Denne redaksjonen har ikkje hatt for vane å lage temanummer. Politikken har vore å vere ei postkasse for det beste og mest gjennomarbeida stoffet som har kome inn, og slik reflektere nordisk litteraturforsking.

No, i det siste nummeret i 2014, gjer vi eit unntak og set søkjelys på feministisk litteraturvitskap før og no. Vi må nok vedgå at dette til dels har ein lokal bakgrunn; eit ønskje om å heidre professor Ellen Mortensen som jubilerte i fjor, og som saman med ei rekkje andre forskarar i same generasjon har lagt ned eit stort arbeid for å gjere feministiske perspektiv tilgjengelige i den litteraturvitskapelige institusjonen. Men om nokon trur at vi difor har redusert Edda til eit panegyrisk festskrift, tek dei feil.

Etter redaksjonens meining er det svært mange – og gode – grunnar til å lage eit temanummer om feministisk litteraturforsking. Rett nok kan det vere ulike synspunkt – i redaksjonen òg – på det grunnleggjande spørsmålet om kor sentralt kjønnsomgrepet bør stå i litteraturforskinga. Og på spørsmålet om kor vidt feministisk litteraturforsking har mest å lære av den tradisjonelle litteraturforskinga – eller omvendt. Men ein kan vere einige om at det kunne vore meir kommunikasjon og integrasjon av fagområda, og at dei ideologiske frontane som har skapt ein viss antagonisme, ikkje lenger er like klåre. Difor vil vi nytte høvet til å gjere opp status for eit perspektiv som gjennom ein generasjon har vokse til eit stort internasjonalt fagfelt med mange aktørar og ein rekkje ulike innfallsvinklar, tema og metodar. Den nordiske kjønnsforskinga har både vore ei drivkraft i den internasjonale utviklinga og henta inspirasjon frå ho. Vi spør: Kor står den nordiske feministiske litteraturvitskapen i dag?

Den feministiske litteraturvitskapen hadde som ambisjon å endre det litteraturvitskaplege paradigmet radikalt. Difor har vi invitert til refleksjon omkring kva feministisk litteraturvitskap står for i dag og i kva grad den har bidrege til å endre synet vårt på litteratur, på lesing, på forfattarsubjektet, på litterær kvalitet og resepsjon. Står den feministiske litteraturforskinga andsynes andre utfordringar i dag enn for ein generasjon sidan? Bidraga i dette nummeret gir ulike svar på dessa spørsmåla. Og nett denne metarefleksjonen har allmenn litteraturvitskapleg interesse: Den dreier seg ikkje berre om kva som er viktige spørsmål for den feministiske litteraturforskinga, men om korleis vi tenkjer om litteratur og om forsking i det heile. Fleire vil nok meine at kjønnsforskinga burde vore enno betre integrert i generell litteraturforsking enn ho er i dag, men ei slik integrasjon kan òg få ei bakside: På kva og kven sine premissar kan integrering skje, og kva er høvet mellom integrasjon og radikal endring? I kva grad inneber integrering ei utvatning av det ideologiske grunnprosjektet?

Vi gir i dette nummeret ordet til sentrale aktørar i feministisk litteraturvitskap i Norden, som alle har ønskt å bidra til denne faglege sjølvrefleksjonen kring nordisk litteraturforsking. Anne Birgitte Rønning tek i nummerets første artikkel utgangspunkt i ein programtekst frå 1979 der Toril Moi og Rakel Christina Granaas vil ha meir teori- og metodemedvit i det som då heitte «kvinnelitteraturforskinga». Rønning skildrar utviklinga fram til det vi i dette nummeret har kalla «feministisk litteraturvitskap», som eit meir konsolidert, men òg mindre politisk begeistra forskingsfelt. Ho drøftar kva som har kjenneteikna disiplinen, og peikar på at medan den teoretiske diskusjonen har vore omfattande, fanst det mindre medvit om metode og empiri i fagtradisjonen. Rønning skriv at desse aspekta er viktige for breidda i eit vitskapleg fagfelt.

