Kor går eigentleg dei faglege grensene til Edda? Altså kva forskingsemne, fagtradisjonar og vitskaplege metodar fell innanfor domenet til Edda, og kva fell utanfor? Dei fleste artiklane vi får inn, ligg så openbert innanfor at vi knapt nok treng å stille spørsmålet. Men innimellom kjem det bidrag som – uavhengig av kvalitet – er uaktuelle å publisere fordi dei høyrer heime ein annan stad. Og nokre gonger les vi manuskript som tvingar fram prinsipielle diskusjonar om kor grensa går for den faglege profilen til Edda. Slike diskusjonar kan til dømes dreie seg om kva som er litteraturhistorie, og kva som beint fram er historie. Ei anna problemstilling kan vere kva som er nordisk, og kor strengt den nordiske profilen skal røktast, eller kor grensa går mellom det litterære feltet og andre kunstformer eller medium. Og i kva grad høyrer litteraturdidaktikken heime i litteraturvitskapen?

Lesarar som kjenner tidsskriftet, veit at Edda i hovudsak presenterer vitskaplege artiklar som tek føre seg fiksjonslitteratur frå det nordiske språkområdet. Dette inneber også ein nær relasjon til nordiskfaget med tilhøyrande fagmiljø, noko som vert understreka av at redaksjonsansvaret går på rundgang mellom vitskapleg tilsette i nordisk litteraturvitskap ved nokre av universiteta i Noreg. Samstundes har nordiskfaget endra seg dei siste tiåra, og særleg har framveksten av litteraturdidaktikken som forskingsfelt vore markant sidan han oppstod på 70-talet. I Noreg heng dette saman med institusjonsfusjonar, profesjonsretting av lektorutdanning og, no sist, mastergrad som den nye standarden for grunnskuleutdanning. Skuleverket har alltid vore ein særs viktig arena for litteraturlesing, kanonetablering og litteraturhistoriske narrativ. Med ein meir eksplisitt profesjonsretting av nordiskfaget og meir forskingsintensive miljø ved lærarutdanningane er like fullt tilhøvet mellom forskings- og skulefaget i endring – noko som kan merkast heilt inn i Edda-redaksjonen.

I så måte høver det bra at vi (for første gong) presenterer ein vitskapleg artikkel som heilt eksplisitt tek føre seg litteraturen i skulen. Ida Lodding Gabrielsen og Marte Blikstad-Balas spør rett og slett: «Hvilken litteratur møter elevene i norskfaget?» Som ledd i eit større forskingsprosjekt har dei filma ei rekkje norsktimar på åttande trinn. Dette gjev grunnlag for å seie noko om kva litteratur elevane faktisk møter, ikkje kva som står eller ikkje står i læreplanar, eller kva meir eller mindre innsiktsfulle kommentatorar trur. Funna burde vere eit godt utgangspunkt for vidare diskusjonar om tekstval, lesemåtar, undervisning i og bruk av litteratur i skulen.

Der den første artikkelen ved hjelp av omfattande dataanalyse gjev grunnlag for ein meir informert skule- og fagpolitisk debatt, demonstrerer Tora Ask Fossen i «Knausgårds lesning av nazismen» korleis litteraturvitskapen som narratologisk og teoretisk fokusert analyse kan gripe inn i høgst kontroversielle og politiske felt. Midtpartiet «Navnet og tallet» i Min kamp 6 har både provosert og splitta kritikarar og forskarar, og med si lesing gjev Fossen ikkje berre sitt bod i denne samanhengen, men stiller også meir grunnleggjande spørsmål om litteraturens eigenart og epistemologiske potensial i historiografien om nazismen.

Den tredje artikkelen tek oss også inn i feltet der kunsten og det politiske møtest. Erik Erlansons «En gåva til Nikita» tek føre seg noko så eksentrisk som svisch – ein multimedial avantgardistisk antologi svenske diktarar og kunstnarar gav ut i samband med Nikita Khrusjtsjovs vitjing av Danmark og Sverige i 1964. Erlanson utforskar særleg dei diskursive vilkåra for integrering av slik kunst i offentleg kulturpolitikk. Studien fungerer også som døme på sentrale aspekt ved litteraturens funksjon i den svenske velferdsstaten, nemleg etableringa av lesaren som medskapar og oppløysinga av synet på kunstnarleg verksemd som tillært ferdigheit.

God lesnad!