I dette nummeret har vi gleda av å presentere fire vitskaplege artiklar, ein artikkel om norsk suksessfilm med tydelege framandgjeringseffektar, ein svensk artikkel om postkoloniale hagar, ein dansk artikkel om nordiske langdikt og ein artikkel om moderne sagadikting på norsk som utfordrar islandske opphavsmytar. I tillegg kan vi by på eit brev frå Camilla Wergeland skriven på tysk og henta fram av Torjus Moland i arkivet etter Thaulow-familien på Modum. Saman med ei rad bokmeldingar skulle dette verkeleg stadfeste tidsskriftet som eit organ for nordisk litteraturforsking og vere noko for kvar og ein.

I artikkelen «Å lese, se og høre film: En intermedial analyse av Dag Johan Haugeruds Som du ser meg» tek Jørgen Bruhn og Anne Gjelsvik for seg det dei omtalar som ei av dei beste norske filmane dei seinare åra. Dei tek utgangspunkt i rekkja av gode meldingar, men problematiserer kriteria for vurderingane, især skiljet mellom ei konvensjonell realisme og det Bruhn og Gjelsvik sjølv kallar dei «Brechtianske» elementa i framstillinga. Dei sistnemnde blei ikkje verdsette, men sett på som distraksjonar. Bruhn og Gjelsvik poengterer på si side at regissøren Haugerud allereie i opninga skapar ei rik, men forvirrande konstellasjon av ulike nivå, posisjonar og medialitetar. Opninga markerer ei klår vilje til å blande intense kjensler og eksistensielle spørsmål med formeksperimentering. Gjenkjenning og nærleik møter her ein miks av medium som synast å gå på tvers av tradisjonane frå både 1900-tallet sin realistiske litteratur og seinare filmatiske ekvivalentar. I staden skapar filmen ei leikande rørsle fram og tilbake som står i kontrast til konvensjonar som distanse versus innleving, fiksjon versus røynd.

I den neste artikkelen, «En grönskande, ruttnande trädgård. Om växtlighet i Hanna Nordenhöks roman Det vita huset i Simpang», viser Johanna Lindbo korleis framstillinga av den indonesiske 1930-talshagen let seg forstå som ein konkret stad, men òg som eit allegorisk bilete på både kulturelle og politiske maktforhold (kolonialisme og imperialisme), narrativ utvikling og spørsmål om identitet. Dette analyserer ho fram med bruk av både økokritiske og postkoloniale lesestrategiar. Ved å leggje vekt på samansetjinga av hagen – måten han er dyrka fram på ved hjelp av planter og vekstar frå ulike kulturar og verdsdelar og grensa mellom dyrka og udyrka mark – får Lindbo fram sine poeng. Det handlar om å vise korleis det materielle ved hagen verkar inn på fleire av romanpersonane, som hovudpersonen Zus og broren hennar, og tenestejenta Roos, men også om korleis det organiske ved han påverkar skrivemåten i Nordenhöks sanselege roman frå 2013.

I den tredje artikkelen i dette nummeret, Claus Madsens «To aspekter på helhed og to typer langdikte. En afprøving av Jakobsons poesiformalisering på Høeck og Rimbereid», er det lyrikken som får si dose med merksemd. Med teoretisk utgangspunkt hos Roman Jakobson – forholdet mellom similaritetsrelasjonar i poesien og kontinuitetsrelasjonar i prosaen – leverer Madsen eit bidrag til både forståing og typologisering av ei av dei poesiformene som det så langt nesten ikkje er forska på i nordisk samanheng, langdiktet. Artikkelen går ut på å presentere ein teori om langdiktets «helhedsaspekt». Gjennom bruken av denne jakobsonske poesiformaliseringa i omgangen med Klaus Høechs Ulrike Marie Meinhof (1977) og Øyvind Rimbereids Solaris korrigert (2004), legg Madsen særleg vekt på at det ut frå similaritetsrelasjonane skjer ei særskilt bearbeiding som kastar lys over forholdet mellom meining og form. Ut frå dette – og med ytterlegare teoretiske impulsar henta frå Umberto Eco og Gilles Deleuze – oppstår to moglege typar av langdikt: «den inkluderende type» basert på eit «semiosfærisk helhedsaspekt» og «den samlende type» med grunnlag i eit «rhizomatisk helhedaspekt».

I artikkelen «Minne, glemsel og sjanger. Bergsveinn Birgissons Den svarte vikingen som identitetsskapende narrativ» er det eit heilt forfattarkollektiv som skriv. Under leiing av Annika Bøstein Myhr har dei mange bidragsytarane sett nærare på boka Den svarte vikingen som blei nominert til Brageprisen i 2013 for beste sakprosabok. Boka handlar om Geirmund Heljarskinn som i landnåmstida blei storbonde og handelsmann. Rikdomen hans var eit resultat av handel med irske trælar, rovfangst og profittbegjær. Dei mange trælane han hadde under seg, var i hovudsak kristne frå Skottland og Irland. Sjølv blir Geirmund framstilt i kjeldene som «svart» og «stygg». Men korleis stemmer dette med opphavsmyten om Island som ein homogen nasjon av frie bønder frå Noreg? Og korleis skal ein som forskar og forfattar fortelje og formidle vidare dei mange, til dels gløymde elementa som ikkje utan vidare passar inn i dei traderte førestillingane om individuell og nasjonal identitet? Spørsmåla Birgisson tek opp, er mange og interessante, og forfattarkollektivet forsterkar dette ytterlegare ved å sjå nærare på sjangerval, kjeldebruk og narrative element. Viktige teoretiske impulsar i diskusjonen om identitet, historieskriving, fiksjon og nasjon er Homi Bhabha, Ernest Renan og Benedict Anderson.

 

God lesing!