Studiar av (homo)seksualitet i skandinavisk litteratur er eit felt i vekst, anten det gjeld forfattarskapsstudiar eller oversiktsarbeid knytte til ein epoke eller eit språkområde. Eva Borgströms Berättelser om det förbjudna er eit frittståande framhald av Kärlekshistoria (2008), som tek for seg attrå mellom kvinner i 1800-talets svenske litteratur. Med desse arbeida har Borgström levert omfattande bidrag til den skandinaviske historia om homoseksualitet i litteraturen – eit tema som i stor grad fell saman med homoseksualitetens historie i Skandinavia.

Eit sitat av forfattaren Lydia Wahlström som avsluttar boka, kan lesast som motto for studien: «Även abnormiteter och varianter bli aldrig fullt desamma hos båda könen, och det är en olycka, att litteraturen härom hittills så ensidigt varit skriven av män, som lika litet som när det gäller gynekologi, fullt kan sätta sig in i en kvinnas läge» (260). Samanlikninga med gynekologien indikerer for det fyrste at analysane til Borgström har blikk for utvekslinga mellom vitskaplege kategoriar og det litterære feltet i forståinga av attrå mellom kvinner. For det andre tek Borgström utgangspunkt i det spesifikt lesbiske og argumenterer overtydande for at kvinneleg homoseksualitet må analyserast som eit særskilt kulturelt fenomen i og med at definisjonar av homoseksualitet ved starten av 1900-talet stort sett var utforma av heteroseksuelle menn. Den homoseksuelle kvinna var på det viset marginalisert ikkje berre som kvinne og homoseksuell – til forskjell frå til dømes Noreg var likekjønna sex mellom kvinner forbode i svensk lovverk fram til 1944 – men òg som ein i stor grad usynleggjort kulturell figur.

I innleiingskapittelet gjer Borgström tydeleg greie for den metodiske tilnærminga til stoffet. Sjølv om boka står i ein queerteoretisk tradisjon, vil ho tona ned teoribruken: «I mitt tycke har teorin ibland fått en alltför framträdande plats och skönlitteraturen har alltför ofta använts för att illustrera olika teoriers doxa. Jag vil i stället låta de litterära texterna och de historiska kontexterna stå i centrum» (25). Fagfellar vil nok kjapt kjenna seg att i denne innvendinga, men akkurat her kunne framstillinga vore styrkt med nokre eksempel på ein slik problematisk og uhistorisk bruk av queerteoretiske «sanningar». Dette gjeld dess meir som boka gjev inntrykk av å venda seg til eit allment interessert publikum like mykje som til fagfellar.

Likevel er perspektivet forfriskande polemisk, og det er påfallande at verka til queerteoriens dronningar Judith Butler og Eve K. Sedgwick blir nemnde i ein sluttnote til teorikapittelet, men ikkje i litteraturlista. Anten dette er ein redigeringsfeil eller eit medvite val, illustrerer det at forfattaren aktivt vel bort ein viss «skule» til fordel for teoriar som betre fangar opp overlappa mellom feministisk teori, dei historiske kvinnerørslene og lesbisk kultur. Borgström vil venda attende til den pre-foucauldianske kjønnsteorien og kritikarar som Monique Wittig, Audre Lorde og Adrienne Rich. Desse føregreip den queerteoretiske kritikken av heteronormativitet, men «lade betydligt större vikt vid frågan om över- och underordning i relationerna mellan kvinnor och män» (26). Her har me altså eit tydeleg feministisk forskingsarbeid som vil gå i rette med både privilegeringa av mannleg homoseksualitet i sexologien og det Borgström reknar som ein uhistorisk bruk av ein likeins mannsprivilegerande queerteori. Såleis blir det relevant å spørja i kva grad boka oppfyller denne metodiske intensjonen.

Hovuddelen av boka er seks nærlesingskapittel der Borgström går gjennom verk av eit knippe forfattarar som eksempel. Lesingane er i stor mon konsentrerte om nettopp forfattarskapen som ordningsprinsipp, eit grep som særleg skal koma til sin rett i kapittelet om Agnes von Krusenstjernas romanar. Borgström nemner fleire stader at studien ikkje er ei systematisk gransking av alle slike «berättelser om det förbjudna» i epoken, men at ho på grunn av knapp tid har basert seg på bibliografiar og anna forsking på feltet. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko: Utvalet inneber at ho jamleg får høve til å gå i dialog med denne forskinga og posisjonera sitt eige prosjekt overfor den. Studien er òg avgrensa ved å fokusera på kvinnelege forfattar og såleis ikkje jamføra korleis menn og kvinner skriv om kvinneleg homoseksualitet. Vidare er prosa- og dramatekster kjernen i materialet, slik at til dømes Edith Södergran, som elles ville ha vore opplagd, ikkje er med i teksttilfanget (29).

