Eit forfattarjubileum blir gjerne feira når forfattaren sjølv har nådd eit rundt tal, men denne gongen er det verket og ikkje forfattaren som har nådd eit jubelår. Til Kjartan Fløgstads forfattarskapsjubileum i 2018 (50 år sidan debutsamlinga Valfart kom ut) har Heming Gujord, førsteamanuensis i nordisk didaktikk/litteratur ved Universitetet i Bergen, gitt ut Fløgstad verk. Skriftprosessar. Produksjonsliner. Tittelen på boka følgjer opp Wim Runar Leites påstand i føreordet til Fløgstads essaysamling Ordlyden (1983) om at forfattarskapen har «den vestnorske industristaden, isolert i ein kvilande natur, utan andre spor av sivilisasjon til nokon kant, som viktigaste metaforprodusent». Smelteverket som «viktigaste metaforprodusent» blir reflektert i Gujords tittel Fløgstad verk, der smelteverket blir metaforen for å forstå livsverket. Det er femti år med produksjon frå dette verket, Fløgstad verk, som er emnet for Gujords framstilling.

Prosjektet har vore å skrive det Gujord kallar for ein «skriftbiografi». I det ligg det å følgje Fløgstads spor frå debuten og heilt fram til samtida, og Gujord set seg føre å gi «ei heilskapleg framstilling av bøkene til Kjartan Fløgstad med særleg vekt på skjønnlitteraturen». Resultatet av dette prosjektet er ei inndeling av forfattarskapen i fem fasar: ETABLERING (frå debuten og til og med Fangliner frå 1972), PRODUKSJON (frå Rasmus frå 1974 til og med U3 frå 1983), KOMMUNIKASJON (om Det 7. klima frå 1986), DISTRIBUSJON (som går frå Kniven på strupen frå 1991 til og med Paradis på jord frå 2002) og ARKIV (frå Grand Manila frå 2006 og fram til i dag). Den første fasen er produksjonsprøver som gjer at Fløgstad står fram i den litterære offentlegheita, den andre fasen er perioden når produksjonen er i gang for fullt og Fløgstad kan «skrive på ein ideologisk høgkonjunktur frå venstre» (17). Så kjem fasen der den utopiske aksenten er flytt frå produksjon til kommunikasjon, og med «dialektikken mellom vestleg newzak og duren fra den andre sida» som kontekst (239). Deretter følgjer fasen med Fløgstads rekonstruksjon av den nedbrotne kommunikasjonskanalen, der distribusjonen dreier seg om omfordeling av kulturell kapital og symbolsk makt (244, 245). Til slutt kjem fasen med det Gujord kallar «arkivromanar», kjenneteikna av at Fløgstad går «inn i historia, sorterer inntrykka og arkiverer dei i romanform» (357).

Det innleiande perspektivet som blir nytta i lesinga av Fløgstads forfattarskap, skriv seg frå lærestolen Gujord har teke over og skorne han har fått i oppgåve å fylle. Det er då snakk om kontorstolen til Laila Aase, som snakka danninga si sak i tilnærmingane sine til skolevesenet og norskfaget. Han skriv i føreordet om Aase som ein «fagleg nestor» som har gjort lektorutdanninga i Bergen «autonom og forankra i danningstradisjonen» (13), og framstillinga i Fløgstad verk er forma av dette perspektivet. Utbytet er mellom anna ei kartlegging og plassering av Fløgstads danningsveg, og sjølv om Gujord ikkje målber utenkte tankar med denne innfallsvinkelen, gir danningsperspektivet eit treffande og overordna blikk på kva som gjer Fløgstads forfattarskap særeige, og kva slags bakgrunn som ligg bak den litteraturen han har skapt. Han fordjupar seg i referansar som Sauda kino, og han set ord på dei føresetnadene Fløgstad har med seg frå å ha vakse opp ein stad som Sauda, med tre inngangar til FLØGSTAD VERK: gardsgrinda i lia, fabrikkporten og lossekaia (27, 55). Rørslene gjennom desse tre portane er dei materielle føresetnadene som Gujord ser reflektert i Fløgstads litteratur.

