16. mai 1986 skriv Olav H. Hauge i dagboka si: Ragnvald Skredes tanke om at «den nynorske bokheimen skulle hatt si eiga soge», er ein god tanke, «berre me hadde hatt den rette mannen (!) til å skriva henne».1 Sørbøs litteraturhistorie har fått strålande aviskritikkar. Meldarane er imponerte over forfattarens litteraturhistoriske kunnskapar, hans eineståande formidlingsevne, hans levande språk og hans sjølvstendige fortolkningar av verk og forfattarskap; ja, «boka er langt mer levende enn litteraturhistorier flest»,2 skriv Cathrine Krøger i Prosa. Denne kritikken tyder på at Sørbø er den rette mannen, iallfall ut frå evna til å formidle kunnskap levande og fengande til eit litteraturinteressert publikum. Eg kan seie meg samd i at Nynorsk litteraturhistorie gir både stor leseglede og innsikt i den nynorske litterære tradisjonen.

Som litteraturvitar i eit litteraturfagleg tidsskrift, har eg også behov for å sette litteraturhistoria inn i ein sjangertradisjon og vurdere ho i forhold til nyare litteraturhistoriografiske problemstillingar. I eit slikt perspektiv kjem både særpreget til Nynorsk litteraturhistorie og kritikken min fram.

I den ganske omfattande litteraturhistoriske tradisjonen vår, som strekkjer seg frå Hans Olaf Hansens Den norske Literatur fra 1814 indtil vore Dage (København, 1862) til Jan Inge Sørbøs Nynorsk litteraturhistorie (2018), har vi mange større og mindre verk om norsk litteratur, prega av ulike historiske periodar og litteraturvitskaplege metodar, lese- og skrivemåtar. Vi har også eit teoretisk og analytisk verk, Om litteraturhistorieskriving, (1994),3 som drøftar sjangeren og analyserer den norske sjangertradisjonen og som gir kritikaren både sjangerinnsikt og kritiske perspektiv og reiskapar.

Litteraturhistoriene som har vori brukte på universitet og høgskolar dei seinare åra, Fidjestøl/Kirkegaard/Aarnes/Aarseth/ Longum/Stegane: Norsk litteratur i tusen år. Teksthistoriske linjer (1994)4 og Per Thomas Andersen: Norsk litteraturhistorie (2001),5 gjer greie for sitt metaperspektiv på sjangeren, som millom anna får fram at litteraturhistorie ikkje er ein objektiv faktasjanger, men at ho speglar skrivarens historiske, teoretiske og hermeneutiske posisjon; altså litteraturhistorikarens eiga situering, og at ho, som sjanger, i større og mindre grad må byggje på ein litteraturhistorisk tradisjon og på tilgjengeleg litteraturforsking. Kva litteraturhistorikaren skriv, blir supplert med eit korleis-perspektiv. For å seie det enkelt; den positivistiske fordomen at litteraturhistoria formidlar faktisk kunnskap om litterære periodar, om den litterære utviklinga og om forfattarskap og verk, har gitt plass for eit syn på litteraturhistoria som ein sjanger der sjølve konstitueringa av den litteraturhistoriske framstillinga har blitt interessant og viktig å studere.

Sørbøs litteraturhistorie legg lite vekt på ei slik sjangerproblematiserande ramme; ho gjer ikkje noko stort nummer av at litteraturhistoria på mange vis er ein problematisk sjanger. Fortolkingane hans av nynorsklitteraturen blir da også i liten grad problematiserte og perspektiverte av referansar til anna litteraturforsking, eller til metodologiske spørsmål og problematiseringar. Framstillinga gir eit «spontant» inntrykk, og ho er da også fri for akademisk sjargongspråk og gjer heller bruk av skjønnlitterære verkemiddel i si forteljing om nynorsk litteratur. Sørbø vender seg ikkje berre til eit akademisk lesarpublikum, men også til eit allment, litteraturinteressert publikum og prioriterer formidlingsaspektet; det å skape lesarglede og gi ei levande og personleg framstilling av den litterære tradisjonen. Nynorsk litteraturhistorie gjer nettopp det. I litteraturhistorietradisjonen vår kunne vi kanskje trekkje ei linje til Kristian Elster d.y.s Illustreret norsk litteraturhistorie I–IV (1923–24) som eit imponerande stort einmannsarbeid og eit framifrå døme på denne skrivemåten?

