I sommar lanserte Noregs forskingsråd ei nasjonal evaluering av humanistisk forsking. Og tidlegare i år kom det noko så sjeldsynt som ei stortingsmelding om humaniora. Plutseleg er det som vi litteraturforskarar driv på med, i søkjelyset som aldri før, og det er mange som skal meine noko om oss. Både NFR og regjeringa etterlyser såkalla «samfunnsrelevans», det vil seie bevis på at dei pengane som staten betalar for humanistisk forsking gjennom lønn til vitskapleg tilsette og forskingsprosjekter, skal vere til målbar nytte for folk flest. «Man skal ej læse for at sluge, men for at se, hvad man kan bruge», er det kanskje fleire enn oss i redaksjonen som tenkjer. For ofte er det slik at det mest interessante fagleg sett, også viser seg å vere relevant og tankevekkjande for andre enn oss sjølve.

I den første artikkelen, «I nasjonens tjeneste? Norske forfatterjubileer 2006–2010», tek Frode Lerum Boasson for seg blomstringa av forfattarjubilé dei siste åra, og undersøkjer feiringa av Ibsen, Wergeland, Hamsun og Bjørnson frå eit litteratursosiologisk perspektiv. Han spør korleis desse jubilea har fungert politisk og ideologisk gjennom bruken av forfattarane, eller rettare sagt bruken av forfattarkonstruksjonar, som varemerke for Noreg. Dette er den første komparative analysen av forfattarjubilé som fenomen, og er eit viktig nybrottsarbeid.

Kvifor les unge menneske lyrikk? Og kva legg dei vekt på når dei les? Dette er spørsmål som ligg til grunn for den andre artikkelen i dette nummeret, Anna Sigvardssons «Att läsa fram sig själv. Unga om centrallyrikens betydelse». Artikkelen er inspirert av Rita Felskis The Uses of Literature, og representerer på mange måtar eit nybrottsarbeid innanfor nordisk lyrikkforsking fordi den undersøkjer korleis unge lesarar faktisk bruker lyrikk i fritida si. Undersøkinga baserer seg på intervju av i alt 21 unge svenskar av begge kjønn mellom 16 og 19 år. Artikkelen får dermed ein tydeleg litteraturdidaktisk relevans – til glede og nytte for alle som underviser i sjangeren.

Også Dean Krouk tek opp ei problemstilling som har breiare samfunnsrelevans, nemleg det problematiske forholdet mellom traumatiske hendingar og minne. I artikkelen «Falling silent» undersøker Krouk karakteranes ulike former for teiing i Merethe Lindstrøms Dager i stillhetens historie. Romanen bygger på minne og fortrenging knytta til Holocaust, og gjennom ulike teoretiske tilnærmingar innanfor «memory studies» klargjer Krouk korleis Lindstrøm skildrar desse prosessane i ein norsk familie. Samfunnsrelevansen ligg i korleis han knyter det spesifikke og personlege til nasjonen.

Emnet for den siste artikkelen, Bergur Rønne Mobergs «Forfatteren, der snublede i starten», er William Heinesen og kampen hans for eit gjennombrot på bokmarknaden i 1920- og 1930-åra. Mobergs perspektiv er litteratursosiologisk med fokus på tilhøvet mellom periferi og sentrum, forfattar og forleggar, dikting og økonomi. Som danskskrivande færøysk forfattar blei København for Heinesen ikkje berre alt det Færøyane mangla på bokmarknaden. Byen blei også vegen ut i verda. Det Moberg gjer, er å granske Heinesens første arbeid for å etablere seg som romanforfattar. Her kan artikkelen vise til nytt materiale, dels korrespondansen mellom Ejnar Munksgaard og Heinesen, og dels ei nærare gransking av dei tre første romanskissene: «Baalet», «Den yderste Tid» og «Den grønne Skonnert». Eit sentralt poeng i artikkelen er å vise at Heinesen etablerer seg som original forfattar i utkanten av Europa, på linje med forfattarar frå tidlegare koloniar som etter andre verdskrigen har fått ein plass i den verdslitterære republikken.

God lesing!

Oslo, september 2017