Kampen om litteraturen hardnar til. Litteraturen forhandlar sjølv intenst om kva litteratur er og kan vere; i dag kanskje spesielt i og omkring feltet for digital tekst og tekstdistribusjon. Det har både språklege og marknadsmessige konsekvensar: Kva vil ei uunngåeleg aukande digitalisering av litteraturen få å seie for produksjon og sal av diktekunst og sakprosa på dei nordiske språka i ein digital marknad dominert av engelskspråkleg litteratur? Dei institusjonelle tilhøva rundt litteraturen er også sterkt prega av turbulens. Både Sverige, Danmark, Finland og Island har no friprisordningar for boksal – i Danmark har det blitt hevda at bokmarknaden i kjølvatnet av desse endringane (i 2011) har vorte sterkare «besteseljarifiksert». Det er uvisst korleis ei komande norsk boklov vil prøve å regulere marknaden, og det er framleis i det blå om ein her til lands får halde fram med å omsetje den trykte litteraturen momsfritt. Andre særordningar som tradisjonelt har fremja åndsliv og intellektuelle sysler, lever òg utrygt.

Også den «kampen» om litteraturen som går føre seg i den norske litteraturforskinga og litteraturstudia, er prega av ein tydeleg aukande vilje til konfrontasjon. I dette nummeret av Edda trykkjer vi eit debattinnlegg av professor Per Buvik ved Universitetet i Bergen, som går i rette med litteratursynet til kollegaen sin, professor Erik Bjerck Hagen, og med den faghistoriske studien hans, Kampen om litteraturen. Hovedlinjer i norsk litteraturforsking og -kritikk 1920–2011 (2012). Diskusjonen om denne boka, både i resepsjonen så langt og i debattinnlegget frå Buvik, kan tyde på at det tilsynelatande opne og pluralistiske synet på metodebruk i litteraturvitskapen, er i ferd med å bli utfordra av ein tendens til skarpare skilje. Om det er naudsynt å militarisere feltet med å ty til ord som «kamp», eller om det er tilstrekkeleg å karakterisere motsetningane som «strid», «interessekonflikt» eller «forhandlingar», er moglegvis avhengig av kor ein ser det frå. Det som frå innsida av eit humanistisk fagfelt under meir eller mindre styrt institusjonell nedbygging kan verke høgdramatisk, ser kan hende frå utsida ut som krusingar på overflata.

Det er derfor interessant å registrere at ein slik grunnleggjande debatt i -Noreg spring ut av ein faghistorisk diskusjon, og til dømes ikkje ut av tolkingsspørsmål knytte til den siste store romanen. Nei, det er i forvaltinga av dei faghistoriske linjene, og med spørsmålet om kva for faghistorie vi eigentleg står i enden av, at debatten reiser seg. Dette er ein tendens vi helsar hjarteleg velkomen, ettersom dei faghistoriske perspektiva ofte har hamna i bakleksa når -yngre forskarar skal velje forskingsinteresser. Det burde dei ikkje. Edda-redaksjonen vil sjølvsagt ikkje ta stilling i den konkrete debatten som reiser seg i kjølvatnet av Erik Bjerck Hagens siste bok, men vil gjerne invitere andre til å gjere det. Og ikkje minst vil vi oppfordre alle til å utvide repertoaret av levande faghistoriske diskusjonar. Bjerck-Hagen legg endå ein gong stor vekt på -Peter Rokseths doktordisputas og Francis Bulls opposisjonsinnlegg (det sistnemnte er trykt i Edda i 1929). I dei andre skandinaviske landa har ein òg skildra utviklinga i litteraturforskinga i lys av motsetninga mellom tekstinterne og kontekstualiserande lesemåtar. Eit faghistorisk spørsmål til Eddas lesarar kunne vere: Er Bulls kritikk av Rokseth den viktigaste paradigmatiske augneblinken i norsk litteraturvitskap i det 20. hundreåret? Kva for alternative augne-blinkar eller omgrep kunne ein bruke for å trekkje dei faghistoriske linjene?

Ei handfull av tekstane i denne Edda-utgåva går eksplisitt i diskusjon med faghistoria. Ingrid Nestås Mathisens nylesing av Cora Sandels Alberte og Jakob utfordrar ein faghistorisk konsensus i Sandel-resepsjonen, ved å undersøkje denne romanen med utgangspunkt i vitalismen som idéhistorisk tendens og påverknadskjelde. Erik Bjerck Hagens artikkel om Bjørnstjerne Bjørnsons forteljing «Støv» gjer eit heilhjarta forsøk på å løfte fram denne teksten, mellom anna i konfrontasjon med den resepsjonsretninga som har vore imot «tendensen» og «sentimentaliteten» i forteljinga. Mykje faghistorie blir vekt til live også i meldingane i dette Edda-nummeret; det er som det skal vere.

Kan vi då gjere anna enn å ønskje Eddas lesarar god lesing, og god jakt på faghistoriske problemstillingar vi – i fellesskap – kan fordjupe oss i?