Frå og med 2/2018 er Edda redigert frå nordiskmiljøet ved NTNU i Trondheim. Både Eddas historie og posisjon i fagmiljøet gjer dette til ei viktig og ansvarsfull oppgåve. Etter innføringa av ordninga med publiseringsindikatorar, der forskinga blir målt kvantitativt, har rolla til dei vitskapelege tidsskrifta blitt viktigare. Edda er som kjent plassert på det øvste nivået, og er vurdert som ein av dei viktigaste og mest kvalitetskrevjande kanalane. Det såkalla tellekantsystemet er altså basert på at arbeidet i publiseringskanalane held høg kvalitet. Men Eddas tradisjonar er kanskje enda meir forpliktande for ein ny redaksjon: Tidsskriftet har gjennom over hundre år presentert ein straum av litteraturforsking, og kan sjå tilbake på ei rekke av dei viktige faghistoriske augeblikka og paradigmeskifta. Edda har hatt avgjerande innverknad på korleis nordiskfaget forstår seg sjølv og blir forstått av andre fagområde.

Det er gledeleg at Edda er eitt av dei sentrale vitskapelege tidsskrifta som frå 2018 får særleg støtte til å publisere artiklane opent tilgjengeleg. Prøveordninga med økonomisk støtte til sentrale norske vitskapelege tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap vil gi ro til å drive det redaksjonelle arbeidet i mange tidsskrift. I ei tid der framtida til dei vitskapelege tidsskrifta har vore usikker på grunn av krysspresset mellom kostnadar, fallande inntekter og open publisering, er det gledeleg at uvissa no truleg er over og at Edda kan fortsette å bli lagd på profesjonelt vis og samtidig vere tilgjengeleg for alle.

Den nye redaksjonen ønsker å vidareføre og styrke Eddas posisjon som eitt av de viktigaste tidsskrifta for nordisk litteraturforsking. Høgast mogleg kvalitet på artiklane er målsettinga og god fagfellevurdering, grundig redaksjonell vurdering og profesjonell produksjon er dei viktigaste verkemidla. Ein artikkel i Edda skal «stå seg», vere etterretteleg og tole både kritikk og nye forskingsvinklingar. For å få til dette er tidsskriftet avhengig av dugnadsarbeid der mange viktige prosessar blir gjort utan lønn eller offentleg honnør. Redaksjonen går på omgang mellom forskingsmiljøa i Noreg, og fagfolk frå ulike institusjonar er i arbeid som fagfeller og bokmeldarar for å utgje kvart einaste nummer. Redaksjonen har heldigvis merka at forskarane innan nordisk litteratur sluttar opp om Edda: Det er ikkje vanskeleg å be våre kollegaer i mange land – ofte dei aller mest meritterte og opptatte – om å vere fagfelle eller bokmeldar. Takk for det!

Redaksjonen ser ikkje grunn til å endre på den ordninga som Oslo-redaksjonen innførte, om at det òg er mogleg å publisere på engelsk i Edda. Sjølv om ein må vente at fagets vitskapelege litteratur alltid må arbeide med primærtekstane på originalspråket, ser vi at artiklar på engelsk nokre gangar kan bidra til dialog med andre vitskapsfelt og gjere det enklare for forskarar utan eit nordisk språk som morsmål å publisere i Edda. Det synes ikkje å vere nokon reell fare for at dansk, svensk og norsk fagspråk er trua innanfor nordisk litteraturvitskap. I nummer 2/2018 er det artiklar på norsk, svensk, dansk og engelsk, og fagbøker frå fleire ulike land er meldt. Det viser at Edda har eit breitt nedslagsfelt.

I nummer 2/2018 tek Siv Gøril Brandtzæg tek til orde for ei forskingssatsing på dei -norske skillingsvisene. I sin artikkel viser ho at samtidig som det norske skillingsvise-materialet er svært rikt, er det lite forska på. Artikkelen går gjennom dei viktigaste sjangertrekka og argumenterer for at det hybride, transmediale aspektet ved skillingstrykka gjer dei til ein unik litterær sjanger. Kan det vere akademiske fordommar mot denne typen kommersiell folkelitteratur som har gjort at sjangeren i liten grad er omtala og utforska? Artikkelen viser òg at ei slik fornya forskingsinteresse i vår tid må følges av eit omfattande arkiv- og digitaliseringsarbeid, sidan så mange av tekstane ikkje er samla eller gjort tilgjengeleg.

Alfred Sjödin undersøker det store diktet til Carl Georg Brunius, De diis arctois frå 1822, om den norrøne gudeverda. Brunius var ein svensk klassisk-filolog, arkitekt og kunsthistorikar, men òg ein klassisk latinsk skald. Artikkelen viser korleis Brunius sitt dikt sameinar det nasjonale med latinpoesiens tradisjon. Sjödin kallar denne haldninga for «anakronistisk kosmopolitisme» fordi latinske dikt heilt hadde gått av moten da De diis arctois kom ut, og fordi forma på diktet var klart felleseuropeisk og klassisk. Diktet blei rett og slett for klassisk til å vere nordisk og for nordisk til å vere klassisk. Han skreiv latin i ei tid der tendensen gjekk i retning av det svenskspråklege og nasjonale. Truleg er det derfor dette store diktverket har blitt nesten gløymd – det fekk ikkje nokon meiningsfull plass i ei litteratur- og teksthistorie som gjekk i retning av nasjonalspråk og nasjonal identitet.

Anker Gemzøe gir innblikk i korleis H. C. Andersen og Johannes V. Jensen oppfatta verdsutstillingane i Paris. Byen som kunstnarar oppfatta som modernitetens stad og framstegets spydspiss, blir skildra på fascinerande vis i mange litterære tekster. Artikkelen viser at H. C. Andersen og Johannes V. Jensens reaksjonar på den parisiske moderniteten ikkje står tilbake for Walter Benjamins epokegjerande «lesing» av Paris.

Eldar Heide argumenterer for at den islandske fornaldersoga Soga om Ån bogsveige kan lesast som ei kontrafaktisk Egilssoge, altså ein ny versjon av den kjende og populære soga om Egil Skallagrimson. Dei to sagaene har store likskapar, men ulike hendingsforløp. I Egilssoga vinn kong Harald Hårfagre til slutt og tvingar Egils familie til å dra frå landet. I Soga om Ån bogsveige greier Ån å bli verande i landet og til slutt, saman med sonen, å vinne over kongen. Særleg interessant er det å sjå korleis Ån spelar tosk og stakkar for ikkje å bli tatt alvorleg av kongen – eit svært uvanleg val i ein kultur som elles la stor vekt på ære og omdøme.

God lesing!

Trondheim, mars 2018