Vi som feirar at Edda vert 100 i 2013, kan glade fortelje lesarane at den faghistoriske diskusjonen som har vore førd i tidsskriftet, har nådd pressa i Noregs hovudstad. I Klassekampen kan ein lese at «I Edda-debatten dirrer store spørsmål» (Tom Egil Hverven i Klassekampen 16/3). Dette er vi samde i. Faghistoria gjeld ikkje berre dei snevre litteraturvitskaplege miljøa, men har òg relevans for litteraturkritikken og kulturen i breiare forstand. Nett dei spørsmåla om litteratur, kontekst og vitskap som no er oppe til diskusjon, er verken nye eller eigentleg spesifikke for dei siste utviklingane på det teoretiske feltet. Dei er snarare grunnspørsmål vi ikkje ser ut til å bli ferdige med, spørsmål som har vore stilte om lag like lenge som tidsskriftet Edda har eksistert. At dei no ser ut til å skilje vatna endå ein gong, overraskar ikkje. Ettersom Francis Bull, som er eit viktig referansepunkt i den pågåande diskusjonen, sjølv var redaktør i Edda i mange år, er det ikkje å undre seg over at sentrale tekstar i denne metodestriden, som Bulls opposisjonsinnlegg mot Rokseth i 1929 og Haakonsen i 1954, er å finne nettopp i Edda, og at tidsskriftet kan ha hatt ein agenda i debatten. Men at Edda har forsøkt å halde på ein relativ objektivitet, ser ein av innlegg som svaret frå Haakonsen, men også balanserte meklingsforsøk som Sigmund Skards «Tankar om litteraturvitskap» frå 1948. Hakon Stangerups «Dansk litteraturforskning 1918–1938» vil òg dempe motsetnaden mellom estetisk og historisk metode. Det er likevel sunt at debatten no òg vert førd i andre tidsskrift, som innlegga til Atle Kittang og Anne Beate Maurseth i Norsk litteraturvitenskapelig tidsskrift 1/2013. Vi ser fram til nye hundre år med forhandlingar om lesemåtar, tekst og kontekst, og vil gjerne oppmode fagfellar i alle land til å bidra, på kort og lang sikt, og gjerne på andre premissar enn dei som så langt har vore oppe. Faghistoria ligg framleis nesten ubrukt framfor oss! Du finn ho – ikkje minst – i gamle Edda-hefte.

Og noko anna ligg også framfor oss: Regjeringa har i den siste forskingsmeldinga meint at all statsfinansiert forsking bør vere fritt tilgjengeleg, og open access ser ut til å kunne bli eit krav. Det er vanskeleg å meine at forsking finansiert av det offentlege ikkje høyrer heime i offentlegheita. Ein slik publiseringspraksis er av det (prinsipielt) gode. Dei praktiske konsekvensane er likevel ikkje like greie å overskode: Kan ein halde fast ved innarbeidde og gode publiseringsmåtar utan eit forlag (som lever av «limited access») i ryggen? Korleis sikrar vi at dei (små) midlane som framleis finst til redaksjonelt kvalitetsarbeid, òg finst i framtida? Og ikkje minst: Kva inneber ei (heil eller delvis) omlegging til digitalt tidsskrift?

Mange forskingsinstitusjonar har drive med open access-publisering i lang tid, men då som ei skuggeverksemd, der forskaren eller institusjonen eig forskingstekstane, som fritt kan distribuerast gjennom lokale tekstbasar. Dette er ein innarbeid praksis som truleg bidreg til å spreie forskingsresultat og publikasjonar. I kva grad einskildforskarar og fagmiljø nyttar høvet til å gjere det, er likevel noko usikkert. Spreidde og tilfeldige søk tyder i alle fall på at Eddas norske bidragsytarar, ikkje er dei som oftast distribuerer tekstane sine elektronisk på denne alternative måten.

