I dette fjerde Edda-nummeret i jubileumsåret trykkjer vi ei rekkje artiklar som tek opp litteraturforskinga i fortid og framtid. Elisabeth Oxfeldt, Heming Gujord og Bjarne Markussen rettar blikket mot nokre utvalde moment ved Eddas historie, og peikar på tendensar, augneblinkar og problemstillingar som har definert nordiskfaget, og som har blitt sentrale referansar for oss som driv litteraturforsking. Ved å gjere merksam på avgjerande spørsmål og utfordringar for litteraturforskaren i dag, viser Karin Sanders og Peter Stein Larsen kor dei avgjerande slaga kan kome til å stå i framtida. Larsen problematiserer korleis ein heil sjanger (lyrikken) har blitt karakterisert som «irrelevant», men i røynda har stått i tett samanheng med teoriutviklinga. Slik vekselverknad mellom litteraturen og teorien vil ein nok òg sjå i framtida. Sanders spør om kva betyding boka har, og kan kome til å få, i ei verd der digital publisering blir norma både for skjønnlitteraturen og for litteraturforskinga. Ho presenterer eit rikt kunstmateriale som gir oss høve til å reflektere over kva rolle materialiteten ved boka har hatt å seie for litteraturforskaren, og kva som vil endre seg med digitaliseringa.

Den som granskar fortida, gjer det ofte for å seie noko om samtida, og den som spår om framtida, gjer det for å orientere seg i si eiga tid. Ein vanleg konsekvens av både bakover- og framoverskodande aktivitetar, er at ein blir meir merksam på sitt eige utsiktspunkt, sitt eige no. Vi kan trygt seie at ein slik mekanisme er verksam også i artiklane som er samla i dette nummeret. Det ligg klare fagpolitiske investeringar bak valet av problemstilling i alle dei fem tekstane. Oxfeldt tek Eddas undertittel – «Nordisk tidsskrift for litteraturforskning» – opp til kritisk gransking: «Hvordan afgrænser man det nordiske og det nationale i en postnational tid præget af globalisering, migration og hybriditet? Og hvordan afgrænser man det litterære?» Desse spørsmåla blir eit utgangspunkt for ei kvantitativ undersøking av kor mykje og i kva grad Edda (og ved analogi også «norsk» eller «nordisk» «litteraturforsking» allment) har opna desse grensene. Redaksjonen les Oxfeldt slik at Edda, trass i ein kan hende fagkonservativ profil, absolutt har reflektert ei fagutvikling mot nye felt som fleirmedialitet og postkolonialisme. Likevel har Oxfeldts undersøking òg fagpolitisk brodd: Edda burde kan hende ha vore meir interessert i å finne ut av kva undertittelen i tidsskriftnamnet betyr enn det som har vore tilfelle dei siste 30 åra.

Medan Oxfeldt ser på den nære faghistoria, går Gujord og Markussen lenger tilbake i tid. Gujord er i sin gjennomgang av nokre sentrale faghistoriske tendensar kritisk til utstøytinga av historia (og særleg ideologihistoria) frå litteraturforskinga i etterkrigsåra. Han nærmar seg den kontekstualiserande litteraturforskinga som har vore i kritisk dialog med teoretiseringa og estetiseringa av litteraturforsking etter krigen. Markussen står nok meir i forlenginga av det estetisk teoretiserande når han diskuterer korleis litteraturforskinga har tolka kravet til å vere vitskapleg. Begge artiklane bringer nye moment til ein diskusjon som har fylgt Edda i hundre år. Om tendensen hos Gujord og Markussen er ulik, tolkar vi dei begge slik at dei har brodd mot den instrumentaliseringa av litteraturfaget som tvingar seg på – både frå utsida (gjennom målingskrav) og ikkje minst frå innsida av eit fag som gjerne vil legitimere verksemda si i eit naturvitskapleg vitskapsideal. I den faglege debatten, som skal vere intens, skal litteraturforskarar heller ikkje gløyme det som bind oss saman!

I dette nummeret har vi òg valt å trykkje nokre brev som Camilla Collett skreiv til Amalie Skram, og som ikkje har vore trykt tidlegare. Med det vil vi minne om at det fanst tradisjon i Edda for å prente slike funn. Vi gjer det sjølvsagt òg for å minne om at medan Edda fyller 100, så blir Collett 200.

Sist, men ikkje minst, vil vi nytte høvet til å takke vår redaksjonssekretær Lars Rune Waage for sin trugne og uklanderlege innsats for Edda-nummera som kom ut i Bergen i 2011–2013. Vi ynskjer han alt godt ved Universitetet i Stavanger! Og samstundes helser vi Hans Jacob Ohldieck velkomen som etterfylgjaren hans.

Bergen, september 2013.