Litteraturmiljøet på Institutt for humanistiske fag ved Høgskolen i Innlandet har dei seinare åra gitt ut fleire bøker og antologiar om hedmarksforfattarar og hedmarkslitteratur. Den siste antologien, om Vidar Sandbecks forfattarskap, er i følgje redaktørane basert på to seminar om Sandbecks prosa og lyrikk og eitt om den nordiske trubadurtradisjonen. Ein av redaktørane, Ole Karlsen, har skrivi ein nyttig introduksjonsartikkel om forfattarskapen med særleg vekt på songlyrikaren, som han situerer i spenningsfeltet mellom «humoristiske folkelivsskildringer» og «stemningsfulle sentrallyriske» tekstar (10). I dette spennet forstår han også «arbeiderdikteren» Sandbeck, ein karakteristikk som blir tatt opp att i fleire artiklar.

Kontekstar

Det som gjer antologien så omfattande, er den store vekta han legg på historiske og sjangermessige kontekstar, «Sosialhistorisk kontekst» (25–73) og «Musikalsk kontekst» (233–315). Denne kontekstuelle tyngda representerer også ein veikskap ved antologien, ikkje fordi perspektivet er uinteressant; tvert imot, men fordi forholdet mellom tekst og historie ikkje blir drøfta i det heile tatt, metodologisk, og mest fordi kontekstane i høg grad får ein sjølvstendig karakter, uavhengig av Sandbecks forfattarskap. Eg ser dette problemet som utgivarane må ha hatt, i samanheng med at det finst lite Sandbeck-forsking å dra vekslar på og at fleire av bidragsytarane har hatt kontekstuell kompetanse utan å kjenne Sandbecks litteratur inngåande.

I den første kontekst-bolken skriv Knut Kjenstadli om «Samfunnet som skapte Sandbeck». Teksten er henta frå «Et splittet samfunn 1905–35» i bind 10 av Aschehougs Norges-historie, Oslo 1993. Kapitlet er ei god historieforteljing om det skogbruksmiljøet som Sandbeck hadde røtene sine i, men ho er allmennhistorisk og skriv ikkje Sandbeck sjølv inn i framstillinga. Påstanden i artikkel-tittelen «som skapte Sandbeck» (25), blir derfor ein noko luftig påstand, utan argument som han er.

Den andre artikkelen i delen «Sosialhistorisk kontekst» Harald Utters «Arbeidet som premissleverandør for hverdagslivet. En spore til klassedanningsperspektiv på Vidar Sandbecks prosa» (32), er også basert på eit tidlegare arbeid, Utters doktoravhandling, som mellom anna drøftar «klassedanning og industrikulturen i Sauda» (31). Utter skriv langt (16 sider) om det teoretiske grunnlaget for avhandlinga og om industrikulturen i Sauda og Lilleaker, før han kjem fram til Sandbeck. Utter vedgår at han har «begrenset kjennskap til Sandbecks prosa», men han ser likskapar mellom industrimiljøet i Sauda og Sandbecks bakgrunnsmiljø og jamvel om artikkelen er svært framtung, brukar han iallfall den teoretiske og sosialhistoriske innsikta si i ei drøfting av Sandbecks klassesituasjon, livsform og identitet.

Den tredje kontekstartikkelen er «Litteratur som gjøres. Litterære praksiser i norsk arbeiderbevegelse i begynnelsen av 1900-tallet», av den tyske kjennaren av nordisk arbeidarlitteratur, Christian Berrenberg. Han synest ikkje kjenne Sandbeck og nemner han ikkje med eit ord. Også denne artikkelen byggjer på ei doktoravhandling og har eit perspektiv som kunne vori interessant i ei tematisering av Sandbecks arbeidarlitteratur, men artikkelen prøver ikkje vinkle drøftinga mot Sandbecks tekstar.

Tekst og kontekst blir i svært liten grad ein lesemåte eller eit tolkingsperspektiv på Sandbecks tekstar i desse tre artiklane, men langt meir berre ei ramme omkring Sandbecks forfattarskap, som gjer krav på å vere relevant.

