Med dette nummeret tar ein ny Edda-redaksjon over, denne gongen forankra i nordisk-miljøet ved Universitetet i Oslo. Vi takkar Christine Hamm, Jørgen Magnus Sejersted og Eirik Vassenden frå Universitetet i Bergen for fleire års omhyggeleg dugnadsarbeid og redaksjonssekretæren Hans Jacob Ohldieck for god hjelp i overgangen frå ein redaksjon til ein annan.

Som mykje anna i akademia i dag er Edda og faktisk heile tidsskriftverksemda her i Norge i endring, og vi går med stormsteg mot ei ny tid med 100 prosent open access innan utgangen av 2017. Det blir jobben vår å lose denne ærverdige 102-åringen gjennom prosessen på ein fornuftig og fagleg ansvarleg måte. Vi følgjer med i utviklinga, og noko av det første vi gjorde som nye redaktørar, var å delta i eit seminar om open access arrangert av Universitetsforlaget. Vi kjem til å halde lesarane våre oppdaterte om vegen vidare mot open access, og vi minner om at dette er ei prinsippsak som handlar om solidaritet med forskarar verda rundt.

Men det er framfor alt det litteraturvitskaplege vi skal ta oss av, og vi gler oss til arbeidet med manusa dykkar dei neste åra. Det blir ikkje store endringar i profilen til tidsskriftet. Forståinga vår av undertittelen «nordisk tidsskrift for litteraturforskning» legg vekt på det nordiske i forskingsmaterialet, men vi opnar nok i litt større grad enn tidlegare redaksjonar for artiklar skrivne på engelsk, samstundes som det er viktig for oss å vidareutvikle dei skandinaviske språka som litteraturvitskaplege fagspråk. Når det gjeld omgrepet «litteratur», tolkar vi det vidt og ønskjer analysar av alt frå sentrale skjønnlitterære tekstar til djupdykk i meir perifere sjangrar, komparative studiar og nye media.

I den første artikkelen i dette nummeret av Edda tar Siv Gøril Brandtzæg for seg Camilla Colletts Amtmandens Døttre i lys av den europeiske sentimentale romanen. Colletts roman har ofte nok vore lesen i den reviderte utgåva som blei publisert i 1879. Det var ei relansering med nytt forord og fotnotar som skreiv romanen inn i det moderne gjennombrotets tid. Men i forordet peiker Collett på at romanen i si tid markerte noko nytt her i landet ved at den tok for seg det norske patrisiarlivet, det vil seie dei betrestilte familiane med dei gode boksamlingane fylde av utanlandske bøker mellom anna. I tid og tankegang er vi dermed tilbake på 1700-tallet. Dette er også inngangen til Brandtzægs artikkel med tittelen «Jeg ridsede mit Navn paa Héloïses kolde Bryst». Brandtzæg les romanen i lys av ei av verdslitteraturens mest berømte kjærleiksromanar, Jean Jacques Rousseaus Julie, ou La nouvelle Héloïse (1761) og den populære, men nesten gløymde engelske Henry Mackenzies Julia de Roubigné (1777). Brandtzæg argumenterer for at Colletts roman er ein norsk variant av Rousseaus roman og ei innskriving av Amtmandens Døttre i den sentimentale 1700-tallets romantradisjonen. Det gir grunnlag for ei ny lesing av det sosiale, historiske og litterære bakteppet i romanen.

Per Thomas Andersens artikkel «’Affective narratology’ i J. P. Jacobsens Gurresange (1867–1870) og Arnold Schönbergs Gurrelieder (1901–1911)» føyer seg inn i den aktuelle forskingstrenden som gjerne kallast «the affective turn», der merksemda ligg på affektar og emosjonalitet i kunstuttrykket. Andersen viser korleis tre grunnleggjande element, emosjon, imaginasjon og narrasjon, verkar inn på forteljarmåten i to ulike kunstuttrykk: Jacobsens diktsyklus og Schönbergs kantate. Dette gir ein tverrestetisk analyse, men det dreiar seg hos Andersen også om adaptasjon, om korleis kunstnarane turnerer eit balladestoff, Valdemar og Tove-tradisjonen, i sine respektive medium. Dei markante skilnadene peiker ifølgje Andersen tilbake på ulike kunstnartemperament. Dette viser seg særleg i komposisjonen av narrative element, der ulik bruk av ellipsar skapar forskjellar for kunstnaranes behandling av den affektive forteljingas grunnelement. Dette får konsekvensar estetikkhistorisk. Der begge kunstnarane opererer i ein overgangsfase mellom romantikk og modernisme, tenderar Jacobsen mot symbolisme medan Schönberg heller mot ekspresjonisme.

I artikkelen «Om Oliver-skikkelsen som korreks til fremskrittet» skriv Henning Howlid Wærp om Konerne ved Vandposten (1920), den romanen Knut Hamsun fekk publisert same året som han fikk Nobelprisen i litteratur. Perspektivet hentar Wærp frå Timothy Clarks framstilling av nyare økokritikk. Eit av poenga til Clark er at verda ikkje treng fleire suksessrike personar. Derimot kunne ho hatt nytte av karakterar som ikkje gjer så mykje av seg. Fokuset til Wærp blir dermed ikkje nybrottsmannen Isak Sellanraa frå Markens Grøde, men Oliver Andersen. Han er ein karakter som har tapt på så mange områder og som korkje har fast arbeid, inntekt eller eigne born, ja, ikkje eingong eigne bein å stå på. Til gjengjeld klarar han seg med lite, for han er skapt for å utforske tilværet. Ifølgje Wærp er Oliver ein slags eksperimentell modell for ein meir berekraftig måte å leve på.

Hans Kristian Rustads artikkel «Maskindikt og teknopoetikk i Øyvind Bergs Hva ville maskina ha sagt» går ut på å lese dikta som uttrykk for teknologipoetikk, det vil seie som ein poetisk refleksjon om maskinar, teknologi og poesi, med vekt på framstillinga av litteratur, menneske og samfunn. Dikta gir ifølgje Rustad innsyn i eit brytingspunkt i industrien mellom produksjon og nedlegging, mellom maskinell rørsle og stillstand. Denne spenninga viser seg også formelt. Ifølgje Rustad tilfører Bergs skildring av stillstanden ein etisk og sosial dimensjon til den elles rørlege, ustabile og krevjande poesien.

Det er heller sjeldsynt at Edda trykkjer litterære tekstar. Redaksjonen har likevel valt å gjere nettopp det, sidan materialet som Rustad undersøkjer, ikkje er publisert andre stader. Det dreiar seg om ei samling dikt, sju i talet, som Øyvind Berg skreiv til ei teateroppsetjing i 2012, og som han sjenerøst har gitt oss løyve til å publisere.

Til slutt i dette nummeret har vi gleda av å presentere ei rad bokmeldingar, blant dei ei melding av Tore Rem: Knut Hamsun. Reisen til Hitler som fekk kritikarprisen for beste sakprosa, og ei melding av festskrift til Janet Garton redigert av C. Claire Thomson og Elettra Carbone.

 

God lesing!

 

Oslo i mars 2015