Når Edda no kjem med sitt andre nummer i 2014, passar det godt å kunne konstatere at nordisk litteratur står midt i verda, og midt i tida. I skrivande stund er Karl Ove Knausgård på forsida av Times Literary Supplement (21. mars). Det er knapt nok til å bli overraska over at kvardagsskildringane i Min kamp blir hylla for «its extreme artlessness», sidan det finst mykje av den slags elles i verda for tida, og sidan Knausgårds roman er, eller i alle høve presenterer seg som, ganske ekstrem i så måte. Dei heimlege konfliktane og det daglege strevet i ein gjennomsnittleg skandinavisk familiekvardag, «[p]ram pushing, nappy changing and the school run», som TLS oppsummerer det, blir til globale erfaringar – identifikasjonsutløysande og refleksjonsskapande tekstlege rom for lesarar på fleire kontinent.

Claus Elholm Andersen drøftar i artikkelen sin tilhøvet mellom Knausgårds Min Kamp og romanen Bagdad Indigo av Geir Angell Øygarden. Både personen Øygarden, som er sentral i romanen til Knausgård, og boka Bagdad Indigo kastar lys over sentrale element i verket, og Andersen argumenterer for at både dragning og spenningar mellom desse to personane er vesentlege for det sjølvrefererande prosjektet i romanen. Samanlikna med Øygarden, som dreg til krigen i Irak som «human shield», blir det tydeleg korleis Knausgårds slag står på heimebane, i det kvardagslege. For Knausgårds forteljar, eg-et i desse romanane, ligg det ein sterk ambivalens i denne erkjenninga – medan kampane hans er små og uheroiske, er Øygardens prega av at dei står midt i verda. Identifikasjonen mellom Knausgård og Øygarden er også prega av ein slik asymmetri, og denne samansette utvekslinga kan ein sjå – argumenterer Andersen – som ein lesenøkkel til heile verket.

Ei heilt anna problematisering av den kosmopolitiske tendensen som knyter Norden og verda saman, finn vi i Annegret Heitmanns artikkel «’Til Ostindien eller St. Croix’. Cirkulation og kosmopolitisme i 1700-tallets dramatik». Det er kan hende overraskande at dansk og norsk dramatikk frå 1700-talet kan vere utgangspunkt for ei drøfting av kosmopolitisme og det nasjonale, men Heitmann syner fleire gode døme på at dette er eit godt utgangspunkt for historisering av globaliseringsdebatten. Med fråspark i omgrepet «verdslitteratur» frå Kant og ein tanke om «sirkulasjon» som grunnmetafor i tida, argumenterer Heitmann for at kosmospolitismen «oscillerer mellem legitimationen af dens idealform, den frie, oplyste, verdensåbne borger, og dens ›mørke‹ bagside, kolonialismen, hvis praktikker bidrager ikke så lidt til at fremme verdensborgeren». Artikkelen er eit framifrå døme på at det historiske litteraturstudiet kan gje perspektiv på problemstillingar mange oppfattar som særeigne for vår tid; frå eit tidleg stadium i moderniteten har eit universalistisk ideal måtta forhandle med det nasjonale og lokale.

Eit europeisk, komparativt blikk finn ein òg i Unn Falkeids «‘Helgeninnen med diktersjelen’. Sigrid Undsets Caterina av Siena lest i lys av nyere forskning». Falkeid tek opp den siste boka Undset skreiv, ei studie av 1300-talsforfattaren Caterina av Siena. Boka fikk blanda mottaking då ho kom ut, men Falkeid argumenterer for at ny forsking støtter det biletet Undset teikna av Catarina. Artikkelen ser kritisk på den omfattande forskingshistoria kring Catarina og gjev samstundes eit fascinerande bilete av ein kvinneleg italiensk renessanseakademikar, men like relevant for lesarane av Edda er nok drøftinga av korleis Undset møter denne 1300-talskvinna og korleis studien til Undset står i høve så vel til forskinga på byrjinga av 1900-talet som til den seinare feministiske forskinga.

Religiøsiteten og det historiske perspektivet i Undsets hagiografiske, siste verk, kan ein også sjå som uttrykk for at ein forfattar i sluttfasen av forfattarskapen gjev form og retning til det som er skrive tidlegare. I Mette Mortensens artikkel «Mellemværende. Om grænseopløsning, tvetydighed og ugennemsigtighed i Søren Kierkegaards ’Forførerens Dagbog’» møter vi ein annan forfattar som på slutten av livet understrekar den religiøse retninga i alt han har skrive. Mortensen er skeptisk til Kierkegaard når han hevdar at alt i forfattarskapen peiker mot den totaltanke å bli kristen. Kan hende er han då ikkje heilt rettferdig mot sitt yngre sjølv? I si analyse ser Mortensen i staden det teatrale og visualiserte prosjektet til estetikaren og forføraren Johannes, å leve poetisk, som eit sjølvstendig og meiningsberande prosjekt. Johannes skaper sitt sjølv på nytt, i ein «autogenesis». Slik kan ein seie at analysen til Mortensen angår artiklane om så vel Undset som Knausgård; skal ein ta deira intensjon om å bryte gjennom det estetiske og ned til ein kjerne av røynd eller religion for god fisk? Eller må vi som litteraturforskarar likevel sjå slik essensialisme som ulike former for tekstleg autogenesis? På dette punktet er den tydelige iscenesetjinga til 1700-talsdramatikarane lettare; i dramatikken er verda i alle høve ei scene.

Redaksjonen er glade for at Edda denne gongen kan trykkje fire meldingar. To av dei går rett inn i den skisserte diskusjonen om nordisklitteraturen sin plass i det globaliserte samfunnet: Andreas Lombnæs har lese Louise Mønsters Mødesteder. Om Thomas Tranströmers og Henrik Nordbrandts poesi, som les dei to store poetane med vekt på korleis dikta deira både skaper og er møtestader for erfaringar og lesarar – i både lokal, språkleg og global, politisk forstand. Dan Ringgaards melding av Per Thomas Andersens Til stede går meir konkret inn i korleis staden er sosialt konstruert, og peiker på at litteraturen også hos Andersen blir ein slik sosial plass – ein møtestad. Dei to siste meldingane i denne utgåva av Edda er Steinar Gimnes’ melding av Eirik Vassendens Norsk vitalisme. Litteratur, ideologi og livsdyrking, og Bernt Øyvind Thorvaldsens omtale av Eddische Götter und Helden, band 2 av Edda-resepsjonsutgjevinga frå Institut für Skandinavistik i Frankfurt. Desse to siste meldingane har ingen klar tematisk samanheng med resten av nummeret. Dei bør lesast likevel.

Bergen i mars 2014.

Christine Hamm, Eirik Vassenden og Jørgen Magnus Sejersted