Det som vidare gjer Gujords skriftbiografi vellykka, er knytt til moment som til saman utgjer historisk sett sentrale kjernar i nordiskfaget. Det dreier seg om kjerneaktivitetar som ikkje alltid trivst side om side, men som kvar for seg er viktige for å forstå studieobjektet, i dette tilfellet Fløgstads omfattande tekstproduksjon, betre. For det første blir det gjort nærlesingar der mange andre før han har vore parafraserande. Eit lysande døme på dette er gjennomgangen av Fløgstads 13 punkt om «poesiens vesen» i Vinduet 3/1967 (59–67), men også i romanlesingane går Gujord detaljert og nærlesande til verks. For det andre kontekstualiserer han fleire av Fløgstads verk opp mot kunstverk og tendensar i tida. Det er snakk om slikt som dokumentarlitteratur, Salman Rushdie, terrorbølgjer m.m. (133, 214, 295). For det tredje trekkjer han trådar som krev inngåande oversikt over ein heil forfattarskap, og boka viser fruktene av ei breiddelesing som ikkje alltid er til stades dersom ein lèt artikkelformatet og teoriforventingar dominere tilgangen til litteraturen. Eit slikt opplysande høgdepunkt er sambanda mellom romanen U3 og dei fire nyaste romanane hans (179, 199). Tilsvarande gjeld sambandsliner mellom tekstar om terrorisme og kulturlivet frå Den hemmelege jubel og romanar som Fimbul og Paradis på jord eller essaysamlinga Etter i saumane (274, 275, 330).

Alle desse momenta gjer framstillinga rik på høgdepunkt, men ei utfordring med Fløgstad verk som eit bidrag til Fløgstad-litteraturen, er at høgdepunkta ikkje blir markerte som nye opp mot forskingslitteraturen. Vi får til dømes ikkje vita korleis dei fem fasane Gujord peikar ut, samsvarar eller ikkje samsvarar med Øystein Rottems inndeling i fire fasar i Inn i medietidsalderen, eller med Arne Johannes Aasen si utpeiking av ein ny fase som omhandlar det postindustrielle Noreg og det postmoderne samfunnet frå og med Det 7. klima (for å nemne to døme på dei som har prøvd seg på slikt før). Slike manglande diskusjonar botnar i eit medvite val frå Gujords side («det har blitt viktigare å trengje djupt inn i Fløgstads tekstverd på heilskaplege premissar enn å yte full rettferd til dei andre forskingsarbeida der tekstane blir studerte kvar for seg», 20), og konsekvensen er at lesaren fleire stader må kjenne til forskingslitteraturen frå før for å sjå kva som er nytt – og kva som allereie er kjent.

Ei anna utfordring som Gujords skriftbiografi møter på, er at å skrive om kan bli til å skrive som, altså at Fløgstads språkføring blir modellen for korleis det er mogleg å skrive om Fløgstads forfattarskap. I ytste konsekvens kan slikt bikke over i epigoneri, men for Gujords del er det snarare snakk om ein gjennomgåande påverknad. Han tek over mange av Fløgstads ord og vendingar (som når Fløgstads «industrialismens lykkelege augeblink» ligg til grunn for å seia at Fløgstads forfattarskap blir til under «overbygningsmaterialismens lykkelege augeblink»), og ord som Fløgstad nyttar omtrentleg og polemisk (som nedanfrå og ovanfrå, i døme som «historieskriving ovanfrå»), står fram som like upresise i Gujords som Fløgstads prosa: «Dette er ‘løyndemålet’, eit hemmeleg språk nedanfrå som står i opposisjon til sentralmakt og danning definert ovanfrå, med linjer til folkelege kulturformer bakover i historia og på andre kontinent» (138). Ein kunne med andre ord ønskt seg fleire eigne analytiske kategoriar framfor Fløgstads polemiske eller metaforiske. Men samstundes lykkast Gujord med interessante tolkingar, til dømes av Fimbul og Kron og mynt, nett fordi han opnar opp for assosiasjonane i språket og for språkleik i Fløgstads ånd. På den måten fangar han opp den moglege meiningsfylden i verka han analyserer.