Artiklane i den avsluttande delen, «Musikalsk kontekst», handlar om Bellman, Niels Hausgaard, Cornelis Vreeswijk, Alf Cranner og Alf Prøysen, ved sida av ein artikkel om songteksten som «berättelse, gestaltning och ljud/klang» og ein om «nyere nordnorsk visepoesi». Dei har alle eit fokus som ser forbi Sandbeck, som ikkje blir nemnd i det heile tatt. Skulle kontekstartiklane i antologien fått større relevans, i prosjektet «Om Vidar Sandbecks forfatterskap», måtte forfattarane i større grad ha gjort nybrottsarbeid gjennom å faktisk drøfta Sandbecks tekstar i kontekstuelle perspektiv. Både dei sosialhistoriske og dei musikalske kontekstartiklane går i alt for liten grad, eller ikkje i det heile tatt, i dialog med Sandbecks tekstar, i ei fortolkingsakt.

Prosa

Sandbecks store prosaforfattarskap blir handsama i tre artiklar. Eva-Marie Syversen skriv om skogsarbeidar-litteratur knytt til dei tre innlandsforfattarane Carl Vestaberg, Hans Børli og Vidar Sandbeck, og viser ulike skrivemåtar og tyngdepunkt i denne litteraturen. Hans E. Skei les romanen Månen lo over Ravneberget (1964), som folkelivsskildring, arbeidarlitteratur og emigrantdikting, i ein fokusert og velskriven artikkel. Christine Hamm studerer barneoppseding og arbeidsmoral hos Sandbeck i ein artikkel basert på uttrykket «Fy skam deg!», som ho hevdar er brukt ti gonger i ein roman om hovudpersonen Påsan. Dette inspirerer ho til ei tolking der ho brukar det teoretiske perspektivet til J.L. Austin og Stanley Cavell, og konkluderer lesinga med at mora og faren brukar ulike moralske prinsipp og verdiar. Kor viktig og forklårande den sterke vekta på Austin er, markert i lange sitat, er eg ikkje overtydd om, men alt i alt er desse tre artiklane små nedslag i prosaen til Sandbeck, utan å gjere krav på å vere noko meir enn nettopp det.

Lyrikken

Lyrikk-bolken blir innleia av Kjartan Fløgstads essay «Slagerens kunst. Vidar Sandbeck og songlyrikken». Essayet er etter mi meining høgdepunktet i antologien. Fløgstad realiserer det redaktørane legg opp til i forordet: «… når vi vektlegger kontekst-begrepet, så er det fordi Sandbecks historiserende skjønnlitteratur settes i dialog med den sakprosaiske historieskrivningen». Først med Fløgstads essay får vi ei lesing av Sandbeck som fortolkar og forstår han i lys av politiske, sosiale, kulturelle, litterære og musikkhistoriske forhold i samtida. Essayet får kraft frå ein personleg stil, som ikkje minst gjer seg gjeldande i slutten av essayet, som peikar på avstanden mellom den unge Fløgstad og hans finlitterære, venstreradikale «stamme» på den eine sida og den populærlitterære Sandbeck på den andre. Med essayet vil Fløgstad fjerne denne historiske avstanden:

Eg skulle gjerne ha snakka med han, gitt han ei av bøkene mine, uttrykt respekt for diktinga hans. Særleg etter at eg sjølv har blitt godt vaksen, trur eg at eg er sikker på at han ville sett pris på det, ikkje minst frå ein som såg ut som han høyrde til ein annan litterær stamme. (123–124)

Her er ein slåande parallell til ein annan vestlending frå Fløgstads «stamme», Einar Økland, og hans forhold til Alf Prøysen. Økland, som hadde den same, kritiske avstanden til Prøysen, sender han den siste boka si, Amatør-album (1969), og får tilbake eit takknemleg og rørande svar:

Nå har det seg slik med det jeg skriver, at det oppleves og blir satt pris på av små barn og gamle mennesker. Selve ungdommen har jeg aldri greidd å få i tale. Men så kommer du med din dedikasjon der du skriver «I beundring». Prøv å forstå hvor glad jeg ble – (Graset er grønt for æille. Ei bok om Alf Prøysen (2002))

Fløgstads tilnærming til og forståing av Sandbeck, kjem i ein forstand for seint, men essayet kan lesast som ein «dedikasjon», som Fløgstads uttrykk for Sandbecks kvalitet som songlyrikar.