Eit godt døme på korleis empirien kan gje utfordringar til teori og metode, er Anna Watz’ artikkel om «Njutningens problematik: Postfeminism, normativitet och ‘mommy porn’». Watz slår fast at «Den nya skepnad och masspopulära kontext i vilka frågor om kvinnligt begär och njutning åter har aktualiseras genom Fifty Shades-fenomenet manar till en nydanande feministisk läsning som inte faller in i reduktiva och alltför förenklade resonemang». Med dette demonstrerer Watz eit sentralt poeng som finst hos Rønning: at ny empiri kan slå inn i det tradisjonelle teoretiske paradigmet. Eit spørsmål blir om aksept av kommersiell kvinneporno pressar fram eit postfeministisk paradigme.

Den tredje artikkelen er skriven av Ellen Mortensen. Ho slår fast at feministisk litteraturforsking allereie tek i bruk alle teoriar og metodar, og at det politiske framleis heng ved, som i all litteraturforsking. Tilhøvet mellom estetikk og politikk vil uansett vere i sentrum. Ho demonstrerer stoda i feministisk litteraturvitskap gjennom ulike lesingar av – eller «lesestiar» til – Jenny Hvals roman Perlebryggeriet. Romanen skriv seg sjølv inn i det feministiske feltet, og gjennom to døme på ulik lesepraksis syner Mortensen korleis pluraliteten i feministisk litteraturvitskap i dag kan løfte fram ulike kjønnsaspekt i ein tekst. Hvals roman kan både lesast som ei utforsking av det feminint kroppslege, og som ei oppløysing av det kroppslege i språklege kategoriar som retorikk og symbolikk. Mortensens analyse vil bringe lesaren attende til Watz’ kommentarar til populærlitterære Fifty shades og Rønnings spørsmål om i kva grad empirien påverkar teorien.

Dette er våre tre fagfellevurderte artiklar. Dei ulike spørsmåla om fagleg integrasjon og metode som dei tek opp, vert drøfta i dialogen mellom dei svenske kjønnsforskarane Anna Williams og Åsa Arping. Dialogen gir eit godt historisk innblikk i dei faglege endringane – «endringar», for ifølgje Williams og Arping må vi forlate tanken om rake utviklingslinjer – og synleggjer grenseflaten mot den generelle litteraturforskinga og mot anna kjønnsforsking, særleg i samfunnsvitskapen. Meir enn å konkludere gir dialogen eit framifrå bilete av sjølvforståinga til moderne kjønnsforsking, samstundes som han peiker på ei rekke sentrale problemfelt.

Om nokon skulle få inntrykk av at sjølvmedvitet til kjønnsforskinga heilt har gått tapt i mangfald og introspeksjon, får dei ein grundig korreks i Elisabeth Grosz’ fyndige «The Practice of Feminist Theory». Ho slår fast at «Sexual difference is not simply one concept among many but is the organizing concept for the second half of the twentieth century». Feministisk teori har til oppgåve å skape og vedlikehalde nye omgrep: «Sexual difference is the thought of our time, an inassimilable concept that requires new thought, a new labor of making concepts, theories, positions, indeed ultimately a new politics». Slik kanaliserer ho mykje ideologisk vilje i eit ope forskjellsomgrep som vert sjølve grunnsteinen i feministisk teori, og gir samstundes ein bakgrunn for korleis Mortensen bruker nye, teoretiske omgrep i si lesing.

Ettersom Rønnings opningsartikkel tek fråsats i Toril Moi anno 1979, er det på sin plass at Moi anno 2014 avsluttar nummeret med ei språkteoretisk helsing til Mortensen. Kan hende er det ikkje utan vidare innlysande kva denne wittgensteinmeditasjonen har med feministisk teori å gjere. Men likevel, med blikket retta mot korleis ord er einingar i endring i kvardagsleg bruk, peiker Moi nettopp mot ein språkfilosofisk og omgrepsutviklande kjerne i feministisk litteraturvitskap. Slik vert det ei fin eining og rørsle i dette nummeret, og det er bra at korkje det politiske grunnprosjektet eller dei faglege avgrensingane vert endeleg definerte, men ender i dette vesle enigmaet.

Redaksjonen takkar òg for meldingane, som held seg til tema, og vi takkar Kari Jegerstedt, som i vørdnad for sin kollega og venn Mortensen har supplert den faste redaksjonen. Dette vert venteleg ikkje det endelege punktumet for Bergensredaksjonen, då det er i ferd med å samle seg stoff til eit første nummer på nyåret før Osloredaksjonen overtek skuta.

God lesnad!

 

Bergen, september 2014

Kari Jegerstedt      Christine Hamm      Jørgen Magnus Sejersted      Eirik Vassenden