Men det er ikkje tale om eit sjangermessig anten–eller; Nynorsk litteraturhistorie fører også vidare ein akademisk, hermeneutisk tradisjon, basert på stor kunnskap om og innsikt i materialet. Sørbø er heller ikkje «personleg» i den forstand at han står i eit kritisk eller opposisjonelt forhold den litteraturhistoriske tradisjonen. Tolkingane og synspunkta hans går inn i forskingstradisjonen utan at vi som kompetente lesarar skvett i stolen. Men vi kan spørje i kva grad tolkingane er personlege eller forankra i forskingslitteraturen, for referansane til han er, med få unntak, sparsame.

Sjangeren litteraturhistorie har tradisjonelt ein objektiverande stil; han unngår eg-forma. Det gjer også Sørbøs litteraturhistorie. Berre sjeldan møter vi opent subjektive synspunkt, for ikkje å snakke om kjensleutbrot, som desse: «Dette er vers som gjer ein vestlending glad og vekkjer gjenkjenning hos alle som har sett Ålesund i kuling og regn» (Om eit Anna Skeide-dikt, 347). Eller subjektiv harme som når Ragnvald Skrede får den ironiske «Votten»-prisen av «Profilgjengen». Sørbø synest det er «[p]inleg» (med desse) «kameratmeldingane i Profil-gruppa». I slike sjeldne døme står forfattaren fram med kjensler og kritiske holdningar, men gjennomgåande legg han vinn på å vere ein sympatisk lesar i Kittangs forstand, som lesemåte, men også i vanleg språkbruk. Han er raus med ros og sparsam med ris i omtalen om litteraturen.

Kvifor nynorsk litteraturhistorie?

Den nasjonale litteraturhistoria i Norge har blitt supplert med ei norsk kvinnelitteraturhistorie,6 eit produkt av den litterære feminismen, som hevdar at kvinnelege forfattarar i nokon grad har vorti oversette og haldne ute frå den nasjonale kanon. Den nynorske litteraturen har ikkje kjent seg ramma på same vis, og Sørbøs framstilling er da heller ikkje kritisk til den status nynorsk litteratur har i den nasjonale kanon. Han ønskjer likevel å gi ei samla framstilling av han; eit prosjekt som reiser spørsmål om i kva grad nynorsk litteratur skil seg ut, motivisk og tematisk.

Han legitimerer litteraturhistoria først og fremst med målforma og verdien av det språklege tilfanget i dialektane. Ivar Aasen skaper landsmålet på 1850-talet og med det, grunnlaget for den nynorske litteraturhistoria. Sørbø supplerer dette målkriteriet med nokre andre, som i langt sterkare grad er påstandar: «eiga stemme», «eige blikk», abstrakt som er langt vanskelegare å dokumentere og bruke analytisk og som heller ikkje blir produktive i framstillinga. Meir handgripelege er «nokre gjennomgåande tema», som Sørbø i nokon grad knyter til den eldre nynorsklitteraturen. Påstanden om ein nynorsk «utakt» i forhold til periodiseringa av den samla norske litteraturen, er eit meir produktivt kriterium som blir brukt med innsikt i nokre historiske periodar, men heller ikkje det i nokon gjennomgripande grad. Derfor verkar påstanden i forordet om at den «nynorske utakten er ein sjølvstendig grunn til å skriva om nynorsk litteratur som ein eigen tradisjon», noko overdriven. Og ifølgje Sørbø høyrer «utakten» opp på 1960-talet; «retningar og problemstillingar» vert felles i den politiserte litteraturen. Nynorsk litteratur har blitt litteratur på nynorsk. Dette er utviklinga Sørbø skildrar i dei hundre åra mellom Aasen og profilistane; ei utvikling frå ein viss utakt til ein takt som held fram til i dag.

Sørbøs litteraturhistoriske framstilling er generelt lite opptatt av å søkje etter eit nynorsk særpreg, forankra kulturhistorisk og språkhistorisk. Som legitimering i forordet gjer han eit forsøk, men i den litteraturhistoriske diskursen, i liten grad. Det reddar han frå vidløftige og luftige konstruksjonar, som eg er samd med han i ikkje å gi seg inn på.

Det største problemet hans, hevdar han, er å velje frå eit stort materiale. Problemet gjer seg først og fremst gjeldande for tida frå omkring 1980, da bokmangfaldet blir for stort og for nært til å peike ut «periodar og tendensar» og velje ut «viktige forfattarskapar». Han løyser det ved å skrive om dei fleste. For perioden frå 1980-talet skiftar litteraturhistoria hans sjanger. Ho blir ein katalog over talrike forfattarskap, presenterte i stutte kapittel, som har sin verdi som oversyn, men litteraturhistorie er det ikkje.

Nynorsk litteraturhistorie som eit kanoniserande verk

Kanon er nemninga på den rekkja av viktige forfattarskap og verk som konstituerer ein nasjonal, litterær tradisjon, og litteraturhistoria er det verket som etablerer ein slik tradisjon, primært basert på kunstnarleg verdi, men kunstnarleg verdi er verken eit tidlaust eller absolutt omgrep; det er knytt til ideologiske og sosiale kontekstar, så kanonisering vil alltid skape debatt.

Sørbøs litteraturhistorie er etter mi meining lite opptatt av å etablere ein trongare, nynorsk kanon. Han er meir opptatt av å gi ei omfattande, samla framstilling der store og små forfattarskap, kompositorisk, står etter kvarandre på demokratisk vis. Han løyser utvalsproblemet ved å skrive om dei fleste. Men siste kapittel i litteraturhistoria kommenterer indirekte kanonspørsmålet på vittig vis, samtidig som det viser Sørbøs skjønnlitterære kvalitetar. Han går her «ut av det faktiske», opnar «dødsrikets dører» og skildrar eit selskap der alle nynorskforfattarane er samla i nynorskens hage. Edvard Hoem, som «skrid» fram og «helsar til høgre og venstre», på Solstads fasong, har fått i oppgåve å bestemme kven som er den største nynorske forfattaren. Kapitlet sluttar med at Hoem ropar ut, og både vi lesarar og sikkert også hagegjestane, er spente: «Den største nynorskforfattaren som har levd og skrive, er». Men svaret er ein tom plass i teksten. Verken Sørbø eller Hoem vil ut med det! Høgdepunktet i den nynorske kanon er løynd. Det er utanfor Sørbøs litteraturhistoriske konsept.

Men eitt kapittel skil seg ut: Duun-kapitlet, som er svært omfattande og sterkast rosande og, framfor alt: her er resepsjonen i langt større grad enn i andre forfattarskap, rikt representert. Kapitlet om Garborg, til dømes, og andre store, er sterkt rosande, men nesten utan referansar til forskingslitteraturen, medan han refererer til ei rad positive Duun-forskarar som støttar Sørbøs eigen resepsjon: Thesen, Hageberg, Gujord, Syéd, Birkeland, Høystad med litterære referansar til Kafka, Dostojevskij og Shakespeare, alt for å framheve kvalitetane i Duuns dikting. For balansens skuld ville eg også tatt med Dag Solstads famøse Duun-foredrag i Nasjonalbiblioteket i november 2015, der han hevdar at Duun er utdatert, framand og likegyldig for moderne lesarar. Eg er djupt ueinig med Solstad, men kvifor ikkje nemne han som døme på ei alternativ, kritisk Duun-vurdering? Dialogen med resepsjonen er viktig om litteraturhistoria også skal formidle alternative, nye og avvikande vurderingar, samtidig som desse omfattande Duun-referansane set lys på den sparsame bruken av slike i meir generell forstand i litteraturhistoria.

Tekst og tid

Relasjonen mellom litteraturen på den eine sida og historiske, sosiale og ideologiske forhold på den andre, kan forståast på ulike vis. Som ytterposisjonar kan ein hevde litteraturens autonomi, eller sjå relasjonen tekst og tid som kunstnarleg skapande. Sørbøs fremste metode er ei lang rekkje analytisk gode og velskrivne forfattarskapslesingar som av og til blir brotne av kontekstuelle framstillingar, som til dømes kapitla «Frå unionsoppløysing til verdskrig», «Norrønt om Verdun», «Rettsoppgjer, gjenreising og modernisme». Der viser han korleis historiske forhold «slår […] inn i litteraturen». Sørbø brukar dette perspektivet sjølvstendig og kreativt på eit vis som løftar den litteraturhistoriske framstillinga hans. Det viser ein kompetanse som eg kunne ønskt han hadde gitt ein større plass i Nynorsk litteraturhistorie.

Olav H. Hauge skriv i dagboka, i ein kritisk og lite representativ augneblink, at den store, nynorske litteraturtradisjonen endar med Vesaas: «Etter han har målet gjenge i uppløysing og diktingi vorte deretter. Vi har ikkje lyft arven og ført verket deira vidare fram» (19.05.1986). Sørbø er ueinig (som vi alle må vere). Han formidlar tradisjonen før og etter Vesaas med stort engasjement og imponerande lesekapasitet i ein personleg sakprosa som levandegjer nynorsklitteraturen som Aasens «nyfødde barn», som rett nok mistar særpreget sitt etter kvart, men som til gjengjeld har fått talrike etterkomarar og har blitt «udøyeleg».