Undergang og utopi er ikkje ei bok som søkjer å flytta forskingsfronten på feltet lyrikk og kriser. Det dreiar seg om ein antologi med bakgrunn i seminaret «Lyrikk, samfunn og krise» ved UiB i november 2017. Antologien inneheld essayistiske artiklar som, ofte på ein litt slentrande måte, drøftar moglegheitene ulike former for lyrikk har til å tematisere, perspektivere og kritisere historiske omveltingar. Ambisjonen tykkjest å vera å bidraga til samtala om slike tema innanfor ein nordisk, eller kanskje helst norsk, forskingsfellesskap. Til grunn for det heile ligg ei innleiing som drøftar litteraturens potensial til å gripe inn i kritiske augeblikk i historia, med referanse til både Theodor Adorno, Ernst Bloch og Thomas Mores Utopia. Dei mange spennande perspektiva som er skisserte i innleiinga, blir likevel i liten grad utnytta av dei ulike forfattarane. Sjølv om mange av tematikkane som blir omtala, er spennande i seg sjølve, ber boka dimed i nokon grad preg av lite samanheng. Dels kan nok dette forklarast nettopp med at det dreiar seg om ein seminarantologi, der bidragsytarane har ulike prosjekt.

I den fyrste artikkelen viser Stein Arnold Hevrøy fram eit interessant intertekstuelt samband mellom Olav H. Hauge og førsokratisk filosofi. Funnet er interessant, men artikkelen bruker vel mykje plass på å koma til poenget. Deretter kjem ein analyse av norsk NS-lyrikk, ført i pennen av Torgeir Skorgen, som påpeiker at det er lite forsking på feltet. (At han kunne ha funne lite grann meir dersom han leitte i forskinga på NS-poeten Åsmund Sveen, skal eg la liggje.) Det er eit klokt grep å studere norsk NS-propaganda i ljos av den tyske tradisjonen, og det lovar godt for vidare forsking på denne materien. Sissel Lægreid presenterer «stykkeskrivaren» Bertolt Brecht som lyrikar, og gjev med det norske lesarar ein introduksjon til Brechts politiske lyrikk. Ingrid Nielsen drøftar sakn- og gjensynstematikken hjå Gunvor Hofmo, og viser at dikta hennar med utbyte kan lesast i ljos av dagbøkene.

Etter desse bidraga, som utgjer del I, kjem det fem artiklar i del II. Det blir ikkje sagt kva som er bakgrunnen for at boka er delt i to, men meininga er vel at del I tek opp poesi frå 1900-talet og del II samtidspoesi. Den andre delen startar med at Eirik Vassenden gjev ei oversikt over dystopitematikk i nordisk samtidslyrikk og drøftar kva for effekt det har at vi ser ei dreiing mot det narrative i nyare diktsamlingar. Deretter er den pågåande flyktningkrisa tema for Hans Kristian Rustad, som argumenterer for at lyrikksjangeren gjennom å vektleggje det punktuelle får fram det akutte i krisesituasjonen. Trude-Kristin Mjelde Aarvik drøftar undergangsmotiv i poesien til Øystein Rimbereid, Theis Ørntoft, Joanna Rzadkowska og Inger Elisabeth Hansen, i eit bidrag som gjerne kunne vore litt lengre for å tydeleggjera dei tendensane Aarvik identifiserer i samtidspoesien. Skal eg trekkje fram éi tekst som særleg kveikjer leselyst, må det bli den neste, nemleg Kristin Vegos velskrivne artikkel om den danske forfattaren Ida Marie Hede. Vego får godt fram det transformative potensialet i det ho kallar eit «frydefuldt ulækkert» litterært univers.

I det siste bidraget, som framstår som det mest gjennomarbeidde i boka, tek Sissel Furuseth utgangspunkt i omgrepet «beredskap» og reflekterer over korleis det har fått innpass på vidt ulike samfunnsområde – til og med i legitimeringa av humaniora. Tankevekkjande er samanlikninga av (resepsjonen av) heimefrontlyrikken på 1940-talet og dagens «økopoesi» og den fylgjande diskusjonen av didaktisk og estetisk effekt og verdi. Bidraget går også tydeleg i dialog med tekstene som handlar om nazistisk og antinazistisk poesi i del I, så her finst det rik grorbotn for meir komparativ forsking.

Å lesa ei bok med dette temaet midt i covid-19-krisa, samtidig med at ein nazistisk drapsmann og moskéstormar står for retten, er ei underleg oppleving. Ikkje minst fordi det slår meg at eg merkar lite til notidige kriser i artiklane. Klimakrisa er tema i to av dei, og flyktningkrisa i éin. Elles handlar det mykje om fascismen (Skorgen, Lægreid, Nielsen), men ingenting om dei fascistiske trekka vi ser i samtida. Dette trass i at «trumpismen» blir nemnd på baksida – eit signal om samtidspolitisk posisjonering som altså ikkje blir gjenspegla i tekstene. Heller ikkje terrorisme, korkje religiøs, venstre- eller høgreekstrem, er tema for antologien. Noko av årsaka er vel at temaet for seminaret han stammar frå, var dystopiar og utopiar, omgrep som oppmodar til å vende blikket attover eller framover i tid, heller enn å dvele ved det notidige.