I sju andre artiklar om songlyrikaren Sandbeck blir tekstar analyserte og kommenterte frå ulike tematiske og formale perspektiv. Trond Haugen studerer to viser med sin «musikalsk-poetiske metode», som fører til ei svært tekstnær lesing, som meir har sin styrke i detaljanalysar enn i heilskapleg tolking. Thomas Seiler skriv om Sandbeck og metavisa, ein sjanger Sandbeck sjølv har avstand til, men Seiler overtyder om metaperspektivet i fire viser, som han analyserer med teoretisk bakgrunn i tre sjangertypar og knyter til store europeiske visediktarar. Problemstillinga er altså knytt til formale unntak, ikkje til den typiske Sandbeck-visa, som musikkprofessoren, Jon-Roar Bjørkvold studerer i ei innfallsrik, personleg og engasjert framstilling. Bjørkvold legg stor vekt på kontrasten mellom den muntre og dystre Sandbeck og hevdar retorisk at han «var ingen moro-mann med muntre dur-sanger som medgift, han var en depressiv melankoliker med muntre dur-sanger som motgift» (171). Bjørkvold skuldar resepsjonen for å reindyrke den muntre Sandbeck, eit synspunkt vi kjenner att frå Prøysen-resepsjonen. Bjørkvold har også dristige hypotesar om grunnane til dur-dominansen og veit at dei kan verke spekulative, men innafor den personlege skrivemåten hans gjer dei lesinga interessant. Presten Synnøve Sakura Heggem skriv om den religiøse dimensjonen i lyrikken til Sandbeck; også det eit perspektiv som ikkje markerer seg eksplisitt i visene. Heggems kristne kunnskapshorisont, saman med engasjement og solid kjennskap til Sandbecks lyrikk, opnar likevel tekstane for moglege religiøse tolkingar. Svein Slettan skriv om samanhengar mellom barneviser og barneforteljingar ut frå formale, språklege og tematiske verkemiddel. Dei tekstnære kommentarane er informative, men metoden set ganske strenge rammer for drøftinga. I denne lyrikk-delen har Ole Karlsen også samtalar med musikarane Tom Steinar Lund og Håkon Paulsberg, som begge kjenner Sandbecks viser som utøvande kunstnarar. Samtaleforma får fram ein rik variasjon av kompetente, musikkfaglege synspunkt på visene, godt initiert og styrt av Ole Karlsen.

Sluttkommentar

Det går fram av Ole Karlsens innleiingsartikkel at han har ei høg, men balansert vurdering av kvaliteten på forfattarskapen til Sandbeck. Han siterer forfattaren Per Pettersons og litteraturhistorikaren Øystein Rottems positive vurderingar og meiner at eit relativt fyldig «knippe» av visene har høg, litterær kvalitet og at Sandbeck har sett «sine tydelige avtrykk i norsk kultur- og litteraturhistorie» (19). Undersøker vi den norske litteraturhistorietradisjonen ser vi at Sandbeck iallfall der har fått liten plass, eller ingen plass. I ein stor antologi med tittelen «Om Vidar Sandbecks forfatterskap», ville det vori interessant for lesarane å få ei vurdering av den norske Sandbeck-resepsjonen, og den posisjonen han har i den norske litterære institusjonen. Sjølve skriveprosjektet indikerer at utgivarane meiner Sandbeck forsvarar ein omfattande antologi, medan dei mange kontekstartiklane, ikkje minst dei musikalske, utan spor av Sandbeck, vitnar om ei skranten Sandbeck-forsking. At desse artiklane er baserte på eit seminar om trubadurdikting endrar ikkje dette, men forklårar kvifor antologien sprikar slik i sitt fokus. Antologien syner, implisitt, tilstanden i den akademiske Sandbeck-forskinga, samtidig som han er eit skuv framover, som vonleg kan utfordre til vidare gransking av forfattarskapen.