Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Arne Garborg med og utan filter - Dagbok 1905–1923

Gudleiv.bo@iln.uio.no

Gudleiv Bø er professor emeritus i nordisk litteratur ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier, Universitetet i Oslo. Han har publisert bøker om Garborg, Ibsen, populærlitteratur, folkedikting – dessutan diverse artiklar om litterære emne i tidsskrift og samleverk; siste bok Å dikte en nasjon. Dikterne om det norske (2006). E-post: gudleiv.bo@iln.uio.no

Arne Garborg med og utan filter

Dagbok 1905–1923

Arne Garborg skreiv dagbok dei siste 20 åra av livet sitt. Då enka hans, Hulda Garborg, redigerte dei for utgiving (AG: Dagbok 1905-1923, I-VI, Oslo 1924-27), strauk ho passasjar som ho fann uhøvelege for publisering. Denne artikkelen avdekker visse mønster i strykingane. Det meste som galdt generelle ideologiske spørsmål, blei ståande; men mange personkarakteristikkar strauk ho. Garborg vidareutviklar nasjonalismen sin – politisk nasjonalisme i høve til Sverige og i høve til utanlandske kapitalinteresser i Norge; i høve til Danmark og det danske er det framleis kulturnasjonalisme som gjeld – med ein svip av etnisk nasjonalisme i botnen. Ved unionsoppløysinga var Garborg sterkt imot eit kongedømme i Norge; han ville ha republikk. Han var også motstandar av valet av konge. Mange passasjar om dette har blitt utelate. – Hulda har vore meir radikal og konsekvent i strykingane sine på to område som stod henne sjølv nær: alt som gjeld Det norske teatret og alt som gjeld «Tuften», sonen deira. I båe tilfelle blir kritikk utelate; rosande utsegner slepper igjennom. Garborg må ha vore ein fjern far medan «Tuften» var yngre, men gradvis synest sonen å ha stimulert eit lysare syn hjå han på ætta og ættesamanhengen.

Nøkkelord: Arne Garborg, Hulda Garborg, revisjon, sensur, dagbok

Arne Garborg with and without filter

Diary 1905–1923

Arne Garborg (1851–1924) kept a diary during the last twenty years of his life which his widow, Hulda Garborg (1862–1934), published after his death. She removed certain passages, however: While ideological discussions are mostly rendered in full, critical comments on individuals are often omitted. Garborg was a leading ideologist on nationalism during all of his adult years, and he elaborates on such questions in his diaries. When Norway seceded from the royal union with Sweden in 1905, Garborg was opposed to establishing a monarchy and resisted the choice of king. Hulda removed most passages on these topics. She was even more radical and consistent in her censorship of two other topics: first, comments on «The Norwegian Theatre» – of which she was the founder and leader – and, second, on their son, whom they called «Tuften». In both cases she removes criticism and includes praise. Garborg must have been a remote father when their son was young, but gradually he came to appreciate him more – a fact which seems to have alleviated his sense of guilt for having shattered his own family as a young man.

Keywords: Arne Garborg, revision, sensorship, diary
Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon