Kva er ein Edda-artikkel? Dette er eit grunnleggjande arbeidsspørsmål for oss i redaksjonen. Somme tider diskuterer vi det heilt eksplisitt, som når eit innsend manus ligg i grenseland for kva som kan kallast nordisk litteraturvitskap, men vi likevel gjerne skulle sett teksten på trykk. Andre gonger ligg spørsmålet under overflata i diskusjonar om kvaliteten på innsende arbeid. Hadde vi kunna svara enkelt på dette spørsmålet, hadde vi hatt ein sorterings-algoritme som ville letta arbeidet, men som neppe ville styrka kvaliteten i dei redaksjonelle prosessane. Svaret på kva ein Edda-artikkel er, må formast kvar gong i den relasjonelle dynamikken mellom forfattarane, redaksjonen og fagfellane. Systemet med blind fagfellevurdering fritek ikkje redaksjonen frå sitt ansvar for kritisk vurdering. Fagfelleordninga møter frå tid til anna kritikk, og fleire tar til orde for ei «av-anonymisering» av ordninga. Sist ute var Mieke Bal, med kommentaren «Let’s Abolish the Peer-Review System» i tidsskriftet Media Theory. Bal meiner at fagfelleordninga i verste fall kan sjåast på som ein konsekvens av «neo-liberaliseringa» av universitetssystemet, der regelstyring i aukande grad trumfar fagleg skjønn. Ho åtvarar mot ei ordning der tidspressa fagleg tilsette ofte skriv raske overflatiske vurderingar i all hast, ho meiner ordninga er grunnleggande konservativ ettersom fagfellane ofte tvinger forfattarar til å halde seg inne med den etablerte forskinga på feltet, og ho er redd for at ordninga – som slik ho ser det, forsterkar eksisterande hierarki – kan gjere redaksjonar makteslause i arbeidet med å fremme fagleg innovasjon. Mieke Bal har fleire gode poeng, og vi tek med oss åtvaringane mot regelryttari og oppmodingane til å jobbe med kvalitetsstimulering på dynamiske måtar som ikkje undergrev redaksjonen sin autonomi.

Trondheimsredaksjonen har no redigert tre nummer. Vi har lese meir enn 50 artiklar og publisert 12, og sjølv om vi aldri vil kunne einast om ein Edda-algoritme, tek vi likevel til å sjå at det finst eigenskapar som gode Edda-artiklar har. Den mest opplagte er den vi kan kalle vitskapleg soliditet – frå teoretisk rammeverk og metodisk truverd via innsikt i forskingsfeltet og analytisk handverk til sjølve den skriftlege presentasjonen. Å vere solid er likevel ikkje nok. Forsking må også presentere noko nytt. Kva som er nytt og kor revolusjonerande eller berre smått reviderande det må vere, er ikkje lett å seie ein gong for alle, men Edda tek mål av seg til å halde høgt nivå, og då må nyhendekravet stå sterkt. Om ein artikkel skal vere verdt publisering, må det ikkje vere tvil om at han presenterer ny kunnskap, og det nye må vere viktig nok til å legitimere artikkelen. I tillegg må noko stå på spel i ein Edda-artikkel. Han må opplevast relevant, viktig og vel verdt lesarens merksemd. Soliditet, nyhendeverdi og relevans. Alle artiklar vi publiserer i Edda har noko av alt dette, men gjerne i ulik grad. Dette gjeld også herverande nummer.

Frode Helmich Pedersens nylesing av Wergelands «Den første Gang» tek tak i eit dikt som har gjeve litteraturforskarane store tolkingsmessige utfordringar. Gjennom grundig gjennomgang av så vel resepsjonen som sjølve diktet, kjem Helmich Pedersen med eit forslag til ny forståing basert på talehandlingsteori. Adam Isachsen kjem på si side med innspel til så vel sjangerteori som analysepraksis når han koplar affektteori med novellesjangerens unerhörte Gegebenheit. Gjennom analysedøme viser han si teoretiske tilnærming i praksis, men ved å fokusere på sjangerteoretiske og analysemetodiske poeng gjer han døma relevante for mange fleire enn dei som spesialiserer seg på Helle Helle og Naja Marie Aidt. Knausgård-forskinga har allereie vorte ganske omfangsrik, og mange har vore særleg opptekne av å sjangerklassifisere den litterære kentauren. Roger Edholm freistar unngå dette og heller spørje kva det vil seie å lese desse bøkene som både referensiell sjølvframstilling og litterært verk. I dette estetiske og etiske feltet får vi i alle høve inntrykk av at noko står på spel i litteraturforskinga. Til sist kan vi by på ein artikkel der Klaus Johan Myrvoll og Ronny Spaans argumenterer for å revidere synet på Olav H. Hauges omsetjarkunst. I opposisjon til den rådande oppfatninga av Hauge som isolert, verdsorientert diktarbonde, syner dei korleis omsetjingspraksisen hans var solid forankra i ein nynorsk tradisjon med røter i målrørsla.

God lesnad!