Oppgrader til nyeste versjon av Internet eksplorer for best mulig visning av siden. Klikk her for for å skjule denne meldingen
Ikke pålogget
{{session.user.firstName}} {{session.user.lastName}}
Du har tilgang til Idunn gjennom , & {{sessionPartyGroup.name}}

Vekselbruk mellom skjønnlitteratur og sakprosa – Holbergs Den politiske Kandestøber som replikk og eksempel til dei ulike utgåvene av Natur- og Folkeretten

rolv.n.jakobsen@ub.ntnu.no

Rolv Nøtvik Jakobsen, dr.theol, forsker ved prosjektet Holbergs ideologier, Universitetet i Bergen og ved Gunnerusbiblioteket, NTNU. Disputerte i 1997 med avhandlinga Den firfoldige fader. Allegori og sjølvframstilling i spenning mellom klassisisme og romantikk med særleg vekt på tekstar av Johan Nordahl Brun (1745-1816) ved Teologisk Fakultet, Universitetet i Oslo og var tilsett som førsteamanuensis ved Det praktisk-teologiske seminar frå 1997 til 2009. Ferdigstiller p.t. en monografi om Johan Ernst Gunnerus og 1700-talets vitskapshistorie. Har publisert artiklar særleg om litteratur og teologi, men også om ulike tekstar frå 1700-talet. Adr: Sverres gate 1, 7012 Trondheim. E-post: rolv.n.jakobsen@ub.ntnu.no

Artikkelen undersøker forholdet mellom ulike sider av Ludvig Holbergs mangfaldige forfattarskap ved å lese hans populære verk om natur- og folkeretten opp mot komedien Den politiske Kandestøber. Den andre utgåva av sakprosaboka og alle seinare utgåver refererer direkte til komedien. Framstillinga av ulike naturrettslege emne i dette verket kastar også lys over uavklarte spørsmål i komedien. I staden for å gå ut frå at den eine av desse tekstsjangrane gir ein privilegert tilgong til den eigentlege Holberg, prøver artikkelen å vise at det nettopp er samspelet mellom tekstar i ulike sjangrar som særpregar forfattarskapet. På kvart sitt vis bidrog komedien og sakprosaboka til moralsk refleksjon. I sin ulikskap var dei også med på å framstille eit språk for og konkrete eksempel på borgarane sitt moralske og politiske handlingsrom i det dansk-norske kongedømmet. Ved å lese tekstane ut frå sin historiske kontekst gir artikkelen også eit bidrag til spørsmålet om korleis ein skal forstå Holbergs forfattarskap i eit politisk perspektiv.

Nøkkelord: Ludvig Holberg, Den politiske Kandestøber, naturrett, politikk, 1700-tal, komedie, moralsk refleksjon, einevelde

The dialectical interplay between the comedies and moral treatises of Ludvig Holberg. The Political Tinker and the different editions of the book on natural law as example and as parts of an ongoing conversation.

The article investigates the relationship between works in different genres by the Danish-Norwegian author Ludvig Holberg (1684-1754). His popular philosophical treatise on natural law from 1716 and his even more popular comedy Den politiske Kandestøber (The Political Tinker), written in 1722, have important issues in common. From its second edition, the book on natural law refers to the play, and different parts of the text are explications of unsolved questions in the comedy. Instead of choosing one of the two texts as a privileged source for knowledge about Holberg's intentions, the article tries to show that the dialectical interplay between them is of crucial importance in understanding Holberg as a writer in his historical context. Each in their own way, the comedy and the philosophical treatise contribute to contemporary moral reflection. By coining a vocabulary for and presenting examples of the space for moral and political involvement (action?) in the absolute state, the texts in their different genres both had an ideological impact on the contemporary cultural life in a society where the space for political action was severely limited. The texts are read with continual reference to their original and political context. The historical approach offers insights into the political perspectives in and implications of Holberg's texts.

Keywords: Ludvig Holberg, natural law, politics, comedy, 18th Century, moral reflection, ethics, absolutism
Idunn bruker informasjonskapsler (cookies). Ved å fortsette å bruke nettsiden godtar du dette. Klikk her for mer informasjon