Den årlege konferansen til SASS (Society for the Advancement of Scandinavian Study) vart halden i Madison 2.–4. mai i år. Rutinerte SASS-deltakarar meinte at dette var den beste utgåva av konferansen dei hadde deltatt på, fagleg sett. Toril Moi heldt keynote-forelesing om autentisitetsprosjektet i Karl-Ove Knausgårds Min kamp. Det var fire streams, om Ibsen, norrøn litteratur, «det nordiske og det globale» og om undervisningsformar i skandinavistikken. Og som vanleg på slike breie konferansar vart den fleirtydige konferanse-tittelen «Closing the Frontiers» tolka på kreativt vis.

Madison ligg i Wisconsin og er nær hovudområda for den nordiske immigrasjonen til USA på 1800-talet. Spora herfrå var ikkje vanskelege å sjå, og i «Dane County» var mange av innbyggarane opptatte av sin nordiske bakgrunn. Ved opninga av konferansen var dekanen for det humanistiske fakultetet faktisk heilt på gråten: Med tjukk stemme fortalde han om mora si, som hadde vore brennande opptatt av norrøn dikting og mytologi. Det gav han ein særleg personleg motivasjon for å satsa vidare på skandinavistikken som forskings- og utdanningsfelt ved universitetet i Madison. Også blant deltakarane kunne ein merke ein generell entusiasme for alt nordisk – fleire deltok nemleg utan å vere forskar eller student, men på grunn av den personlege bakgrunnen sin som norsk-/svensk-/dansk-amerikanarar. Det kan vera ei påminning om at identitet speler ei større rolle i fagfeltet vårt rundt om i verda enn vi er vande til å tru.

I Edda 4/19 analyserer Giuliano D’Amico ei forfalskningssak som omhandla falske dokument av Henrik Ibsen og Knut Hamsun, og som kom for retten i 2012. Artikkelen er basert på ei rekke dokument som Økokrim gav forfattaren tilgang til. Artikkelen hevdar at litterære forfalskingar ikkje berre er bevis, men kan bera med seg historisk og estetisk verdi. Elin Stengrundet tek opp Henrik Ibsens Samfundets støtter (1877) og En folkefiende (1882) med vekt på rolla til tenåringane Olaf Bernick og Ejlif Stockmann. Artikkelen argumenterer for at verka inneheld ein hittil oversedd ungdomstematikk, og at ei lesing med vekt på denne tematikken belyser sentrale spørsmål i dei to skodespela. Elisabeth Johannessen undersøker korleis visse bildebøker vekker affektive responsar. Dette gjer ho med støtte i Knud Ejler Løgstrups kunstfilosofi og omgrep. Filosofien hans om den estetiske medkjensla kretsar rundt korleis kunsten ved å spela på dei etiske innstillingane til publikum modellerer ulike kjenslemessige responsar. Med utgangspunkt i omgrepa «interdependens», «stemtheit» og «spontane livsytringar» nærles ho Krigen (2013) av Gro Dahle og Kaja Dahle Nyhus og Det første barnet på månen (2009) av Bjørn Arild Ersland og Lars M. Aurtande. Ingvild Hagen Kjørholt samanliknar bruken av Nordahl Griegs «Til ungdommen» (1936) og Voltaires Traité sur la tolérance (1763) i den kollektive responsen etter terrorangrepa i Oslo og på Utøya 22. juli 2011 og i Paris i januar 2015. Ho kastar lys over korleis og kvifor kanonlitteratur vart ein del av minnearbeidet. Til sist les Claus Edholm Andersen Helle Helles nye roman de (2018) med vekt på sorg-tematikken. Med utgangspunkt i Judith Butlers tankar om sorg viser han at sorga i Helles roman er så altoppslukande at ho pregar formspråket i romanen. Med omgrepet «antisipatorisk sorg» analyserer Edholm reaksjonen til den namnlause hovudpersonen i romanen på at mora hennar skal døy.

Nr. 4/19 er Anders Skare Malviks siste nummer som redaksjonsmedlem. Han har bidrege mykje med skarpe lesingar, men går no ut av redaksjonen. Inn kjem i staden vår gode kollega Silje Haugen Warberg, noko som vil betre kjønnsbalansen og gi ny kompetanse. Hurra!

God lesing!