Dagens koronasituasjon gjer det interessant å sjå bakover i litteraturhistoria etter skildringar av epidemiar. Eitt eksempel er dagboka til Absalon Pederssøn Beyer frå åra 1552–72, der han fortel om ein pestepidemi som råka heimbyen Bergen i 1565–67. Akkurat som i dag var plutseleg ingen trygge lenger. Pesten kom med eit skip frå Danmark og råka tilfeldig blant fattige og rike, unge og gamle. Det finst faktisk talrike skildringar i nordisk litteratur om pest og epidemi. Kolera hadde for eksempel ei rekke utbrot gjennom heile 1800-talet. Då sjukdommen kom til Noreg på 1830-talet, vart han omtala som den orientalske eller indiske kolera, for mange trudde smitten hadde utspring i India i områda rundt Ganges. Mange forfattarar var opptatte av denne sjukdommen, mellom andre Henrik Wergeland.

I det politiske dramaet Den indiske Cholera (1835) er konflikten bygd rundt ei Romeo og Julie-forteljing om ein engelsk og ein indisk familie. Handlinga er lagt til Ganges under kolonitida og skildrar britanes undertrykking av folket i landet. Men kjærleiken mellom engelske Francis og indiske Sami gir òg løfte om frigjering og forsoning. Mot slutten av stykket bryt koleraen ut og når Europa og Norden. Wergeland skildrar koleraen som eit bilde på indaranes kraft, opprør og hemn, men òg som ei moglegheit for ei betre verd med frie og sjølvstendige nasjonar. Slik kan det bli litteratur av dei største tragediar.

Konsekvensane av koronasituasjonen er mindre, men likevel merkbare i Edda-redaksjonen. Det har kome inn færre manus enn før, og det er vanskelegare å få kollegaer i inn- og utland til å ta på seg oppgåver som fagfellar eller bokmeldarar. Ein skulle tru at den sosiale distanseringen som smittevernet har gjort nødvendig, skulle bli ei gåve til litteraturforskarar og resultere i auka konsentrasjon og produktivitet. Men slik er det altså ikkje. Kanskje fortel det noko om at også forsking er ein sosial prosess, og at også forskarane treng kontakt og møteplassar for å utvikle seg.

Edda nr.4/2020 har likevel blitt eit variert nummer. Her undersøker Ellen Rees Henrik Ibsens bruk av romanifolket som motiv i Brand. Gjennom nærlesing av scenene der omstreifarar står i fokus, utviklar artikkelen eit meir nyansert syn på «Taterungen» Gerd og vurderer om Brand speglar eller motarbeider den offentlege diskursen om romanifolket i perioden. Sherilyn Nicolette Hellberg undersøker Theis Ørntofts Solar (2018) med vekt på økologi og kjønn. I ei kritisk lesing av romanen peikar artikkelen på korleis stereotype idear om kjønn går hand i hand med eit romantisk natursyn. Magnus Nilsson undersøker den svenske lyrikaren Stig Sjödins (1917–1993) forhold til identiteten arbeidarforfattar, med fokus på korleis identiteten har variert over tid og i ulike samanhengar. Dels vert sjølvpresentasjonane hans utforska, dels korleis han blir presentert av litteraturkritikarar. Alvhild Dvergsdal diskuterer framstillinga av modernitet i Knut Hamsuns romanar Landstrykere (1927) og August (1930). Artikkelen nyanserer synet på Hamsun som ein antimoderne forfattar. August vert portrettert som ein moderne entreprenør i desse bøkene, og artikkelen viser at dei fleste av Augusts idear i romanen var baserte på vellykka nytenking og modernisering frå den nære industrihistoria.

God lesnad!