Som litteraturvitskaplege forskarar lever mange av oss eit særs privilegert liv. Jamt over får vi halde på med det vi har lyst til. Vi analyserer tekstar slik vi sjølv vil, ut frå eigne premissar og utan innblanding frå overordna instansar. Men i fleire land er ikkje berre litteraturvitskapen, men faktisk all humanistisk forsking under sterkt politisk og økonomisk press. I Japan i fjor trua utdanningsministeren med å stenge institutt for humanistiske og samfunnsvitskaplege fag ved heile 50 universitet. I nabolanda Finland og Danmark kjem enorme kutt for høgare utdanning i statsbudsjettet, og vi ser allereie no teikn til at desse kutta går hardast ut over humanistiske fag.

Her i Noreg er situasjonen framleis roleg, men humanistisk forsking er likevel under lupa. I år held Noregs forskingsråd på med ei omfattande evaluering av all humanistisk forsking i Noreg. Og neste år kjem ei stortingsmelding om humaniora etter bestilling frå kunnskapsministeren. Førebels veit vi ikkje noko om kva for eit bilde av humaniora generelt og litteraturvitskapleg forsking spesielt desse rapportane vil teikne. Men allereie no ser vi at stikkordet «samfunnsrelevans» seglar opp som viktig for dei som evaluerer oss, og dette kan ha store konsekvensar for oss alle. Det ligg forventningar bak om at vi skal tenkje nytt, både om kvifor vi forskar på litteratur og korleis vi forskar på litteratur. Kven er målgruppa for det vi skriv, og korleis kan litteraturvitskap påverke den offentlege diskursen? Eller bør den det? Kva for metodar kan skape ny og relevant kunnskap? Er det dette vi vil?

No kan ikkje vi her i redaksjonen påstå at dei fire artiklane i dette nummeret av Edda svarar på desse store spørsmåla. Men det dei gjer, er å gå grundig til verks og utforske ulike tekstar frå interessante og nyttige perspektiv. Er dei relevante for samfunnet? Ja, meiner vi!

Kvar går grensa mellom naturen og mennesket? Kvar går grensa for kva ein kan uttrykkje med språk? Desse og andre spørsmål tek Beatrice Reed opp i ein artikkel om tre av svenske Stina Aronsons kortprosatekstar frå novellesamlingane Sång till polstjärnan (1948) og Sanningslandet (1952). Desse bøkene kom ut etter Aronsons gjennombrot med romanen Hitom himlen i 1946, men har ikkje fått mykje merksemd i Aronson-forskinga tidlegare. Reed analyserer «Fotot», «Den andra flickan» og «Fem minuter» frå eit økokritisk perspektiv. Ho ser på korleis «ödemarkssanatoriet», sjukehuset i øydemarka i nordre Sverige, fungerer som ein «arena for en rekke eksistensielle erfaringer» og koplar denne staden til det ho meiner var Aronsons breiare kritikk av det antroposentriske verdsbiletet. Prosjektet til Reed går ut på å lese desse tekstane som eit forsøk på «å skrive frem en stillhet der naturen selv kan komme til uttrykk» og ho dveler ved dei stadane i novellene der ord kjem til kort for karakterane.

I den andre artikkelen, «‘En annerledes form for skjønnhet’ – skrift og klang hos Vemund S. Ådland og G. W. F. Hegel», viser Peter Svare Valeur korleis Hegels autoritative teoriar om teiknet (i Enzyklopädie der philosophischen Wissenschaften) og om poesiens vesen (i Vorlesungen über die Ästhetik) er relevant for å forstå diktinga til den norske samtidspoeten Vemund S. Ådland. Hegels tenking kastar ljos over sentrale tendensar ved både Ådlands poesi og ved kritikken av han. På den eine sida gjer Hegels teoriar om skrift og klang i poesi det mogleg å forstå det kritikarane er grunnleggjande usamde om, nemleg om Ådlands dikt er lydpoesi eller visuell poesi. På den andre sida dannar Hegels tenking omkring skrift og tale og hans forståing av særtrekk ved den «moderne» poesien grunnlaget for påvisinga av ei særskilt spenning i Ådlands poesi. Med utgangspunkt i dikt frå samlinga Profylaktisk skjønnhet (2004) viser Valeur korleis denne spenninga kjem til uttrykk som ein særeigen «skjønnhet», i form av ein «irritasjon» mellom det sanselege og det åndelege, mellom skrift og klang.

I den tredje artikkelen, «Du store alpakka», tek Marianne Egeland for seg historia om Stompa, Jennings og kostskoleromanen. Registeret av tekstar er stort innafor sjangeren, og dei historiske kontekstane mangfaldige, men hovudspørsmålet i artikkelen er korleis ein britisk sjanger nær knytt til det engelske systemet med kostskular kunne ha eit slikt gjennomslag i norsk samanheng. Nokre av svara finn Egeland i adaptasjonen til norsk kultur, språk og geografi. Med støtte i Linda Hutcheons A Theory of Adaptation (2013) ser ho nærare på korleis NRK gjennom Lauritz Johnson og Nils-Reinhardt Christensen plukka opp den britiske suksessen til Anthony Buckeridge og tilpassa høyrespelmaterialet for norsk radio. Christensen «heimleggjorde» historiene frå eit skoleslag som var så å seie ukjent i Noreg, ved å plassere Langåsen Pensjonatskole i eit gjenkjenneleg norsk landskap, gjere gutane eldre enn dei engelske motstykka, la dei bruke dialekt og gi dei kallenamn etter heimtrakta. Så pøste han – etter mønster av Buckeridge – på med humor, situasjonskomikk og pinlege opptrinn. Etter radiohøyrespela adapterte Christensen bøkene til Buckeridge og laga fire filmer, slik at Stompa vart formidla over heile landet i alle kanalar til gutar og jenter i alle aldrar.

Det siste bidraget i dette nummeret, Gudleiv Bøs artikkel «Arne Garborg med og utan filter. Dagbok 1905–1923», er ei edisjonsfilologisk undersøking av Arne Garborgs dagbøker. Prosjektet dreier seg om å vise Hulda Garborgs rolle som redigeringsinstans i samanheng med saker som dels kastar ljos over Arnes syn på Noreg og nasjonen, dels over Huldas «hjarteborn» som Det norske teateret og sonen deira, Tuften. Gjennom å vise kva i ektemannens dagbokskri-ving Hulda let passere, og kva det er ho stryk, gir Bøs artikkel eit innblikk i kva Arne eigentleg skreiv, det vil seie i forfattaren «utan filter». Men undersøkinga gir også eit innblikk i Arne «med filter», det vil seie i dei motiva som måtte ligge til grunn for Huldas redigeringsarbeid.

Nummeret byr i tillegg på bokmeldingar og debattstoff som vi håper vekker interesse.

God lesing!

 

Oslo, april 2016