Analysekapitla startar med dramatikaren og essayisten Frida Stéenhoff, som introduserte omgrepet «feminisme» på svensk og som møtte den homopolitiske pioneren Magnus Hirschfeld personleg (33). Borgström får fram korleis seksuell emansipasjon også for likekjønna seksualitet var eit hovudpunkt i feminismen for Stéenhoff. Dimed kom ho på kant med veninna Ellen Key, som var engsteleg for at samankoplinga av homoseksualitet og kvinnefrigjering ville skada emansipasjonskampen. Borgström viser korleis Stéenhoff navigerte i dette farvatnet mellom misogyni og homofobi, og utvikla eit feministisk forsvar for lesbiske i dialog med samtidige ordskifte der «intimitet mellan kvinnor mättes […] med helt andra mått än den mellan män» (49). Særskilt blir dette tydeleg i samband med Stéenhoffs drama Kärlekens rival, som kom ut i 1912 og som ho omarbeidde til det upubliserte romanmanuskriptet «Lågornas rov» i 1928. Stykket var nyskapande og radikalt ved å ikkje fordømma likekjønna kjærleik. Likevel var det tilpassa innvendingane frå Key ved å framstilla heteroseksualiteten som norm (56). I romanen blir karakteren Irene redda frå å ta livet sitt ved drukning av den idealiserte unge mannen Sverker. Denne gjenopprettinga av heteronorma forringar likevel ikkje for Borgström radikaliteten i forfattarskapen som ein av dei tidlegaste til å skildra lesbisk kjærleik på ein nyansert måte.

Sjølv om denne meldaren er sympatisk til konklusjonen, kunne vurderinga godt vore supplert ved å trekkja inn innsikter frå den såkalla antisosiale vendinga i queerteorien (Halberstam 2008). Er forfattarskapen til Stéenhoff kan henda eit eksempel på det Sara Ahmed har kalla «archives of shame» (Ahmed 2010), altså tekster som syner fram ein slags internalisert, og historiografisk viktig, homonegativitet? Når eg etterlyser eit slikt perspektiv, er det ikkje for å gå på tvers med intensjonen Borgström har om å setja teoretiske doxa i bakgrunnen. Tvert om etterspør eg eit slikt arkivmedvit nettopp fordi ho sjølv dreg fram desse tekstene som seksualitetshistoriske dokument, og det antisosiale perspektivet kunne stødd argumentasjonen hennar for at til og med heteronormative tekster kan ha ein radikal verdi.

Det andre analysekapittelet er vigd ein lenge gløymd lesbisk roman: Vi stackars kvinnor …, utgjeven under pseudonymet «Elsa Gille» i 1917. Romanen er interessant i og med at han utnyttar nokre standardmotiv som markørar for homoseksualitet: det kunstnarlege og det deformerte. Her blir det tydeleg at visse punkt i studien kunne vorte spissa ytterlegare dersom dei svenske verka vart samanlikna med annan, også ikkje-skandinavisk, litteratur. I Vi stackars kvinnor … føregår ein stor del av handlinga ved eit pensjonat der hovudpersonen Thyra blir kjend med den vanskapte «fågelmannen» Gerle og deira felles kjærleiksobjekt Viveka. I den samanhengen kunne eg tenkt meg at Borgström gjorde plass til komparative lesingar med queere tekster som gjer bruk av liknande «heterotopiar», så som Manns Der Zauberberg eller Der Tod in Venedig. Kva har det å seia at dei homoseksuelle para blir plasserte på ein avgrensa stad utanfor resten av samfunnet? Ei sterkare komparativ vektlegging av dette spørsmålet ville lyfta analysen ytterlegare.