Artiklane gjev inntrykk av å vende seg til ein smal forskingsfellesskap, mellom anna fordi dei i liten grad koplar seg på nyare internasjonale diskusjonar om litteratur, kriser og konflikt. Jonathan Culler har skrive mykje og godt om diktet som politisk og retorisk talehandling i Theory of the Lyric (2015). I artiklane der klima og natur er ei hovudsak, saknar eg fleire referansar til angloamerikansk økokritikk, som trass alt er den dominerande tradisjonen på feltet. Her er referansar til nordisk forsking, Adorno er med, og det same er Foucaults og Agambens tankar om biopolitikk. Men det er lite uttala, ny og spennande posisjonering i dei ulike forskingsfelta her. Derimot er det rosverdig at forfattarane analyserer tekster som har vore lite kommenterte før, anten det dreiar seg om mindre kjende dikt av kjende lyrikarar (Hevrøy), lite kjende og politisk uappetittlege forfattarar (Skorgen) eller kjende, men ferske samtidspoetar (Aarvik). I tillegg gjev både Rustads gjennomgang av flyktning-engasjerte dikt og Furuseths analyse av Hans Børli som bloggfavoritt innblikk i litterære praksisar som fortener større akademisk merksemd.

Boka er utgjeven på Alvheim & Eide. Dette er eit akademisk forlag som kunne lagt inn ein større innsats for å gjera seg fortent til namnet. Gjennom boka verkar det heilt tilfeldig kva for sitat som blir omsette frå tysk og ikkje. Nokre stader manglar kjeldereferansar som ikkje berre burde vore på plass av formelle grunnar, men som òg ville gjort artiklane nyttigare for lesarar som ynskjer å orientere seg på dei ulike felta. Få av forfattarane finn det bryet verd å orientere lesaren om kva forskingsspørsmålet for, og gangen i, artikkelen er. I staden er mange av bidraga prega av ein innforstått framstillingsmåte, som når Vassenden skriv at «fortellingen om antropocen […] sannelig [er] en erkjennelse som kaller på med- og motnarrativer» (97). Ein blir sitjande og lure på kvifor akkurat antropocen er ei slik forteljing, og om ho også kallar på andre typar narrativ. Eit anna eksempel er at Aarvik startar med ein lengre ekfrase over eit dommedagsmotiv hjå Hieronymus Bosch, før det er ei blankline og neste avsnitt startar med «Av nordisk samtidspoesi har jeg valgt å ta med […]» (137). I tillegg til at «ta med» vitnar om eit vel munnleg og upresist språk (er det «drøfte», «analysere», «kommentere», e.l., som er meint?), er slike brå, tekstlege skifte dessverre symptomatisk for mange av artiklane.

Likeins er den teoretisk-terminologiske underbygginga ofte kursorisk, og dei analytiske påstandane litt for lettvinne. På nøyaktig kva måte er skandinaviske flyktningdikt «en utforsking av hva som teller som menneske» (Rustad, 122)? Kva inneber det at Gunvor Hofmo «gir seg hen til den andre virkeligheten der grensene mellom levende og dødt ikke finnes» (Nielsen, 80)? Ein del poeng som kanskje vart utdjupa og overgangar som kanskje vart improviserte i ein munnleg samanheng, blir ståande nakne i skriftleg form. Eg får ofte meir kjensla av å lesa eit tidsskrift for litteraturkritikk enn ein vitskapleg publikasjon. Som antyda ovanfor kan nok mykje av dette tilskrivast sjølve typen publikasjon – ein seminarantologi med eit litt vagt overordna tema. Problema som er nemnde her, er dessverre ikkje uvanlege i slike antologiar.

Kriseomgrepet blir heller ikkje utlagt særleg inngåande, bortsett frå gjennom den oppbrukte, etymologiske forklaringa, som dukkar opp her og der. Det er vel usannsynleg at denne skal vera ukjend for lesarane av Edda, men «krise» stammar altså frå eit gresk ord som tyder «skilje», «avgjerande augeblikk» eller «dom», av same rot som «kritikk». Som venta blir etymologien trekt litt for langt. Det skjer allereie i innleiinga, der «krisis» blir utlagt som «splittelse» eller «separasjon» (11). Men for grekarane tydde det nok helst å skilja to ting frå kvarandre med tanken, det vil seia å sjå skilnad på snarare enn å skilja åt. Nielsen hevdar at ordet heng saman med både verbet keiro («eg skjer/kuttar») og substantivet kairos («høveleg/kritisk tidspunkt», «moglegheit»), noko som i alle fall er nytt for meg.

Oppsummerande tykkjer eg difor, apropos kairos, at bidragsytarane til Undergang og utopi kunne tenkt meir over andre retoriske ideal, som tanken om at språk og innhald bør vera prepon og safes. Like fullt tek denne antologien opp aktuelle tema, og bidreg med nye perspektiv på både samtidslyrikk og klassiske og mindre kjende 1900-talsdikt. Etter lesing sit eg att med eit håp om at dei mange interessante tematikkane som forfattarane skisserer her, blir fylgde opp og utforska meir inngåande andre stader.