Ein mogleg grunn er at spørsmålet om digital publisering i det heile er vanskeleg. Alle kjenner dei praktiske føremonene med digital publisering, men kjenner vi også på ulempene? Saknar vi papiret når vi les, eller er dette ein håplaus materialistisk nostalgi vi må ofre for å vere søkbare? Sanninga er at Edda berre kan vere eit levande tidsskrift om vi både presenterer den oppdaterte forskinga og gjer henne tilgjengeleg for yngre forskarar i dei kanalane dei er vane med å arbeide i. Statistikken som nyleg er publisert i ulike norske medium, syner at ungdomar i alderen 11 til 15 gjennomsnittleg sit framføre skjermar i fem timar kvar einaste dag. Mykje av denne tida går med til nettsurfing og oppsøkjing av informasjon. Den nye generasjonen lever i den digitale kvardagen på ein fundamentalt annan måte enn vi gjer det. Dersom vi ynskjer å sikre meir Edda-forsking for forskarane i dei neste 100 åra, må vi kan hende ta farvel med den nostalgiske kjensla for det trykte, og av den gode lukta av eit ferskt Edda-hefte. Kan hende vil Edda-lesarane i neste generasjon få ei glad sitring i fingerspissane når dei fører musa til «opne»-knappen til det ferskaste nummeret? Og utviklinga syner at ikkje berre den nye, men i enda større grad den gamle, apokryfe litteraturen kan bli vitalisert i moderne nettbasar med gode søkjefunksjonar. Vil den nye generasjonen av forskarar kaste seg over Holbergs skrifter i den digitaliserte versjonen som vert produsert no i København og i Bergen, og vil dei kunne lese på ein annleis måte? Kjem dei til å finne fram ikkje berre til komediane, men òg til sakprosaen, slik vi har eit eksempel på i dette nummeret, der Nøtvik Jacobsen les Den politiske kandestøber opp mot Naturretten?

Det er samstundes like naivt å skunde fram digitaliseringa av forskarkvardagen utan å sikre seg at det går føre seg i kontrollerte former. Redaksjonen vil slutte seg til Odd Einar Haugen, som i dette nummeret meldar boka Digitala och tryckta utgåvor (red. Pia Forssell og Carola Herberts). Han hevdar at det førebels kan sjå ut til å «vere den klokaste og sikraste konklusjonen inntil vi har lengre erfaring med det digitale mediet» å satse på «hybridutgåver»; ja takk, begge delar, både permar og skjermar, ikkje berre litteratur, men òg forsking.

Korleis og kva dei unge les, er altså av ein viss interesse for den sitjande, snart middelaldrande, Edda-redaksjonen, som slår eit slag for nye litteraturformer med å prente Elisabeths Oxfeldts lesing av Lene Asks postfeministiske teikneserieroman, både på skjerm og i perm – men samstundes vedgår vi at tanken på å miste permane heilt er «urovekkjande». For kor trygge kan vi vere på at dei digitale basane vert verande tilgjengelige? Det har vist seg at digitale utgåver kort tid etter at dei vart tilgjengelege, vart «nedfryste etter kort tid» (enda ein gong Odd Einar Haugen), og då har ein altså ikkje sørgt for nye trykte utgåver. Og, på den andre sida, kva hender dersom litteraturen og forskingslitteraturen vert for tilgjengelege, dersom tekstane kan tuklast med altfor lett og uhemma? Vi veit ikkje om dette i det heile er eit realistisk scenario – kven kjem til å bruke krefter på slikt? – men vi vonar i alle fall at jubileumsåret vårt kan leie oss vidare inn i diskusjonen om digitalisering.

 

Apropos jubileum og diskusjon: Edda inviterer med stor glede alle lesarar og bidragsytarar til jubileumskonferanse. Arrangementet finn stad 30. og 31. august i Bergen, heimebanen for den noverande redaksjonen. På programmet står nordiskfaget og tidsskriftarbeidet i fortid og framtid. Det endelege programmet er praktisk tala ferdig, og kan lastast ned frå heimesidene til Edda-redaksjonen: www.idunn.no/ts/edda. Velkomne skal de vere, alle interesserte!

 

God lesnad!