I kapittelet om «Gilles» roman luggar det dessutan i lesaren når Borgström ikkje tilbyr klåre tolkingar av stoffet. Eit eksempel er når Thyra i fri indirekte stil tenkjer fylgjande om pensjonatgjestene kring buffetbordet: «‘Sådana gräshoppor borde man sannerligen också ha rätt att sopa ner i grävda diken och hälla över med fotogen …’». Og kommentaren frå Borgström: «Vad ordet ‘också’ syftar på framgår inte. Egyptens gräshoppor kanske» (72). Det er underleg at Borgström her ikkje knyter utryddingstanken eksplisitt til dei bio-politiske idéane ho finn innfelte hjå mellom andre Agnes von Krusenstjerna, og heller ikkje koplar grashoppemotivet til dei bibelske allusjonane ho finn elles i Vi stackars kvinnor …

Kommentaren til grashoppemotivet er eit døme på ein slentrande skrivestil som pregar mange av analysane, og som indikerer ein vilje til å kommunisera med ein allment interessert lesar framfor å halda seg til ein reint fagleg-akademisk skrivemåte. Iblant verkar denne stilen resignert, som i kapittelet om «Gille»; iblant skaper han ein fin og uhøgtidleg snert i framstillinga, som i analysen av Maria Sandels Droppar i folkhavet, der Borgström omtalar karakteren Lydia som «ganska korkad» (93). Kapittelet om «proletarforfattaren» Sandel har tittelen «Det förbjudnas lockelse», og her kjem det interseksjonelle perspektivet verkeleg til sin rett. Borgström viser at skildringa av den prostituerte karakteren Naima tydeleggjer samanhengane mellom den seksuelle avvikaren og den erotisk frilynte kvinna, og knyter liner til sentrale dekadanseverk som Émile Zolas Nana. Sandel skaper eit subversivt kvinnebilete som problematiserer heteroseksualiteten: «Heterosexualitet existerar här bara som kommersialiserad promiskuitet, medan den egentliga erotiken finns mellan kvinnorna» (101).

Kvinnesaksaktivisten Lydia Wahlström speler hovudrolla i det fjerde nærlesingskapittelet. I starten av dette blir den litt avvisande haldninga til queerteorien problematisk. Borgström ser her ut til å slutta seg til «Maske und Signal»-teorien frå tyske, litteraturvitskaplege homostudiar (jf. Keilson-Lauritz 1992; Detering 2013, 30). Denne lesemåten føreset at homolitteratur nyttar ei form for tekstleg kamuflasje med visse teikn som berre er synlege for ei «innvigd» lesargruppe: «Båda [Wahlström og Alma Söderhjelm] låter det förbjudna skymta fram här och var för den som har ögon för sådant, samtidigt som övriga läsare inte oroas» (103). Sjølv om denne tilnærminga i utgangspunktet kan ha mykje for seg, stiller eg meg spørjande til om dette kan passa for tekster der Borgström allereie i det føregåande avsnittet har kommentert at «skandal blev det ändå» (103). Den tekstlege «kamuflasjen» kan vel ikkje seiast å vera vellukka når han likevel ikkje hindra skandalen? Eg er også tvilande til om det er råd å definera eit skarpt skilje mellom dei «innvigde» og «uinnvigde» i denne samanhengen, sett i ljos av at homoseksualitet i den aktuelle epoken var heftig debattert i dei nordiske landa, og at markørane for homoseksualitet dimed venteleg var kjende for store delar av lesarskaren. I kapittelet elles får Borgström fram samanhengane mellom forfattarskapen til Wahlström og samtidige idéstrøymingar som primitivisme og psykoanalyse – og nett slike strøymingar er det vel vanskeleg å skilja ut som spesielt «kamuflerande».

Det lengste og mest interessante kapittelet i boka dreiar seg om Agnes von Krusenstjerna, og tek sjølvsagt opp «romansviten» Fröknarna von Pahlen, som forårsaka store kontroversar på 1930-talet. Nettopp det at både denne romanserien og trilogien om «Tony» er så kjende, tillèt Borgström å korrigera den tidlegare forskinga på forfattarskapen – og det med bravur. Medan den tidlegare akademiske resepsjonen «lyfter fram Krusenstjerna som en föregångare till radikalfeminism och queerteori», viser Borgström at det finst «främmande diskurser i Krusenstjernas romaner, textpartier som tematiskt pekar i rakt motsatt riktning mot det radikalfeministiskt utopiska och bär spår av en heteromanligt pornografisk blick» (132). Eit spørsmål som i stor grad har vorte ignorert av tidlegare forsking, men som er sentralt hjå Borgström, er kva for tekstparti Krusenstjerna sjølv stod bak, og kva for interpolasjonar me kan tilskriva mannen hennar, David Sprengel. Analysen baserer seg på ideologiske og stilistiske trekk ved romanane, i tillegg til manuskriptstudiar. Slik får Borgström vist at innslaga frå mannen gjennomgåande er stilistisk mindre vellukka og politisk meir reaksjonære, sjølv om her òg finst tydeleg antinazistiske og antimilitaristiske element. Tilnærminga gjer at ho i staden for «en estetiskt och idémässigt sammanhållen helhet» kan lesa fram «textens stilistiska och tematiska kluvenhet» (132). Fröknarna von Pahlen målber altså ikkje den eintydige radikalismen som har vore hevda, noko Borgström får fram ved å nytta historisk-biografiske og edisjonsfilologiske tilnærmingar. Slik viser ho at ein kan få stort utbyte av å setja til sides queerteorien for ei stund og gjennomføra lesingar som er meir old school.

