Denne boka om manuskript og boktrykk i sein førmoderne tid på Island er utgjeven som nummer XLIX i den veletablerte og velrenommerte bokserien Bibliotheca Arnamagnæana, administrert av Den Arnamagnæanske Kommisjon og i denne serien som Opuscula-nummer XV. Det vil seia i ei rekkje med samlingar av kortare filologiske studiar, først og fremst av norrøne emne. Første Opuscula kom i 1960. Spesielt for denne siste Opuscula-publikasjonen er at her er bidraga (ti i alt) samla om temaet manuskript og prent i ein avgrensa tidsbolk av islandsk kulturhistorie. Omgrepet «late pre-modern Iceland» er kronologisk sett ikkje særleg presist og synest i så måte vera valt med vilje her. Bakgrunnen for det er antyda i ei innleiing (ix–xix) av dei to redaktørane, der det går fram at artiklane i boka spring ut av to forskingsprosjekt på Island i inneverande tiår: «The cultural and social function of manuscripts preserving religious and secular poetry in Post-Reformation Iceland» leia av Margrét Eggertsdóttir og «The people’s press: Manuscript culture in the age of print» under leiing av Matthew J. Driscoll. Båe prosjekta, understrekar redaktørane i si innleiing, er metodologisk i nær slekt med kvarandre idet dei legg vekt på såkalla «new» eller «material» filologi og «sociology of texts». Det vil seia metodologiske tilnærmingar som til saman «argue that texts cannot be dissociated from their physical embodiments and that one must therefore look at ‘the whole book’ taking into account the material processes and social, historical and cultural contexts in which these texts were produced and consumed» (x). Slik informasjon er med og hjelper lesarar til lettare å sjå ein tematisk samanheng i dei ti individuelle bidraga som varierer ein god del både i omhandla tid og tematikk, og det gir eit bakteppe til å lesa bidraga opp mot. Valet av omgrepet «late pre-modern» er elles også godt motivert av Davið Ólafsson i hans kapittel. Han gir her (29f.) gode grunnar for å hevda at «Iceland’s first steps into modernity came only around the turn of the twentieeth century». Med det er i alle fall det tidsrommet artikkelsamlinga til saman dekkjer, greitt legitimert.

Titlane på bidraga gir i seg sjølv eit godt inntrykk av kva heile denne samlinga av artiklar dreiar seg om. I tillegg til innleiinga av redaktørane, er det tale om følgjande studiar: (Kap. 1) Post-medieval manuscript culture and the historiography of texts av Davið Ólafsson; (kap. 2) Hymnodia sacra and its influence on the 1772 Icelandic Hymnal av Árni Heimir Ingólfsson; (kap. 3) Text and context. Maríukvæði in Lbs 399 4to av Katelin Parsons; (kap. 4) The glacier’s long shadow. Guðmundur Runólfsson and his manuscripts av Svanhildur Óskarsdóttir & Katelin Parsons; (kap. 5) Script and print in seventeenth- and eighteenth-century Iceland. The case of Hólar í Hjaltadal av Margrét Eggertsdóttir; (kap. 6) Tradition and innovation. Design development in Pétur Jónsson’s title pages between 1773 and 1780 av Silvia Hufnagel; (kap. 7) Women’s manuscript culture in Iceland 1600–1900 av Guðrún Ingólfsdóttir; (kap. 8) Pleasure and pastime. The manuscripts of Guðbrandur Sturlaugsson á Hvítadal av M. J. Driscoll; (kap. 9) Constructing cultural competence in seventeenth-century Iceland. The case of poetical miscellanies av Þórunn Sigurðardóttir; (kap. 10) Permissible entertainment. The post-medieval transmission of fornaldarsaga manuscripts in western Iceland av Tereza Lansing.

Ved første augnekast kan nok eit slikt utval studiar synast å sprika i vél mange retningar. Det er likevel ikkje problematisk å sjå dei som delar i ein større samanheng når ein ser dei som delmengder av dei to forskingsprosjekta redaktørane gjer greie for i si innleiing. Bidraga er der elles svært greitt oppsummerte og kort kommenterte. Det skal og treng såleis ikkje gjerast om att her. Detaljerte kritiske kommentarar til alle bidraga vil òg føra for langt, men visse sider ved denne samlinga artiklar kan godt fortena å takast fram i eit litteraturvitskapleg tidsskrift som Edda.

I så måte synest det naturleg å ta fram Davið Ólafssons innleiande faghistoriske oversynsartikkel (1–30) om bakgrunn og utviklingsforløp for dei metodologiske fenomen redaktørane peikar på som eit felles grunnlag for denne samlinga av einskildstudiar. Davið Ólafsson samlar sitt oversyn under rubrikkane «New» approaches to texts: New philology and the sociology of texts (1–6), Literacy studies, old and new (6–10), The advent of post-print manuscript studies in Anglo-American scholarship (10–19), Transnational perspectives (19–27), og så med ein konklusjon til slutt (28–30).

Mest interessant i denne samanhengen er kanskje framstillinga hans av det vi kunne kalla nyoppdaginga av ein manuskriptkultur i tidleg nytid, altså i tida etter Gutenberg. Prentekunsten utgjorde nemleg ikkje noko absolutt brot med den gamle skriftkulturen, slik det tradisjonelt sett gjerne har vore framstilt. For prenta og handskrivne bøker og dokument kom til å finnast side om side i lang tid frametter. Den nye interessa for dette hadde sitt utspring i ei rad studiar utførte av forskarar i Storbritannia, USA og Australia på 1990-talet, og interessa har sidan spreidd seg, etter kvart også til Island og elles i Norden. Gode døme på nett dét finn vi då både i den her omtala boka Mirrors of virtue og i 2017-utgåva av Sjuttonhundratal. Nordic Yearbook for Eighteenth-Century Studies. Denne utgåva av årboka har studiet av handskriftskultur etter at prenta tekster tok til å komma, som hovudtema. «Handskriften kommer efter introduktionen av tryckmediet att anta nya funktioner, och betydelsen av gamla funktionen förskjuts», heiter det m. a. i introduksjonen til årboka, som tar opp fenomenet slik det arta seg på 1700-talet. Det kan vera med å peika på ei retning manuskriptstudiar kan ha i ein kontekst som denne.