Ein kan også innvende at det blir for mange biografiske element i Gujords skriftbiografi. Frå før er biografiske lesingar så å seia fråverande i Fløgstad-litteraturen, og slik sett er Fløgstad verk eit friskt pust. Det ein trudde berre var litteratur, har kanskje ei konkret forankring likevel. Men det er også ein biklang av attendelagd faghistorie over noko av det som blir trekt fram, som i følgjande dementi: «No er ikkje Klaus Fløgstad nokon modell for Selmer Høysand» (39). Denne sida ved eigen framgangsmåte er Gujord sjølv klar over når han seier at boka nok ligg «tettare på forfattaren enn det som har vore vanleg i litteraturfaglege bøker i nyare tid», og forsvaret for framgangsmåten er at ein må gå inn i det rommet der Fløgstad har henta røynslene sine for å forstå bøkene hans fullgodt (17). I tillegg møter ein på biografisjangeren si interesse for seksualitet og underliv i fleire av tolkingane, mellom anna i Rasmus og Ein for alle (115, 124). Det kjem såleis ikkje som noka overrasking at Gujord opnar analysen av Kron og mynt med gruppesexscena i romanen (298), og sjølv om denne scena tvillaust er stor litteratur og ein mangefasettert inngang til verket, blir det vrient å gå derifrå til dei meir trauste og rørande sidene ved romanen – som den hardtarbeidande Eliseus Seland (og han høyrer ein heller ikkje om).

Det dukkar også opp grunnlause spekulasjonar som er meir forførande enn plausible. Til dømes blir fadermordet gjort til ein forståingsmodell på relasjonen mellom Jon Fosse og Kjartan Fløgstad gjennom Fosses avvising av U3, gitt ut i essaysamlinga Frå telling via writing til showing (1989), og dette blir så ymta frampå som bakgrunn for at Fløgstad forlét Samlaget: «Kan hende er det ikkje så merkeleg at det blei for trongt for to så sterke og ulike forfattarar på same forlag?» (209). Når Gujords bok i tillegg kjem ut på Samlaget, kjenner ein seg vonbroten i møtet med eit slikt framlegg. Historia burde vel sitja meir i veggane enn som så? Dei kunne vel sendt han i retning Fløgstads redaktør i Samlaget på den tida for ein meir treffande teori?

Litteratursosiologisk er det jo interessant at Fløgstad melde overgang frå Samlaget til Gyldendal (var det økonomi, forlagsorganiseringa, personavhengig, miljøskifte, forfattaren sitt sjølvbilete eller noko heilt anna som var avgjerande), men opptakten går meir over i funderingar og spekulasjonar sidan Fløgstad sjølv teier: «Når forfattaren ikkje vil fortelje, er det forskarens oppgåve å tenkje sjølv» (248). I den store samanhengen er ikkje dette ei stor sak, men kvifor ikkje heller finne andre og betre kjelder når forfattaren ikkje vil fortelja? I slike samanhengar kan Gujords framstilling bli for personfokusert, og to kjelder som stadig dukkar opp i Fløgstad verk, er ein samtale med forfattaren i Sauda (9.9.2016) og ein annan i Bergen (23.2.2017). Då er gjennomgangen av slikt som rivingane i avisspaltene mellom den estetiske idealisten Rune Slagstad og materialisten Kjartan Fløgstad meir vellykka (345–51). På dette punktet får det politiske trumfe det personlege i Gujords analyse, og ein kan skimte ei tidfesting for når Fløgstad med urette og for fullt blir gjort til ein akterutsegld kommunist i norsk offentlegheit.

Avslutningsvis må det seiast at Fløgstad verk viser eit omfattande arbeid på mange frontar, og det er ein upåklageleg stamina over den litteraturvitskaplege innsatsen. Å halde drivet og entusiasmen oppe i einskildlesingar av så mange verk frå eit så stort forfattarskap, er ei krevjande øving, og Gujord skal ha all mogleg honnør for å ha teke på seg den oppgåva – og å ha lykkast med det slik han har. Lesingane er interessante, varierte, grundige og augeopnande. Men Fløgstad verk har nok først og fremst verdi for dei som kjenner forfattarskapen godt frå før, eller dei som vil orientere seg i forfattarskapen utan å lesa alle bøkene for eigen maskin. Ein blir ikkje gjort fullt klår over kva som er Gujords skjerv til Fløgstad-litteraturen, men det hindrar som sagt ikkje Fløgstad verk frå å vera innsiktsgivande.