Likevel kan ein iblant sakna at Borgström greier meir eksplisitt ut om dei teoriane ho har valt. Særskilt gjeld dette det siste analysekapittelet der Gertrud Almqvist, Margareta Suber og (prosaverka åt) Karin Boye får representera ei nyskapande retning i lesbisk litteratur på 1930-talet. Her blir det i ein fotnote (224; 285n) vist til ein artikkel av Audre Lorde, men referansen, som omhandlar ein subversiv tekstleg strategi, blir for snau til at lesaren har nokon særleg analytisk eller teoretisk vinst av han. Samtidig fungerer dette kapittelet godt som ei fyrste avslutning av studien, med ei svært klår oppsummering av utviklinga i homoseksualitetsteoriar og korleis desse vart siterte og omforma i den lesbiske litterære og sosiale subkulturen (227).

Boka endar med ein «exkurs om tidens sexologiske föreställningar» (31), som endå meir utførleg drøftar dynamikken mellom homoseksuelle (sub)kulturar, vitskaplege og religiøse diskursar og det litterære feltet. Slik får Borgström argumentert godt for at litteraturen er eit sentralt felt i studiet av homoseksualitetens historie. Ho siterer Hirschfelds aktivistiske påstand: «Om vetenskapen har hämtat sin uppfattning om homosexualitet från livet, så som skönlitteraturen har skildrat det, så har vetenskapen i sin tur en lindrande inverkan i människors liv. Alla tre – liv, vetenskap och konst – visar allt tydligare att något som finns och alltid har funnits i naturen inte kan vara emot naturen» (231). I denne ekskursen finst det utkast til ein lesbefokusert studie som tilsvarar Marita Keilson-Lauritz’ banebrytande gransking av rolla litteraturen spelte i utviklinga av den moderne mannleg-homoseksuelle identiteten i ein tysk samanheng (Keilson-Lauritz 1997). Men det særskilte perspektivet hjå Borgström lèt oss sjå at røynslene til kvinnene ofte vart ekskluderte frå til dømes psykoanalysen, der det heteromannlege perspektivet hadde rangen (257). Slik kan den lesbiske litteraturen lesast ikkje berre som ei litterær problematisering av vitskaplege modellar, men òg som ein protest mot idéen om kva for røyster det er verd å høyra på. Borgström har gjort ein solid jobb med å lyfta fram eit kor av overhøyrde røyster.

Litteratur

Ahmed, Sara. 2010. The Promise of Happiness. Durham: Duke University Press. https://doi.org/10.1215/9780822392781

Borgström, Eva. 2008. Kärlekshistoria. Begär mellan kvinnor i 1800-talets litteratur. Göteborg: Kabusa Böcker.

Detering, Heinrich. 2013. Das offene Geheimnis. Zur literarischen Produktivität eines Tabus von Winckelmann bis zu Thomas Mann. Göttingen: Wallstein Verlag. https://doi.org/10.1515/arbi.1998.16.1.100

Halberstam, Judith. 2008. «The Anti-Social Turn in Queer Studies». Graduate Journal of Social Science 5, (2): 140–156.

Keilson-Lauritz, Marita. 1992. «Maske und Signal. Textstrategien der Homoerotik». I Erkenntniswunsch und Diskretion. Erotik in biographischer und autobiographischer Literatur, redigert av Gerhard Härle, Maria Kalveram og Wolfgang Popp, 63–76. Berlin: Siegener Kolloquium Homosexualität und Literatur

Keilson-Lauritz, Marita. 1997. Die Geschichte der eigenen Geschichte. Literatur und Literaturkritik in den Anfängen der Schwulenbewegung. Berlin: Verlag Rosa Winkel.