Å gå på filleryer - Historie og repetisjon i Kjartan Fløgstads Grand Manila
- Side: 209-225
- Publisert på Idunn: 2015-08-28
- Publisert: 2015-08-28
Å gå på filleryer. Historie og repetisjon i Kjartan Fløgstads Grand Manila
I romanen Grand Manila (2006) vender Kjartan Fløgstad endå ein gong tilbake til Lovra, den vestlandske industritettstaden, som har vore den viktigaste «metaforprodusenten» i forfattarskapen hans frå byrjinga av 1970-talet. Slik sett «repeterer» han sitt eige stoff. Men kva slags repetisjon er det eigentleg tale om i denne romanen, og korleis heng den saman med romanen som historieskriving? Grand Manila fortel om ei tid som er forbi, den industrielle modernitetens epoke, og om den utopien som sprang ut av arbeidserfaringane frå industrien. Vil det seie at også den sosiale utopien er død og gravlagd? Kva slags bilete av fortida er det Fløgstad teiknar, og korleis blir den knytt til vår eiga tid? Fløgstad er kjend som ein materialistisk orientert forfattar. I analysen min har eg henta støtte særleg frå Slavoj Žižeks forståing av ‘repetisjon’ som eit sentralt omgrep i ein materialistisk historieteori.
Nøkkelord: historie, repetisjon, retroaktivitet, forteljing, utopi
Walking on rag rugs. History and repetition in Kjartan Fløgstad’s novel Grand Manila
In his novel Grand Manila (2006), Kjartan Fløgstad returns once more to Lovra, a small industrial town in Western Norway, which has been the most important «manufacturer of metaphors» in his authorship from the early 1970s. In doing this he «repeats» his own material. However, what kind of repetition are we dealing with in this novel, and how is it connected with history in the form of fiction? Grand Manila tells about a specific past: the epoch of industrial modernity, and the utopia emerging from the experience of industrial labour. Does this imply that the social Utopia is dead and buried? Fløgstad is known as a writer with a materialistic orientation. In my analysis I have found support in Slavoj Žižek’s understanding of ‘repetition’ as a central concept for a materialistic theory of history.