Forsking og forskingsformidling er ei einsam verksemd i litteraturvitskapen – i alle fall om ein samanliknar med dei fleste andre fagfelt. Det kan verke som om den romantiske geniestetikken har smitta over frå det litterære feltet til dei som utforskar det. Medan artiklar i til dømes medisin og naturvitskap helst kjem med dusinet fullt av forfattarnamn, synest mottoet blant litteraturvitarar å vere «ein tekst, ein forfattar». Ein rask kikk på innhaldslistene i Edda stadfestar inntrykket. I redaktørtida vår så langt har vi, med to unntak, publisert artiklar av eineforfattarar. Blant alle dei manusa som ikkje vart publiserte, er det endå lengre mellom unntaka.

Inntrykket er likevel at det så smått er endringar på gong på dette feltet. Ti prosent av Edda-artiklane i vår redaksjonstid er tross alt sampubliserte, og vi trur nok dette er ein trend som heller vil styrke enn svekke seg. Trua er ikkje berre ei ullen kjensle, men også knytt til medvitet om strukturelle endringar i akademia, i retning av meir formaliserte og forpliktande forskingssamarbeid. Rundt omkring på institusjonane vert det – under meir eller mindre press frå leiinga – etablert forskargrupper, anten internt i eller på tvers av fagmiljøa. Framleis er det heldigvis rom for det individuelle forskingsarbeidet, men tendensen er at meir skjer i fellesskap, og då fylgjer ofte ressursane etter. Vi trur nok skipinga av slike grupper også vil verke inn på korleis litteraturvitskaplege artiklar oppstår og vert utforma, slik at det å publisere åleine i framtida ikkje vil vere like sjølvsagt som det hittil har vore i fagfeltet vårt.

Ei anna endring som kanskje kan ha noko av den same effekten, er aukinga av artikkelbaserte doktorgradsavhandlingar også innanfor humaniora. Enno står monografien sterkt blant litteraturvitarane, men trenden synest likevel klår. Og med slike avhandlingar kjem spørsmålet om sampublisering mellom kandidat og rettleiarar eller andre prosjektdeltakarar. Innanfor dei fleste disiplinar er det utenkjeleg at ikkje rettleiaren skal vere medforfattar på ein eller fleire av publikasjonane. Vil vi sjå dette også i framtidas litteraturvitskaplege avhandlingar?

For litteraturvitarar skjer kunnskapinga i stor grad gjennom sjølve skriveprosessen, heller enn på laboratoriet fullt av vitskaplege assistentar og stipendiatar. Sjølv om digital humaniora kan kome til å rokke ved arbeidsprosessen for ein del av oss, vil nok utforskinga av litterære tekstar gjennom individuell skriving stå seg som ei grunnleggjande arbeidsform i disiplinen. Det tyder likevel ikkje at utviklinga av vitskaplege artiklar er så tufta på individuell genialitet som artikkelen med det eine forfattarnamnet kan tyde på. Vi ser kor lang veg det oftast er frå innsende manus til ferdige artiklar, der vi som redaksjon og ikkje minst våre grundige fagfellar bidreg til å klårgjere, innskrenke, utvide, omstrukturere og på ulike vis kvalitetssikre forskinga. Frå eiga skriveverksemd opplever vi dessutan ei utvikling i retning av meir kollektiv tenking, ikkje minst i form av all den lesinga og kollegarettleiinga vi gjer for kvarandre i kvardagen. For oss synest dette som vegen å gå, både for å heve kvaliteten på resultatet og ikkje minst auke motivasjonen og gleda undervegs. Så er kanskje ikkje dette med talet på forfattarnamn det viktigaste til slutt.

Kva skriveprosessar som ligg til grunn for artiklane i dette nummeret av Edda, skal vi korkje røpe eller spekulere for mykje i. Resultata kan vi likevel seie å vere særs nøgd med, for her kan vi presentere forsking av høg kvalitet og relevans, for anledninga skrive berre av kvinnelege forskarar. Torill Steinfeld opnar utgåva med ein artikkel som ikkje berre lyftar fram ein forfattarskap som synest underforska med tanke på kor sentralt Torborg Nedreaas står i norsk etterkrigsprosa. Med utgangspunkt i den jødiske familiebakgrunnen til hovudpersonen, rettar Steinfeld merksemda vår mot ein tematikk som så langt har vore ignorert i Herdis-bøkene, nemleg jødisk assimilasjon og identitet. Emnet vert utforska i skjeringspunktet mellom biografi, historisk kontekst og nærlesing av jødiske motiv. Dei to neste artiklane tek også for seg sentrale norske forfattarar, men er retta meir inn mot bok- og resepsjonshistoriske aspekt. Maria Purtoft snur om på det vi alle trudde vi visste om mottakinga av Ibsens Gengangere ved å hevde at det skandaliserte stykket i røynda var ein bestseller. Konklusjonen synest kanskje spissformulert, men han er solid grunna i detaljerte studium av opplagstal, salstal og korrespondanse mellom forlag og bokhandlarar. Purtofts arbeid er eit framifrå eksempel på korleis tolmodig kjeldearbeid kan rokke ved traderte sanningar. Kamilla Aslaksens bidrag er ikkje kvantitativt innretta som Purtofts, men også her er det samtidas mottaking av eit sentralt kanonverk som er på agendaen, då ho saumfarer resepsjonen av Camilla Colletts Amtmandens Døttre. Ved å studere både omfanget av og kriteria i samtidsresepsjonen, drøftar Aslaksen verkets verknad for norsk litteraturkritikk, med særleg omsyn til førestellingar om nasjonen, kunstens autonomi, geniestetikk og kjønn. Med den fjerde artikkelen forlèt vi norsk kanon til fordel for nye tendensar i dansk samtidslyrikk. Likevel held vi oss til litteratur med samfunnskritisk tilsnitt når Louise Mønster syner korleis dansk lyrikk i seinare tid har tematisert politiske emne som klima, kapitalisme, etnisitet og kjønn. Med dette som utgangspunkt argumenterer Mønster for ei meir nyansert og dynamisk tilnærming til spørsmålet om politikk og litteratur, først demonstrert gjennom samtidslyriske sveip, dernest utforska meir detaljert med utgangspunkt i to forfattarskap. Som det kjem fram av desse korte presentasjonane, står altså tilhøvet mellom litteratur og offentlegheit i høgsetet i dette nummeret av Edda.

God lesnad!