Det første nummeret av Edda vart publisert i 1913. No les du – anten du held ho i hendene eller kikar på skjermen – den aller siste utgåva som er gitt ut på papir. Men du treng ikkje frykte. Edda lever vidare i digitalt format. Samstundes med at Edda går over til open tilgang, sluttar Universitetsforlaget å gi det ut i papirutgåve og satsar på digitalisering, med nettsida http://idunn.no som hovudportal for lesarane. Der finst både den nyaste utgåva og artiklar bakover i tid.

Dette er del av ei stor satsing på open tilgang til norsk forsking. I juni i år kom nye nasjonale retningslinjer for open tilgang til forskingsresultat. Desse retningslinjene kan du òg lese på nettet: http://www.cristin.no/om/aktuelt/aktuelle-saker/2016/rapport-nasjonale-retningslinjer.pdf. Der står det mellom anna at omlegginga til open tilgang er naudsynt dersom tidsskriftet framleis skal kunne få støtte frå Forskingsrådet, og at dette samtidig vil gi innpass i det nasjonale konsortium for tidsskrift som er initiert av UHR, CRIStin og Noregs forskingsråd.

Edda er blant dei tidsskrifta som tar imot støtte frå Forskingsrådet og som ønsker å bli med på denne overgangen til open tilgang. Artiklane i Edda kan frå no av delast fritt og blir gratis tilgjengelege for lesarar i heile verda. Det vil gjere tilgangen til forskinga lettare, noko som er eit gode. Men det fører også med seg utfordringar for å sikre at kvaliteten blir den same, noko vi trur og håper vil få ei god løysing.

Dette er eit reint lyrikknummer, og sjølv om det i utgangspunktet ikkje var redaksjonens intensjon å samle desse artiklane på denne måten, er det likevel ikkje heilt tilfeldig at det har samla seg opp artiklar om lyrikk. Det er utvilsamt ei sterk interesse for denne sjangeren i fagmiljøa rundt omkring – til tross for at den nok ikkje har stått så høgt i kurs alle andre stader. Blant dei av dei norske poetane som det stadig er interesse for både blant lyrikklesarar og -forskarar, finn vi Olav H. Hauge. To av artiklane i dette nummeret tar for seg poesien til mannen bak diktet som nyleg blei kåra til Noregs beste: «Det er den draumen». I tillegg finst det Hauge-stoff blant bokmeldingane. Resten av artikkelstoffet rettar seg inn mot ein undersjanger av lyrikken som framleis står relativt uutforska i nordisk samanheng: langdiktet.

Det første bidraget er Stein Arnold Hevrøys artikkel «Olav H. Hauges ‘Kom ikkje med heile sanningi’ som metapoetisk orakeldikting». Det Hevrøy undersøker, er moglege koplingar til den greske filosofen Heraklits fragment om orakelet i Delfi. Bakgrunnen for koplinga er mellom anna at mange av dei filosofihistoriske verka Hauge har eigd, ber tydelege markeringar der Heraklit dukkar opp, og dette blir støtta av funna i Hauges dagbøker frå 1924–1994. Heraklit er nemnd rundt 70 gongar i perioden 1956–1993. Formålet med artikkelen er å få fram korleis diktet representerer ei tenking om poesi der Hauge tek i bruk hybris-omgrepet frå den greske antikken.

Det andre bidraget om Hauge er Jørgen Magnus Sejersteds artikkel «Olav H. Hauges tidsallegoriar». Sejersted meiner at Hauge ikkje berre var oppteken av dei poetiske eller filosofiske sidene ved tidsopplevinga, men at han var påverka av ein kristen og kulturkonservativ tradisjon. Hauges poetiske formuleringar av tida er ikkje i seg sjølv tidlause. Med støtte i dagbøkene kan dei tvert imot forankrast i den litterære konteksten i form av konkrete artiklar og bøker som han les. Her kjem det fram at den kristen-mystiske tidsoppfatninga representerer den djupaste refleksjonen om tid. Samstundes er den eit ideal og eit ytterpunkt i det som er ei dynamisk veksling i tidserfaringa.

Den tredje artikkelen i dette nummeret, Claus K. Madsens «Når poesien deltager i økokritikken, finder betydningen sig i lydene», tar for seg forholdet mellom lyrikk og økokritikk. Nærmare bestemt dreier det seg om det spenningsforholdet som ifølgje Madsen eksisterer mellom økokritikk og den poetiske langdiktsforma. Det teoretiske grunnlaget er henta frå Timothy Morton og Atle Kittang. Der den økokritiske tankegangen er påtrengjande og søker utsegner med klår og stabil meining, motstår poesien freistinga til å formulere definitive svar på grunn av den ambiguiteten som ligg i den poetiske funksjonen. Med utgangspunkt i Katarina Frostensons Flodtid (2011) og Lars Skinnebachs Enhver betydning er også en mislyd (2009) viser Madsen korleis den økokritiske konteksten verkar inn på det fonematiske nivået i dikta, det vil seie på det minste reduserbare nivået i språket, staden der språkets «betydningsadskillende dele» oppnår tyding gjennom «poetisk prægning». Analysen får fram ein viktig forskjell mellom dei to forfattarane. Mens Frostensons poesi understrekar at meininga ikkje berre finst i orda, men jamvel i dei einskilde lydane, er Skinnebachs dikt meir skeptisk til at lydar er tydingsbærande. Den økologiske tankegangen kjem med andre ord til uttrykk på forskjellig vis i poesien deira.

Langdiktet er emne også i den siste artikkelen, Per Thomas Andersens «Øyvind Rimbereids poetiske bølge. Om ‘Orgelet som ikke finnes’». Artikkelen går ut på å lese Rimbereids dikt frå samlinga Orgelsjøen (2013) med utgangspunkt i Slavoj Žižeks omgrep «Hendelse», slik han nyttar det i boka Event. A philosophical journey through a concept (2014). Ifølgje Andersen har Rimbereids poetikk eit slikt «Hendelses-preg», og i artikkelen viser han korleis dei mange skildringane i det aktuelle diktet av slike omveltande og overskridande «Hendelser» i samfunnsmessig forstand – både historiske, vitskapelege, politiske, biografiske og økonomiske – heng saman med eit overordna formelt grep som både overskrid det teoretiske utgangspunktet frå Žižek og kastar lys over diktets status som langdikt: ein bølgemetaforisk serialisme.

Med den siste papirutgåva av Edda er ein æra slutt. Og det er kanskje på høg tid, sidan vi godt kan leve utan papirpengar – derimot ikkje fullt så godt utan mobil og nettilgang.

God lesing!

 

Oslo, september 2016