I norsk samanheng fortener eit arbeid av Anders Gjørslie å nemnast i denne samanhengen som eit tidleg døme på studiar i og av manuskript frå om lag same perioden. Det er ei masteroppgåve i nordisk frå NTNU 2007: Om Hammer och Hammers kiøbstadtz bygning. Et nytt møte med hamarkrøniken – teksten og forskningstradisjonen. Vi vil vonleg sjå nye studiar på dette og tilgrensande felt i tida som kjem, også i norsk samanheng.

Davið Ólafssons kapittel i boka som her er omtala, er i alle fall informativt og lærerikt, ikkje minst for litteraturstudentar, må det vera rett å tilføya. Kapitlet ville, etter denne meldars beste skjøn, passa godt på pensum- og litteraturlister i ulike studiesamanhengar på universitetsnivå. Elles gir kapitlet ein fin bakgrunn for å forstå kvifor studiet av det forfattaren kallar ein «post-print manuscript culture» er spesielt interessant og relevant for Island. Det er eit fenomen det elles har vore ei viss merksemd kring, i alle fall frå tida kring 1980, då Lúðvik Kristjánsson så levande skildra korleis islandske fiskarar utnytta periodar med landlege under fiske til å produsera bøker ved avskrift (Lúðvik Kristjánsson, Íslenzkir sjávarhættir I–V. Reykjavík 1980–86).

Sameksistensen av trykt og handskriven litteratur i det syttande og attande hundreåret er elles svært oversiktleg og greitt framstilt av Margrét Eggertsdóttir i hennar kapittel (127–165). Handskrive materiale, seier ho, synest å vera tettare knytt til daglegliv og sosiale tilhøve enn prenta bøker. Og innhaldet i det handskrivne tilfanget avspeglar ofte personlege interesser, familieforhold, personleg smak og jamvel personlege kjensler. Slik sett meiner ho vi kan gå ut frå at studiar som også tar omsyn til den handskrivne kulturen, gir eit nyansert bilete av kulturell aktivitet som produksjon og spreiing av poesi i det stiftet ho har undersøkt, Hólar på Nord-Island. Vi kunne kanskje tillata oss å sjå handskriftskulturen som eit bilete av den samla kulturen meir frå eit grasrotnivå enn det den prenta bokkulturen kan gi oss. Eit interessant og nyttig innsyn er det i alle fall vi får i dette kapitlet.

Verdt å ta fram i ei melding som denne kan elles også vera Guðrún Ingólfsdóttirs kapittel om kvinners plass i den islandske handskriftskulturen det her er tale om i tida mellom 1600 og 1900 på Island. Det vil seia i heile den perioden studiane i denne boka dekkjer. Dette er eit spørsmål det heller ikkje i islandsk samanheng er lett å gi gode og bindande svar på. Men Guðrún Ingólfsdóttir går grundig til verks og maktar å gi eit overtydande innblikk i den rolla kvinner spela innom denne skriftkulturen frå og med det vi elles i Norden helst ville kalla eldre nytid. Det kan ikkje sikkert påvisast at kvinner i særleg grad produserte handskrivne bøker. Berre relativt få slike er bevarte, men dei finst. Derimot finst det fleire manuskript skrivne for kvinner enn ein kanskje skulle tru. Mange av desse kvinnene åtte meir enn berre ei bok, og nokre av dei hadde eigne bibliotek. Innhaldet i dei handskrivne tekstene kvinner åtte endrar seg over tid, og særleg i det nittande hundreåret vart det slik at verdsleg poesi kom til å dominera. Elles er til ein viss grad sagalitteratur å finna, også islendingesagaer, der Laksdoela saga, i alle fall til tider, kan synast å ha hatt særleg appell til kvinner (209). Det var naturleg nok først og fremst kvinner i dei høgare sosiale lag som kunne ha bøker, handskrivne eller prenta. Likevel finst det døme, seier Guðrún Ingólfsdóttir, på at kvinner også frå dei lågare samfunnslag åtte handskrivne tekster. Det inneber, understrekar ho, at kvinners rolle i denne bokkulturen ikkje var sosialt så avgrensa som ein tidlegare har trudd. Dette er interessante resultat som burde kunna inspirera til ytterlegare innsats på tilsvarande felt også andre stader i Norden. Det må elles tilføyast at dette oversynet over kvinners manuskriptkultur på Island i tida mellom 1600 og 1900 også omfattar brevsamlingar, eller samlingar med ymse slags brevkorrespondanse. Desse er i tid avgrensa til 1700- og 1800-talet og sosialt til kvinner frå dei øvre lag av samfunnet (216). Det samsvarar med funn som er gjorde i tilsvarande studiar frå andre land.

Samla sett må det, slik denne meldar ser det, seiast at boka Mirrors of virtue utgjer ei leseverdig og nyttig samling artiklar, som går saman i ein velkomponert og godt motivert heilskap. Ytre sett er det ein vakker og tiltalande publikasjon. Boka inneheld stoff til ettertanke og inspirasjon til vidare studiar, både her i landet og i andre fagmiljø.