eg er beint fram takksam for det arbeidet den tyskspråklege skandinavistikken har gjort på eit felt der litteraturforskarane i Skandinavia har etterlate kvite flekkar på kartet.